Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Dette kan dei heilt klart ikkje gjere. Dei kan heller ikkje avslå søknaden med begrunnelse at du ikkje har (dokumentert) våpenskap. Og den "snille" praksisen om å ikkje sende ut godkjent søknad før skap er på plass er strengt tatt utanfor også. Eg hadde krangla på dette berre på trass.
  2. Eg fekk samme spørsmål då eg leverte søknad på mine første våpen, men eg sa berre som sant var at eg ikkje hadde kjøpt skap enno, og at dette heller ikkje var noko krav for å få søknaden behandla. Vart ingen krangel eller "lang prosess" ut av det, berre ein godkjent søknad i posten eit par-tre veker seinare. No er det jo ikkje sikkert at det sit fornuftige folk på alle våpenkontor, så viss det skulle ha blitt eit problem med dette ville eg iallfall *ikkje* ha sendt inn eit bilde av nokon andre sitt våpenskap slik det er nevnt i denne tråden... Då er det enten å finne fram vaselinkrukka og bøye seg framover og kjøpe seg eit skap først, eller klage til POD som temmeleg sikkert vil gi deg medhold.
  3. joska

    Klokke

    Eg har også hatt G-Shock som knakk i huset. Nærmare bestemt så var det reimfestet som knakk. Korleis det skjedde aner eg ikkje, eg merka ingenting før klokka datt i verkstedsgolvet. Den mest solide klokka eg har hatt er ein Citizen ProMaster. Etter gudane veit kor mange år ser den no ut som den er overkøyrt av ein traktor, men glaset er framleis utan riper og klokka fungerer perfekt.
  4. Eg kontakta dei ang delar til min CP2, og fekk til svar at dei ikkje har delar til Walther lenger. Ringte også Stenvåg, og han presiserte at dei ikkje hadde delar til sylinderane. Scoopy skal nok ha pakning til ventilen i sylinderen, 14x3-ringen er pakninga mellom sylinderen og stussen på pistolen.
  5. Det er snakk om eit skap på 160kg. Ein mann trillar det fint inn på sekkehjul, er dei to er det iallfall ikkje noko problem.
  6. Blir du bura inne for meir enn eit år vil du nok neppe lenger ha våpen å ha tilsyn med.
  7. joska

    Første pistol

    Samanlikna med kva? Ja, dei er driftssikre og evigvarande. Slettes ikkje så verst å skyte med heller, viss ein kan leve med avtrekket som har vore elendig på alle Mk3 og Mk4 eg har prøvd. Har sjølv ein Mk1 med OK avtrekk, men den har vore massert av børsemaker. Nytt skjefte hjalp også. Men det er framleis langt opp til ein matchpistol.
  8. joska

    Første pistol

    Eg ville ikkje anbefale nokon av dei. Viss du først skal kjøpe ein Ruger bør du etter mi meining kjøpe deg ein brukt Mk1 eller Mk2, det er fleire av desse på finn. Men eg stiller meg bak Skjøttarstuggun sitt forslag - kjøp matchpistol. Sjølv ein gammal traver som GSP er uendeleg mykje betre enn dei Rugerane du tenker på, og du får dei får godt under nypris på ein Ruger: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=141339343 Her har du eit godt konkurransevåpen til omtrent samme pris som ein ny Mk4: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=141166437
  9. Den er overhalt med nye pakningar og har gått 600-700 skudd allereie
  10. Kan forresten nevne at eg kjøpte ein CO2 brannslukker på Obs bygg. 895 kroner for 5kg. Fylleadapteret som fulgte med pistolen min passa rett på. Reknar med å ha gass til 12000-15000 skudd med denne. https://coop.no/sortiment/obs-bygg/sikkerhet/brannsikring/no-flame-tmcd5b?variantCode=690518
  11. Ein sjappe som ser ut til å ha CO2-beholdarar på lager: http://peritumservices.com/air-cylinders/161-steel-co2-cylinder-for-walther-cp1-cp2-cp3-cp5-cpm-atlanta.html
  12. Må innrømme at eg ikkje sjekka kva manualen seier, men eg har smurt desse med silikonfett.
  13. Viss du har kjøpt pistolen brukt her i Norge treng du neppe noko fleire overgangar for dei flaskene som er vanlege her til lands. Ja, det er råd å få tak i nye ventilar til desse beholdarane, men det ser ut til å bli lenger mellom dei. https://www.airgunsplus.ca/shop/walther-cp32-cylinder-valve/ Om det er råd å overhale desse ventilane veit eg ikkje. Eg har ein sylinder med lekk ventil men har ikkje kome så langt at eg har demontert den enno. Det er dyrt Frå 1500 og oppover, men i likheit med ventilane ser dei ut til å vere litt vanskelege å få tak i.
  14. Ei vanleg god brevvekt duger ja. Det skal følge med eit lite verktøy til å tappe av beholderen med, viss du ikkje har det er det lett å improvisere. Du treng berre trykke inn ventilen på beholderen og slippe ut litt gass og så vege den på nytt. Verktøyet ser slik ut: Så viss du har ein slik i kofferten og lurer på kva den skal brukast til så veit du det no :)
  15. Så lenge fylleadapteret til pistolen passar kan du bruke alle CO2-beholdarar. Trykkregulator treng du ikkje. Det som er viktig å tenke på er at CO2 vert lagra i flytande form, og det er *væska* du skal fylle og ikkje gassen. Så viss du har ein CO2-beholder utan stigerør (brannslukkarar har stigerør, flasker til ølbrygging har ikkje) må beholderen snuast på hovudet når du fyller, elles får du berre gass på beholderen. Det er også viktig at beholderen er kald (putt den i frysen ei stund før fylling), elles fordampar CO2-en når du fyller og du får ikkje fylt den opp. På beholderen er det stempla inn vekta på beholderen og kor mykje CO2 den kan innehalde. På beholdarane til min CP2 står det 53 gram. Du må altså vege beholderen etter fylling, viss totalvekta då overstiger egenvekta + 53 gram må du tappe av litt. Er det for mykje væske på kan du risikere å få væske i ventilen på pistolen.
  16. Alle? Vi snakkar vel her om det vesle mindretalet ein ikkje får krevd inn bøter frå.
  17. Nei, den vert krevd inn av namsmannen. Men det betingar at den bøtelagde har nok midlar i "kvit" økonomi - viss det ikkje er pengar att etter at det nødvendige for livsopphald er trekt frå finns det ingen pengar å kreve inn. Går det lenge nok vert vedkommande bura inn.
  18. Det er mange enkle forklaringar på komplekse problem i denne tråden. Opp med handa alle som faktisk har kompetanse på dette feltet. Ver obs på at verken sunt bondevett eller utdanning frå Livets Harde Skole reknast som kompetanse utanfor diskusjonsfora og kommentarfelt.
  19. Eg har faktisk ein slik, og den er kortare enn både samekniven og kokkeknivane mine. Viss *dette* er ein type kniv regjeringa ønsker å forby så slit vi, då blir definisjonen på "machete" veldig vid. Kniven er forøvrig totalt ubrukeleg til alt eg har prøvd den til. Den er for lett til å hogge med, for sløv (den kan skjerpast, men er sløv igjen omtrent før du rekk sette den tilbake i slira) til å skjære med og for stygg til å pynte med. Men må ta eit lite forbehold om at den duger til å stikke folk med, det har eg ikkje testa.
  20. Viss du skyt svært mykje og fritida di er verdilaus kan det vere mulig å gå i pluss på å lade 9mm. Eg hadde aldri orka det, har lada litt 9mm berre for å prøve og det innebærer etter mi erfaring masse prøving og feiling før du klarer å lage ammo som fungerer like godt som kjøpeammo.
  21. Kjenner litt på misunnelsen, min far hadde ein 9422 i mange år og eg har skutt mykje med den i min ungdom. Den vart i eit anfall av sinnsforvirrelse bytta i ein CZ452 Er det lov å spørre kva ein må gi for ein 9422 i dag?
  22. No var det ikkje meininga å starte ein omvendt pissekonkurranse, eg ville berre utfordre oppfatninga om at utstyrsreglementet til DFS motverker utstyrshysteri. Det stemmer svært dårleg med mine observasjonar på skytebana. Tanken om at utstyret skal vere likt for alle er i utgangspunktet god, men det innebærer også at oppstartskostnaden vert omtrent den samme for alle så snart ein skal ha eige utstyr. Det er eit betydeleg større spenn i utstyr og investeringar på pistolbana. Skyt du i DFS så er det Sauer, dress, briller og kanskje eit .22-sett eller ein dedikert .22-Sauer "for å spare pengar". Ikkje er det allverden å spare på å kjøpe brukt heller, 200STR ser ut til å vere laga av gull skal ein tru annonsene på finn. Det er jo halve moroa Har du plukka på ein 200 STR har du plukka på alle, men når nokon pakkar opp nyervervelsen i 454 Casull eller ein gammal Webley etter at den "seriøse" delen av skytinga er unnagjort må jo alle få prøve.
  23. Du kan kjøpe deg ny matchpistol (.22) med alt tilbehør for halvparten av det ein Sauer med tilhøyrande dress og stæsj kostar. For å ikkje snakke om ammoprisen.
×
×
  • Create New...