Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Etter ein del år på jakt har eg sett øydelagde Simmons, Tasco og Bushnell, men aldri ein øydelagd Leupold. Dei ryk vel dei og, men ikkje så ofte. På den andre sida har eg sjølv ein åttitalls Bushnell som fortsatt er stabil i klikka (klikkar ti klikk forbi og så tilbake, fjørene er jo ikkje akkurat som nye). Mitt tips er å kjøpa så billeg som du må og så dyrt som du kan. Ein ting eg er veldig nøyen på er montasjane. Det er slett ikkje alle rifler som er beint fresa, ikkje ein gong på forholdsvis dyre rifler. Så montasjane kan godt klemma kikkerten i spenn. Billege kikkertar toler ikkje slikt, og held best når dei får stå i skinnemontasjar, trur no eg. Tips: Legg skyvelæret som rettholdt på basane. Då ser du om alt er rett. Skaftet på skyvelæret skal ha likt anlegg både framme og bak. Viss ikkje så vil eg ikkje vedda mykje på at ein billegkikkert held særleg lenge. Eg trur det er mange billegkikkertar som dauar fordi dei ikkje toler å stå i spenn.
  2. Hylser kan godt sprikka rundt heile halsen. Dette har eg sett først og fremst på nokre fornikla Winchester 338 WM som eg hadde forma om til 358, og nokre vanlege RWS messinghylser i 8x68S. Nikkel er blankt og fint, men eit par ladningar med vanlege ladningar, eller ein tre-fire med slakke pappladningar er stort sett nok. Eit unntak eg har sett er nokre gamle hylser i 45 Auto som er klemde ned til 38/45 Clerke. Desse har vore skikkeleg seigliva, like seige som vanlege hylser. Nikkelen flassar litt i overgangane mellom skulder og kropp og hals, men likevel. Apropos å trekka med tang, så kjem det nok litt an på både kulefasongen og kor godt dei sit i hylsehalsen kor store merker det blir. Relativt nyladde patroner held td. ikkje langt på nær så godt på kulene som patroner som har fått setja seg nokre år. Dei få patronene eg må demontera eit vanleg år brukar eg kulehammar på. Viss det berre var billege mengdetreningskuler eg trengte å trekka så hadde eg brukt tang eg og. Det gjorde eg så lenge eg berre hadde bruk for å trekka ei og anna revolvarkula. Men med Oryxar, Swiftar og Rhinoar osv. så vil eg helst ikkje ha hakk, uansett kor lite mange meiner det har å sei. Gode jaktkuler kostar, eg får ikkje så mange skotsjansar i løpet av sesongen, og hammaren var ikkje så dyr.
  3. Eg trur nokre rifler kan vera slik og andre annleis. Eg har ein billegkombi som blir fornærma uansett kva eg gjer. Så har eg ein gullgod Remington som treffer same staden uansett kva pipa eg har i han og kva eg har gjort med den og pipene. Her finst det ikkje anna råd enn å prøva. Legg eit godt lag med olje og sjå om du treffer. Amerikanarar fortel gjerne til alle som gidd å høyra på at dei skyt eit par pusseskot før dei prøver å treffa noko. Dei om det. Eg kan ikkje halda på slik under den heimlege hjortejakta, og det trur eg ikkje du kan heller.
  4. Ein gammal hønefossing som eg skaut med på Hvalsmoen i si tid køyrde godstog til han blei pensjonist. Han fortalde at dei hadde mauser ståande i lokomotiva, og det hende dei måtte skyta både elg og anna som ikkje hadde daua heilt på kufangaren. Men sidan han hadde Python dei siste åra før han vart pensjonist, så hadde han den med seg, og brukte han ved nokre anledningar og. Det høyrer med til historien at dette var på 70- og 80-talet. I dag hadde det nok stilt seg annleis.
  5. Kortsvar: Søkefunksjonen gir masse treff på dette. Lengre versjon: Det har gått bra frå bla. Opticsplanet, men fleire og fleire nettbutikkar i USA er slutta å senda ut av landet pga. byråkratiet der borte. Viss du finn nokon som sender utanlands så er det pengar å spara, men du undergrev samstundes våre eigne norske butikkar. Optikk er det ikkje toll på, men det kjem moms på fakturabeløpet inkludert frakt. I tillegg må du ut med fortollingsgebyr, som varierer frå befraktar til befraktar. Posten er blant dei rimelege på fortollingsgebyret, men og dei som somlar mest og let mange pakkar liggja "til behandling" på Gardermoen utan å sei frå. Tips: ikkje kjøp noko utan at du får sporingsnummer på pakken, slik at du kan ta kontakt viss pakken blir stoppa i tollen. Somme pakkar blir det utan nokon synleg grunn, og det er ikkje alltid posten seier frå. DHL er langt meir effektive, men også noko dyrare. I dei fleste tilfelle er du avhengig av kva avtalar butikken der borte har med befraktarar internasjonalt.
  6. Hilleknuten sender P1 med 20W på 90,1 Mc, det blir vel det næraste. Norkring har eit sendarkart her: http://app.fleximap.com/Norkring/live/SenderMap.aspx Lang og høgt plassert antenna hjelper betre enn noko anna. Viss forholda er gode, og du har lang nok antenna, kan du prøva Finnmarkssendaren på 153 KHz, eller Svalbardsendaren på 1485 KHz. Eg har aldri fått dei inn, men så har eg ikkje prøvd med særleg lang antenna heller. Nokon som har prøvd desse?
  7. Eg fekk med ein stabel med 220 Speer då eg kjøpte 356, og har ladd mest med dei. Men eg har og ladd nokre billege 200 grs Remingtonkuler og plinkerladningar med utvida 308-hylser og forskjellige revolvarkuler. Har prøvd med å la ei patron vera igjen i magasinet fleire seriar, men skyvelæret fortel at lengda er den samme likevel. Eg har Lee dier og krympar ikkje. De fleste vanlege krympeskuldrar gjer meir skade enn gagn på mantla kuler etter min ringe erfaring. Dessutan brukar eg ikkje feitt inni hylsehalsen. Viss du må ha feitt i hylsehalsen når du ladar, så ta ein runde med q-tips dyppa i sprit. Då får du betre hald. Viss ikkje det hjelper godt nok, så er det vel berre ekspanderknappen du må ta tak i. Køyr han i dreiebenk eller boremaskin og poler ned diameteren med finaste smergelduken du får tak i. Ta litt i slengen, og ver forsiktig. Viss du har litt anna Lee-utstyr og ikkje vil gjera noko med eskapnderspindelen din så kan du og prøva følgjande: Ta ekspanderdia for 45 Auto. Ta ut ekspanderen og sett inn ekspanderen frå 38-dia di og ekspander forsiktig med denne, han er laga for å gi hold på 357-kuler i tynne hylser.
  8. Ingen grunn til å begrense dette forslaget til bare krav om treningsskudd og fysisk trening. Hva med krav psykisk trening? Alle vet at psykisk helse er en viktig forutsetning for human og effektiv småviltjakt. Noen jakter til og med i gummistøvler, til tross for at det beviselig gir dårligere komfort og derfor også dårligere konsentrasjon. Det burde helt klart vært forbudt. Dessuten er det unødvendig mange som jakter med dobbelløpede hagler som gir mulighet for å bomme med to skudd i slengen. Hva med å innføre et småviltsertifikat i flere klasser? Klasse A - enkeltløpet hagle, klasse B - dobbeltløpet hagle, klasse C - rifle, klasse D - drilling, hver klasse med sine krav til dokumenterte ferdigheter og treningsskudd. Så må man også dele hver klasse inn i forskjellige viltarter. Eksempel: Klasse B1 - orrhane med dobbeltløper, B2 - orrhøne med dobbeltløper osv. Trening på leirduer kan selvsagt ikke godkjennes hvis man ønsker sertifikat på arter med bevegelsesmønster som i vesentlig grad avviker fra leirduer. Andre og mer målrettede treningsformer må utredes og tilrettelegges for. Den avgjørende fordelen er selvsagt alle de nye arbeidsplassene som skapes i det nyopprettede småviltdirektorotet, som vi også må ha en lokaliseringsdebatt rundt. Forbud og restriksjoner gir så mange praktiske fordeler, arbeidsplasser og tilhørende økonomisk vekst (trodde du alt dette blir gratis?) at vi rett og slett ikke kan ta oss råd til å la være.
  9. Men til tross for fire sider med tidvis varm diskusjon er det ingen som kan gjera greia for tilfeller der det har oppstått hylseseparasjon eller andre ting som faktisk er farleg. Etter diskusjonen å dømma, og etter eigne observasjonar på skytebaner, er dette med 308 i 3006 eit ikkje heilt uvanleg fenomen. Når det då ikkje blir observert skader eller tilløp til skader - er det ikkje då på tide å konkludera empirisk med at dette ikkje er farleg? Ikkje det at eg vil anbefala det, då.
  10. Rogaland Haugalandet Kontakt på PM Kan hjelpa med pistol- og riflepatroner inkludert enklare villkattar. Einstasjonspresser. Ca. 20 års erfaring.
  11. Det skal ikkje vera nødvendig med tomgodstriks på såpass dyre våpen. Sjekk om kassen er rett fresa. Du ser det viss du brukar skaftet på eit skyvelær som rettholdt på kikkertbasane. Zeissar har godt med knepp, viss du går tom og du er sikker på at basar og ringar stemmer så ville eg bedt om ei ny rifla. Hadde det vore ei billegrifla eller ei brukt ei så hadde eg fått ein god smed til å ta nokre fildrag på kassen.
  12. Du har nok ein godt utbrend presskon i løpet ditt. Om du har ti eller femten millimeter friflukt spelar nok liten rolle. Det som er viktigare er at du har godt nok hold på kula di. Då eg ladde for ein sliten 7,92 for ein del år sidan så sette eg kulene så så botnen på kula var omtrent ved overgangen mellom hals og skulder.
  13. Godt valg. Har skote hjort med begge. Partition er reine splintgranaten, og dyra dett fort. Oryxen riv godt den og viss han får fart, men det blir ikkje splintar som riv opp vomma.
  14. Flensburger pils. Ikke fordi den er så ekstra god, den er vel midt mellom Jever og Becks, dvs. knusktørr a la gamle dagers Hansapils. Men den har svingtoppflasker, laget som et brukskunstverk, og tanken var å ha min egen IPA på den. Ulempen er at den første halve desiliteren klunker i tuten, og det spørs om det blir for mye skum og bunnfall til det bruket.
  15. Det er noen år siden jeg ladde denne kombinasjonen, men jeg drister meg frempå likevel. 150 er ikke den vanligste kulevekten i 6,5x55, og RA11 er vanligvis oppgitt som krutt for 7,62. Ladningen du oppgir høres fornuftig ut for 308. Hastighetene du oppgir er ikke unormale for korte piper. Jeg ville ikke ladd hardere uten å ha målt trykkringer. "Litt flate hetter". Dette er ikke noe sikkert tegn på for høyt trykk, men enda en grunn til å måle trykkringer.
  16. Det er min erfaring med Partizan blyspissar og, i både 264, 7mm og 308. Pipene eg skaut med ligg elles på 20-35 mm med ladningar dei likar (minute of Bambi). Overraskelsen ligg i Partizan sine 168 holspissar. Dei gjekk som ein stråle.
  17. Eg jaktar mest hjort, og har alltid siktet på lågaste forstørringen. Viss det dukkar opp dyr på lengre hold, så har ein stort sett tid på seg til å zooma inn. Men viss dyra kjem brått på, så har du aldri tid til å zooma ut. Lærdommen er at mindre forstørring er best for meg. Den kikkerten eg brukar mest er ein middels god 2,5-8X. Eg har eit par dyre sikte med meir forstørring, men det er dette som passar best på hjorten. Viss du kjøper gode montasjar så kan du og ha fleire sikte og heller skifta alt etter jaktterreng.
  18. +1. To veker inn og ut av sjukehuset, 40 i feber, paracetamol jekkar ned tempen 1,2 - 1,5 grader. Etter to veker fann doktarane ut kva det var, og då vart det antibiotika. Frisk etter tre veker, same sjukdomsforløp som er normalt utan behandling.
  19. Velkommen inn i ladingens mystiske verden! Du har gjort heilt rett som har bestilt bok. Når det gjeld dier så kjem du nok langt med Lee sine. Det er slike eg har ladd mest med. Nå har eg ladd med "alle" andre fabrikat og, men likar best Lee sine. Om dei heiter Swedish eller Skan spelar liten rolle. Ein av dei smartaste tinga du kan gjera er å kjøpa Lee Collet dier eller De Luxe settet som har både Collet die og vanleg sizer. Søk på ordet Collet og les til augene blir store og våte. Karbiddier for flaskehalshylser er ikkje vanleg, men finst i somme riflekaliber. Du må smørja uansett. Lee har ikkje slike. Karbiddier er vanlege for rettvegga pistolhylser. Då slepp ein å smørja. Vanlege ståldier for rettvegga pistolhylser er det ikkje mange som brukar no til dags.
  20. Alltid interessant med villkattprosjekt! Kan du leggja litt ut om patrondimensjonane, og årsaken til at du har valt dei dimensjonane? Er det rett og slett ein nedklemt 358NM, eller ein litt utblesen 338WM? Er det meiningen at 338 WM skal gå i kammeret? Kva eigenskaper forventar du som er annleis enn 338WM?
  21. Dei i Posten og flyselskapa pleier heller ikkje ha våpenkort, men dei fraktar andre sine patroner for det. Det går nok bra viss du sjekkar det inn som spesialbagasje.
  22. 12-åringen er enig i at det er på høy tid å bli med på skytebanen. Til formålet er en liten salongrifle lånt inn. Men så vil jeg gjerne introdusere henne for en litt større rifle også. Tanken var 110-grainere i 308 med N-110 bak. Men 308-pipen er for tung. Valget falt på 7mm-pipen. De letteste 7mm-kulene jeg har er 139 grains S&B blyspisser, ikke akkurat matchkuler, men pipen ser ut innvendig som Skagerrak i stiv kuling og det er korte hold det er snakk om. Jeg kunne kjøpt både det ene og det andre, men vil helst klare meg med det jeg har. Den unge skyttersken klarer seg med de laveste hastighetene som gir stabile smell. Av egnede krutt har jeg N-110 og N-140. Forslag til ladning?
  23. rp15oryx

    Brno 16700 7.62

    Du må nok ut med litt meir data viss me skal ha noko å gå ut frå. Kva står det på han?
×
×
  • Create New...