Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Eg er ueinig i dette. Kor langt inn hetta må kjem etter mitt syn an på a) kor høge hettene er (dei er forskjellige) og b) kor djupe hettelommene er (dei er veldig forskjellige). På nokre Sellier og Bellot 8x57IS for ti år sidan var det berre såvidt eg fekk hettene til å flukta med hylsebotnen. Det gikk litt betre med Federal enn CCI. Eg gav vekk handsetjaren min (ein RCBS) for fleire år sidan. Har prøvd Lee sin handsetjar og. Richard Lee har ein underhaldande historie i ladeboka si der han fortel om kor sterk denne handsetjaren er. Du må nesten lesa den historien. Favoritten min er og blir Lee sin pressemonterte med magasin. Han er ikkje perfekt, men ein kjenner når hetta botnar utan at ein må ta så heise hardt i.
  2. Det går sikkert fint å fyra med dette kruttet men du vil ikkje få særleg imponerande hastigheiter, 308-type i beste fall. Bruk heller dette kruttet når du berre skal ha hol i pappen. Kjøp noko anna til jaktpatronene, td. N-160. Ei av ulempene med skyttarlagskrutt er at det som regel går med fleire kuler til å finna den rette ladningen enn du ville brukt med standardkrutt. Jaktkuler kostar. Skyt heller med treningskuler framom skyttarlagskruttet ditt, i alle fall til du får noko meir erfaring.
  3. Du er ein kløppar - dette skal bli å prøva. Andre tips til holete hjortasider?
  4. Så var det på an igjen. Hjortasidene med gedigne krater etter splintgranatnedslag (ikkje mine eigne!) ligg og gliser til meg i frysen. Eg blir så stiv i fingrane av å spikka no til dags, då det utgår. Har prøvt å laga pinnakjøt, men her klarar ikkje hjorten å konkurrera med sauen, som tross alt er eit ålreit dyr til sitt bruk. Så, ein mørk og stormfull vinteraften fanga antennene mine opp at det gikk an å ha desse sidene til spareribs. Er det lurt å marinera? Kva skal eg ha i marinaden då?
  5. Kan litt av årsaken liggja i at belagde kuler gir litt betre penetrasjon enn blykluler, og borar seg fortare gjennom kulefangaren? Mine pletterte Frontier gjer i alle fall det.
  6. rp15oryx

    Nedetida

    Mesteparten virkar - flott innsats!
  7. Klikk og knekte tennstiftar er vel ikkje berre nokre få hagler som har problem med. Mange randtenningsvåpen er og laga slik at dei ikkje likar klikking. Det blir litt som starta bilen med 20 kuldegrader i oljen du gjer det viss du må men helst ikkje. Motoren varer sikkert lenge nok likevel, men det er betre viss han får stå med motorvarmar.
  8. Har ladd nokre få Hirtenberger eg og, men ikkje hatt problem i det heile. Dei få eg hadde meiner eg var nokså like Winchester sine i vekt.
  9. Killermax: Ja, hylsehaldarar av andre, større fabrikat passar (når det gjeld ladepresser). Jowi: Ikkje med RGB-setta, dei billegaste i flate, grøne øskjer. Kjøper du brukt utstyr så er hylsehaldaren det første folk klarar å rota vekk, i lag med lappen og den gule kruttausa. Har du kjøpt eit par bæreposar med meir eller mindre brukt utstyr? Kjøp Lee si ladebok etter at du er ferdig med Ladeboken. Ho er underhaldande, og dessutan lærerik viss du har Lee utstyr og ikkje særleg erfaring. Men spør nokon med litt erfaring før du brukar data frå denne boka. Medan du ventar på boka kan eg anbefala nettsidene til Lee. Hylsehaldaren til trimmaren er i to deler. Den eine delen med utvendige gjenger spenner du fast i kjoksen på den minste batteridrillen din. Den andre skrur du utanpå den første. Mellom desse delene klemmer du fast hylsekragen.
  10. Tyngste kule som ble prøvd i den riflen var Norma 185 grs FMJ, men jeg husker ikke hvor godt den gikk.
  11. En heldig bekjent hadde en tilsynelatende original Stiga M96 i 3006, med skjevborrede hull, og som drepte et pent knippe kikkerter. Den fikk skinne og samlet ca 3 cm på 117 meters hold med 150 grs Lapua Lockbase.
  12. Har unntaksvis ladd 3006 og 358NM med pistolhetter. Ingen merkbare forskjeller mot riflehetter. Merk: patronene ble skutt i mange varmegrader og med briller. Risiko: hettepunktering og etterbrennere. 308W bruker stort sett raske, lettantennelige kruttyper, så med moderate ladninger bør det går bra. Dette er ingen anbefaling. Det blir litt som å skyte 308 i et 3006-kammer. Det ser ut til å stort sett gå bra det også, i likhet med en mengde ting man egentlig ikke skal gjøre. Moderne fabrikkammunisjon, og forsåvidt også troverdige ladedata, er laget med viss sikkerhetsmarginer. Her er det ikke bare kammertrykk som tas hensyn til. Man vil helst ikke ha verken hettepunkteringer eller etterbrennere, så man legger inn noen marginer på de faktorene som drar i den retningen. Lader du 308en din med pistolhetter så bruker du opp en del av disse marginene. Hvis du gjør dette, så skyt i alle fall med briller, varmegrader og i ensomhet. Pass på at ingen andre får tak i patronene dine. Poenget mitt er at det er mye som går bra, til dels overraskende bra.
  13. Hadde ikkje Våpenjournalen ein artikkel om dette ein gong i tida?
  14. Støttar det Evert seier, bortsett frå ein ting. GFL 45M11 har ikkje "mulig tykt gods", men umulig tjukt gods. Det er det sværaste eg har vore borti når det gjeld pistolhylser, tunge som bly og harde som horn. Hiv dei langt bak i skuffa med litt-for-gode-til-å-kasta-hylsene, og bruk dei til eitt eller anna obskurt villkattprosjekt der desse eigenskapene kjem godt med. Det gjer dei ikkje i 45 Auto. 45-hylser er generelt seigliva, alle merker eg har vore borti har vart heilt til eg har forma dei om.
  15. Utan å øydeleggja den legitime fokusen på øl; er det snakk om mat der det trengst kjøt? Eg trur eg har ein velmodna rev i frysen, og kanskje ein hjortasvange til å dryga med...
  16. Me prøvde å kalla det Jugebord før i tida, men med blanda erfaringar. Mange historiar var nesten heilt sanne... Datoen er notert!
  17. Eg blir gjerne med. Men skyting... blir det ikkje høge, stygge smell, då?
  18. Det begynte med utsagnet "no skal de #hikk# få sjå noko stiligt!". Spøk til sides, dette er nokre år og ein del hår sidan. Det med luggen ville vore berre skryt no til dags. Kan henda me burde starta ein ny tråd om spektakulære måtar å fyra opp feilblanda, ublanda, iblanda og restar.
  19. Når du fyrer opp ein kilo med krutt så pass på luggen din. Det blir ein imponerande varm og høg flamme. Gjett korleis eg fann ut det.
  20. I utgangspunktet, ja. Men i mine rifler er det hylsa som er det svakaste punktet. Messingen tyt inn i holet eller sporet for utkastaren (blank, rund sirkel eller strek på hylsehovudet) og hettelommene utvidar seg viss eg ladar for hardt. Når hettelommene utvidar seg så har til vanleg heile hylsehovudet ekspandert (mål trykkringen!), og ein får tyngre hevarmsløft enn vanleg og. Mitt syn er at når det gjeld moderne, sterke riflemekanismar så er det hylsa som begrensar kor hardt ein kan lada. Kor hardt dette er må ein ha ein viss erfaring for å vurdera, og det varierer ein del etter hylsefabrikat. I nokre tilfelle, som med villkattar og andre kamringar der det ikkje finst truverdig fabrikkammunisjon, må ein vurdera trykk utan å ha noko å samanlikna med. Her har ein ikkje noko særleg meir enn tilstanden og levetida på hylsene å gå ut frå, bortsett frå farten, då. Eg har gjort samme erfaring som Høggern med Federalhylser og utvida hettelommer etter nokre få skot med heilt vanlege ladningar. Eg er også einig i at det virkar som 3006-hylser til vanleg toler like mykje trykk som 308-hylser, og eg ser ikkje nokon grunn til at 6,5-hylser skal vera annleis. Problemet er å vurdera kor mykje over publiserte maksladningar du kan lada. Vil du lada til du må opna hevarmen med Khrustsjov-metoden (banka med ein skohæl) eller vil du gi deg når du synest farten er høg nok? Eller vil du lada til computeren din seier at trykket er høgt nok?
  21. Kamferkuler. Del dei i ertestore bitar og ha i ein tom blekkboks for luftpistolkuler. Legg ein bit i lokket og tenn på med vanleg lighter. Dette brenn med mindre flamme enn bjørkenever og sotar svart og fint. Flammen er lett å blåsa ut, og luktar godt. Populært i klubben min så lenge det var kamfer å få. No er det tomt her på palmekysten, men små, landsens apotek kan gjerne ha. Sei frå om du får tak i noko, eg vil gjerne ha litt eg og.
  22. Eg har brukt Lee sin pressemonterte med magasin i forskjellige presser. Ein har den aller beste kontrollen med hettene med ein slik ram prime-løysing. Eg har og hatt RCBS sin handsetjar, og fekk samme problema som Vømmøl. Prøvde med hylseholdarar av fire ulike fabrikat, inkl. RCBS. Denne gav eg bort til ein kompis som hadde tru på han, veit ikkje om han fekk han til. Einaste ulempa med Lee sin pressemonterte er magasinet, som er litt for lite til store hettebrett. Remington sine nette små brett, og dei liknande som Fiocchi hadde før, med hettene i rekkjer, passar fint. CCI og Winchester sine må ein vera forsiktige med, og Federal sine enorme hettekassar krev litt teknikk for ikkje å få hetter på benken. Men det går greitt.
  23. Korleis er Fiocchi-hylser i 45 no til dags? Dei eg har vore borti frå tidleg 90-tal var tunge og ekstremt tjukkvegga. Lurt å leggja ukjende hylselottar på vekta.
  24. Eg har ei velfungerande Laurona S/S med engelsk skjefte av ukjent årgang, og med Gresvik Sport sin G stempla på kvart kammer. Andre Lauronahagler eg har sett har vore pent laga. Hagla mi ut som ho er laga i fylla, og G-ane på kammera ser direkte groteske ut. Eg kjøpte ho for å ha til skarv og ender med sjøsprøyt og det som følgjer med. Det er tydeleg at fabrikken har laga våpen i forskjellige prisklassar. Akkurat mi er nok Discount-versjonen.
×
×
  • Create New...