Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Eg har ein slik etter min far, tippar han skaffa seg den på 70-talet. Må seie at eg ville blitt forundra om eg hadde sett noko slikt i bruk i Forsvaret, for meg framstår dette meir som ein souvenir-kniv enn eit kvalitetsprodukt.
  2. Om få år vil teknologien gjere det enklare å lage skytevåpen sjølv enn å kjøpe dei på det illegale markedet, då vert heile denne diskusjonen irrelevant. Allereie i dag kan eg lage eit dødelig skytevåpen om eg vil, utan anna verktøy enn ein 3D-printer til 3000 kroner, ei baufil og ein bit hydraulikkrør.
  3. 550 (og 600-serien) har som Jibrag seier 19mm skinne, og i bakre bru er det ei utsparing. Dei skinnene/ringane eg har sett har då ein tapp som låser skinna/bakre ring i denne utsparinga. Så om du finn eit kikkertsikte med ringar/skinne med ein slik tapp er dette til CZ-rifla. Desse ringane/skinnene passar såvidt eg veit ikkje til noko anna våpen.
  4. Direkte link til innslaget: https://tv.nrk.no/serie/dagsnytt-atten-tv/202001/NNFA56011720/avspiller#t=34m19s
  5. Ikkje berre stokk, men siktemiddel og evt gjenging også. Blar du opp 6000 kan du i dag kjøpe ein 455 med to løp, kikkert og demper på finn, fiks ferdig og klar til jakt. Dersom du berre treng .22 kan du kjøpe ein komplett 452 for 4000. Kva prisar snakkar vi om dersom du skal ha Anschütz jaktklar rett ut av eska og med kikkert og demper? Skiskytterrifle til jaktbruk er og blir eit prosjekt, men får ein tak i eit utgangspunkt til 3000 så treng jo ikkje sluttprisen bli så ille. Og prosjekt er jo alltid morsomt, så lenge det ikkje er CZ-salong, 10/22 eller M98 og du postar om det på kammeret
  6. Nei, det gjer dei generelt ikkje. Ja, det *hender* at du kan plukke opp ei gammal skiskytterrifle for 3k på finn, men det er unntaket. 10-12k ser ut til å vere startprisen på desse. Og då har du kjøpt deg eit våpen som er eit veldig bra utgangspunkt for eit prosjekt, men ikkje spesielt egna til jakt i sin opprinnelege stand. Ingen tvil om at Anschütz er noko av det finaste du kan få av salong, men då må du enten grave djupt i lommeboka (sikkert greitt for ein gamling med ungane ute av det nedbetalte huset) eller lage eit prosjekt av det. CZ-en kan du kjøpe på finn for halvparten (eller tredjedelen) av det skiskytterrifla kostar, og då gjerne med eit ekstra løp i 17HMR, demper og kikkert. Og då *har* du faktisk eit våpen som er egna for jakt. 10/22 har eg eigentleg ikkje noko meining om, men ingen av dei eg har sett i bruk har imponert meg verken med presisjon eller driftssikkerheit. Men så har eg heller aldri sett ein påkosta 10/22. Sjølv har eg kjøpt ein 9422. Det finns det ingen objektivt gode grunnar for å gjere, men eg storkoser meg likevel.
  7. Den er vedtatt, men ikkje trådt i kraft enno. Når dette skjer veit vel ingen, ref. den nye straffeloven der det gjekk ti år frå den vart vedtatt til den trådte i kraft.
  8. joska

    Parker-Hale 308

    ...eller FN, sidan vi no brukar Google som sannheitsvitne.
  9. joska

    Parker-Hale 308

    Parker Hale med heil venstreside har eg sett fleire av. Kven som har produsert kassene aner eg ikkje.
  10. Eg siterer trådstarter: Du skal ikkje trene lenge på dette før ei egenspredning på 10-20mm på 10 meter gjer vidare trening verdilaus. Det er nok å sjå kva ungane på miniatyrbana får til med gamle .22-Kragar etter temmeleg kort tid. Edit: bardp var kjappast.
  11. Amen til alt @Ei tohi varjata sa. "Presisjon" på 10-20mm på 10m er fullstendig ubrukeleg til det formålet trådstarter skisserer. At ein kan ha mykje moro med ølboksjakt på hytta med eit slikt gevær er det ingen tvil om, men også til det formålet ville eg ha sett meg om etter noko som faktisk virker. Ut frå det eg har sett av "seriøs" skyting med slikt skal det godt gjerast å finne kruttvåpen med like god presisjon som eit match luftgevær. Under dei forholda luftgeværet er designa for å brukast vel å merke.
  12. Ingen tvil om at FWB 300 er eit kvalitetsgevær, men til den prisen hadde eg heller sett meg om etter brukt PCP.
  13. Skulle tru dei allereie er klar over det, all den tid myndigheitene yter økonomisk støtte til bønder som driv med stuving/lauving.
  14. Fekk svar på søknaden etter heilt nøyaktig tre veker. Dessverre har Vest gått bort frå sin tidlegare praksis med forhåndsbetaling av søknad, så då går det vel ei veke til før eg har tillatelsen i hende.
  15. No var dette ikkje bokstaveleg meint, det var eit forsøk på å sette "det berører ikkje meg"-haldninga i innlegget eg siterte på spissen.
  16. 14% av tilfella, metoden som er brukt gir ein ganske god peikepinn. Eg tenkte det samme. Vil tru at hagl er ei meir sannsynleg kjelde. Forsking frå Norge og Danmark er ikkje oppløftande når det gjeld skadeskyting av fugl.
  17. Eg trur du vil finne at vi har meir kunnskap om dette enn kva dinosaurane hadde.
  18. Godt poeng. Ein litt meir lokal variant over samme tema: http://multiconsult.eurest.no/nor/Temasider/Vilthelse/Nyhetsarkiv/Forekomst-av-bly-hos-norske-rovfugler.html Her er det altså snakk om rovdyr som får i seg bly frå kadaver og skadeskutte dyr.
  19. Utover funn av blyhagl i kråsen - finns det noko som helst forsking/undersøkingar som viser negative miljøeffekter ved bruk av blyholdig ammunisjon til jakt? Eg må innrømme at eg har problem med å sjå for meg eit slikt scenario. Oppsamling og resirkulering av prosjektil på skytebaner bør alle skyttarar vere opptekne av. Ikkje berre pga potensiell forurensing, men også med tanke på ressursbruk. Med dagens bruk av bly vil alle verdas kjente blyreserver halde i 20 år til. Å resirkulere det blyet som allereie er utvunne burde dermed vere sjølvsagt, og noko ein gjer i praktisk talt alle andre samanhenger der bly vert brukt.
  20. Eg skal vel klare å dele eit brød berre med nevane om det skulle vere nødvendig. Ja, til og med sukkerbrødet skulle eg klart å dele opp i mindre bitar berre med handemakt. Men rett verktøy er både meir effektivt og gir betre resultat. Difor har eg knivar med bladlengde frå 5 til 35cm på kjøkkenet mitt. Eg brukar ikkje 5cm-kniven til å dele sukkerbrød eller skjære kålrot med, på samme måte som eg ikkje smører brødskive eller kuttar agurk med "sablane". Eg vil ikkje svelte i hel om eg skulle måtte destruere dei lengste knivane. Men eg kjem til å bli gretten kvar gong eg skal dele eit sukkerbrød eller skjære opp grytebrødet med ein for liten kniv berre fordi nokon i ein belasta utkant i Norge har fått for seg at verktøyet mitt er eit problem. No er eg verken handverker eller sauebonde så isolasjonskniv og lauvkniv må dei gjerne forby.
  21. Hrmf. Sendte inn søknad på ei jaktrifle for snart tre veker sidan, har framleis ikkje høyrt noko. Vest dette også. Bra at selger er ei tolmodig sjel.
  22. Korriger meg gjerne, men slik eg forstår det er det snakk om bruk av blyammo i "terrenget". Bruk innandørs og på utandørs skytebaner med oppsamling av prosjektila høyrer vel ikkje under dette. Om ein skulle bli pålagt å resirkulere blyet på skytebanene så er ikkje det akkurat noko krise, men god miljøpolitikk. Det er nok ikkje *dette* som tek knekken på skytesporten. Her burde skytterorganisasjonane sjølve ta initiativ til å komme opp med rimelege og velfungerande løysingar for utandørsbanene. Jakt er ein heilt annan sak, og der er eg tildels enig med deg. Er dei kiloane med bly som ligg att i terrenget etter jakta eigentleg eit problem?
  23. Kinesarane produserer no nesten halvparten av all aluminiumen i verda. For 20 år sidan produserte dei ein tidel. Så nei, vår aluminium har ikkje erstatta eit gram kinesisk aluminium.
  24. Stråmann? Nei, det er vi ikkje. Ja, *per person* er vi i toppen, om ikkje heilt øverst. Det åleine tilseier at vi som enkeltmenneske må gjere ein større innsats enn t.d. ein austeuropeer eller søramerikaner. Men "bærekraftig" titan frå Engebø eller ikkje - den globale etterspørselen er så stor at både Kina og Afrika lett får avsetning på produkta sine utan å måtte ta noko hensyn til verken bærekraft eller arbeidarar. Engebøprosjektet har ingenting med bærekraft å gjere, det er berre *litt* snillare med miljø og menneske enn kinaproduksjonen.
×
×
  • Create New...