Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Flott med bilete, og alltid interessant å finna ut av Kva er dette. Men det blir vanskeleg utan dimensjonar. Kan du ta mål? Klarar du å lesa det som står på botnen? Eg klarar ikkje det lenger (utan dei nye brillene mine som eg ikkje finn igjen...).
  2. Ein eventuell deling vil vel vera ein annan diskusjon enn dette med å få inn bidrag til drifta, og klarar ikkje heilt å vera verken for eller mot deling enno. Eg har heller ikkje noka interesse for å få eit klistremerke, avatar med tysk arabesk rundt eller ei gullstjerne ved namnet mitt når eg har betalt noko. Men å få i gong deling på utgiftene trur eg kan motvirka slitasje i dei kreftene som held Kammeret i gang. Viss nokre få eldsjeler må betala nokre tusenlappar kvar, så aukar sjansane for at dei går leie. Det er å motvirka slik slitasje eg har mest interesse for.
  3. Moderne rettrekkar (men gjerne ein Steyr 1895) Drilling (men gjerne ein langpipa sideliggjarkombi, med hagla på framre avtrekkaren) Tung double action revolvar, har hatt (men gjerne ein Super Blackhawk).
  4. Kva med å offentleggjera nokre nødvendige kontodetaljar? Eg er glatt med og spleiser litt.
  5. Det finst ei og anna 356 Winchester rundt omkring. Einaste eg veit om av andre rifler i dette kaliberet er Marlin, som hadde ei lita bøylerifle dei og. Veit ikkje om nokon prøvde å selja slike her i kongeriket, men det vart selt nokre Winchesterar. Mange av dei har skifta eigarar etterkvart som den første har gått lei, og det finst ein og annan på bruktmarknaden. Viss pipene er like lange så får ein vel 100-150 fot mindre fart på 356en kontra 358W. Min går ca. 3 cm med 220 Speer og lettkomprimert ladning med N-140 når eg får sitja godt og med god tid. Sidan internettet er fullt av åtvaringar mot å bruka 308-hylser i 356en, så eg måtte jo sjølvsagt prøva. Med lette revolvarkuler funkar dette til korthaldsplinking med td. 25 grains N-110, men ein kan ikkje snakka om noko særleg til presisjon i rifla mi. Utdragaren får tak på kragen tre av fire gonger, den fjerde får du bruka fleire forsøk på. Til vanlege ladningar vil eg ha ordentlege hylser. Rifla mi er kresen på patronlengda, sidan kassen er så kort. Utanlandske blad skriv nesten alltid at ein må ha flatnasa kuler i røyrmagasin, men av og til nyanserer dei og seier at det går med ei spisskula i kammeret, og ei til i magasinet. Det dei ikkje seier er at patrona med spisskula kan vera grei å få ned i magasinet, men der likar ho seg så godt at ho ikkje vil ut igjen. 220 Speer med krymperilla nesten nedi går akkurat, men det er mindre å gå på enn eg likar. Eg kan sjølvsagt ta ein millimeter på hylsene, men halsen er ikkje lengre enn han bør vera, heller. Dessutan har eg Lee styrepinne som eg eventuelt må korta inn for å få til dette, og eg giddar ikkje å sveiva Forsteren når eg ikkje er nøydd. 356en har ikkje vore med når eg har hatt skotsjansar, og ved eit par høve har det gjerne vore like greitt. Rifla er kort og vinglete. Balansen er som ein god, gammal Jobu. Ikkje det lettaste å treffa godt med på litt hald og med lang arm. Det var ein interessant artikkel i Våpenjournalen for ein del år sidan om 356en. Ein kar ville ha kontrollert ekspansjon og filte flate spissane på nokre Partitionkuler. Det drog rett gjennom elgen med vanleg Partitionvirkning. Viss du ikkje har akkurat denne VJen så send faksnummer på PM, så skal eg sjå kva eg får til.
  6. Akk ja. Det gikk nokre trådar om å henretta ei tennhetta på eit forum som fanst før i tida. Her var det fantasifulle forslag og konklusjonar, somme bastante og somme baserte på empiri. Høggern hausta igjen fagnad som empirikar, det gjer han med jamne mellomrom. Verda er full av folk som hevdar at ein drep hettene med olje, vatn eller andre væsker. Eg vart nok like overraska over Høggern sine forskningsresultat som mange andre, så eg maila til nokre hetteprodusentar, bl.a. Remington, Federal og CCI. No hugsar eg ikkje lenger kven som svarte kva. Eit par av dei hadde ikkje noko betre forslag enn å levera hettene til destruksjon, sidan dei ikkje visste om nokon lettvinn måte å avliva dei på. Men den eine produsenten åtvara ekstra sterkt mot å tru at vatn og olje drap hettene. Dei sa at slikt kunne gjera det vanskeleg å få hetta til å gå av med det same. Men når ho turka opp att, så kunne ho godt bli varm, klar og villig igjen. Synd eigentleg, for eg sysla litt med tanken på å selja eit produkt; The Primer Killing Snake Oil. Popkornmetoden høyrest ut som ein koseleg kveld. Skriv gjerne om resultatet her.
  7. Bra han berga fingrane og augene, og at han ikkje hadde nyssgjerrige tilskuarar då det small. Før i tida var det raud kork på 110 og blå på 300-serien. No er flaskene til forveksling like. Kan han ha teke feil kruttflaska?
  8. Eg går i Adidas med GT. Høgreskoen er tett medan venstreskoen tek inn litt vatn når det blir veldig blautt. Dei er gode å gå i, men pustar ikkje langt på nær så godt som vanlege joggesko. Sidan eg kjøpte dei litt langt vekke så har eg ikkje reklamert på dei. Hadde eg kjøpt dei litt nærare heimen eller jaktruta så hadde eg nok reklamert på dei. Eg har hatt GT og andre membranar i ein del sko og støvlar til jakt og mc (Sidi, Vendramini, Halvarssons, Oxtar, Chiruka...). Konklusjonen min er at teknologien fortsatt er i barndomsfasen. Ikkje eingong dei dyre merka klarar å levera produkt som du kan vera sikker på held tett. Viss ein samanliknar ulike testar så er tilrådingane også forskjellige. Du kan vera heldig og uheldig. Dei siste gongene eg har kjøpt fottøy med GT har eg handla lokalt slik at det blir litt meir lettvint å reklamera og bytta. Det har vist seg å vera eit godt val.
  9. Eg skaut nokre få dyr med første generasjon 180 Oryx i 3200 fps, altfor få til å trekka gyldige konklusjonar. Men dyra bar preg av at kula hadde ekspandert raskt. Dette var dei tidlege Oryxane, dei som var litt flatare i spissen, og eg trur dei var litt tynnare i mantelen og. Seinare er det 308-pipa i Model Seven som har vore mest med på jakt. Desse har gitt fine slakt på ein del hjort frå 25 til 180 meter. Ein hare fekk Oryxen i ryggjen på tjue meters hald. Her vart det litt kreativ kjøtskjering, men resultatet var ein glimrande middag. Tre andre på jaktlaget mitt brukar Forbedret Elite. Ein ser ikkje forskjell på slaktet om det er Forbedret Elite eller Oryx som har gått gjennom, så lenge ein ikkje treffer bein. Treffer ein bein med konvensjonelle kuler så blir det somme tider splintar, og desse kan like gjerne setja kursen bakover i vomma som alle andre retningar. Oryxen splintrar seg ikkje på same måten. Blesbok og stenbok på moderate hald vart det også etande slakt av. Ein heldig bekjent og jaktkamerat (heldig fordi han har Nokon til å lada patroner for seg) har tilsvarande erfaringar sjølv om farten på kula er litt større. Fine slakt i åravis, finare di lengre hald viss alt anna er nokonlunde samanliknbart. Han har og sett blesbok, stenbok og vlakvark gå rett ned i smellen. Han skaut ein sjakal og, men den bar sterkt preg av å ha vorte skoten. Min konklusjon er at Oryxkula er god i 3006-fart. Viss eg monterer 300 Dakotapipa mi igjen så vil eg nok velja meg ei anna kula.
  10. Pipa mi er ca. 17,5mm i tuten og ca. 20mm der ho kjem ut av forskjeftet. Då er det godt med kjøt rundt ho. Dette er som sagt ein varmintstokk, jaktstokken er meir vesal i forskjeftet.
  11. Eg har ein lang ADL i ein slik varmintstokk. Stokken er veldig stiv og god. Det breie forskjeftet er godt å halda i, dessutan ligg det godt på sandsekker eller kva du måtte leggja det på. Kammen er omtrent så høg han kan bli utan at bolten tek i. Rafdal legg på eit slags knudrete nøkken-belegg under lakken så han blir etter måten god å halda i. Noko sleip blir han med blod eller vatn på hendene. Viss du opplever det som eit problem så diskuter gummibelegg med han. Stokken min har utfylling i handflata, såkalla palm swell (palmebølgje?). Denne trur eg det er Rafdalen som legg på, og den passar meg ypparleg. Prisen er ikkje klasse med dei rimelegaste, men dette er den delen av rifla eg er aller mest fornøgd med.
  12. Eg fyrer og med 43 grs N-140 under 180 Oryx. I rifla mi er det fullt forsvarleg arbeidstrykk. Tre skot under tropisk sol (36 grader i skuggen, og eg var slett ikkje i skuggen) gav ingen spesielle trykkteikn. Men det er mi rifla og min kruttlott. Begynn noko under. Kunne du lirka ut av kompisen din om det er nokon spesiell grunn til at han fyrer av slike ladningar med Fed 215? Det gjer eg og med rp15, AA8700 osv, men i 308 Win?
  13. Gladmelding til deg! Eg har ladd for tre forskjellige 3006ar. Etter min erfaring er denne typen kuler nokså lettdrivne, dvs. dei skaper sjeldan trykkproblem. Dette gjer at ein del ladebøker oppgir data berre for kulevekter, ikkje sortert på kva type kula det er snakk om. Du kan trygt bruka startladningar for 180 grs kuler av alminneleg konstruksjon. Kva krutt og hylser hadde du i tankane? Viss ikkje hylsene dine er særleg tyngre enn 180-190 grs så er det mange som anbefaler å begynna i området 55 grs med N-160 og ei standardhetta. Så kan du auka gradvis til 57 grs viss du ikkje får trykkteikn. Skal ein anbefala noko meir konkret enn dette må ein vita meir om dei andre komponentane dine og kva slags rifla det er snakk om, kor flink du er å bli kvitt mantelbelegg osv. Men dette er det eg har brukt med forskjellige 180-grainarar, inkludert Oryx, og som Vihtavuori anbefaler i boka si. Ha gjerne halvannan millimeter friflukt. Lykke til!
  14. rp15oryx

    Nytt medlem

    Hei alle! Eg er litt ny her, men eg tenkte eg kunne prøva å gjera litt nytte for meg før eg begynte å spørja og grava om umogelege ting (ska sjøpe sallångriffele eller en sånn dærre pompehaggele vilken er qulest og best.) Så då hadde eg tenkt å hjelpa ein stakkar som spurde om "kva skal eg ha oppi 3006-patronene mine..." og som ingen andre såg ut til å bry seg om. The best laid plans of mice and men - slik gjekk det: Vart det brått og uventa ein for mange då eg logga meg på?
  15. Det heiter scoring gauge. Mange nettbutikkar har. Eitt av dei større merka er Champion. Men Landrø har til kr 140 pr. stk. Trur neppe du sparer så heise viss det er berre nokre få du skal ha. Men du gjer som du vil...
  16. Eg ladar denne kombinasjonen til ein heldig bekjent som har brukt han nokre år på hjort og nokre få av dyrene i Afrika (og alt de har å gjøre). Eg slepper 57 grains oppi. Trykket er bedømt som litt under maks med rifla hans og Norma hylser eller tilsvarande, dvs. Sellier og Bellot. Fem skot avfyrt med 35-37 grader i skuggen, og rifla hadde vore mange timar i sola. Ingen teikn til overtrykk. Kan godt henda at du kan sleppa meir krutt oppi og få meir fart før trykket blir for høgt. Men utifrå korleis Oryxen oppfører seg på kort hald med denne ladningen så tykkjer eg farten er høg nok.
  17. rp15oryx

    Krymping

    Kor mykje djupare blir kula sett, då? Eit par tidels millimeter kan passa med Fulmen sin forklaring. Er det meir enn det?
  18. God tur! Limpopo - heilt oppe ved elva?
  19. Jeg har kanskje landets tyngste Model Seven, men har lettet den på ett punkt. Ryggen på hevarmen er for tykk og har lett for å ta i okularet på kikkerten. Ved å ta av litt gods på hevarmen har du nok klaring selv til Leupold Super Low ringer. Dette gjelder vel å merke med Leupoldkikkerter, som har slanke okularer. Den Swarovskien du nevner har noe tykkere okular. Jeg er ikke sikker på om jeg ville tatt av nok gods på hevarmen til å få denne i Super Low ringer. Lykke til!
  20. Skal du berre handla patroner til Winchester M94en din? Sjå kortversjon i siste avsnitt. Du vil kanskje ha svar på det andre du spør om og. Det er litt meir omfattande. I følgje Ladeboken så er forskjellen på CIP og SAAMI mest at CIP i hovudsak brukar forbora hylser og stukningssylindrar medan SAAMI brukar både den metoden og piezoelektriske strekklappar. Likevel ser ein i Vihtavuori si bok (3. utg., 2000) oppgåver for Max. CIP piezo pressure. Trykkverdiar målt med den eine metoden kan ikkje utan vidare samanliknast med kvarandre. Dessutan ser ein somme tider at amerikanske kruttprodusentar oppgir PSI for somme patroner og CUP for andre. Eg er sikker på at eg har ein gammal Hodgdon ladetabell der det er oppgitt somme ladningar i PSI og andre ladningar i CUP sjølv for same kaliber. I Europa brukar ein vel mest Bar og MPa no til dags. No spelar det eigentleg ingen rolle, anna enn at ein kan konkludera frå Vihtavuori si bok at forskjellige Weatherbypatroner er oppgitt til eit høgt trykk, medan 30-30 Winchester er oppgitt til eit nokså moderat trykk. 30-30 Imp. Ackley er eit navn som førekjem i lister over customdier. I slike lister hender det at det finst såkalla improvedversjonar av patroner med ulike skuldervinklar, eller patroner som er "improva" i fleire forskjellige grader. Difor skriv ein Imp. først, og så måten patrona er "improva" på. Viss du googlar etter meir informasjon så kan du bruka søkestrengen 30-30 AI. Til vanleg (i den grad ho er vanleg) kallar me patrona tredve-tredve Ackley Improved. Eg trur neppe du har eit slikt kammer i geværet ditt. Viss du har det så ser du det på at tomhylsene ser nokså annleis ut i skuldra og halsen samanlikna med før du skaut dei. Dei vil verta større, og det er nettopp det som er poenget med Improved-patroner. Viss det skulle henda at du har Improved-kammer, noko eg kan vedda eit heilt spekehjerta imot, så kjøper du likevel vanlege 30-30-patroner. Improved-kammer er laga for at du skal kunna skyta standard kjøpepatroner i dei. Kjært barn har mange navn. Dei fleste skriv 30-30 Winchester, men då patronen kom på marknaden i 1895 heitte ho 30 Winchester Center Fire. Somme, til og med velkjende ekspertar som Frank C. Barnes (COTW), hevdar at patronen heiter 7,62x51R her i Europa. Dette navnet har eg aldri sett anna enn i parantes. Viss du står i butikken og skal handla til Winchesteren din kjem du sikkert lengst med å sei tredve-tredve.
  21. 51 amerikanske pesetas for Handloader i to år, det er vel tolv blad som skal komma i posten då. Har styrt meg i alle år, men når eg såg desse innlegga blei det berre til at eg bestilte. Takk skal de, ha medKammeratar!
×
×
  • Create New...