Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Dette er spesifisert i POD's berømte rundskriv. Der står det og at "Direktoratet vil imidlertid bemerke at det etter direktoratets praksis har blitt akseptert at skyttere som har vært aktive over lengre tid, og som opprettholder sitt medlemskap i en skytterforening samt sin forbundstilknytning, ikke automatisk skal få sitt våpenkort tilbakekalt selv om vedkommende i noen tid ikke er aktiv skytter eller holder et noe lavere aktivitetsnivå. Det må i disse tilfellene foretas en konkret vurdering i hvert enkelt tilfelle vurdert ut fra den aktivitet som den enkelte tidligere har utvist samt avklares om vedkommende har planer om å gjenoppta skytingen innen rimelig tid. Likeledes bes politiet være tilbakeholdende med å tilbakekalle våpenkortet fra skyttere som har vært aktive over lenger tid, men som på grunn av alder eller andre grunner som f. eks helseproblemer ikke lenger opprettholder sitt tidligere aktivitetsnivå." Med andre ord - det skal ein del til før kort vert inndratt pga lite aktivitet.
  2. I følge POD treng du ikkje delta i konkurranser for å ha eige handvåpen. Det er nok å møte opp på bana på trening eller dugnad ein sjeldan gong.
  3. Og fruktkorga går til klabbogbabb https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/VRwOBd/en-person-paagrepet-i-vaepnet-politiaksjon-i-skien
  4. Eit kjapt søk viser at Grenland Paintballklubb har adresse i samme område. Det er vel ikkje heilt usannsynleg at det er ein samanheng.
  5. Baikal IZH 60? Ser heilt forj... ut, men har kolbe som på få sekund kan justerast i lengda, sidespenner som er lett og trygg å spenne opp, utmerka plinkepresisjon (og vel så det), kurante sikter og avtrekk og ikkje minst ein veldig kurant pris. Eit velfungerande luftgevær til Kinapris. Mitt står på "hytta" og har eit utal tomme ølboksar (NB! Ikkje tømt av operatør!) på samvittigheita. Når det er sagt så foretrekker ungane luftpistolen.
  6. joska

    ulovlig kniv?

    Eg er seriøst imponert Flott fres, ikkje vanskeleg å sjå at det har gått med nokre timar her. Har du noko blogg/webside der du har beskrive konstruksjonen?
  7. Javel? Er det kome ut nokre nye retningslinjer etter rundskrivet frå 2009?
  8. Godt poeng. Samstundes er forskjellen strengt tatt berre kor mange gongar du dreg i spaken - du må framleis fore den manuelt med hylser, hetter og kuler (og i den viste videoen - krutt). Eg ser ikkje for meg noko dramatisk auke i effektiviteten samanlikna med ei Turretpresse, då den manuelle handteringa av komponentane er det som er tidkrevande, ikkje spaken. Med automatisk mating av hylse/hette/krutt/kule blir det noko heilt anna, og denne pressa ser ut til å vere designa med slikt utstyr i tankane. Skal du ha slikt på ein Turret må det hacking til. Moro det, viss ein likar slikt. Viss ikkje kjøper ein noko anna. Edit: No virka det som om ein ikkje kan ha automaktisk kruttmål på ein Turret, det er sjølvsagt ikkje tilfelle. Autodisk-kruttmålet er genialt og fungerer veldig bra Men hylse- og kulemating vert ikkje levert til Turret såvidt eg veit, eg har berre sett hacks og tilpasning av produkt berekna for andre presser.
  9. Denne var ny for meg, men etter å ha sett videoen ser det ut til at ladeprosessen er temmeleg lik Classic Turret. Veldig bra pris då! Og eg likte hylsematinga, heilt klart ei forbetring frå Turret-pressa. Enklare enn på Turret skal godt gjerast. Du set opp diene ein gong på den utskiftbare plata, og det tek bokstaveleg talt tre sekund å bytte kaliber. Fem, viss du må skifte hylseholder også. Ser at Lee lover det samme for Auto Breech pressa og, men det kom ikkje fram frå den videoen eg såg akkurat korleis dette fungerer.
  10. Nei Sjå vekk frå svaret mitt, eg forveksla det med dette: Kryss av for det du har aktivitet i, legg ved dokumentasjon frå klubben. Det er - iht PODs rundskriv 2009/09 som såvidt eg veit er det våpenkontora held seg til - ikkje noko krav om å delta i stemner for å erverve skytevåpen.
  11. Nei. Du krysser av for kva du har tenkt å bruke det omsøkte våpenet til.
  12. Eg forstod det slik at Mas-36 refererer til sub-ammoen frå RWS. Eg vil anta det er denne han snakkar om: http://nettbutikk.norma.as/skytterlag/22--lr-patroner/rws/rws-subsonic-hp-22lr-rws-salongpatron-109437-p0000091400 Eg har ingen forhåpningar om at noko standard-ammo er subsonisk i min 455. Eg har iallfall ikkje funne noko enno.
  13. Takk for gode tips. Eg har ikkje funne noko standard-ammo som konsekvent går sub i min 455. Noko ammo ser ut til å vake akkurat rundt lydens hastigheit (CCI Standard, Topshot) men det meste anna (div Remington, Winchester og RWS) går konsekvent over. CCI Quiet er stille men presisjonen er ikkje imponerande. Eg skal sjå om eg finn noko sub RWS eller Eley i butikken, utvalget lokalt er noko magert men eg får sjekke nokre sportsbutikkar i løpet av sommarferien.
  14. Skulle gjerne hatt noko anbefalingar på subsonic-ammo. Skal brukast i CZ455 med lyddemper. Det er snakk om trening på korte (rundt 20-25m) hald, ikkje til jakt. Har beitedyr i umiddelbar nærleik til "skytebana" mi og dei er ikkje så glad i piskesnerten frå standard ammo
  15. "app og BT og datagreier" er like naturleg og enkelt for den yngre generasjon som høyderatt og trestokkar er for GGG. Det er lenge sidan "data" var for nerdar.
  16. Då rettar eg deg - nei, det er ikkje noko krav om å ha våpenskap før du faktisk har eit skytevåpen. Forskrifta er heilt klar, sjølv om enkelte våpenkontor har innført eigne reglar på dette (også).
  17. Min egendefinert strøm fungerer kvar gong, men er veldig treig.
  18. joska

    Stoeger X20

    Prøv med tyngre kuler. Lette kuler gir vanlegvis ræva presisjon i dei hastigheitene Stoeger påstår dette geværet skal klare.
  19. Nei. Som du sjølv påpeiker er dette så små tal at ein ikkje kan konkludere med noko som helst. Og det er artikkelforfatterens poeng, det er lite belegg for å hevde at innstramminga i våpenlovene i Australia har hatt nokon effekt på drapsraten.
  20. Då syns eg du skal lese både artikkelen og statistikken litt meir nøye
  21. Muligens. Men drapsraten - uavhengig av drapsvåpen - viser samme tendens. http://www.crimestats.aic.gov.au/NHMP/1_trends/#incidentsJurisdiction Dette underbygger vel hans påstand om at det er vanskeleg å påvise ein samanheng mellom våpenlovgiving og drapsrate.
  22. Dette er alltid kvart sjette skudd? Sjekk om tønna står i samme posisjon når dette skjer. Både sylinderstoppen og armen som roterer tønna er operert av avtrekkeren, så kanskje ein feil på tønna fører til at avtrekkeren ikkje returnerer 100%? Uansett, dette er ein klar reklamasjon.
  23. Litt på sida: https://www.aftenposten.no/viten/i/8wvmmG/-Virket-strengere-vapenlover-i-Australia--Atle-Fretheim
  24. Han har vel slakka litt på slagfjæra...
  25. Om eg ikkje har misforstått totalt så er ikkje EU-direktiv norsk lov.
×
×
  • Create New...