Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Tyske jarnsikter på pistolar kan godt vera merka slik, og forklarte i heftet som følgjer med. Bei hohe Treffbilder (pil), bei linkse Treffbilder (pil). Det er nok gjort med vilje.
  2. I god kammertradisjon tro velger jeg å avspore tråden. Per-S; får du 8700 til å brenne noenlunde greit? Jeg har fått mer sot og dritt av det kruttet enn noe annet, lukter dårlig gjør det og.
  3. Dette er en av de trådene som gjør at jeg fortsatt henger litt med her inne. Helt enig med Torf sin redegjørelse. Men de skjeve pipene som ingen vil vite noe om rettingen på… En ganske kjent børsemaker (sier ikke hvem) har en middels stor bjørk til retting av riflepiper. Men revolverpiper. Skrustikke. Er jeg i nærheten?
  4. Eg handla ei tid av firmaet Grenland Ladetjeneste. Dei pakka i posar først, men seinare i esker som kunne likna på ts sitt bilete…
  5. Lee sin holdar for 308 etc heiter nr 2. Rilla på 6,5x55 skal eigentleg vera litt større enn 308 og 3006. Sjølv om holdaren ofte passar er det ein som skal passa betre. Lee sin heiter nr. 3. Edit: RCBS hylseholdar nr 2 er faktisk den som er oppgitt til 6,5x55 og 30-30. Det hender nokre riller er trange, eg hadde ein gong nokre strie hylser i 8x57IS. To ting som kan hjelpa, lån ein annan hylseholdar og prøv. Eller ta holdaren ut av pressestempelet, ta han i neven og prøv å pressa hylsa inn med handamakt. Ofte går det greitt nok, sjølv om det er tungvint. Du får i alle fall ein indikasjon på kor mykje som manglar. Du vil og sjå kvar det buttar, om det er rilla som er for trang, eller ho ikkje er maskinert brei nok. Viss det er rilla som er for trang så sjå om du finn neste størrelse hylseholdar. Viss det er rilla som ikkje er brei nok ville eg parkert hylsene i denne omgang. Ein siste utveg då kan vera å slipa litt av toppen av hylseholdaren, men det er ein fordel å få han så flat som mogeleg, og det er vanskeleg med berre handverktøy. Men lykke til, og meld gjerne tilbake kva løysing du finn.
  6. Brukt nesten berre Safari Sling i mange år. For mange fordeler til å la vera. https://vapenloftet.no/produkt/safari-sling-rifle-standard-lengde-boonie-packer/
  7. rp15oryx

    Mørningstimer

    Er disse mørningstimerne fortsatt i salg? Klikker hit og dit og får opp utgått, ikke på lager, ikke aktuelt, ikke ditt og ikke datt. Noen som har kjøpt nylig?
  8. Og N-140? Har nokre boksar av dei eg og. Kven tek avtrekksjobb med slike rifler? Har hatt 356en med på jakt nokre gonger, men aldri komme til skot. Og ho er krevande å skyta godt med…
  9. Flotte dyr! Kva kula ladar du med?
  10. Eller Kongsberg i kortet på ei hagla….
  11. Ein bekjent har no nyss bestilt og fått beskjed om at adapter/kort innstikkspipa for 44M i kal. 12 er på veg i posten frå ein av Sambandsstatane. Men det er ikkje noko som er sant før det har hendt. Rapport kjem viss adapteret kjem.
  12. rp15oryx

    Falke

    Er merket ein falk med halvveges utslåtte vinger innslått også i stokken? Utifrå det eg klarar å googla kan rifla vera produsert av Albert Föhrenbach GmbH i Bennigsen rett sør for Hannover i Tyskland. Våpen med merket Falke var ein av mange produktkategoriar. Firmaet ser ut til å ha produsert luftgevær frå ca 1947, og slik sett kanskje den første tyske våpenprodusent etter krigen. Det, og historien rundt, kan vera interessant i seg sjølv (seierherrepolitikk…). Salongrifler eit par år seinare, også ein pistol. Konkurs i 1959 og nedlagt ikkje lenge etterpå.
  13. rp15oryx

    Falke

    Det ser ut til å vera noko om firmaet her: https://www.militaria-fundforum.de/forum/index.php?thread/501382-die-falke-kleinkaliberpistole-falke-stock/
  14. Har stygge dorøyr og stjernekikkertar med spakar og brytarar og ratt som i eit styrehus. Men det er den samme gamle Vari-X lll 2.5-8x36 som blir med på jakt kvar gong, oppå ein Rem M7. Den gikk i SuperLow ringar, men ryggen på hevarmen tok litt i. Eit par drag med fila så var det ordna. Optikken er stort sett god nok for meg. Har Swaro 3-9x36 og, som er eit klassisk vakkert sikte, det finaste eg har, og med svært gode linser. Men retikkelet er ikkje vakkert, altfor tynt. Må få gjort alvor av retikkelskifte. Får ein fortsatt skifta retikkel på halvgamle Swarovski? Tysk nr. 2… klassisk enkelt og elegant, og ypparleg til raske ståande skot, som det nesten alltid blir…
  15. Viss du er i tvil, så er det ingen tvil. Meir salt, heller vatna ut viss det blir for ramt. Pass på luftgjennomstrøyming. Her på palmekysten vart det altfor stille ver på dei vaksne hjerta i fjor, mygl og styggedom. I år vart det ikkje hjerter å berga. Blir det hjerte neste år så havnar dei i frysen til godt utpå vinteren. Då er lufta tørrare og det gir tryggare resultat. Trur i alle fall eg. Men lykke til, og post gjerne her kva du tykte om resultatet. Mange som er interesserte, og altfor mange hjerter som går i reven.
  16. Reknar med at 215 set godt fyr på 56 med N 165. Litt tilbakehalden ladning, men eg kjem ikkje til å rekka nokon ladestige, og det finst ikkje truverdige data. Forventar fart i klasse med ein god 6,5x55 eller litt meir. Oryxane ser ut til å vera etter faceliften, dei aller første hadde meir eksponert bly og skapte skepsis og gelekjøt. Eg har kort kuleskråning og måtte setja til såvidt over 80. Då stikk dei noko ned i hylsa, men der er det god plass. Hettene gikk ikkje langt nok inn med RCBS sin håndholdte, så eg måtte leita fram den gamle Lee hettesetjaren, som ein skrur i pressa. Ein dag skal eg shimsa opp handsetjaren slik at han funkar etter hensikten, men det hadde hjelpt litt om Winchester (og i alle fall S&B) hadde gidda å pressa hettelommene djupe nok. Endå eit par halssprekker oppdaga, no er det berre 40 stk igjen. Men dei er no gløda i halsen og ladde svakt. Då bør dei leva til evig tid, ikkje vel? Så får me sjå når albuen blir god nok om eg kjem meg på banen og får sjekka treffpunkt. Burde vel ha teke av stjernekikkerten og fått på noko meir egna til korthaldsjakt. Har ein gammal stål-Zeiss Made in West Germany. Tung og klumpete, men gode nok linser og begynnar på 2,5 X, og eg har fått ein del dyr med han. Eg tek i alle fall med eit par andre rifler på banen som eg har lada til i dag eller funne att patroner til. Djupdykk på lageret, kall det gjerne utgraving, fekk diverse patroner og kuler fram i lyset, ting eg ikkje har sett på lenge. Dei som vil ha full kontroll må aldri flytta til eit mindre hus.
  17. Litt bakgrunn. Mauser med oppbrukt løp i 8x57 IS. Så, ein gong på nittitalet, kom eg over ei lang rustfri Douglas pipa i ein 6,5 Weatherbyvillkatt, (må ha vore WWH eller tilsv) visstnok berre gått nokre få skot, for ein billig penge hjå ein anerkjent børsemakar på Vestfossen. Stokken var ikkje bra heller, men eg kom over ein Mauserstokk frå Kragujevac som eg tenkte ville passa. Kalibervalget var for å berga mest mogeleg pipelengde med utgangspunkt i ekstremkammeret for villkatten. Rafdal på saken, tilpassa stokken, kappa litt bak på pipa, kamra og dreia og tilpassa med pipeskiftforing for å tenkja litt fram i tid. Dollaren var svak den gongen, så på toppen kom ein Leupold stjernekikkert med linsa stor som eit dolokk og forstørring så eg verkeleg skulle sjå Bambi i kvitauga på ein halv dagsmarsj avstand. Så vart det 140 kuler av ulike slag framom AA8700. Det brann slik som kamferkulene me sota framsikte med før i tida. Dette som skulle vera det ultimate kruttet i denne patrona. Aldri sett så mykje svart styggedom i eit løp, ikkje etter blåfisen i tolvsjuen i militæret ein gong, endå eg meiner bestemt å hugsa at hylsene var stappfulle og vel så det, og med F 215 for å få bålet i gong. No når sjølvaste @Per-S har åtvara mot nedbryting så tømmer eg resten over på flaskene med restar og støv som eg har merka Fyrverkeri. Neste forsøk vart 140 Swift framom Norma 15, som oppførte seg bra og gav jamne hastigheiter over gjettografen, som omkom i ei skyteulykka litt seinare. Denne ladningen fekk eg eit dyr med, lungeskot og 100 meter flukt. Ikkje slik virkning som ein las om i Guns & Ammo på 80-talet, men det hadde eg ikkje venta heller. Hjorten burde eigentleg ha daua litt fortare når kula går med ein slik frykteleg fart. Men flatt nok gkk det, og eg tenkte at litt meir trening så var eg gong med druge hald, som begynte å bli populært, i alle fall å snakka om. Resten av livet tok tak i meg, og eg innsåg at eg var og blei i beste fall ein korthaldsskyttar. Andre våpen måtte på jakt dei og, og Mauseren vart ståande i skåpet i mange år. No har eg skote med det eg har hatt og ikkje ladd ei patron på åtte år. 308en har vore med mest, etter at eg vart lei av mateproblem og spinndyre hylser i forrige favoritt. Men no ein kveld, på jakt etter dei mange boksane eg trudde eg hadde i 308 og andre kaliber, kom eg over resten av desse Swiftane, tretten stykk. Då vart Mauseren og med på banen, sjekka treffpunkt med tre skot, skaut til Minute of Bambi og innført i registeret. Men då var det berre fem patroner igjen i boksen, og diene måtte leitast fram. Ein boks oryx, kjøpt på tilbod på 90-talet, dukka opp på botnen av ein murebalje (kr 3,75 pr stykk). Litt puss og omsorg, så var det inn i den gamle oransje pressa. Lappen i boksen fortalte at Swiftane var tredje runde med desse hylsene, og det mangla seks. Sprukke før tida? Nærstudie viste teikn til sprekker i fleire halsar. Kalibrerte ei, som sprakk på ekspanderen. Kva no. Skulle helst hatt til innskyting måndag, så netthandel utgår. Gløding einaste utveg, elles veit ein kva det blir. Aldri gløda hylser før. Kor nøyaktig må ein vera? Fram med solide hanskar og ein propanbrennar. Mange av hylsene fekk farge a la Nato, nokre fekk sikkert i minste laget, men betre enn ikkje noko. Ei hylsa til som eg såg såvidt sprekka på i lyset frå brennaren. No sit eg og lurer på å ekstrapolera fram ein ladestige med N-165 (har ein heil boks) eller om eg skal gå for publiserte data i N-160. Det siste har eg ikkje nok av til heile boksen. Har både F 215 og standardhetter. Tips til startladningar med tilgjengelege krutt vert godt mottekne. Det samme gjeld andfe tips for å kunna leva med 264en. Elles lurer eg seriøst på å testa matingen med 6,5x55 og skifta pipa, utdragar og sluttstykke. Då får eg gratis hylser og ferdige, truverdige ladedata i eit kaliber som duger til alt, men ikkje til førstkommande måndag…
  18. Glimrende tråd! Samlingen min gikk tapt, men omtalen av HK VP70 er en utsøkt studie i ufordrageligheter som jeg husker meget godt. En av mine største favoritter!
  19. Eitt døgn i salt virka nokså rett salta på kalvahjerta, som eg begynte på her om dagen. Litt lite speka enno, sjølvsagt, men tynnaste kantane på kalvahjerta er vorte skikkeleg snadder.
  20. Flott at de deler erfaringar. Har Gerbing mc-buksa, magisk i bruk, men den er med 12V shipspower og egnar seg ikkje på jakt. Kunne du linka til den billege vesten? Då er terskelen mindre for å prøva…
  21. Tilbake til hjertene. Ikkje heilt hjertelaus eg heller, dette er hjort. Dei to er ei kolla, ei velfødd gjeldkolla, og så eit halvt kalvahjerta pga skotvinkel og travelt. Eitt døgn i grovsalt, ei god stund i rennande vatn, runde med tørkepapir og opp under bjelkane i går kveld. Ei vifta som bles ein ørliten trekk. Når bør eg forventa solid tørkehinna?
  22. Garshol er underhaldande å høyra på! I denne Vestkasten (podcast) er han innom ei imponerande mengd med bakgrunnsfakta. Eg rår til å høyra på dette uansett kva metodar eller tradisjonar ein bryggjar med. https://www.google.no/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=video&cd=&ved=2ahUKEwipopWUiu7tAhUdi8MKHT6ZA84QtwIwAHoECAQQAg&url=https%3A%2F%2Fwww.youtube.com%2Fwatch%3Fv%3DliVkMaNxk-Q&usg=AOvVaw03Ubxcry-SJqgM1795w8j3
  23. Meir om den afrikanske svinapesten, oppdatert for ikkje så lenge sidan: https://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/dyrehelse/dyresykdommer/afrikansk_svinepest/
  24. Ikkje for å masa, men... skriv litt. Bilete er fint, men skriv litt. Mange som har interesse for dette.
×
×
  • Create New...