Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Javel? Dette "problemet" gjeld dei fleste idrettslag, ikkje berre NSF. Dei fleste er reine mosjonistar og deltek kun på stemne i form av å vere funksjonærar. Og takk og lov for at det er akseptert, som det er sagt mange gongar før så er det desse menneska som gjennom kontigent og dugnadsinnsats sørgar for at det i det heile teke er mulig å arrangere stemner for dei som likar slikt. Eg har null interesse av å konkurrere, det gir meg ingenting. Pistolskyting for meg er rein rekreasjon, det er få ting som gir meg så mykje til tross for at eg er heilt ræva til å skyte. Når eg ser på dei andre på bana er dei fleste temmeleg ræva dei også, men det er lite sure fjes å sjå likevel. Eg slit litt med å sjå omdømmeproblemet med ein gjeng blide folk med lavt konkurranseinstinkt og høgt forbruk av kvite lappar.
  2. Dei tekniske reglane i skyteprogrammet begrenser jo allereie utvalget av våpen som kan brukast. Om skytterorganisasjonen skulle velge å endre på desse for å ekskludere matchvåpen - evt opprette eigne klassar for desse - så må det vere heilt innafor. Noko heilt anna er det når politiet velger å innføre sitt eige tekniske reglement under dekke av "behovsprøving".
  3. No har eg av forskjellige grunnar skutt (og dermed lada) lite dei siste to åra, men det har blitt produsert nokre tusen patroner med mi gamle Lee Turret-presse. Dette er ei gammal presse eg kjøpte brukt for ein femhundre-lapp, diesett i 38/357 og 9mm inkludert. Supplerte med eit diesett (Lee) i 44 Magnum/Special, ekstra holdeplate og to autodisk kruttmål. Kom vel i mål for rundt 1500 for heile greia. Har ei plate satt opp til 38 Special og eit til 44 Magnum, begge med ferdig innstilte kruttmål, å skifte mellom desse tek bokstaveleg talt fem sekund. Justering er aldri nødvendig, så sant eg ikkje skal lade litt 357. Har aldri knekt eller øydelagt noko, ei heller sprengt revolveren i lufta til tross for at eg skippa det obligatoriske "lade 10000 skudd med enkeltstasjon"-steget. Skal vere den første til å innrømme at produkta til Lee kan framstå som billege. Slarkete er dei også, utan at det ser ut til å påverke verken funksjon eller kvaliteten på den produserte ammoen. Mi erfaring med Turret-pressa er at den berre fungerer, og den er enkel og effektiv i bruk. Veldig mykje for pengane etter mi meining. Har eigentleg berre ein ting å utsette på den, og det er at dei brukte hettene spretter overalt. Men dette er fiksa i den noverande versjonen.
  4. Eg fekk nøyaktig samme svar som deg. Lat oss håpe at POD etterkvart tek til fornuft i denne saken. Viss ikkje vil eg på det sterkaste anbefale dei som har fått avslag på si klage om å kontakte Sivilombudsmannen. Det er ingen i byråkratiet som likar å få dei på nakken, det brukar å koste tid og arbeid. Og i verste fall - prestisje.
  5. Medlemskap i NSF er i praksis den einaste muligheita eg har til å bedrive pistolskyting, så utmelding er ikkje noko alternativ.
  6. Som så ofte før vil det verte sagt at "det jobbes i kulissene". Dette er dessverre heilt vanleg i NSF, det vert "jobba i kulissene". Om det faktisk *blir* jobba i kulissene og kva det i så fall blir jobba med er det umulig å ettergå, for informasjonen til medlemmene når det gjeld politiske saker er stort sett fråverande.
  7. Nei, nei, det er *aktivitet* som bestemmer dette. Avslag? Skyt meir, så ordner det seg. Har eg høyrt. For å vere seriøs - ein kan begynne å lure på politiets kontakt med verkelegheita. Dei våpna dei no meiner er uegna er dei det er flest av i feltløypene, spesielt i grov. Eg kjenner ikkje til mange med "rørtang" til grovfelt, kjem vel i farten på berre ein når eg tenker meg om. Kva NSF gjer med saken veit eg ikkje, men eg har tenkt å kontakte dei og høyre. For viss Oslopolitiets praksis får sette seg er det kroken på døra for pistolskyting som hobbyidrett på lavt nivå. Og der befinner 95% av pistolskyttarane seg.
  8. Det er vel berre å ha nok *aktivitet* så får du godkjent det du måtte ønske. Er ikkje det omkvedet her inne?
  9. Det ville eg ha gjort. 9mm er både tillatt iht til NSF sitt reglement og er - i alle fall der eg har ferdast - kanskje det mest benytta kaliberet i grovfelt. Men eg har fått med meg at ikkje alle er like kranglevorne som meg
  10. Og det bør dei gjere, men då må dei som har fått avslag informere forbundet. Har det skjedd?
  11. Mine ungar foretrekker også luftpistolen. Ja, det er lettare å treffe boksen på 30 meter med gevær enn med pistol, men då berre flyttar vi boksen nærmare. Det einaste minuset eg ser med at dei skyt med luftpistolen (Weihrauch HW40) er at den er såpass tung å spenne at eg må gjere det for dei, så då blir det lite skyting på meg. Når det gjeld luftgevær så er Baikal MP-60 heilt genialt barnevennlig, med små dimensjonar, justerbar stokk, lett og trygg oppspenning og enkel lading. Og til ein latterleg lav pris - viss ein finn nokon som selger.
  12. Er usikker på om denne har vore omtalt i her i tråden enno: Her er det vel både innstramming og oppmjuking. Det har vel ikkje vore krav om "tilstrekkeleg våpendugleik" før, eller tek eg feil? Dette punktet vil vel hindre ein del etterlatte å behalde eit våpen som minne. På den positive sida vert det åpna for at ein også kan arve pistol/revolver, men kanskje kravet om "tilstrekkeleg våpendugleig" berre burde omfatte desse?
  13. 601 er eit trygt valg, eg har ei slik sjølv. Solid og påliteleg. Men slarkete ladegrep og heller tvilsom finish, går du opp eit hakk og kjøper deg t.d. ein eldre Sako får du eit mykje finare våpen. Edit: Finns det i det heile tatt nokon god grunn til å bygge om M98 når det finns slikt for lommepengar på finn? https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=174503728
  14. Dette kan jo gjerast så enkelt som at børsemaker blir pliktig til å oppbevare det plomberte våpenet i t.d. to veker etter at plombering er meldt inn, og så kan kontrollinstans dukke opp uanmeldt for stikkprøver. Uanmeldt tilsyn er vanleg elles i næringslivet, så dette burde vere uproblematisk.
  15. Her snakkar vi om registrerte våpen som blir plombert, og då må jo den som utfører plombering melde frå om dette til politiet slik at våpenregisteret kan haldast oppdatert. Det er vel ikkje verre at det lokale politiet (i den grad slikt framleis eksisterer) sender ut ein mann for å hente stikkprøvene inn for kontroll, dei har jo allereie tid til å reise heim til folk for å kontrollere oppbevaring. Det er ikkje fleire børsemakarar her til lands enn at ein fint kunne ha teke stikkprøver frå alle desse i løpet av eit år.
  16. Det er jo slik det fungerer med køyretøykontroll. At ein børsemaker som har løyve til å produsere funksjonelle skytevåpen ikkje skal bli tiltrudd å øydelegge dei framstår jo som rein galskap, viss det er eit problem at enkelte børsemakarar er slepphendte med dette får ein heller slå ned på det. Då har dei garantert fleire svin på skogen, og vi alle hadde vore tent med å få dei ut av drift. Kripos har sikkert nok å gjere på om dei ikkje skal inspisere alle plomberingar også.
  17. Dette er jo veldig enkelt. Du skyter konkurranse med dine våpen, så hyggeskyter eg med mine. Ingen av oss er til sjenanse eller fare for andre, og begge to har det moro. Iallfall viss vi klarer å late vere å ergre oss over korleis andre morer seg.
  18. Spelar det nokon rolle? Konkurranse er ikkje noko forutsetning for å kjøpe handvåpen i dette landet, sjølv om enkelte ser på hygge/mosjonsskyting som moralsk forkasteleg.
  19. Viss denne informasjonen kjem frå NSF er det nokon som ikkje har tenkt seg om. Ønsker NSF at folk skal skyte grov? Det er ein betydeleg kostnadsforskjell på å skyte med ein brukt 9mm kontra ein matchpistol i .32. Berre ammoprisen er jo det doble - minst. Grov er jo for dei fleste ein bi-aktivitet, og sjølv om eg veit at mange her kan skilte med seks-sifra hobbybudsjett så vil dei fleste måtte tenke seg om før dei pungar ut for nok ein matchpistol.
  20. Då let du sjølv være å skaffe deg "Safe-queens", og lar andre få bestemme sjølv innan det regelverket som gjeld. Å utfordre byråkratiet på tolking av lovverket er ikkje berre innafor, men *påkrevd* i ein rettsstat.
  21. Baofeng UV-5R er ein billig og populær (og god) radio som kan programmerast til å handtere desse frekvensane. Men heilt innafor er det neppe. Eg kjenner ikkje til regelverket (utover bruk av PMR- og jaktradio-frekvensane) her, men ser at Dakota Alert sender på frekvensar som m.a. er brukt av Forsvaret.
  22. Er moderatorane på Kammeret begynt med fjerndiagnostisering også?
  23. Min 9422 tek 15 .22LR og 21 .22Short, og havnar vel uansett i trøbbel viss det ikkje blir unntak for randtente våpen (evt. .22 spesifikt). No er det ikkje noko stort problem å begrense magasinet, det trengs berre ein passande pinne bak tilbringeren, men skal det då begrensast på 10 LR eller 10 Short? Så ja, her trengs det presiseringar i forskrifta.
  24. Her er forøvrig eit dårleg mobilbilde av min "Joika". Den har levd eit hardt liv i verktøykassa bak i ein lastebil eit par tiår og ser ut deretter. Det er ingen merkingar på sjølve kniven.
×
×
  • Create New...