Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Flott tradisjon og eg er sikker på at ølet blir godt. Kjøpte nett ein pose mynkjenermalt sjøl. Kan eg drista meg til å spørja om kva slag gjær de brukar, og kor mykje?
  2. Ladeboken utgave nr. 2 har data for støypte kuler med forskjellige krutt og mange gode tips for alle dei kalibra du nevner.
  3. Har prøvd. Fekk ein belæring om kor langt kula kunne gå og kor farleg det var. Aldri meir.
  4. Kva kan grunnen vera til det? Norma 11 er eit skyttarlagskrutt, og det er ladningar for nokre få matchkuler på boksen. Mitt tips er å lada med anerkjente oppskrifter til punkt og prikk til du får litt erfaring, td. med å tyda trykkteikn. Dei fleste 150 grs flatspisskuler eg veit om er laga for 30-30 Winchester, og ikkje særleg solide. Då bør ikkje maks fart vera første pri. Startladningar som er trygge for andre 150-grainarar trur eg er trygge med kula di og. Så får du vurdera kor mykje fart du treng for å få hol i det du skyt på. Hylsene varer mykje lengre og viss trykket er moderat. Dei flatspissane eg har ladd i 308 sjølv, trur det var Remington sine, gikk problemfritt med N-140 og same ladevekter som for ei eller anna vanleg blyspisskula, hugsar ikkje kva for ei. Men du kan ikkje vera trygg på at maksladningar for andre kuler er gode greier med kula di. Til dømes er bæreflata ganske lang på flatspissar kontra spisskuler. Ladeboken skriv noko om dette, men det har du sikkert lese?
  5. Kan vera lurt å sjekka friflukta, ja. Har brent meg litt på den sjølv (ikkje bokstaveleg...). Og alle med interesse for ammunisjon følgjer godt med på trykkteikn og studerer første hylsa av alle ladningar ekstra nøye. Viss patronene har standard lengde og kammeret ditt er normalt så går det godt. Det skal ein del til før det blir farleg trykk av vanlege ladningar i vanlege våpen.
  6. Har ein 30 BR på gang, og må ha dier. Planen var å bestilla custom frå Lee for 60 dollar. Men dei seier heile tida at dei kanskje kan begynna å ta custombestillingar om nokre månader, sidan amerikanarane kjøper og bestiller meir enn dei klarar å produsera av hyllevarer. Kammeret er forresten "jaktromsleg", snurren er rask, og riggen er først og fremst ein subrigg som eg ikkje har fått skote noko med enda. Det går an få tak i Reddingdier til 150 dollar, men det er to og ein halv gong det som Lee ville teke for å laga dier etter mine hylser. Tips til aktuelle leverandørar eller løysningar?
  7. Eg har teke eit par millimeter både på far min sin Brno 452 og min eigen M/7. Dei har tolt det bra.
  8. rp15oryx

    Sizefeil?

    Men vil ikkje hylsene strekka seg meir då, viss kammeret elles er korrekt?
  9. rp15oryx

    Ølbrygging

    Lys pils er rekna for noko av det vanskelegaste ein kan bryggja heima. Ein bør bl.a. ha steinkontroll på temperaturen i ølet, ikkje berre i rommet der dunken står. Vidare bør det lagrast eit par tre månader før det blir best. Prøv med alegjær først. Til lyse, lette øl kan eg anbefala Safale US-05, finst på alle forretningar som har bryggjeråvarer. Hald temperaturen mellom 14 og 19 grader, og hugs på at ølet lett kjem oppi tre grader meir enn lufta rundt. Viktigast av alt er reinhald. All alegjær skummar ein del, meir di varmare han går, så du må ha litt å gå på til kanten av gjæringskaret. Sjå elles norbrygg.no og les til auga er stort og vått. Reinhald og god tid gir godt øl. Den siste flaska er ofte den beste.
  10. rp15oryx

    Reiseradio

    Kva antenna brukar du?
  11. Corbin både pressa og dier? Lagar du blytråden sjølv og?
  12. Kjøp i alle fall ein liten pakke testlodd, eller få hjelp til å laga ein. Har ei Hornady balansevekt som er unøyaktig fresa i hakka på armen, og som gir konsistente feilmålingar, små nok til at det ikkje er farleg ved vanleg lading, men nok til å vera irriterande. Så har eg Lee si vekt, og den er heilt påliteleg, men irriterande og fiklete å jobba med. Det er den første tingen i Lee sine ladesett som folk skifter ut. Hadde i si tid nokre andre balansevekter på lån, to storleikar RCBS og ei Lyman, gode alle tre. Den rimelege digitale eg brukar må ha nokre minuttar på å gå seg varm før ho slår seg til ro. Før det viser ho opptil 0,5 grs for lite. Testlodd i ulike variantar gir deg sikkerheit. Eg har Lyman sin minste pakke, men ein kan laga dei sjølv viss ein har ei truverdig vekt å hjelpa seg med. Kenrin her inne har hatt den Dillonen de linkar til i mange år og er veldig fornøgd. Dei som først har fått seg digitalvekt vil aldri tilbake til stein..., æh, analogalderen igjen.
  13. Blir det aldri din tur til å jaga? Skal du ha fleire gevær med deg når du er på jakt?
  14. Federal, Remington, CCI og WW. Hadde klikk ein gong sommaren 1992, det var med Remington 9 1/2.
  15. Veit ikkje mykje om rådyr, men både hjort og sauer likar veldig godt alm. Haren og.
  16. Nye hylser er bedre enn brukte. Ny Mercedes er betre enn brukt Opel og. Folk blir hjelpne med begge deler. Briller og fornuftige ladningar reduserer konsekvensane viss noko skulle skje, slik som fartsgrenser og bilbelter.
  17. No er det vel slik at folk brukar baneplukka hylser enten det er lurt eller ikkje. Det eg reknar som sikraste teiknet på at hylsa er eingongsskoten er at hettelomma har sot i botnen etter berre eitt skot. Kalibrer nokre eingongsskotne og nokre velbrukte, så ser du tydeleg forskjellen. Sjølvsagt er det dei som reinskar eller fresar hylselommene sine, men dei pleier å ta godt vare på dei, og hiv dei ikkje før dei ser velbrukte ut. Sjå og etter kanten som blir mellom der kalibreringsdia tek og der ho ikkje tek. Er du i tvil, så hiv hylsa.
  18. Skaut nokre slike i ein revolvar tidleg på nittitalet. Mykje hardt feitt, hang godt i kammera.
  19. Seawolf; du har rett. Det var han andre som skulle ha 416. Forøvrig er eg einig i det du skriv.
  20. Når objektiva er berre 40-42 mm så tvilar eg på om det er så heise stor forskjell på mørkeeigenskapene. Eg har sjølv to 36 mm, ein Vari-X lll og ein Swarovski. Det er overraskande lite forskjell på dei i grålysningen. Den avgjerande forskjellen er retikkelet, så difor er det Leupolden som står på den rifla eg brukar mest. Viss du vil ha litt ekstra om morgonen vil eg anbefala større objektiv. Eg fekk anledning til å samanlikna to 50 mm ein gong, ein Leupold vx3 og ein Meopta. Meoptaen var klart best. Men det er rettnok ein del år sidan.
  21. Våpenjournalen hadde ein artikkel om 416 Rigby i M98 ein gong. Samlingen min vart vekke under flytting, men snakk med nokon du veit har gamle blad.
  22. Aguila eller RWS? Korhen handla du? Eg tenkjer revolvar og hyttenaboar som toler litt, men di mindre lyd di meir kan ein halda på...
  23. Du er sikkert kjend med BR-hylsa, 1,5" versjonen av 308 osv. Eller berre bestem deg for 30 BR med ein gong, så kan me fellesbestilla dier.
  24. På baneplukka hylser ser eg først etter overgangen mellom der kalibreringsdia tek og der ho ikkje tek. Så ser eg i halsen. Det er vesentleg meir sot i hylser som er skotne fleire gonger. Dei hylsene som går gjennom denne kontrollen blir rensa og kalibrerte. Når hylsa kjem ut av kalibreringsdia ser eg samtidig etter i hettelomma. Då ser du fort forskjell på eingangsskotne og velbrukte. Er du i tvil, så er det ingen tvil, kast hylsa. Viss du kan velja og vraka blant eit stort utval hylser så vil eg anbefala Lapua sine. Dei er suverent best etter mitt syn, men det er lite å finna av dei. Normahylser er og gode og ettertrakta. Men, i motsetning til det mange trur, så går det an å bruka andre hylser og. Det beste er vel å ha eit utval kompisar som har fornuftige kammerdimensjonar og som ikkje ladar sjølv. Baneplukka hylser kan godt ha vore skotne i eit digert hestakammer. Då vil dei strekka seg meir på lengda, og i mange tilfelle kan hysa vera for lang allereie etter første smellen. Dei fleste kammer har litt å gå på i lengda, men dette er ikkje noko å gambla på. Sett kjeftane på skyvelæret på maks hylselengde og dra dei kalibrerte hylsene forbi. Dei hylsene som er for lange pleier eg å kasta, du merkar at desse er tyngre å pressa og. Før var eg ivrig, og ein dag utan messinglukt på fingrane var ein bortkasta dag. Etter at eg brått og uventa fekk kjering og ungar har det vorte mindre tid til krylryggja spaningsaktivitet på banene. Det viser seg at det går an å lada andre fabrikat enn Lapua og Norma og. Sjølv har eg vel lada meir Sellier og Bellot enn alle andre fabrikat til saman. Dei er fullt brukande, og minst like gode som Federal og Remington. Men Lapua er best.
  25. rp15oryx

    Whisky

    Eg høyrde det var Ballantine's Day i går, men resten av livet kom i vegen. I kveld blir det imidlertid ein liten Grant's, som eg synes er passeleg søt og god.
×
×
  • Create New...