Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. "Problemet" er at det aktuelle avsnittet i forskrifta også viser til våpenlovens paragraf 20, som seier at "Under transport eller mellombels oppbevaring skal gjenstandane vere pakka slik at dei ikkje er synlege eller lett tilgjengelege.".
  2. Det har aldri slått meg at det er eit problem å frakte den uladde børsa på ryggen ute i skogen, sjølv om dette var gjort sittande på ein ATV. Forstår framleis ikkje problemet, men det er vel ikkje nødvendig heller så lenge øvrigheita har definert det som eit problem Får ha det i mente om eg nokon gong skulle skaffe meg ATV.
  3. Illustrasjonsbildet i denne saken er frå kontrollen der den omtalte jegeren (og fleire andre) vart anmeldt for ulovleg køyring. Desse anmeldelsane vart alle henlagt.
  4. Det høyrer til historia at denne personen - saman med nokre andre - eigentleg vart stoppa fordi politiet SNO meinte dei køyrde i utmark ulovleg. Dette viste seg å ikkje stemme, og denne saken vart henlagt.
  5. Sogn og Fjordane tingrett har idømt ein jeger 10000 i bot for å ha frakta rifla på ryggen når han køyrde ATV inn i jaktterrenget. Mannen forklarte at våpenet, ei jaktrifle, vart frakta tildekka, med sluttstykket og magasinet ute av våpenet på veg til jakta. Då han sat på ATV'en i utmarka, frakta han våpenet på ryggen med skulderstropp, sluttstykket spent ned, og magasinet i lomma.
  6. Dette er trolling på høgt nivå. Tippar at Röda_Lacket har ei fortid på usenet.
  7. Riktig, men det er ikkje drap i heimen som ligg til grunn for forbodet mot å bære kniv i det offentlege rom. Det er bruken av kniv til ran og truslar som er "syndaren" her.
  8. Amen. Land som tek godt vare på sine innbyggarar - inkludert dei kriminelle - har generelt lite voldskriminalitet.
  9. Brukar "normale folk" normalt å "misbruke" kniv?
  10. Det finns då andre skyteformer enn ISSF, eg er ganske sikker på at .22 short framleis er tillatt til metallsilhuett. Men er enig i at .22 short er eit lite attraktivt kaliber når ein ikkje får brukt det til t.d. hurtigprogramma til ISSF. Du får kjøpt .22 short på våpenkort for .22LR også. Eg brukar short i min 9422, det går 21 short-patroner i rørmagasinet
  11. Min er nok eit år eller to nyare, nummer S74087. Arva den frå min far som brukte den mykje. Lett å halde skarp, og framleis tight og fin i mekanisma. Men *lett* er ikkje eit ord eg ville brukt om den.
  12. Ja, det er vel heile poenget med porting?
  13. Det er eg klar over, men CZ455 er jo eit systemvåpen, så eg lurte meir på om det var råd å få kjøpt ei fiks ferdig heildempa pipe.
  14. Eg gjorde karriere av min hobby (ikkje jakt), det varte i fem år før eg var lei av både jobb og hobby. Når du sjølv ikkje kan styre tempo og retning, må fullføre det som viser seg å vere uinteressant, har tidsfrister hengande over deg etc. forsvinn mykje av gleda. Til slutt sat eg der med ein jobb eg ikkje likte og utan hobby. Gjekk over i eit heilt anna yrke, treivst godt med det og etter nokre år tok eg også opp att min gamle hobby.
  15. I min 455 går det aller meste av standard-ammo i overlydsfart, og den frontmonterte demperen hjelper ikkje noko særleg på det. Vil tru at ein heildemper med porta pipe vil gi eit heilt anna resultat. Finns det heildempa pipe å få kjøpt til 455, eller er dette ein børsemakerjobb?
  16. Sei ikkje det, det er enormt med inkompetanse og byråkrati i det private. Til større bedrift til verre er det.
  17. Det er heilt sikkert individuelle forskjellar her. Mi erfaring med måling av senter-til-senter måling (ifbm 3D-modellering) av avstanden mellom to hol er at presisjonen varierer med +/- 0.5mm - minst. Måling av kant-til-kant er svært mykje meir presist, og endar som regel opp med deler som faktisk passar. Ytterkant-til-innerkant-metoden er nok både enklare og betydeleg meir presis enn å gjette seg til senter. Men viss ein skal operere med hundredelar må det nok maskiner inn i bildet viss ein ønsker brukbare resultat.
  18. Korleis finn ein senter når ein måler senter-til-senter? Finns det noko mal/verktøy for dette? Viss det er augemål det går på er det meiningslaust å operere med tidels og ikkje minst hundredels mm... Å måle frå ytterkant til ytterkant er nok litt meir presist, men hundredelane vil eg påstå ikkje har noko verdi.
  19. Kva: Utallige kommersielle media skal tene pengar på å fôre oss med katastrofer, meiningsmålingar og kjendisar 24/7. Verda framstår som mykje skumlare enn då nyheitsbildet vart servert ein gong for dagen mellom kl 1930 og 2000, samt i den eine riksavisa ein tok seg råd til å kjøpe. Kven: Den som har gjort det største enkeltbidraget til denne spesifikke situasjonen sit per no fengsla på Tyristrand.
  20. 10/22 ryk på begge desse punkta, så at den er forbudt *å erverve* etter ny lov og forskrift er det vel ingen tvil om. Men har du ein 10/22 etter gammalt så skjønner ikkje eg at det skal vere mulig å kreve desse innlevert.
  21. Vi treng ikkje eit våpeneierforbund. Vi treng at dei eksisterande, store organisasjonane snakkar betre saman og jobbar mot felles mål.
  22. Det går også andre vegen. Før ein veit ordet av det er ein blitt "VÅPENLOBBYEN!" i VG, og då er løpet køyrt. Den beste måten å påverke makthaverane på er via våre seriøse interesseorganisasjonar, men det betinger to ting: 1. Medlemstal. Sportsskyttarar har jo ikkje noko valg, men berre litt over halvparten av dei som betaler jegeravgift er medlem i NJFF. 2. Vi medlemmar må stille krav til våre organisasjonar. Vage formuleringar om at "det jobbes i kulissene" er ikkje nok.
  23. Berre for å rydde all tvil av vegen: https://news.gallup.com/poll/261680/americans-believe-creationism.aspx
  24. Eg veit om eitt tilfelle, dessverre frå min eigen klubb. Dette skjedde ikkje under konkurranse men under opplæring av ein som aldri hadde tatt i pistol før. Sjølv har eg dratt av eit skot under "LADING!" ein gong, og det var ikkje noko hyggeleg. Pistolen peika i trygg retning og ingenting skjedde, men det var ein god lærepenge og ei påminning om kor viktig det er å heile tida vere obs på kva du peikar på.
  25. Du har jo kontroll på kvar du skyt - når "KLAR" blir gitt skal våpenet peike 45 grader nedover/forover mot skivene, altså i sikker retning. "Sikker retning" omfatter meir enn sjølve skivene. Om ein ivrig (eller forfrossen) finger drar av førsteskotet i løftet så er det kjipt for resultatet ditt, men heilt trygt.
×
×
  • Create New...