Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Dette er irrelevant, all den tid etterspørselen er som den er. Titan frå Engebø vil ikkje erstatte eit gram kinesisk eller afrikansk titan, det vil komme i tillegg. Majoriteten av verdas befolkning har ikkje råd til den luksusen det er å sette etikk over pris, så om vi rikingar sit på vår høge hest og kjøper produkt med "bærekraftig" Sunnfjord-titan så spelar det null rolle når den overveldande majoriteten med betydeleg svakare kjøpekraft kjøper all tilgjengeleg kinatitan. No vert vel alt av bly frå innandørsbaner resirkulert, og har blitt det i mange ti-år allereie. Om ein skulle bli pålagt å resirkulere ein viss andel av blyet frå utandørsbaner også så ser eg ikkje på det som skytesportens undergang all den tid nesten all skytesport foregår mot fast monterte skiver.
  2. Utsleppsløyvet omfattar ca 450 tonn bly (tatt frå hukommelsen), dette vart vurdert som "ubetydelig".
  3. Og bladlengda på denne er... 23cm.
  4. Eg har skrive ut understellsdelar til radiostyrte bilar i PLA, og har så langt ikkje knekt noko. PLA tåler nok meir enn du trur viss du skriv ut delen på rett måte. Skriv ut den hevarmskula med 100% infill og den vil tåle like mykje som ei "kjøpekule" i plast. Eg brukar og litt høgre temperatur enn anbefalt (220 grader). Men viss det er meininga å skru den av/på mykje er ChristerM sitt mutter-råd godt.
  5. Det er vel ingen som sutrar over at NVS har lukkast, det som er problematisk er at ein let ein lukka organisasjon utan objektive opptakskrav i praksis regulere kven som skal få lov til å bli vurdert som våpensamlar. https://www.vapenhistorisk.no/medlemskap/ Ja dette argumentet har eg venta på. Som om folk flest har interesse av å drive foreningsarbeid - eller i det heile tatt muligheit.
  6. Heilt rett at NVS ikkje bestemmer kven som kan få bli våpensamlerar, men dei bestemmer kven som *ikkje* kan bli det. Det kan ikkje NSF.
  7. Nettopp. Monopolet er vel ikkje det største problemet, men mangelen på objektive kriterie for medlemskap. *Alle* kan bli medlem av t.d. NFS, og så er det opp til politiet og ingen andre å avgjere om vedkommande medlem oppfyller kriteria for å få lov til å ha skytevåpen.
  8. Kvifor skulle prisane gå ned med fleire lovlege samlarar?
  9. Ein kunne jo ha starta med å fjerne det absurde kravet om medlemsskap i ei lukka forening som har interesse i at det er færrast mulig samlarar. Fleire lovlege samlarar hadde vore ein vinn-vinn-situasjon - høgare etterspørsel og dermed høgare pris hadde ført fleire våpen inn i lovlege samlingar og ikkje ut i gråmarkedet.
  10. Kvar i landet held du til? Her på vestlandskysten er det iallfall ein god del ringduer som overvintrer.
  11. Dette høyres ut som ein utmerka måte å skape framtidige vanekriminelle på.
  12. Eg har eit Duun SGS17 (trur det er Raufoss som lagar desse no) som er eit "stort" skap, og det brukar ikkje så mange fleire kvadratcentimeter golvplass enn dei små som t.d. Europris har. Men desse ekstra cm gjer skapet veldig mykje meir brukervennlig, og i tillegg er det allereie 150kg så ingen vekter er nødvendig. Det står også stødig utan boltar, sjølv med masse ammo i hyllene i døra. Eg vil *tru* at det er lettare å velte eit skap med mindre fotavtrykk, sjølv om det er vekta ned. Viss det er estestikken som er problemet går det jo an å kamuflere det, enten ved å male det i litt meir konevennlige fargar eller rett og slett putte det inn i eit garderobeskap. Lykke til med å få hola i skapet til å line opp med stendarane Det blir som regel ein større operasjon viss ein skal forankre eit skap på godkjent vis i noko anna enn betong. Er det betong er det jo greitt, då er det som du seier kjapt gjort å sparkle og male over når skapet skal flyttast.
  13. Ser ut som du misforstår du og. Det er fleire grunnar til at organisasjonar som DFS og NFS (*i tillegg til* NJFF og dei dynamiske sjølvsagt) i høgste grad burde engasjere seg, og den mest åpenbare er den som allereie er nevnt utallige gongar her. Neste gong skruen skal strammast er det ikkje lenger "skumle" halvautorifler igjen å ramme, så då blir det kanskje magasinhagler, halvautomatiske pistolar med magasinkapasitet > 5 eller andre skytevåpen med "spesielt skadepotensiale" som ryk med. "Spesielt skadepotensiale" kan vere så mangt, det var jo rett før ein gjeng DFS-arar fekk ført opp 556 generelt på den lista med sine medieutspel.
  14. Denne vil vere registreringspliktig ja.
  15. Noko som underbygger mine fordommar om nikotinmisbrukarane sin sosiale intelligens. I 2019 er det ikkje normalt å dumpe søpla si der ein står og går.
  16. Eg har ei "tyrkerhagle", ei gammal Weatherby pumpehagle som eg kjøpte brukt for nesten ingenting. Den har ikkje vore brukt så mykje at eg kan seie noko om haldbarheit, men den har fungert problemfritt så langt. Kor mange skot den har gått før mi tid aner eg ikkje. Byggekvalitet er også betydeleg betre enn dei Baikalhaglene eg såg på i butikken. Med min svært begrensa bruk vil eg tippe at denne hagla kjem til å overleve meg med god margin. No har eg eit 100% pragmatisk forhold til hagler, så at hagla er omtrent like smekker som ein breiflabb gjer meg ingenting. Men er du typen som utvikler eit forhold til hagla di er ikkje denne for deg. Vil tru det gjeld dei fleste billighagler.
  17. Ein amerikansk forskar meiner at CWD er forårsaka av ein bakterie, og at det vil vere råd å utvikle ein vaksine: https://www.mossyoak.com/our-obsession/blogs/deer/a-cure-for-cwd https://www.deeranddeerhunting.com/articles/deer-news/bacteria-and-cwd-cure-dr-bastian-speaks
  18. Dette forstår eg ikkje. Du seier at du klaga på tilbakekallinga av våpenkortet, og fekk medhald. Men får ikkje tilbake våpna dine? Kan nokon med meir peiling på lovverket forklare meg korleis dette kan henge saman?
  19. Sidan magasinutløyseren skal byttast likevel - sett ei kutteskive i Dremelen og slip eit spor i bolthovudet. Skru så ut med skrutrekker.
  20. Ein kniv som eg likar veldig godt er Mora 2000. Billig, veldig godt skaft og eit etter mi meining veldig anvendeleg (og rustfritt) blad. Minuset er at den har verdens styggaste (men velfungerande) slire. https://morakniv.se/en/product/morakniv-200
  21. joska

    Montasje cz 500

    Eg har slike ringar på min 601. 30mm rør / 50mm lysåpning der og, ringane meiner eg er medium.
  22. joska

    Montasje cz 500

    Noko slikt? https://www.ebay.co.uk/itm/Original-Czech-30mm-Rifle-Scope-Mount-Ring-for-CZ-550-557/293070045649?hash=item443c5601d1:g:I3UAAOSw~dhcmdxa&frcectupt=true
  23. Nei, ein har betalt for at organisasjonen skal vere med å ivareta dine interesser. Det er heile poenget med interesserorganisasjonar i utgangspunktet. Ja, eg er fullstendig klar over at NJFF (og andre) har jobba i kulissane, men i det offentlege ordskiftet stikk dei seg omtrent like mykje fram som ein østerdøl i eit bergensk reisefølge. Når eg ein sjeldan gong ser noko frå/om NJFF i massemedia er det som oftast noko kunnskapslaust syting om lakseoppdrett. Kva tradisjonalistane i NJFF måtte synse og meine om halvautoar er meg revnande likegyldig. At medlemmar i praksis får sine lovlege skytevåpen inndratt utan erstatning er ei så viktig prinsippsak at dei burde sette alle klutar til. For dette stansar ikkje med Minien. Tvert om, dette er starten.
  24. Forbundet dei betaler kontingent til kanskje? Er ikkje heile poenget med NJFF å jobbe for jegarane og fiskarane sine rettigheiter?
×
×
  • Create New...