Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. 22 Magnum begrenser markedet litt, så det er godt mulig dette er ein realistisk pris. Men rifla var veldig fin, hadde den vore i 22LR hadde eg glatt gitt 4000 for den.
  2. Aner ikkje, men denne hypotesen kan vel testast? Lad opp ei gitt mengde med trekte kuler, og så like mange med ubrukte/uskada kuler. Skyt under like forhold, og samanlikn presisjonen.
  3. Heimebrygging av sprengstoff slutta eg med på ungdomsskulen. Det er mulig det går an å spare pengar på å lage sitt eige krutt, men det er også farleg. Eg hadde eit par close calls i 13-14-års alderen som den dag i dag gir meg frysningar. Det kjem vel an på kva ein lader. Eg lader 44 Magnum til rundt 1,75 per smell, og med total investering på ca 2500 i ladeutstyr går ein fort i pluss. Men så lader eg også kun for å spare pengar, og ikkje fordi eg syns det er moro. Då blir det heller ikkje oppgradert kvart halvår eller fyllt ladebenken med allverdens dill.
  4. Eg lader .38 Special og .44 magnum, og sparer ein god del på det fordi eg støyper kulene sjølv av gratis bly. Ladeutstyret har kosta meg max eit par lappar (kjøpt det meste brukt). Har rekna litt på lading av 308 og komt fram til at eg ikkje gidd prøve eingong. Har sett treningsammo nede i seks kroner, og som Sølvrev seier kostar det nesten like mykje å lade sjølv. Edit: Ser at eg har brukt meir enn to lappar på ladeverktøy ja. - Lee turret presse, brukt. Inkludert diesett i .38/.357 og 9mm. 500 kroner. - Lee Autodisk kruttmål, brukt. 200 kroner. - Lee diesett .44 Magnum/Special, Lee Autodisk kruttmål, dieholder til Turret. Nytt, rundt 800 om eg ikkje huskar heilt feil. - Elektronisk vekt, eBay, ca 150 kroner. - Lee ladetenger til 38 og 44, brukt. 400 kroner. - Kokeplate, Elkjøp, ny. 299. - Jerngryte, bruktbutikken, 10. - Ultralydvasker, eBay, ca 200. Så drøye 2500 i ladeutstyr. Ganske fort innspart på .44 Magnum, mykje takka vere nesten gratis kuler. Ammo i .38 Special er ganske rimeleg å kjøpe hos klubben, hadde ikkje spart allverden der viss eg ikkje hadde støypt kuler sjølv.
  5. Du kan også melde deg inn i NJFF og bruke rifla til jaktfelt. Du treng ikkje jegerprøve for dette, og jaktfelt ser også ut til å vere morsomt. .22 er vel ikkje eit optimalt valg, 200m med salong i litt ruskete vær kan bli "utfordrande" Men etter det eg kan sjå av regelverket kan du bruke .22 i alle approberte jaktfeltstemne så kjøpetillatelse burde ikkje vere noko problem.
  6. Dette er ikkje registreringspliktige deler og kan importerast fritt. Det einaste du kan risikere er å måtte krangle litt med byråkratiet.
  7. Etter eitt år utan svar er vel Sivilombudsmannen neste steg?
  8. Elkjøp spør, og nektar deg ikkje å handle viss du ikkje vil at dei skal lagre namnet/telefonnummeret ditt på kvitteringa. Her er det snakk om at XXL forlanger våpenkort på varer der dette ikkje er påkrevd, samt lagrer denne informasjonen i X antal år. Eg fekk ikkje lov av våpenkontoret å kjøpe meg ein .38 til revolverfelt, sidan eg allereie hadde ein Super Blackhawk som strengt tatt er lov å bruke til dette. Så då måtte eg kjøpe ein 357 til Magnum 1/revolverfelt, men viss eg ikkje får lov til å kjøpe ammo til den blir eg jo nødt til å kjøpe ein 38 i tillegg Dessverre fell nok dette argumentet på steingrunn. Våpenforskriften er heilt klar på dette punktet: Ved fremvisning av gyldig våpenkort og legitimasjon, kan innehaver erverve ammunisjon av forhandler til våpen oppført i våpenkortet. Du kan altså heilt fint kjøpe .38 Special til ein revolver i .357, noko "våpenansvarleg" i ei så stor bedrift som XXL absolutt burde vite. Og det gjer nok vedkommande også, men med så mange... øhh... lite kompetente medarbeidarar som XXL har vil eg tippe at dei har innført ei rutine som gjer at desse slepp å tenke sjølv.
  9. Det er tydelegvis forskjellig praksis rundt om i landet. Mitt tips er at du ringer våpenkontoret ditt og spør. Det som antagelegvis vil fungere heilt fint er at du leverer inn ein "åpen" søknad, og heller ringer våpenkontoret viss det skulle bli aktuelt å kjøpe frå ein privatperson. Med dei behandlingsfristene som er i dag stiller du nok bakerst i køen hos selger viss du ikkje har godkjent søknad på kjøpstidspunktet.
  10. Er dette noko nytt? Dette var aldri eit problem då det heitte Sogn og Fjordane politidistrikt.
  11. Det forklarer kvifor eg ikkje har opplevd dette, lader berre 44 Magnum og 38 Spec.
  12. Har Lee dier og har aldri knekt ei utstøternål. Korleis går ein fram for å gjere det?
  13. Definitivt. Det er to typar heimeladarar. Dei som ser på det som rekreasjon og ei muligheit til å handle fint verktøy, og dei som berre vil spare pengar. Ja, det er heilt klart variasjonar i funksjonalitet og byggekvalitet, men det skal godt gjerast å finne *dårleg* utstyr sjølv om ein del frå den første kategorien vil hevde at utstyr i raud farge er ubrukeleg søppel.
  14. Viss du har stikksag så kjøper du eit godt blad til den.
  15. Ikkje så lenge politiet/POD meiner det er den *folkeregistrerte* adressa som gjeld.
  16. Ikkje høyr på snobbane her inne Med Timney-avtrekk er du i mål. Eller du kan kjøpe ein Anschütz viss du syns den er verdt pengane. Det er heilt klart meir "klasse" over den (betre finish, finare stokk) og avtrekket er suverent.
  17. Min 455 er 100% standard og har gitt meg svært mykje glede. Eg er jo fullstendig klar over at det finns betre, men eg er ein av dei uheldige som lever i ein verden der pengar også må brukast på anna enn leiketøy. Har hatt 452 Varmint med Boyds thumbhole-stokk. Den er akkurat like stor/liten som originalstokken, men har rettare/høgre kolbekam og eit betre utforma forskjefte. For meg som er nærmare 2 meter må alle stokkar forlengast, salong eller ei. Det er godt mulig, eg har aldri tenkt over at CZ-en utpregar seg her. Har ein 3-9x42 (av eit merke så billig at eg ikkje vil nemne det her), objektivet er 1.5mm over løpet og det er framleis god klaring mellom hevarm og okular. Men med ein meir moderne kikkert med okular på størrelse med eit spann Trøndersodd vil det nok bli eit problem ja.
  18. Ja, har brukt den på ravn og kråke. Men bæring skal eg ikkje seie så mykje om, då eg berre har nokre hundre meter å gå til post. Kan godt vere at den ekstra knappe kiloen hadde betydd noko viss den skulle ha blitt med på f.eks. rypejakt.
  19. For all del, dette er ei kjemperifle men er vel framleis akkurat det trådstarter spesifiserer at han *ikkje* vil ha? Viss denne skal oppfylle trådstarters krav så må det betydeleg meir til enn å slenge på ein kikkert: Gitt at det er 455 Varmint han refererer til så veg også den 3.5kg utan kikkert. Ein Anschütz som ser ut til å passe trådstarters ønsker vil vere ein 1761. Om denne er verdt 10k ekstra samanlikna med ein CZ får nesten vere opp til han. At den er milevis over CZ når det gjeld fit & finish er det ingen tvil om, heller ikkje at avtrekket er i ein heilt annan klasse. Om den *funksjonsmessig* er verdt 10k meir enn ein CZ stiller eg meg meir tvilsom til.
  20. Det passar vel ikkje så godt til det trådstarter ønska, altså ei lett og hendig rifle til jakt? Ja, Anschütz lagar ekstremt gode konkurranserifler. Og det er fullt mogleg å finne ei slik til eit par lappar, men då snakkar vi om gamle matchrifler. For å få det som trådstarter ønska må ein til med ny stokk, nye siktemiddel, nytt løp (evt. kapping, gjenging og kanskje også neddreiing av det eksisterande). Og då endar du opp med eit våpen som strengt tatt berre har *ein* verkeleg fordel samanlikna med t.d. CZ455 - det gode avtrekket til Anschütz. Eg vil påstå at det er mykje enklare og billegare å kjøpe 455 og eit nytt avtrekk enn å kjøpe ei gammal skiskytterrifle som må byggast om totalt. Men viss kostnader ikkje spelar nokon rolle, eller ein er typen som likar å lage ting sjølv så er det ingen tvil om at det er vanskeleg å oppdrive noko betre enn ei påkosta skiskytterrifle. Eg har ein Varmint med thumbhole-stokk og den er ca eit halvkilo tyngre enn American. Om den tyngre pipa utgjer noko praktisk forskjell på presisjonen veit eg ikkje, men stokken er veldig mykje enklare å skyte med enn American-stokken.
  21. Kva skal han bruke det til? Eg innser at tidene (dessverre) har forandra seg, men i min barndom var luftgevær noko vi gutta drassa med oss overalt. Ein populær aktivitet var å fyre laus på blikktaket på det lokale hønseriet frå drøy avstand, og så lytte om vi traff. Å plinke kongler frå trea og klesklyper frå snora var også stor moro, og det var ikkje ei einaste bulkefri flaggstangkule i bygda. Rottene i møkkakjelleren levde også eit farleg liv. "Seriøse" blinkar brukte vi aldri, det fekk vi nok av på miniatyrskytinga på onsdagane. Til slikt bruk (men som ansvarleg forelder har du sjølvsagt ingen planar om å sleppe soppen ut på sjølvstyr med luftgevær?) duger det meste, men Feinwerkbau og anna matchvåpen blir for stort og fint. Weihrauch HW30 etter mi meining eit godt valg for både plinking og halvseriøs blinkskyting. Passe størrelse og vekt, god kvalitet og godt avtrekk. Feinwerkbau 300S er eit glimrande luftvåpen, men det er dobbelt så tungt som HW30 og rundt 15cm lenger.
  22. I utgangspunktet ja, så lenge tryggleiken er ivaretatt. Men sjekk først at dei lokale politivedtektene ikkje set ein stoppar for planane dine. Og snakk med evt naboar på førehand.
  23. Ja, og kva kostar PCP-pistolen? Det er mange muligheiter her, takka vere heimebryggingstrenden er det lett å skaffe seg CO2. Sjølv kjøpte eg ein 5kg brannslukker til 900 kroner på OBS, den vil holde til *minst* 15000 skot med min gamle CP2 Match. Brannslukkeren kan eg få fylt opp på brannstasjonen om eg vil, men eg anar ikkje kva det kostar. Det er antageleg like billig å kjøpe ein ny til 900 kroner. Viss det er meir styr å fylle ein CO2-sylinder enn ein O2-sylinder må det siste vere ekstremt enkelt Den einaste praktiske forskjellen er at CO2-patrona bør ein tur innom fryseren før fylling. Elles er det berre å skru den inn på fyllenippelen, holde inne "avtrekkeren" på brannslukkeren eit par sekund og skru sylinderen av igjen. Den største ulempen med CO2 er vel at det ikkje er lett tilgjengeleg på stemner såvidt eg har forstått. Det er vel neppe eit problem for vintertrening i kjelleren. Men viss dette er einaste bruksområde ville eg heller anbefale noko a'la HW40. Enklare kan det neppe gjerast.
  24. Er det rart at kammeret har rykte på seg for å vere fullt av utstyrssnobbar? Sjå kva vedkommande har bruk for: Weihrauchen er då midt i blinken spør du meg. Ypperleg presisjon, godt avtrekk, null driftskostnader. Baikalen er endå betre, men kostar tre gongar så mykje, gitt at du i det heile teke finn nokon som har ein å selge. Å begynne med PCP for uformell kjellerskyting går vel under kategorien "overkill". I utgangspunktet dyre våpen vert endå dyrare når ein må utstyre seg med dyre luftflasker som du ikkje får fyllt eingong utan å betale for jamnlege kontrollar. Eldre CO2 matchvåpen er betydeleg billegare både i innkjøp og i drift, men då med tvilsom deletilgang.
×
×
  • Create New...