Jump to content

rp15oryx

Members
  • Content Count

    383
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Neutral

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Dette var nyttig lesing! Eg ladde litt plinkepatroner med revolvarkuler i 356 med 308-hylser som eg drog ein 8mm ekspander over før 356 ekspanderen. Dei funka overraskande godt i 94en min, og godt nok til moroskyting, men utdragaren må av og til ha to forsøk for å få tak når tomhylsa skal ut. Til jaktbruk er det neppe godt nok, og blir sikkert verre når ein køyrer trykket opp i det jaktpatroner må ha. Headspace på skuldra, er det eigentleg ubrukeleg i dette kaliberet? Slik eg ser det er ekstraksjon den gode grunnen til å passa godt på 356-hylsene mine. Men uansett, dette var kjekt å lesa!
  2. Det kjem vel an på kammeret ditt. Eg har ikkje ladd desse kulene i 308, men dei er stive og kan nok gi noko meir trykk enn tynnmantla billegkuler. Mitt råd er å fyra moderat og ha kontroll på friflukta.
  3. Ein av dei vanlege mistenkte har førtidspensjonert Lee Loadmasteren og snopa seg ei Hornady AP til pistolpatroner. Og så får han ikkje nok gjenger ut med Lee-dier til at låsemutteren får skikkeleg tak. Så ringjer han ein mørk og stormfull aften til meg og lurer på kor langt gjengepartiet er på kalibreringsdier av andre fabrikat. Er Hornady sine kalibreringsdier med lengre gjengeparti? Nokon som har Hornadydier som orkar å ta eit mål frå botnen av dia og til øverst på gjengepartiet?
  4. Viss det er så viktig at magasinet ikkje må kunna takast ut, så er det vel råd å sveisa det fast, når me først er inne på dette med å ta gassporten? Eg likar ikkje tanken, men betre enn på sikt å måtta plombera? Dei fleste av oss har vel sett femskots magasin som vil kunna gjera USen endå meir politisk korrekt.
  5. Eg sto med same problemet for ein del år sidan. Så kom eg over ei lite brukt rustfri 6,5-pipa kamra for halvlang Weatherby. Med ein smule erfaring frå 300 Dakota med tilhøyrande hylsetilgang og prisar og forming og styr, bestemte eg at eg ikkje ville ha wby-kammeret. For å berga mest mogeleg av pipelengda vart det 264 WM. Her var hylsetilgangen noko betre, og fleire alternativ viss tilgangen tørkar opp. Men patrona er og blir temperamentsfull og eg gikk lei for fleire år sidan. Aparte patroner er moro ei stund, og for all del må du kosa deg med noko som ikkje alle andre har. Viss eg skulle gjort det om igjen no så hadde det blitt 6,5x55. Eller kanskje eg hadde strekt meg til Ackley Improved eller noko i den duren...
  6. Men køyrer du såpass at oljen blir så varm, då? Viss du ikkje dreg hengar eller kryssar høge fjell så skal det noko til at oljen blir så varm at du har noko igjen for å køyra 60-olje. På gamle Subaruar er det forholdsvis enkelt å få av i alle fall den eine ventilkåpa. Det dryp ofte frå dei, så ein må av og til ha dei av og ha ein ny pakning uansett. Sjå om det er ein gummitetning på ventilskafta. Denne pleier å bli gammal og hard på gamle bilar, og då tettar han ikkje særleg godt lenger. Sjå om du kjem til å kjenna på. Det er litt styr å skifta dei. Eg gjorde det på ein Granada eg hadde. Den var tjue år gammal den gongen og hadde gått langt og brukte ein god liter på 1000 km. Han slutta heilt å brenna olje etter at eg bytte dei tetningane.
  7. Bl.a. Winchester sine 45ar hadde slik ei rilla, i alle fall før i tida. Men botnstempel og eventuelt dimensjonar må til for å vita kva det er.
  8. Det har nok noko å sei kor trangt hettene sit frå fabrikken. Godt hald, hardare medfart ut og meir klikk. Skaut eit titals patroner med hetter som hadde fått køyrt seg to turar i hettelomma. Alle gikk av, men lommene var halvslakke etter mange smell, og eg tok ikkje farten på skota. Eg ville ikkje teke med slike patroner på jakt. Sjå forøvrig denne tråden viewtopic.php?f=17&t=76182&hilit=Hettene#p810528 Og viss du heller vil ha nye hetter likevel, og skal avliva dei gamle: viewtopic.php?f=17&t=59220&hilit=Hettene#p645531
  9. Du MAS, eg får ikkje desse elektriske pm-greiene til å virka, får du sendt ei mailaddressa til meg? Nyknipsa bilete på gang.
  10. Så får de no ha ei god og fredeleg jul alle!
  11. Det krev litt erfaring og samanlikningsgrunnlag. Ta ut hetta og sjå i hettelomma. Tre definerte segment med sot betyr som regel eingangsskotne. Viss lommene har vore rensa må du sjå etter andre merke, td. spor etter kalibrering på halsen og nederst mot basen, sot inni osv. Er du i tvil, så er det ingen tvil. La dei liggja. Hylser i kurante kaliber er ikkje så vanskelege å få tak i at du treng å ta sjansar. Snakk gjerne med erfarne hylsesnyltarar.
  12. Ikkje sjå deg tilbake, det har ingen hensikt. Folk har slakta finare ting før, det er ein vesentleg årsaksfaktor til at slike originalrifler er sjeldne. Det same gjeld klassiske bilar, motorsyklar, traktorar og motorsager. Ser ut som du har ein bra plan for å berga stumpane når skaden først er gjort. Kven brukar du til å lodda og fresa?
  13. Prøv med noko som er laga for Kenwood. Den pluggen passar dei fleste billege Kinaradioar.
  14. Som alternativ til kjemiske stridsmidlar kan du prøva å leggja ho luftig. Kjøtet turkar fort inn og dett av nesten utan motstand. Gjenstridige restar tek du for hand.
  15. Tillet meg å spora litt sidelengs, kva antenner brukar du til all round? Ein- og tobands? Skifter du mellom amatør og jaktantenner?
×
×
  • Create New...