Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Det er ikkje trivielt å gjere dette på ein Boyds thumbhole-stokk, det er lite materiale å skjære/høvle bort før tommelholet ikkje er eit hol lenger. Eg ville ha funne ei anna løysing på ein slik stokk.
  2. Ja, viss ein ikkje klarer å dra den opp åleine. Men uansett antal - viss du brukar sekkehjul/trappetralle må du stroppe skapet fast i tralla. Og viss du har sekkehjulet til Biltema tek du *av* plasthandtaka først, elles står du der i trappa med handtaka i handa og skap/sekkehjul på ukontrollert ferd nedover. Dette opplevde eg ved flytting av vaskemaskin, heldigvis utandørs og med maskina som skulle på skroten.
  3. Slemmo har fasit. Vi var to stk som bar inn mitt våpenskap på 151kg på den måten, og med døra av gjekk det forbausande lett. Heller ikkje noko problem å dytte det på plass åleine når døra var av. Bruk ei passande trelekt til å jekke døra av og på. Eg brukte tærne, og det var ikkje lurt.
  4. Spond har ein chattefunksjon ja, men eg har aldri brukt den så eg tør ikkje seie noko om funksjonaliteten.
  5. Ja det er noko heilt anna. Har ikkje førstehandskjennskap til den nye generasjonen Sharan, men ryktet er jo bra. Den noverande generasjonen av Galaxy har eg null kjennskap til.
  6. Det lokale skyteanlegget og alle klubbane/laga som høyrer til der brukar også spond, ein veldig fin måte å halde oversikt over kva som skjer der. Alt av arrangement og treningstider er lett tilgjengeleg. Mykje betre enn å prøve å halde styr på eit utal Facebookpostingar.
  7. Sidan du nevner Sharan og Galaxy i samme setning går eg ut frå at du tenker på den gamle Sharan som var identisk med Galaxy og Alhambra? I så fall vil eg på det aller sterkaste fråråde dette. Jobba fleire år på VW-verkstad då denne generasjon av Sharan var nybil, og makan til marerittbil har eg aldri vore borti. Ja, ekstremt praktisk bil - når den virker. Men det er alltid noko krøll, og då som regel dyrt krøll. Transporter/Caravelle T4 frå samme tid var også dyr i drift, men Sharan er på eit heilt anna nivå når det gjeld å suge lommeboka tørr.
  8. Mi subjektive oppfatning er at ein ser meir "jaktbilar" i urbane strøk enn i rurale. Bur i småby (framleis på Vestlandet) med snø fire timar i januar. Er fleire pickupar og SUV-ar berre i nabolaget mitt enn i heile heimbygda. Har muligens litt med inntektsnivå å gjere og, dette er jo forholdsvis dyre bilar.
  9. Viss den ligg på innmarka eller greitt til i utmarka blir den henta med traktor. Ellers blir den frakta med handemakt til nærmaste plass det er råd å komme til med traktor. Dei eg kjenner som jaktar i fjellet brukar å konsentrere jakta om eit par helger slik at dei kan bruke helikopter til å frakte dyra til siviliasjonen. Men ja - sjølvsagt finns det folk som faktisk har behov for ein svær 4x4. Men det er nok langt fleire som har *lyst* på ein svær 4x4 enn dei som faktisk har *behov* for det. Og det må jo vere heilt greitt å ha lyst på ein kul bil. Burde faktisk vere heilt unødvendig å legge skulda på eit behov som i veldig mange tilfelle er fiktivt Folk kjøper jo motorsyklar, vannscooter og anna fjas berre på gøy, så kvifor ikkje ein heilt "nødvendig" jaktbil?
  10. Er oppvokst på bygda, ein plass der "alle" går på hjortejakt. Kjenner ingen med "jaktbil". 4wd er ikkje spesielt vanlig heller. Er ein og annan bonde med pickup, men det er bil som blir blir brukt til "yrkestransport" og sjeldan til jakt. Som påpeikt fleire gongar allereie - det er begrensa kvar det er lov å køyre med bil, og i dei aller, aller fleste tilfelle kjem ein seg fint fram der med Toyotaen eller folkevogna.
  11. Tydelegvis ikkje. Kan du utdjupe?
  12. Då hjelper det ikkje å bruke ei plattform som ikkje lar deg nå ut til mottakarane. Ref første post i denne tråden.
  13. Trump har sagt så mangt men gjort ganske lite, så også her. Det Trump ønska var å fjerne ein gammal lov som fråtek online-tenester som t.d. Facebook ansvaret for det brukarane postar, samt gir dei nesten frie tøylar til å fjerne innhald. Det er sjølvsagt det siste Donald er sur på, men resultatet av å flytte ansvaret frå brukaren over til Facebook/Twitter hadde naturlegvis blitt massiv sensur. Du må ikkje forveksle "enkelt" med "nyttig". Tvert om, det ville antageleg vore eit stort framsteg om skytterorganisasjonane hadde vorte tvungne til å ta i bruk løysingar dei sjølve har kontroll over.
  14. joska

    Revolver 9mm

    Kva er fordelen med 9mm kontra .38 Special i revolver? No er ferdigrulla 9mm tildels betydeleg billegare enn .38, men eg ser at @unnamed skyt med heimelada. Då forsvinn jo det argumentet. Eg spør av rein nysgjerrigheit og uvitenheit.
  15. For all del, eg veit at mange liker X-esse og skyter bra med den. Om den funkar for den enkelte veit ein først når ein har skutt med den. Sjølv syns eg den er altfor lett, har "feil" balanse, elendig grep, er stygg og gir eit generelt kjipt inntrykk. At rekorden i hurtig SPESIAL er satt med amputert X-esse er vel ikkje uventa med tanke på alternativa. Men 586 er uansett eit ekstremt bra resultat då.
  16. Presist - heilt sikkert. Om den er *bra* veit du ikkje før du har prøvd. Eg syns X-esse er eit heilt grusomt våpen, men salgstala viser jo at ikkje alle er enige med meg der.
  17. Kan ikkje komme på ein einaste rasjonell grunn til å *ikkje* ha anatomisk grep på ein .22-pistol til NSF-skyting, felt inkludert. Er vel ingen enkeltfaktor som har større betydning for "skytbarheita" til eit slikt våpen enn grepet, tett etterfulgt av avtrekket.
  18. Det gjeld så og seie alltid berre saker som er avgjort i Høgsterett.
  19. Kjøp matchpistol viss du har råd. Viss du ikkje har råd kjøper du Ruger/SW/Browning. Viss du ikkje har råd til det heller brukar du klubbvåpen. Vil og anbefale å kjøpe brukt. Følger du med på finn dukkar det stadig opp eldre GSP til nokre få tusenlappar. Alderen til tross, desse er mange klassar over Ruger/Buckmark-segmentet og varer til du går i grava. Evt. kan du legge i nokre tusenlappar til og kjøpe brukt matchpistol av nyare dato.
  20. Min 100 år gamle Schultz & Larsen salong har 80cm løp, det blir vel ca 30". Er ikkje behov for hørselvern for å skyte med denne Er stillare enn min CZ455 med demper, ettersom dei fleste ammotypar går overlyds i denne.
  21. Det er ikkje slik det fungerer. Reglane seier kva kaliber og ammunisjon som er tillatt brukt, og det er det arrangørar og skyttarar har å forholde seg til. Det er ikkje slik at ein vilkårleg pistolklubb kan nekte skyttarar med gule sko å delta i approberte stemner fordi klesreglementet til NSF ikkje spesifierer at det er forbudt å forby gule sko.
  22. Dette er omfatta av pistolreglementet, 5.1.17.3.1: "Alle prosjektiler som brukes, skal være av bly eller anne bløtt materiale. Mantlede prosjektiler er tillatt i de tilfeller det ikke strider mot baneinstruksen/instruksen for feltområdet/skytebanen." Så joda - det er heilt innafor å arrangere stemner på baner der mantla kuler ikkje er tillatt brukt. Å nekte bruk av elles tillatte *kaliber* fordi ein vil spare elektronikken for "løkruller som bare klemmer av på hurtig med glåkk-smitter-tyrker-plast-takti-pistolen sin helt uten å ha kontroll" kan eg ikkje sjå at reglementet åpnar for. Ei heller apartheidløysingar som å late GSP-folket skyte på elektronikken og løkrullane på papp.
  23. Heilt klart, men skal det arrangerast approberte stemner må det gjerast innanfor regelverket til det aktuelle skyteprogrammet. Har sjølvsagt full forståing for at ein vil skåne dyr elektronikk, men då bør ein kanskje vurdere om den skal brukast i det heile tatt på grov? Å nekte 9mm-skyttarar start, evt. late dei skyte på andre skiver kan vanskeleg forsvarast så lenge regelverket gir dei rett til å konkurrere på like vilkår.
  24. Desse gir fullstendig blaffen i om vi konkurrerer eller ikkje. Dei vil ha DRAPSVÅPNA vekk frå samfunnet, og då finn dei alltids argument. Eg kan forstå dei. Ein politimann som ser på skytetreninga som eit ork og elles berre ser våpen når nokon fektar med ein pistol i eit eller anna belasta urbant strøk vil i utgangspunktet ha eit negativt syn på skytevåpen. Ditto med ungdomspolitikeren som forbinder skytevåpen kun med 22/7, eller bekymra kvinne som jobbar på krisesenter og veit at det finns konebankarar med våpenskap der ute. Om vi får skyte grovfelt med CZ75 eller GSP har null betydning for desse. Ei heller om vi berre dukkar opp på treningar innimellom men ikkje gidd konkurrere. Om vi sjølve skal mistenkeleggjere rekreasjonsskytteren er vi mildt sagt på ville vegar.
  25. Å forvente at skyting - som alle andre idrettar - må vere ein breddeidrett for å overleve er ikkje å "gi billige argumenter". Tvert om, det normaliserer det å eige eit skytevåpen.
×
×
  • Create New...