Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Sjølv om ein som regel kan gjere som ein vil i gokk så betyr det ikkje at det er lovleg Ligg hagen din rett ved ein veg der offentlegheita kan ferdast så kan du dei fleste stader i landet ikkje utan vidare kose deg med salongen i hagen. Dette gjeld også dei meir grisgrendte strøk. Det er lurt å sjekke politivedtektene før ein fyrer laus.
  2. I min kommune lyder det som følger: Definisjonen på offentleg stad i dei samme vedtektene: Så viss ein ikkje bur veglaust til eller har ein enorm hage kan ein gløyme å løyse skot i hagen her. Viss ein ikkje har lyst til å utfordre byråkratiet og evt rettsvesenet på definisjonen av "like attmed" då.
  3. Så sant du ikkje bur i gokk er det stor sjanse for at det i dei lokale politivedtektene er nedlagt totalforbud mot å løyse skot i hagen.
  4. Såpass ja... Eg betalte 3500 for min for ca 18mnd sidan. Svært lite brukt den også. Men dette var eit privatkjøp.
  5. Hadde 9422 i mange år på 80/90-talet, var aldri noko som helst kluss med den. Kjøpte meg ein igjen i 2019, og har til dags dato ikkje hatt eit einaste tilfelle av forkiling/mateproblem. Har skutt både short og LR i den, mest short faktisk. 9422 er også lett delbar, du treng berre ta ut ein bolt for å dele den i to. Kjøper du ein "take-down bolt" treng du ikkje verktøy til dette heller. Det einaste eg eigentleg har å utsette på rifla er avtrekket. Ikkje noko problem å finne nokon som lagar slikt, men eg har enno ikkje funne nokon som vil selge til meg Ingen i Norge som hadde på lager, og amerikanarane vil ikkje selge utanlands virkar det som. I ein annan tråd her vart eg tipsa om Skinner sights, har sendt dei ein mail men ikkje fått respons enno.
  6. https://firearmsport.com/do-clay-pigeons-break-down/
  7. joska

    Rødpunktsikte

    Skinner-siktet såg bra ut! Kvar kjøpte du dette?
  8. joska

    Rødpunktsikte

    Eg er ikkje heilt venn med diopter, men skal innrømme at det er den løysinga som ser best ut og nok er verdt å prøve. Helst eit sikte som let seg montere rett på svalehalesporet, er det nokon i Norge som selger slikt? Amerikanarane har plenty men vil/tør ikkje selge utanlands.
  9. Hadde 9422 i min ungdom, og kjøpte ein igjen for eit drøyt år sidan. Eg har ikkje hatt anledning til å skyte så mykje som eg ville med den, så hittil har eg prioritert å ha det moro. Men ein veldig liten test har eg gjort, satte på kikkert og skaut ein pakke CCI standard mot pistolskiva på 50m. Dei beste 5-skuddsseriane låg på ca 10mm. Eg har ikkje testa andre ammotypar i denne rifla enno. Det skal og seiast at eg skaut sittande, så "testen" min seier vel eigentleg ingenting. Er enig med deg når det gjeld avtrekket. Min far fekk ein børsemaker til å fikse avtrekket på den eg hadde før, resultatet vart svært bra. Den eg har no har tungt avtrekk med mykje kryp, du kan sjå hanen løfter seg når du dreg i spaken. Dette må eg definitivt få gjort noko med etterkvart.
  10. joska

    Rødpunktsikte

    Må dessverre innsjå at mine gamle auge ikkje går så godt saman med dei åpne sikta på min Winchester 9422. Satte på ein kikkert, det fungerte forsåvidt fint men øydela jo linjene fullstendig så den vart raskt fjerna igjen. Har vurdert diopter, men så var det dette med augene igjen... Har minimalt med erfaring med rødpunkt, men ser for meg at ei smekkert lite rødpunktsikte hadde vore tingen. Er eg heilt på bærtur? Rifla blir brukt på moderate hold.
  11. Joda, det har eg ingen problem med å forstå. Reknar også med at skilnaden på dritt og bra ammo blir meir tydeleg på lenger hold. Men at CCI std skal vere "verste dritten"... Eg sit f.eks. på ein del pakkar Winchester-ammo som pistolklubben solgte for nokre år sidan, *det* er den verste dritten eg har prøvd og antageleg er det langt ned til den objektivt verste dritten
  12. Sendte nokre pakkar CCI Standard gjennom min CZ455 og 9422 i dag. Synd eg ikkje tok bilder, hadde treskudds-samlingar ned mot 6mm (*) (senter til senter) på 50m med CZ-en. Gjennomsnittet var nok ikkje fullt så bra, men viss *dette* var drittammo gledar eg meg til å prøve skikkelege saker. Det verste med CCI er eigentleg alt griseriet den legg igjen, spesielt i pistolen blir det trøbbel med utkast etter nokre pakkar. (* og M67 treng ikkje fortelle meg kva ti-åringane klarer på DFS-bana, eg er fullstendig klar over mine begredelege skyteferdigheiter)
  13. Det finns plenty med Commodore 64-emulatorar, inkludert emulatorar som du køyrer rett i nettleseren. https://c64emulator.111mb.de/index.php?site=pp_javascript&group=c64 https://classicreload.com/c64-forbidden-forest.html
  14. Ser ut til at dei færraste har fått med seg at CRT-skjermar er blitt samlerobjekt no og faktisk har ein viss verdi. Litt vanskeleg å sjå akkurat kva modell dette er, men eg tippar ein salgsverdi mellom 500 og 1000. Hadde det stått "Commodore" på denne hadde prisen starta på 2500.
  15. Kanskje litt på sida, men kva med eingongshanskar? Kostar ingenting og veg ingenting i sekken.
  16. Eg tenkte på det formelle. Er skapet framleis FG-godkjent når det er endra på denne måten?
  17. Ja, alle skap eg har sett har ei plate/boks over låsen nettopp for å hindre at innhaldet i skapet skal kunne sperre for åpning. Viss du anser skapet som tapt er det berre å ta vinkelsliperen fatt og skjære ut rundt låsekassa. Du kan jo starte med å bore nokre "prøvehol" og sjekke med eit litt langt skrujern at du er innafor dekkplata/boksen før du skjærer deg gjennom. Er då skapet strengt tatt framleis sertifisert?
  18. Kjenner ikkje igjen skapet dessverre. Viss det er FG-godkjent skal det vere merka, så viss du ikkje finn noko merking må du nesten gå ut frå at det ikkje er godkjent.
  19. Første rifle var Winchester 9422 i .22LR som far min kjøpte til oss då eg var 12. Ei drømmerifle for ein 12-åring som leste *alt* som var av western-teikneseriar Fekk ikkje lov å bruke den åleine, så det gjekk mykje i luftgevær også. Treffsikker har eg aldri blitt, men det vesle eg kan om rifleskyting lærte eg på miniatyrskytinga til det lokale skytterlaget.
  20. Eg kjenner ikkje til Margolin, men i utgangspunktet kan eg ikkje sjå at dette skulle vere eit problem. Kjenner til fleire som har trent med eikenøtt heime i kjellaren med finpistolen.
  21. Kva med .22 long og short? Lovlig til alt småvilt, lovlig til < hare eller ikkje lov i det heile tatt? "Salongrifle (salonggevær) kaliber 22 LR kan bare brukes under jakt på viltarter opp til en hares størrelse, men ikke til hare."
  22. Innhaldet (våpen + ammo + dill, ikkje vekter) i mitt skap er nok 30+ kg, så etter din logikk vil eit skap på 120kg vere fullt lovleg å ikkje bolte fast i mitt tilfelle. No framgår det vel temmeleg klart at det er *skapet* som skal vege minst 150kg for at du lovleg skal late vere å bolte det fast, og ikkje skap med innhald. Vektene må dermed vere ein del av skapet, og ikkje berre "lausøre".
  23. Du har rett, dette ser ut til å vere ein lakkert rustfri. Eg kjenner ikkje til om Ruger har levert noko slikt, eller om ein tidlegare eigar har lakka den. Heller vel mest mot det siste. Eg har ingen erfaring med å fjerne slik lakk så dette kan eg ikkje seie noko om.
  24. Er den rustfri ser den ut som revolveren i den videoen du linka til. Din er blånert. Vil på det sterkaste anbefale at du lar den være som den er. Viss du tek til å slipe og polere ender du nesten heilt sikkert berre opp med ein revolver med avrunda kantar, bølgete finish og ein evigvarande vedlikeholdsjobb ettersom du har fjerna den rusthemmande overflatebehandlinga. Plukk den heller ned, reingjer den godt og bruk kaldblånering på evt. riper og slitte hjørner.
  25. Viss den er rustfri er det berre å sette i gang, den har ingen overflatebehandling å fjerne. Men gjer ein betre jobb enn han fyren i videoen... Elles kan det hende at det revolveren din treng er ei skikkeleg reingjering. Matte, rustfrie revolvarar blir ikkje reine av vanleg puss, og dei fleste ser ganske shabby ut av den grunn.
×
×
  • Create New...