Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Då får vi tru at det finns eit rundskriv som spesifiserer at det skal loggførast eit unikt serienummer for kvar kruttboks ved kjøp, det nærmaste ein kjem er "Selger skal i ammunisjonsprotokollen føre oversikt over privates erverv av krutt og tennmidler til ammunisjon".
  2. Som Chiefen påpeiker er dette regulert i forskrift. Eg slit litt med å finne belegg for påstanden din i forskrift og rundskriv, men du har vel gjerne noko handfast å vise til? Ikkje at det forbauser meg at byråkratar ønsker slik "sporbarheit".
  3. Eg opplever ingenting av det du ramsar opp her. Betyr det at det ikkje eksisterer? Det er ironisk at ein i ein tråd der ein etterlyser saklegheit frå lovgivers side sjølv nyttar anekdoter, magefølelse og inntrykk frå media i sin argumentasjon.
  4. Og ikkje minst at der vi før hadde lokalavisa, ein halvtime Dagsrevy og kanskje ei riksavis å forholde oss til så har vi no ei uendeleg mengde med media som skal fylle døgnet med sensasjonar og nyheiter. Dermed hamnar vi i den situasjonen at eit knivran i Oslo blir slått stort opp fire gongar i timen i eit heilt døgn på nyheitskanalane. Det er klart at dette gjer noko med vår oppfatning av kva retning samfunnet tek.
  5. Kapping eller ikkje kapping, eit fungerande skytevåpen må sikrast mot "uautorisert" bruk om det er aldri så antikt. Ja, det er *lov* å henge svartkrutthagla på ein knagg på stoveveggen, men spesielt lurt er det ikkje. Det finns mange diskrete løysingar som let deg sikre antikviteten og likevel late den henge til pynt. Som guttunge var eg veldig glad i ting som small. Min far var nøye med å låse inn godsakene, men det var det ikkje alle som var og hos gamlingane i kårhuset på garden der bestekompisen min budde var det lett tilgang til eldgammal hagleammo. Denne vart plyndra for svartkrutt som vi brukte i både bomber og heimelaga kanoner til å blåse diverse objekt til himmels. Det gjekk bra, men eg ønsker ikkje at mine ungar skal risikere liv og lemmar på samme måte. Så lås ned alt som kan smelle.
  6. Dette har vore omsnakka i 15 år. Minst. https://www.vg.no/sport/langrenn/vil-skyte-med-laser/a/3138762/
  7. Kva er det som gjer dette dyrt? Det ville vere både billeg og relativt enkelt å 3D-printe ein innsats som passar i magasinbrønnen og som tek eit kurant magasin, t.d. frå CZ 452/455. Er det noko med sluttstykket som gjer dette vanskeleg? Eg har aldri finstudert ein M67 i .22lr.
  8. No kan eg ikkje huske å ha "bejubla" verken opposisjonen generelt eller AP spesielt, då det er rimeleg klart at vi på sikt går mot totalrasering av privat våpeneigerskap uansett kven av fløyane som styrer. Derimot var dette eit stikk til alle som har "bejubla" dei blåbrune og då spesielt Frp som skyttersportens reddande englar. Skum gjennom t.d. EU-tråden eller "Kammerets politiske meningsmåling" så ser du eit utall påstandar a'la denne:
  9. Viss ikkje vår fullstendig legale, aktverdige og tradisjonsrike frititdsaktivitet kan diskuterast fritt og sakleg på eit skytterforum så slit vi seriøst med legitimiteten. Kva blir det neste vi ikkje kan snakke om?
  10. Det er akkurat det han ikkje gjer. Denne saken handlar *ikkje* om at IS-krigarane skal få beholde sitt norske statsborgerskap. Den handlar om det er rettsvesenet eller byråkratiet som skal avgjere dette. Eit tema som i desse dagar burde vekke sympati hos alle oppegåande våpeneigarar.
  11. I ein tråd der ein skuldar politikarane for ignoranse bør ein iallfall halde seg til fakta sjølv.
  12. Det er visst ikkje berre politikarane som uttaler seg på sviktande grunnlag.
  13. Dette forumet treng ein "skyte seg sjølv i foten"-emoji.
  14. Eg reknar med du sit på svaret her sidan du meiner det må strammast inn? Du meiner at lovleg erverva skytevåpen er eit såpass stort samfunnsproblem i dag at det forsvarer ein slik ressursbruk?
  15. Og når (ja, *når*) VG-oppslaget om kor enkelt det er å 3D-printe ein bumpstock til skuleskyting-rifla AR-15 kjem så spørs det kor mykje den sjølvpålagde karantena til DSSN er verdt.
  16. Nei, det blir den ikkje. Verda blir stadig tryggare. Færre krig og konflikter, færre drepte, mindre terror, mindre kriminalitet... Dette er ein trend som har pågått over tiår. Innskjerpinga i våpenloven blir endå meir bisarr sett i lys av dette. Sjå t.d. i USA, der drapsraten er halvert dei siste 30 år samtidig som mengda lovlege våpen i omløp er fordobla.
  17. Då eg rydda opp i papira etter min far fann eg brevet frå politiet der dei varsla tilsyn med våpenoppbevaringa. Der var det presisert at dei også kom til å sjekke om vilkåra framleis var tilstades, og at min far måtte ha klar dokumentasjon på aktivitet. Eg huskar ikkje når denne kontrollen var men det var minst 10 år sidan.
  18. Dette var spesifisert i FG-papira som fulgte med begge mine skap.
  19. På min er gummien rett og slett gått i oppløysing og er borte vekk. For å slippe å bruke sikringa har eg hevarmen oppe når eg sit på post.
  20. På den eine sida seier politikarane at det kun er halvautomatiske rifler med militært opphav som skal verte forbodne til jakt. På den andre sida seier dei at Mini 14 også skal ut. Med andre ord - loven (og dei kommande forskriftene) er rigga slik at byråkratiet kan forby akkurat dei våpna dei vil. Viss du trur at dette stoppar med Mini 14...
  21. Så argumenta skal gå på at ein må få erstatning for desse våpna, og ikkje at det ikkje er noko rasjonell grunn til å forby dei i første omgang? Skal "all makt til byråkratiet"-forslaga gå uhindra gjennom fordi forhåndsvarsel er viktigare? Begge desse punkta er lite viktige for forslagsstillarane og kan lett "ofrast" i forhandlingane. Klassisk avledningsmanøver.
  22. Dagens praksis har ingen heimel i dagens lov. Det er nok der denne paragrafen kjem inn i bildet. Og gir byråkratane fullmakt til å innføre ein sportsvåpengarderobe om dei skulle ønske det. Edit: Erlend var kjappare ute.
  23. Det var vel ikkje noko bombe frå den kanten. Sjølvsagt kunne det vore verre. Men jaggu kunne det ha vore mykje betre også. Slik som forslaget ser ut no så kjem vi skyttarar dårlegare ut på praktisk talt alle punkt. Kan ein verkeleg nøye seg med at det "kunne vore verre"??
  24. For det første er det vel ikkje urimeleg at du ikkje kan skyte alle greiner? Kor seriøst kan det bli? Og for det andre - problemet kan lett løysast ved at NSF, DSSN og mikroforbunda foretek ei "frivillig" (spør DSSN kor "frivillig" rifle-karantena var) samordning av regelverket sitt, då kan ein plutseleg skyte alle greiner med mindre enn 10 våpen. Husk at det er POD som åleine sit med makta til å regulere kva skytegreiner ein skal kunne få erverve våpen til. Og vips! - så er Norge blitt eit mykje tryggare samfunn. Om dette skjer veit ein sjølvsagt ikkje, men den foreslåtte lovteksten gir byråkratane makta til å gjere akkurat det eg beskreiv over.
  25. Det er vel ingen grunn til at ein sportsvåpengarderobe skulle vere meir urimeleg enn ein jaktvåpengarderobe?
×
×
  • Create New...