Jump to content

joska

Members
  • Content Count

    734
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

joska last won the day on August 30 2017

joska had the most liked content!

Community Reputation

177 Excellent

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Eg har ei "tyrkerhagle", ei gammal Weatherby pumpehagle som eg kjøpte brukt for nesten ingenting. Den har ikkje vore brukt så mykje at eg kan seie noko om haldbarheit, men den har fungert problemfritt så langt. Kor mange skot den har gått før mi tid aner eg ikkje. Byggekvalitet er også betydeleg betre enn dei Baikalhaglene eg såg på i butikken. Med min svært begrensa bruk vil eg tippe at denne hagla kjem til å overleve meg med god margin. No har eg eit 100% pragmatisk forhold til hagler, så at hagla er omtrent like smekker som ein breiflabb gjer meg ingenting. Men er du typen som utvikler eit forhold til hagla di er ikkje denne for deg. Vil tru det gjeld dei fleste billighagler.
  2. Ein amerikansk forskar meiner at CWD er forårsaka av ein bakterie, og at det vil vere råd å utvikle ein vaksine: https://www.mossyoak.com/our-obsession/blogs/deer/a-cure-for-cwd https://www.deeranddeerhunting.com/articles/deer-news/bacteria-and-cwd-cure-dr-bastian-speaks
  3. Dette forstår eg ikkje. Du seier at du klaga på tilbakekallinga av våpenkortet, og fekk medhald. Men får ikkje tilbake våpna dine? Kan nokon med meir peiling på lovverket forklare meg korleis dette kan henge saman?
  4. Sidan magasinutløyseren skal byttast likevel - sett ei kutteskive i Dremelen og slip eit spor i bolthovudet. Skru så ut med skrutrekker.
  5. Ein kniv som eg likar veldig godt er Mora 2000. Billig, veldig godt skaft og eit etter mi meining veldig anvendeleg (og rustfritt) blad. Minuset er at den har verdens styggaste (men velfungerande) slire. https://morakniv.se/en/product/morakniv-200
  6. joska

    Montasje cz 500

    Eg har slike ringar på min 601. 30mm rør / 50mm lysåpning der og, ringane meiner eg er medium.
  7. joska

    Montasje cz 500

    Noko slikt? https://www.ebay.co.uk/itm/Original-Czech-30mm-Rifle-Scope-Mount-Ring-for-CZ-550-557/293070045649?hash=item443c5601d1:g:I3UAAOSw~dhcmdxa&frcectupt=true
  8. Nei, ein har betalt for at organisasjonen skal vere med å ivareta dine interesser. Det er heile poenget med interesserorganisasjonar i utgangspunktet. Ja, eg er fullstendig klar over at NJFF (og andre) har jobba i kulissane, men i det offentlege ordskiftet stikk dei seg omtrent like mykje fram som ein østerdøl i eit bergensk reisefølge. Når eg ein sjeldan gong ser noko frå/om NJFF i massemedia er det som oftast noko kunnskapslaust syting om lakseoppdrett. Kva tradisjonalistane i NJFF måtte synse og meine om halvautoar er meg revnande likegyldig. At medlemmar i praksis får sine lovlege skytevåpen inndratt utan erstatning er ei så viktig prinsippsak at dei burde sette alle klutar til. For dette stansar ikkje med Minien. Tvert om, dette er starten.
  9. Forbundet dei betaler kontingent til kanskje? Er ikkje heile poenget med NJFF å jobbe for jegarane og fiskarane sine rettigheiter?
  10. 22 Magnum begrenser markedet litt, så det er godt mulig dette er ein realistisk pris. Men rifla var veldig fin, hadde den vore i 22LR hadde eg glatt gitt 4000 for den.
  11. Aner ikkje, men denne hypotesen kan vel testast? Lad opp ei gitt mengde med trekte kuler, og så like mange med ubrukte/uskada kuler. Skyt under like forhold, og samanlikn presisjonen.
  12. Heimebrygging av sprengstoff slutta eg med på ungdomsskulen. Det er mulig det går an å spare pengar på å lage sitt eige krutt, men det er også farleg. Eg hadde eit par close calls i 13-14-års alderen som den dag i dag gir meg frysningar. Det kjem vel an på kva ein lader. Eg lader 44 Magnum til rundt 1,75 per smell, og med total investering på ca 2500 i ladeutstyr går ein fort i pluss. Men så lader eg også kun for å spare pengar, og ikkje fordi eg syns det er moro. Då blir det heller ikkje oppgradert kvart halvår eller fyllt ladebenken med allverdens dill.
  13. Eg lader .38 Special og .44 magnum, og sparer ein god del på det fordi eg støyper kulene sjølv av gratis bly. Ladeutstyret har kosta meg max eit par lappar (kjøpt det meste brukt). Har rekna litt på lading av 308 og komt fram til at eg ikkje gidd prøve eingong. Har sett treningsammo nede i seks kroner, og som Sølvrev seier kostar det nesten like mykje å lade sjølv. Edit: Ser at eg har brukt meir enn to lappar på ladeverktøy ja. - Lee turret presse, brukt. Inkludert diesett i .38/.357 og 9mm. 500 kroner. - Lee Autodisk kruttmål, brukt. 200 kroner. - Lee diesett .44 Magnum/Special, Lee Autodisk kruttmål, dieholder til Turret. Nytt, rundt 800 om eg ikkje huskar heilt feil. - Elektronisk vekt, eBay, ca 150 kroner. - Lee ladetenger til 38 og 44, brukt. 400 kroner. - Kokeplate, Elkjøp, ny. 299. - Jerngryte, bruktbutikken, 10. - Ultralydvasker, eBay, ca 200. Så drøye 2500 i ladeutstyr. Ganske fort innspart på .44 Magnum, mykje takka vere nesten gratis kuler. Ammo i .38 Special er ganske rimeleg å kjøpe hos klubben, hadde ikkje spart allverden der viss eg ikkje hadde støypt kuler sjølv.
  14. Du kan også melde deg inn i NJFF og bruke rifla til jaktfelt. Du treng ikkje jegerprøve for dette, og jaktfelt ser også ut til å vere morsomt. .22 er vel ikkje eit optimalt valg, 200m med salong i litt ruskete vær kan bli "utfordrande" Men etter det eg kan sjå av regelverket kan du bruke .22 i alle approberte jaktfeltstemne så kjøpetillatelse burde ikkje vere noko problem.
  15. Dette er ikkje registreringspliktige deler og kan importerast fritt. Det einaste du kan risikere er å måtte krangle litt med byråkratiet.
×
×
  • Create New...