Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Et hetterør må betraktes som et ladd våpen. Ikke ha noe foran den farlige enden. Mange hetter stablet oppå hverandre forsterker konsekvensene hvis noe først går galt. Går en av, så går alle, har jeg inntrykk av. Selv har jeg ladd en del tusen skudd med Lee Autoprime uten at noe har gått av. Noen får hetteeksplosjon med Lee utstyr også. I de tilfellene jeg kjenner til er det da bare en enkelt hette som har gått av. Dette er bare en av grunnene til at jeg foretrekker Lees løsning (de har mye møkk også). Vernebriller, skinnjakke og litt fingerspitzgefühl anbefales.
  2. Eg ladde 9mm med blykuler og 320 i ein del år. Pistolen var ein Smith 3913, og det var ikkje noko poeng å få mest mogeleg drep ut av han. Ladningane var ikkje meir enn det som skulle til for å få kulene til å gå, og pistolen til å lada om. Eg tykte 320 gav jamnare resultat med slike ladningar enn 330 og 340, som eg og har prøvt. Ein kompis ladar for ein velbrukt Smith 39, og han må ha 330 eller 340 for å få samlingar, sjølv om me lenge brukte dei same kulene (Kulegrossisten 122 CN). Eg trur ikkje det er rett å sei at den erfarne skyttar brukar det eine eller det andre kruttet. Den erfarne heimeladar brukar helst det kruttet som gir det resultatet han er på jakt etter.
  3. Våpenloven inneheld eigne reglar om tilvirking av våpen. Som interessert ungdom har du sikkert lese denne delen av lova grundig. Viss ikkje, så ligg ho her: § 21. Den som vil tilvirke skytevåpen eller våpendeler til eget bruk, må ha fylt 18 år og ha tillatelse fra politimesteren i det distrikt hvor han er bosatt. Det samme gjelder den som vil tilvirke til eget bruk ammunisjon som nevnt i § 3 for så vidt ammunisjonen ikke går inn under lov om eksplosive varer.1 Bestemmelsene om våpenkort gjelder også for våpen tilvirket i medhold av første ledd. Endret ved lov 14 juni 1974 nr. 39. 1 Lov 14 juni 1974 nr. 39 er, unntatt for Svalbard, opphevet ved lov 14 juni 2002 nr. 20 (brann- og eksplosjonsvernloven). I dette ligg det at du vil bli behovsprøvd av han i byn som ikkje må nevnast. Det kan bli krevande i slike dimensjonar som du skisserer.
  4. rp15oryx

    våpenkort

    Neppe. Men saksbehandlaren les nok mailen din måndagsmorgonen. Lykke til!
  5. No har eg ikkje sett så mange IJar, men dei eg har sett har ikkje vore smykke akkurat. Eg trur du kan forventa at han har romslege nok kammer til at det går med nedkappa Long-hylser. Kappa hylser vil uansett ha litt mindre volum enn originalen, og revolvaren er vel heller ikkje av den sterkaste på bruktmarknaden. Du har sikkert ikkje tenkt å lada så hardt at det blir nokon faktor. Legg gjerne inn erfaringane her, det er alltid moro å høyra om korleis det gikk når det skal smellast med gammalt jarn!
  6. Velkommen på forumet! 6,5/308/3006 er kaliberbetegnelser, dvs. forskjellige patroner som rifler kan være laget for. Det finnes hundrevis, men de tre du nevner er de mest populære i Norge, og alle tre er godkjente til storviljakt. 1,5-6x42 betyr 1,5 til 6 ganger forstørrelse i et zoomokular. 42 er størrelsen på objektivet foran i millimeter.
  7. rp15oryx

    våpenkort

    Eg ville ringt eller sendt ein mail til våpenkontoret og lagt korta på bordet. Då sender dei deg nok eit nytt eitt.
  8. Dette tenker jeg kan bli en tråd der vi legger inn data for skuddpremier i forskjellige kommuner. Det viser seg umulig å orientere seg online for veldig mange kommuner. Bergen Jæger og Fisk har en meget god oversikt for hele Hordaland, men den er fra 2008. Hva om vi bare legger inn hver våre kommuner her? Så kan jeg heller alfabetisere og redigere ettersom det blir mye data her. Ta gjerne med hvilket år opplysningene gjelder for, årene går så fort nå til dags. Karmøy - 200 for rev, 150 for mink i 2010. Hele reven må vises fram. På minken er det nok å vise fram halen. Henv. rådhuset i Kopervik.
  9. Til vanleg pleier eg å vera einig med Per-S, men ikkje i dette tilfellet. Mitt syn er at det som blir antyda som eit problem er for lite i omfang at det kan forsvara den byråkratiseringen som må til. Eg trur at eit fleirtal av haglejegrar, om dei trenar aldri så lite, vel sine sjansar nøye, og kanskje går heile hausten med berre nokre få patroner. Du legg ikkje merke til dei, for dei skrik ikkje så høgt. Dei får aldri tunge bører ned frå fjellet som det går gjetord om i bygda. Dei oppfører seg normalt både på banen og på fjellet, så dei blir ikkje lagde merke til. Eg trur ein kan kalla dei det fredelege fleirtalet.
  10. No til dags er det berre kjøpedram frå nabolandet i vest som gjeld. Men eg hadde med genever som slaktedram ein gong for tolv år sidan. Den vart dårleg motteken. Ikkje noko "takk som byr" eller "kremt, det var ein, æh, interessant smak". Berre eit kort og unisont "ditta va ufjelgt". Den dag i dag blir det ymta frampå om at han oryxen har hatt brukande dram med seg i det sista. Snakk om perler for svin.
  11. rp15oryx

    9mm blyammo

    Belagde kuler blir behandla ulikt frå bane til bane. Dessutan er dei antageleg nokså forskjellige mtp kor harde dei er. Eg hadde nokre Rainier i 9mm for nokre år sidan, og ville demonstrera for dei i styret kor mjuke desse kulene var. Det blei eit problem, for dei trengde lengre inn i kulefangaren enn støypekuler, og det var vanskeleg å skjera i dei med kniv. Styret vart ikkje overtydde den gongen, og sidan har eg skote lite 9mm (eller pistol i det heile). No i det siste er det blitt lov å skyta belagde kuler på denne banen. Men det er vel helst Berrys det går i, dei er sikkert mjukare enn sørafrikanarane.
  12. Køyr innover mot Aksdal, sving av venstre ved Shell på Frakkagjerd. Ligg vegg i vegg med Pizzabakaren. Dei har det meste, inkludert kompetanse.
  13. Det kan vel ha fleire årsaker, den mest veldokumenterte og innlysande forklaringen er vel eksponering for sollys eller at ein ser trolla i eitt eller anna kritisk lys. Men det er i alle fall ein kjensgjerning at dei sprikk. Og blir til stein. Dette ser ein lett på at trolske steinformasjonar alltid pleier å ha synlege sprekkdannelsar, nett slik som nettrolske innlegg pleier å ha synlege sprekkdannelsar i logikken sin når ein lyser på dei med sollys eller anna kritisk søkelys.
  14. ***snuse, snuse*** Blodfersk på forumet, stort tall innlegg på kort tid, høgt ut på banen som forsangar i det gamle, veletablerte hylekoret med sluttstykkeslagerar som "Jegerprøven er for lett", "Ja til mange obligatoriske treningsskot", lauslege påstandar om kva som er lov og ikkje, dystre spådommar om framtida og indignasjon over motstand mot framlegget sitt. Nei, denne går eg ikkje på. Eg set meg i baren så lenge. Lykke til de andre. Viss eg no tek heilt feil (det hender): Beklagar. Mykje. Du må gjerne meina det du meiner. Men eg er ueinig i det du foreslår her.
  15. Medaljongar av indrefilet frå ei liti kolla, steikt med litt løk, paprika og champignon, fløytestua poteter og kodnøl. Kjeringi fekk Nippozzano til, veit ikkje heilt korleis det passar, litt skeptisk, men ho let vel. Ventar berre på at Himbeer-slivoen skal bli passeleg kald nok til å introdusera for henne.
  16. Måtte vera med ein nabo til dyrlegen for mange år sidan, ho hadde ikkje lyst å vera åleina om det. Hunden fekk for liten dose, og alt drog ut. Etter ein time måtte eg på arbeid, og bestemte meg for at eg aldri meir skulle i slike ærend til dyrlegen. No ser det ut som eldstejenta held på å bli allergisk, så det kan henda eg må opp i samme problemet sjølv. Edit: Molly held på å få ein ny familie!
  17. Har en slik og er helt enig i. Har også en Hornady/Pacific, men stoler mindre på den. Tror leiene for grainsrytteren er feil freset, får samme feilen hver gang. Hvordan kan en ladning ellers veie BÅDE nøyaktig 9,8 grains OG nøyaktig 10,0 grains? Man sprenger ikke noe våpen av en så liten feil, men irriterende er det. En periode lånte jeg både en RCBS 505 og en orange Lyman som var nokså lik. Disse var helt greie, og i alle fall raskere og bedre enn Hornadyvekten. Trådstarter spør om hva som er den beste manuelle vekten, og etter min ringe erfaring er det RCBS og Lyman. Da har jeg ikke prøvd Dillon, Bonanza og Redding, som sikkert er gode de og. Selv kjøpte jeg til slutt en demobrukt batterivekt av obskurt, tysk merke hos Parabellum. Den veier grains, gram og karat (!). Den viser akkurat det som står på testloddene mine, den er rask, og jeg stoler på den.
  18. +1 på pipa i auga, ja. Patron i kammeret er greitt, det hender det trengst. Men pass på at sikringen er på, det er lett å kveppa* viss du trur dyret er daudt og du tek feil. * kveppa, kvapp, kvoppe - sognamål. Brukt om ein tilstand der hjarta slår eitt slag som kan målast på Richters skala, deretter står det i ro eit halvt minutt, så bankar det vidare som ein semidiesel Rubbestadmotor som får altfor mykje olje.
  19. Ladeboken har vel ikkje dimensjonar på nokon hylser, men Vihtavuori si ladebok har. Elles ligg det på www.reloadbench.com.
  20. Tja, vi har vel vært inne på dette før, men la gå. Cheap Charlie skulle skyteforme noen 338 WM, for originale 358 Norma Magnumhylser er altfor dyre. For å få skutt litt ble det ladet med 158 grs revolverhullspisser av billig brasiliansk type foran noen klyper med N-140. En liten klype viste seg å være for lite, og hastigheten var oppe i ca 3150 fps for å få fasong på hylsene. Etter en del skudd manglet det noen hull i skiven, og kronografen hadde falt i koma. Det viste seg at revolverkulene ikke likte det dobbelte av normal hastighet. Noen av dem delte seg mellom munningen og kronografen, som ble fikk en fotocelle drept av splinter.
  21. Det er vel snakk om ein original Mark 1 Whisperizer frå SL-tida, tenkjer eg. Sjå denne tråden http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=80&t=7430&p=262792&hilit=whisperizer#p262792
  22. Viss dei har meir av 30 168 HP så vil eg gjerne vita om det. Dei går som ein stråle i 30-30en. Billige var dei og.
  23. Dei forholdsvis få Magtech og CBC eg har skote har halde så lenge ein kan venta, så nær som i 30 US. Desse sprekk nesten alltid i det andre heimaladde smellet. Eg ladar dei ein gong og let dei liggja.
  24. Ja, du kan trygt bruka dei til vanlege 38-ladningar.
  25. Auto Prime 2 - Eg reknar med det er den pressemonterte med magasin, og som brukar vanlege hylsehaldarar? Det er den eg brukar mest. Den kan du stilla inn på to måtar. Enten stiller du han inn så hetta botnar når pressestempelet er på på topp (spaken heilt ned). Elles så skrur du dia noko lengre ned, slik at du kjenner når kvar hetta botnar i hettelomma si. Begge deler går heilt fint og er fort gjort, men eg føretrekk å justera så hettene botnar med bittelitt kompresjon når stempelet er på topp. Viss eg har spesielt ujamne hettelommer på ein hylselott så brukar eg den andre metoden og kjenner etter når hetta er passeleg komprimert. Bruk litt fingerspitzgefühl når hetta entrar, somme hetter kan henga seg opp på kanten. Ha ein blyant klar til å hjelpa fram dei siste hettene frå magasinet, dei fem-seks siste kjem ikkje fram av seg sjølv. Lee skriv om dette i den underhaldande ladeboka si. Han seier at Federalhetter smell så hardt at det blir splintar av loket på hettesetjaren viss ei hetta går av i magasinet. Andre hetter blir det viss ikkje splintar av i same grad, seier han. Ein får tru det ein vil. Eg har sett fleire Federalhetter enn noko anna fabrikat med AP2-en min. Ingen av dei har gått av, så eg veit ikkje kor mykje splintar det blir.
×
×
  • Create New...