Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. No er det vel dei færraste som har våpen i denne prisklassen, men billige luftvåpen florerer det av. Eg lar det heller ikkje ligge å slenge, men min praksis med å låse døra er ikkje lenger lovleg. Fram til eg får ordna meg med skap eller låsbart stativ er eg altså lovbryter, og eg er nok ikkje åleine der...
  2. Du har heilt sikkert rett. Eg har sett bilder av delte sluttstykker, men det scenarioet du beskriver var nok mykje meir vanleg.
  3. Riktig, Kongsberg-haglene er bygd på nye kasser. Desse har litt andre dimensjonar enn dei originale rifle-kassene, og både sluttstykke og hane har annaleis utforming. Hanen har også ein slags sikring, eg har minimal kjennskap til desse haglene så eg veit ikkje korleis denne fungerer. Men Rolling Block-riflene fekk eit veldig dårleg rykte tidleg på 1900-talet etter at ivrige reinjegarar tok til å lade med røyksvakt. Dette kunne få sluttstykket til å dele seg, slik at overdelen tok hanen med seg bakover på sin veg mot skytterens ansikt. Det er mulig at denne sikringa er meint å hindre hanen i å gi etter i slike tilfelle, men det er rein gjetting frå mi side. Dei Kongsberg-produserte haglene er berekna for moderne, røyksvak ammo. Men denne spesifikke hagla er altså ei ombygd rifle, og eg ville aldri tatt sjansen på å fyre av moderne ammo i denne. Kan ikkje tenke meg at det hadde gått bra særleg lenge...
  4. Desse er ganske vanlege. Kongsberg produserte meir enn 50000, og mange vart konvertert til hagle etter at forsvaret begynte å selge dei til sivile rundt forrige århundreskifte. Vel... Det er nok trygt å anta at denne vart konvertert til hagle etter 1890, og den er då registreringspliktig. Når det gjeld merkinga så har eg veldig lite greie på variantar her. Men den avbilda merkinga er ikkje den originale. Som allereie påpeika var produksjonen av kasser avslutta før 1890, og Kongsberg-kassene er merka med både krone, produksjonsår og serienummer på venstre side. Eg vil tru at den vart merka om ved ombygging til hagle. Er vanskeleg å sjå, men det kan sjå ut som også pipa er merka med samme nummer. Hagla er nok i kaliber 24 eller 28. Prøveskyting vert frårådd på det aller sterkaste.
  5. Kongsberg-produsert Remington Rolling Block, konvertert til hagle etter dei manglande sikta å dømme. Våpenet er registreringspliktig.
  6. Nei, det er spesifisert at dei skal i våpenskap. § 6-6.Krav til oppbevaring av skytevåpen og ammunisjon som ikkje er løyvepliktige Krava til oppbevaring etter dette kapitelet gjeld også for haglevåpen som er friteke frå løyveplikt etter § 2-3 nr. 8, samt for ammunisjon til slike haglevåpen. Andre skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt, eller vital del til slike skytevåpen skal oppbevarast nedlåst i skap, skuff eller annan låsbar innretning eller fastlåst til vegg. Krava til oppbevaring etter denne føresegna gjeld likevel ikkje for skytevåpen som er lovleg deaktiverte. Edit: For å presisere kva "skytevåpen som ikkje er løyvepliktige" er: § 2-3.Skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt Følgjande skytevåpen er fritekne frå løyveplikt: 1. apparat til slakting som ikkje brukar fritt prosjektil, 2. signalpistolar og andre innretningar for signalgjeving som ikkje kan skyte patron med prosjektil, 3. rednings- og harpungevær som ikkje kan skyte patron med prosjektil, 4. luft-, gass- eller fjørvåpen som er laga for å kunne skyte prosjektil med diameter på 4,5 millimeter eller mindre, 5. paintballvåpen, 6. airsoft våpen, 7. skytevåpen som er konstruert for berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil, og som oppfyller tekniske krav fastsett av Politidirektoratet, 8. haglevåpen med enkeltskotlading som er lovlig erverva før 1. oktober 1990, 9. svartkrutvåpen produsert før 1890, 10. luft- og fjørvåpen produsert før 1900, og 11. armbrøst produsert før 1900. Erverv og innehav av deaktiverte skytevåpen etter § 12-1 er ikkje løyvepliktig, men må meldast til politiet på fastsett skjema. Etter 6-6 skal då alt dette (evt vitale delar) oppbevarast nedlåst/fastlåst.
  7. La merke til at paragraf 6-6 i den nye forskrifta seier at Andre skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt, eller vital del til slike skytevåpen skal oppbevarast nedlåst i skap, skuff eller annan låsbar innretning eller fastlåst til vegg. Dette er vel ei innstramming, og betyr at t.d. luftvåpen og antikke våpen også må oppbevarast nedlåst/fastlåst.
  8. Som allereie påpeika er denne kula berekna for gas checks. I følge Lee skal diameteren vere .429, det kan vel fort bli litt i underkant? Har du i tillegg mykje tinn i legeringa krymper kula meir ved nedkjøling. Sjølv brukar eg ein annan variant av Lee's 240gr SWC, den er ikkje laga for gas checks og har fleire og smalare smøreriller. Oppgitt diameter .430. Sizer ikkje, smører med Lee fett. Denne held faktor med 18.5gr N110 i min Super Blackhawk.
  9. Det er kun §4-4 som er relevant her, og denne begrensar tilgangen på slike magasin til dei som har halvautomatiske rifler til sportsskyting (det blir vel i praksis Dynamisk skyting). Så viss du har ein 10-22 eller noko slikt til jakt får du ikkje kjøpt nye magasin med kapasitet > 10 lenger. Overgangsreglane gir deg derimot muligheit til å behalde magasin du har kjøpt tidlegare: "Personar som før 1. oktober 2020 har erverva lause våpenmagasin med patronkapasitet på meir enn fem for hagler, 10 for rifler og 20 for pistolar, kan behalde desse våpenmagasina utan løyve."
  10. @ErlingElev Ser ikkje ut til at det er noko unntak for 22lr. Dvs. dei magasina du allereie har kan du beholde og bruke, viss du skal ha nye magasin er det regulert på samme måte som for andre kaliber.
  11. Det kan og vere reint midlertidig, reknar med det ikkje berre er her på Kammeret at forvirringa råder akkurat no. Men du kan jo og ha rett og at det blir eit permanent "problem", såpass lange knivar har vel aldri utgjort noko særleg omsetning for sportsbutikken og er sikkert ikkje verdt for dei å krangle over. Men på min vesle handlerunde i dag kunne eg konstatere at Byggtorget framleis har Glavakniv i hylla, og på Tilbords hadde dei opptil fleire kjøkkenknivar over "lovleg" lengde. Vil tippe denne forskrifta har minimal til ingen betydning for den jamne sports/jakt/fritid/yrkesbutikk, det er vel heller sjapper som walhalla.no og andre som lever av å selge juggel til mall-ninjas som kjem til å merke det.
  12. Loven seier at det er forbudt å *kjøpe* slike knivar, ikkje at det er forbudt å selge dei. Kan ikkje sjå nokon plass at selger har noko som helst ansvar for kva kjøper har tenkt å bruke kniven til.
  13. Det er ikkje slik eg les det. "Ved endring av kaliber utan løyveplikt skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om endringa på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at pipa er skifta." Denne paragrafen omhandler altså endring av sjølve våpenet til å skyte eit anna kaliber enn det noverande. Dette kan då gjerast av børsemaker utan å søke, men børsemaker må sende melding om *endringa* til politiet. Du snakkar om systemvåpen. Då må du søke om å kjøpe pipe, så får du eige våpenkort på pipa men statusen på våpenet endrar seg ikkje. Vil du behalde den gamle pipa må ein vel gå denne vegen, altså søke om ny pipe.
  14. Korleis skal ein få kjøpt ammunisjon i det nye kaliberet viss du ikkje har eit oppdatert våpenkort? Du kan evt søke om ny pipe og få eige våpenkort på den (systemvåpen), men det er ikkje det denne paragrafen omhandlar.
  15. *Erverv* av pipe er regulert i 2.4: Med andre ord - du kan kjøpe deg ny pipe utan å søke så lenge pipa er i det kaliberet våpenet er registrert for. Viss du skal kjøpe laus pipe i eit anna kaliber må du søke. Teksten som er referert til over gjeld *modifisering* av skytevåpenet utført av børsemaker. Altså kan børsemaker skifte pipe til eit anna kaliber utan at du må søke på førehand. Melding blir sendt til politiet, våpenregisteret oppdatert og du får nok nytt våpenkort i posten og må levere inn det gamle.
  16. Det er ca 200000 registrerte motorsyklar (lett og tung) i Norge. Med tanke på at det ikkje er uvanleg å ha fleire kan vi vel anta at det finns max 150000 motorsyklistar. Ein liten brøkdel av dei er medlem i NMCU. Ser vi på medlemsantal og ressursar er dei norske skytterorganisasjonane reine gigantar samanlikna med NMCU.
  17. Ein har neppe bruk for slikt under jakt. Men det er heilt irrelevant. Ein forbyr ikkje ting berre fordi dei er ufornuftige.
  18. Det er berre lause magasin som er regulert her, og rørmagasinet kjem ikkje under denne definisjonen. Men *lause* magasin med > 10 skudd er forbode, også til repeterrifler.
  19. Tja, er det slik? Når det gjeld halvautomatiske rifler til jakt er magasinkapasitet regulert: Definisjonen på magasin: Så er spørsmålet om dette forbodet skal tolkast til å gjelde kun lause magasin eller magasin generelt. Slik det er formulert no vil eg påstå at teksten ikkje skiller mellom faste og lause magasin, og at halvautomatiske jaktrifler med magasinkapasitet > 10 er forbudt uansett om magasinet er laust eller fastmontert. Når det gjeld jaktrifler med manuell repetermekanisme så er det ikkje noko slik formulering, men der er magasinkapasiteten regulert slik: Her står det eksplisitt "lause våpenmagasin". Kan ikkje sjå at det er noko begrensing på fastmonterte magasin på slike våpen.
  20. Såvidt eg kan sjå vil overgangsreglane late deg behalde Browningen ja. Beklager nynorsken. Eg les dansk godt, men slit litt med skrivinga.
  21. Dette er jo heilt åpenbart for å kunne halde Ernas løfte om å forby terrorist-rifla.
  22. Ser også ut til at begrensingane på magasinkapasitet på rifler kun gjeld lause magasin. Så min 9422 er framleis kosher.
  23. Eg merka meg denne: Dette er vel såvidt eg forstår ei oppmjuking frå tidlegare? Slik eg les dette kan eg no pensjonere finpistolen eg arva og skaffe meg ein ny, utan å måtte øydelegge arvestykket med hærv.. plombering.
  24. At viltloven *forbyr* å løyse skot på eller over offentleg veg er ikkje det samme som at den *tillater* å løyse skot alle andre plassar... Politivedtektene gjeld framleis.
×
×
  • Create New...