Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Det blir visst dyrt nok uansett, DFS-skyting på noko anna enn reint rekreasjonsnivå er økonomisk uoppnåeleg for veldig mange.
  2. Når folk kjøper vaskemaskin til 3000 og ikkje 12000, så er ikkje det fordi ein reknar med at den til 3000 varer like lenge som den til 12000, men fordi ein ikkje har råd til å bruke 12000 på vaskemaskin. Sjølv har eg tyrkerhagle eg kjøpte brukt for 1000 kroner. Med mitt bruk vil den nok halde livet ut.
  3. Lurer på kva våpenkontoret seier viss ein ønsker ei innstikkpipe til eit antikt våpen?
  4. Kvifor trur du det ikkje er Baikal å finne i butikkane lenger?
  5. Veeel... Leatherman er jo framleis fullt lovleg, det er berre begrensa *kvar* du kan ta den med deg. Forbod mot machete blir vel heller som forbodet mot t.d. armbrøst eller "karatepinner". Går du med slikt på deg når du sparkar ei bikkje på T-banen så er sjansen stor for at det blir pisk på pungen. Og ser onkel ein proff armbrøst i bagasjerommet ditt (eller på leikerommet ved kontroll av oppbevaring) så slit du.
  6. No er ein machete gjerne dobbelt så lang som den typiske Glavakniv, kokkekniv eller samekniv. Lauvkniven kan vere i faresona, men den kan lett gjerast unntak for på bakgrunn av bladfasong. Betre egna til rydding er den også, så viss byråkratiet klarer å begrense forbodet til machete vil det ha minimale konsekvensar for yrkesbruk. Det største problemet med dette forslaget er etter mi meining at det demonstrerer den tafatte og kunnskapslause haldninga ein har til det reelle problemet. Dette vil ikkje løyse dei sosiale problema i dei ytterst få kvadratkm der machete utgjer eit problem. Det vil ikkje bli mindre vold av det, det har ingen annan funksjon enn å gi inntrykk av at det vert gjort noko. Og det er jo ikkje noko nytt når det gjeld Våpenloven.
  7. Det er Frp, Høgre, Venstre og Krf som vil forby machete: Dette er frå Granavolden-erklæringa som vart offentleggjort for to veker sidan. Så då blir det forbod. Ja, etter at forskriftsendringa er tredd i kraft blir det ulovleg å ha machete.
  8. Ja, macheter har jo ein heilt normal knivfasong, berre lengre og veldig mykje tyngre. Så makslengde og evt maksvekt (t.d. at knivar over X gram kan vere maks Y cm lange) er einaste måten å forby desse på. No var det ein god del som stemte på eit visst moralsk høgverdig parti som ALDRI skulle i regjering med Frp. Så gjekk dei i regjering med Frp likevel. Har ein då som velger fortjent dette? Det einaste ein kan gjere er å ikkje stemme på slike politikarar neste gong, slik at ein kan få inn nokre andre løftebrytarar.
  9. Gammal tråd, men... Våpen-Søilen i Bergen hadde diverse løp til (Super) Blackhawk på lager, og kan skaffe dei lengdene du ønsker om du vil vente nokre månader.
  10. Takk for tips, eg ser det ligg ein C20 og ein C25 på finn no.
  11. Eg har allereie ein HW40 som forsåvidt er ein heilt glimrande luftpistol men eg hadde tenkt meg noko eit hakk (eller to) over denne gongen. Baikalen har eg sett på, den fungerer forsåvidt heilt fint (men var ikkje kjempeimponert over avtrekket på den eg prøvde) men eg syns den blir for grov. Eg tenker meir på å kjøpe eit eldre matchvåpen frå ein renommert produsent.
  12. Du burde strengt tatt drite i heile greia, då politiet ikkje har noko som helst grunnlag for å kreve noko slikt for å innvilge søknaden din. Men ta eit bilde av skapet og legg ved saman med kassalappen frå FK. Nei. Dvs. det er eit krav viss du eig meir enn 25 skytevåpen eller er forhandler, men det er vel neppe aktuelt her (enno)
  13. Tenker å kjøpe meg ein brukt luftpistol. Dette er til trening, har ingen ambisjonar eller ønske om å hevde meg i luftstemner. Kva er anbefalt, og kva må eg absolutt styre unna? Fjærvåpen er uaktuelt, og budsjettet er maks 5000. Er vel kanskje CO2 som er mest aktuelt i den prisklassen?
  14. Ja, kanskje eg skulle ha prøvd? Får høyre om børsemakeren vil vurdere tilstanden på børsa, den har ikkje vore brukt sidan tidleg på 80-talet. Har du noko meir info om denne ladninga?
  15. Godt spørsmål. Eg føler meg ikkje heilt komfortabel med å skremme 6.5-kula opp i "lovleg" hastigheit i eit såpass gammalt våpen, og innbiller meg at det vil vere mulig å oppnå storviltkravet med lavare trykk med 8x54.
  16. Nokon som veit kven som kan skaffe Krag-løp i 8x54? Eg har ein Steyr-Krag eg gjerne skulle ha brukt på hjortejakt.
  17. Eg skaut opp nokre pakker med .44 magnum American Eagle frå 80-talet for nokre år sidan. Minst 10% av hylsene revna som på bildet ditt. Var ingen oksidering på blyet på dei, og ammoen hadde stått i skapet til far min i sikkert 25 år før eg brukte den. Resten av "gammel-ammoen" i samme skap var heilt fin, så eg konkluderte med at American Eagle-hylsene var noko drit. Såvidt eg veit var/er American Eagle billig-ammoen til Federal.
  18. Eg tok den "kampen" då eg søkte første gong. Dama i skranken ville ikkje ta i mot søknaden utan kvittering på innkjøpt våpenskap. Det tok ikkje eit minutt eingong å forklare kvifor ho ikkje hadde lov til dette, og søknaden vart både mottatt, behandla, godkjent og utlevert utan den nevnte kvitteringa. Ingen kamp eller krangel var nødvendig. Dette var i 2012 i det som den gong heitte Sogn og Fjordane politidistrikt. Og ja - våpenskap vart innhandla og montert før skytevåpna kom i hus. Her burde det vel stå "spesielt av politiet".
  19. Du må ikkje søke så lenge du ikkje skal beholde det gamle løpet. Kvar du lettast får tak i pipe til SBH er eg også interessert i å vite.
  20. No er det vel POD som bestemmer her og. Nokon som kjenner til om nokon har klaga til POD ang dette?
×
×
  • Create New...