Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. På nittitalet brukte eg Remington Dry Lube, fantastisk stoff. Men så eindag fekk eg beskjed om at det var vorte forbudt. Finst Hoppes sin variant å få tak i her i Norge?
  2. Det er berre ferske heimeladarar som klarar å spara pengar på å lada sjølv. Kjøp komponentar til 5000 skot og ein rimeleg kom-i-gang pakke, då blir det rimelege patroner. Det er ikkje så mykje du treng utover det som ligg i ein god startpakke. Det er fristande med digital vekt, og dei er jo så billege og. Legg i handlekurv. Men kor nøyaktig er denne vekta då? Må ha eit sett med testlodd. Legg i handlekurv. Vekta var ikkje så bra som eg hadde håpa, nei. Får heller leggja litt meir pengar i det då. Legg i handlekurv. Men denne vekta toler jo ikkje at eg tenkjer skitne tankar når eg veg opp krutt, då svingar ho opp og ned, mest ned. Får høyra på Kammeret kva som funkar. Hm, javel. Legg i handlekurv. Han som vann felten, snakka ikkje han om tennholsbrotsj? Det må eg ha, og han kostar ikkje stort. Legg i handlekurv. Meiningslaust å setja gode hetter i ein haug med sot og drit. Hettelommeutskrapar. Legg i handlekurv. Diene lagar striper og hakk i hylsene mine. Willon sine dier skal visst vera gode. Legg i handlekurv. Hm. Powderubermasterkruttmålet funkar sjølvsagt ikkje med andre dier, men kan jo berre kjøpa ei universal kruttdie. Legg i handlekurv. Kan jo brukast til riflepatroner og. Klirr, der gikk hettestempelet i støvsugaren. Legg i ha... Pokkern, ikkje i produksjon lenger, men Pornady har ein kjekk, grøn liten sak som brukar klips og remser. Legg i handlekurv. Har aldri sett hetter anna enn på brett, så må vel ha nokre slike klips og då. Legg i handlekurv. Dæven for ein presisjon du får ut av den colten din du då! Ja, det er Ace Precision sine klokkebatterikuler smurde med Snake Oil. Må prøva dei. Legg i handlekurv. Men viss eg skal sleppa forkiling med dei kulene må eg vel ha ein liten operasjon på materampa mi og dessutan er det vel berre Puking Star magasin eg kan stola på då. Legg i handlekurv. Dei kulene kjem aldri til å mata i denne gønnaren uansett om eg stappar dei i for hand. Prøva varmpressa Schwindler und Wassermann i staden. Legg i handlekurv. Ingen som får dei til å gå med 330-krutt, nei. Pokkern, no som eg hadde kjøpt ein treog einhalvkilos kagge. Må vel ha italiensk krutt eg som alle andre. Legg i handlekurv. Ladningen må visst ha krymp, då tenner han jamnare. Krympedie... Legg i handlekurv. Tosk, billege krympedier berre øydelegg kulene og hylsene og alt anna du held på med. Få deg ei skikkeleg ei. Legg i handlekurv. Jamnare krymp viss eg trimmar hylsene? Kor lange er no hylsene mine? Talentlaust å måtta bruka lesebriller på det gamle skyvelæret frå yrkessskuledagane når digitale er så billege. Legg i handlekurv. Men presisjonen er jo dårlegare enn det gamle skyvelæret, i alle fall viss eg finn att dei j€?l@ lesebrillene. Gode digitale finst til litt høgare pris. Legg i handlekurv. Litt mykje forskjell på Wryline og Hæcohylsene og dei billege Swartizanhylsene og alle dei andre ja. Håndtrimmeutstyr er billig. Legg i handlekurv. Litt av ein jobb, må få motor på denne operasjonen. Legg i handlekurv. Hellskotanes gradfjernar, konstruktøren ler sikkert heile vegen til banken når han tenkjer på meg og alle andre lettluringar som skjer seg på fingrane med dette idiotproduktet, som rettnok ikkje kosta noko. Må ha nytt. Legg i handlekurv. Drittjobb likevel, men sjå! Crazey Engineering har automatisk trimmar med automatisk gradfjerning og avsuging. Legg i handlekurv. Hm. 110 Volt, billeg omformar? Legg i handlekurv. Stygg svielukt av den omformaren, best å få tak ei ein som leverer meir enn to mikroampere. Legg i handlekurv. Kjekkare jobb no, men så sakte det går. På tide med hylsematar til karusellpressa. Legg i handlekurv. Finst med motor og? Legg i handlekurv. Legg i handlekurv. Legg i handlekurv...
  3. No er det nokre år sidan, men eg fekk god middag på denne måten: To stykk flådde og stelte, bruna på steikepanna etter beste evne. Så jaga eg begge gnagarane andføttes inn i ein steikepose halvannan time på 150 grader. Steiketida er alt etter kva kjernetemperatur du siktar på, termometer er sikkert best sjølv om eg ikkje har brukt det. Rømme i sausen er godt attåt.
  4. rp15oryx

    Godt nytt år!

    Godt nyttår til alle!
  5. Amen. Spenn i montasjane drep kikkertar. Sommer toler det ei stund, men før eller seinare dauar dei. Når det gjeld shimsing mellom basen og ringen så ville eg sjekka utan kikkerten i korleis det blir med inngrepet mellom eksenteren og ringen. QRane er litt kilne på dette, du ser det på korleis vinkelen på hevarmen endrar seg.
  6. Ein må enten vera i bransjen eller kjenna nokon. Men det finst pumper med sjølvbetjening, td. Husum i Tyskland og Sywell i England, og på slike plassar er det ingen som reagerer på at du fyller ei kanna i staden for vingene. Men du må komma deg airside, og det er enklast viss du fyk sjølv eller sit på med nokon.
  7. Du kan i prinsippet ha kva som helst sentertent kaliber, men patrona må vera visst lang og tjukk for å mata fint. Akkurat det kan du testa med å låna nokre aktuelle patroner og prøva om dei matar frå magasinet. Patroner basert på 06-hylsa vil mata best, som 240 Weatherby og 25-06. Andre vil kanskje mata nesten like fint, prøv td. 6,5x55, som bør gå bra. Viss det ikkje er viktig for deg å kunna bruka magasinet så kan du bruka kva som helst som passar nokonlunde i støtbotnen, slik at utdragaren får tak i tomhylsa.
  8. 7 1/2 år sidan dei første trådane om Stabeistet frå Holland? Utruleg kor fort tido går. Men gratulerer med kvelpen og lykke til!
  9. Først var det lånemauser i sjutoogseksti med lange hylser. Siktet var ein kikkert, men han sto i Eiffeltårnringar slik at det gikk fint å bruka dei ordentlege sikta under. Så kjøpte eg meg kulegevær sjølv, ein sjutoognittimauser. Dei som visste kva kaliber eg hadde tykte det small stygt, styggare enn sjutoogseksti. Dei som ikkje visste det merka ikkje forskjell. Siktet var såvidt betre enn to ølflaskebotnar i ein dorullkjerne, men med retikkel nr. 2, som eg skaut overraskande godt og raskt med når det ikkje var motlys, strølys, flatt lys eller andre feile lys. Så vart det andre ting, og mauseren havna på operasjonsbenken for unødvendig omfattande kirurgi. No har han rustfri pipa, vakker stokk og stjernekikkert som er så lang at han nesten ser heim til Amerika. Det hender eg ergrar meg over at eg ikkje berre skifte pipa og limte stokken. Eg kan aldri selja mauseren.
  10. Eg køyrer ofte knallert på banen med eit par rifler i hylster bakpå. Aldri noko problem, men så har eg berre gjort det i eit par og tjue år. Så kva veit vel eg.
  11. Her i Norge er det nok silhuettpistolar som har skote mest 22Short. Den vesle patrona gav bra presisjon i dedikerte pistolar, ofte med kompensator og avtrekk >500 g. Det var eige OL-program med 8, 6 og 4-sekundars seriar. Reglane vart endra for nokre år sidan, og både pistolane og patrona vart sjeldne å sjå.
  12. Er ikkje Zalo litt hard lut på coatingen då? Kjøpte ny håndkikkert rett før Lotutech-bomba gikk av, og skulle gjerne hatt noko på linsene...
  13. No blei det mykje om etterregistrering og teljing og synsing om kor vanskeleg alt er her. Alt det er kjent stoff. Spørsmålet er om jaktvåpen nr. 7 og om nokon har fått sitt behov vurdert som "særlig kvalifisert behov". Chiefen: Takkar for innspelet ditt, første som går direkte på det eg faktisk spurde om! Andre som veit noko?
  14. Forskriften (klikk på linken til bjortork ovanfor, side 21), seier heilt eksplisitt at det blir full gjennomgang av dei andre jaktvåpna eg har. Alt dette er kjent stoff. Om det er lurt å registrera hagler som er lovleg erverva før 1990 er ein heilt annan sak. Det som ikkje er kjent er om det finst tilfelle der jegrar har fått gjennomslag for "særlig kvalifisert behov". Det er det eg lurer på.
  15. Me er vel einige om at løyve på jaktvåpen nr. 7 er blitt vanskelegare. Men spørsmålet er fortsatt om det i det heile teke finst konkrete tilfelle der jaktvåpen nr. 7 er blitt innvilga etter såkalla "meget kvalifisert behov".
  16. Alt dette er kjent stoff som blir gjentatt med jamne mellomrom her inne. Det eg ikkje har funne i det heile er konkrete eksempel på tolkning av omgrepet "særlig kvalifisert behov", om det finst tilfelle der folk har fått innvilga jaktvåpen nr. 7 utan taktikkeri, omregistrering, omdefinering og omgåing.
  17. Takkar for innspel. Årsaken var at eg ikkje hugsa på at eg hadde ei registrert hagla. Har skrive ressonnerande stiloppgåva no. Når du seier det varierer litt så trur eg gjerne det. Seier du dette fordi du veit noko, eller er det generell synsing? Det eg lurer på er om det finst eksempel på tolkning av formuleringen "særlig kvalifisert behov".
  18. Fekk avslag, men så har eg heller ikkje teke med nokon omfattande grunngjeving i søknaden. Mitt syn er at eg har "særlig kvalifisert behov", og har nett sendt grunngjeving for det til våpenkontoret mitt. Spørsmålet i dag er: Er det nokon som veit om tilfelle der det er gitt løyve til jaktvåpen nr. 7 eller meir og kan fortelja noko om det? Eller er det slik at "særlig kvalifisert behov" blir tolka som ikkje tale om uansett grunn?
  19. Men så er det forskjellige hylser med ulikt tjukt gods i halsen. Min erfaring er at ein får ta nokså hardt i for å få hold på kulene i Normahylser, medan amerikanarar går lettare. @joakim: Kva med å prøva å få nokon med litt erfaring på besøk? Sjå denne tråden: viewtopic.php?f=17&t=48743&hilit=Fadder
  20. Har skote 180 Oryx i mange år, fine slakt. Men i fjor vart det forlanga nesten ein tusenlapp for ein boks med kuler. Då kjøpte eg 165 Interbond i staden, men har ikkje fått hjort med den enda. Andre med 308 på jaktlaget brukar alt frå Trophy Bonded til Forbedret Elite. Med fornuftige treff blir det fine slakt og knall og fall. Med dårlege treff på stressa dyr blir det ettersøk og mykje skjering uansett kula. Som Bamrud her på forumet seier er det viktigaste å treffa.
  21. Fabrikkdie? Det veit ikkje eg kva er. Bestilte du FL sizer og? Viss ikkje, kva pressar du med når hylsene etter kvart blir litt trange å kamra?
  22. Er i ferd med å tinga meg eit par Colletsett til 30 BR. Nokon som har gjort det før? Tok det lang tid? Blei diene som forventa? Har eigentleg lovt meg sjølv å ikkje ha fleire sære patroner. Dette blir den siste. Trur eg.
  23. Ekspertane åtvarar mot å varmskyta, dei seier du skyt fortare ut pipa di då. Eg er ikkje eksprett, men eg prøver å ha fleire rifler med på banen og skyta ein serie med kvar. Tynne piper blir fortare varme, men dei kolnar fortare og. Største problemet med varme i pipa er flimring i kikkerten, mirage heiter det visst på fransk. Baneskyttarar brukar ofte ein tøyskjerm oppå pipa for å hjelpa på dette. Ellers er den store forskjellen at tynne korte piper er vinglete og vanskelege å skyta godt med. Lengre, tyngre piper gir vanlegvis stødigare skyting samstundes som dei er meir uhamslege og skrøyvne og meir å dragsa på. Tynne piper kan godt samla fint, men viss alt anna er likt så vil som regel tjukke piper gi mest stabil presisjon. Då tenkjer eg ikkje berre på samlingar frå serie til serie, men treffpunktstabilitet over tid. Mine tjukkare piper har dessutan den eigenskapen at dei forandrar treffpunktet mindre mellom forskjellige ladningar og kulevekter. Då blir det færre knepp å skru og så går det færre skot til innskyting. Du kan sikkert skyta masse med laiten din, men rekn med flimring i kikkerten etter ti skot. Ta med deg kaffi, avlys det andre du hadde tenkt å rekka og kos deg på bana!
  24. M/94 finst og i 307 Win og 356 Win, begge held storviltkravet. Eg har ladd den siste med alt frå seriøse Speer storviltkuler til 125 grs revolvarkuler.
×
×
  • Create New...