Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Alle kjenner vel ein vennlegsinna bonde. Flott at du er der og hjelper meg i mi vankunna. Som etnisk (ikkjepraktiserande) sauabonde vaks eg opp med maursyra, silosalt og diverse ugrasmiddel som er kjempeforbodne no, så har eg litt respekt for aggressive stoff. Men det ser ut som det bør gå an å blanda blåneringssalt sjølv. Kor vanskeleg kan det vera, det er jo berre salt og soda Gjer du det, Erlend?
  2. Stemmer det at natriumhydroksyd er det same som kaustisk soda a la trekilos Biltemaspann til ein overkommeleg penge? Og at med K/NaNO3 meiner ein anten kaliumnitrat eller natriumnitrat? Og kaliumnitrat, er det ikkje det ein får i gjødningssekker frå Yara som heiter Krista-K? Forøvrig ein kvalitetstråd som eg håpar eg ikkje rotar til no.
  3. rp15oryx

    Smith model10

    Ligg visst ein hjå Winge.
  4. Men for meg som ikkje er ferdig med røykekassen min då? Går det bra å ha laksen i frysen og røyka etterpå?
  5. Kva modell er det? Til dei fleste Vertex og Yaesu finst det pakkar med kabel og programvare for ein god hundrelapp. Då får du full kontroll på radioen. Med den kontrollen følgjer det og med eit ansvar for ikkje å senda på frekvensar der du ikkje har noko å gjera, men det veit du sikkert om.
  6. Få tak i manual, programvare og kabel. Det er slikt du vil ønskja å ha uansett. Brukarnavnet som poppar opp er det minste problemet.
  7. Jepp, same firma som Yaesu no til dags. Topp kvalitet, solide som traktorreiskap. Korleis det?
  8. Smalkjefta øks på ein god hoggestabbe. Best med eit lag plastposar på stabben, så får du ikkje fliser i kjøtet.
  9. Eg og likar min M24, 30-30, går overraskande godt med somme kuler. Dristar meg frampå med ein pm til deg TorB.
  10. Har du prøvd fleire øyrebøylar? Alle er ikkje like gode.
  11. Det finst ein del falske Icomar på nettet. Viss prisen er for god til å vera sann, så er han sikkert det og. Radioane kan vera brukbare, men det er forskjell på brukbart og Icom. Nokre kinaradioar har slurvete laga hol gjennom kabinettet til mikrofonen. Dette let seg opna viss du er forsiktig. Det finst tips på Youtube til korleis du fiksar dette. Ein anna løysning er å bruka bøylepropp med mikrofon i lag med sendeknapp midt på ledningen. Dei går for 5-6 dollar på ebay eller 409shop. Eg har brukt ein slik på Icomen og Yaesuane mine i mange år. Særleg den eine som eg har hatt på ein Yaesu har fått køyrt seg mange år på krevande jakt. Lyden er god både ut og inn. Då slepp du å operera den falske Icomen din. Kanskje lurt å kjøpa to, så er du meir sikker på at noko virkar. QC er ikkje så god som hjå Kensucocom.
  12. TYT og andre kinaradioar har mange fellestrekk. Kva TYT er det snakk om? Fekk nett eit par Baofeng UV-5 i posten. Desse ser ut som dei kjem ut av samme samlebåndet som TYT TH-F8, sjølv om UV-5ane er dual band. Begge var CE-merka, slik som Wouxunen eg har frå før (og som har vist seg å vera ein god radio). Eg har inntrykk av at mange 4-5 watts kinaradioar brukar samme chippar og kretsar, men varierer litt i display, menyoppsett, innpakning (plasthus, heatsink etc.) og periferiutstyr. Dei er stort sett laga for proffmarknaden, men blir selde som vidopne amatørradioar. Ulempa er at dei er knotete å programmera. På dei to nye mine må eg inn i ein meny for å skifta mellom høg og låg utgangseffekt, ein klar ulempe. Viss du berre har perifer interesse for radio så vil eg anbefala eitt av dei store merka. Dei er mykje enklare å bruka og kvaliteten og eigenskapene vil ikkje gi deg nokon overraskingar.
  13. Men du kan og la vera. Det er veldig omdiskutert kor mykje det har å sei. Sjølv rensar eg sjeldan hettelommer. Det er berre på jaktpatroner med hylser som har gått nokre skot. I staden for dyrt kvasispesialverktøy kan du og ta ein flat skrutrekkarbits og fila ned til 5,2 mm. Set han i eit batteriskrujarn og kos deg. Sjølv brukar eg Lee sin hettelommerensar sidan eg fekk han på kjøpet med noko anna.
  14. Fann ikkje noko slikt eg heller. Og det er irriterande å ikkje finna ut slikt. Men dette er ein proffradio der mange funksjonar må programmerast med computer og ledning. Radioen har ein batterisparefunksjon slik som den andre radioen din. Men det er ikkje noko i manualen som visar korleis du endrar på han. Viss det var min radio så hadde eg nok teke sjansen på å prøva forskjellige icomtrikseknappar ved poweron for å komma i set mode menyen for å sjå etter fleire parameter. Det beste er nok å krypa til korset og spørja leverandøren. Eg tippar det er noko som er feilprogrammert, ein høyrer sjeldan om Icomar og dei tre andre store som det er noko direkte feil med frå fabrikken.
  15. Du finn manual td. på Icomuk.co.uk. Powersave ligg i initial set mode-menyen. Du held inne både oppover og nedoverpil medan du skrur radioen på. Så kjem du til powersave med piltastane. Bruk volumknappen for å skifta mellom alternative powersave presets. Trykk enter for å lagra settingen. Elles held du jo til midt i Norges radiosmørauga med landets kanskje mest kompetente butikk og eit yrande radioamatørmiljø. Sjekk la6f.com og ta gjerne kontakt med nokon der. Radioamatørar likar veldig godt å få briljera med kunnskapar, særleg når dei får høve til å hjelpa folk. Edit eg ser denne radioen har squelch delay og. Prøv å set den på short. Eg mistenkjer at det er den som er syndaren på denne radioen, men eg har ikkje denne typen Icom sjølv. Vil gjerne at du fortel om resultatet.
  16. Lanolin høyrest flott ut for meg som er etnisk sauabonde. Apotekvare?
  17. Motorolje. Pleier å ta den "beste" eg tlfeldigvis har i garasjen, utan at eg merkar forskjell. Luktar lite, smører meir enn bra nok, og held lenge. Eg har han på små pipetteflasker som ein kjøper på apoteket. Ulempa er at flaskene er glas, men dei er forholdsvis solide.
  18. For å få litt meir både ut og inn av antenna di så kan du og prøva eit gammalt triks: ein tigerhale. Det er ein ledningsstump på ei kvart bølgjelengde. Lengda er ikkje så kritisk, men så nokonlunde 50 cm på jaktfrekvensane. Eine enden avisolerer du tre-fire cm. Denne delen viklar du rundt antennekoblingen utanpå gjengene viss du har sma-kontakt, eller du festar han i antennefoten viss du har BNC. Då blir dette ein slags jordplanradial, som kvartbølgjeantenner treng for å virka etter hensikten. Ja, eg har testa. Ja, det virkar, ikkje noko mirakuløst, men det hjelper litt og kostar ingenting.
  19. Litt einig i det. Lee har dier og. Men tyskarane, bygde ikkje dei om slike Steyrar til 7,92 og? Var den ombyggingen like omfattande?
  20. Jugoslavane bygde om ein del slike til 8x57IS. Kansje litt mindre uhistorisk å snoka opp ei slik Kragujevac-pipa?
  21. Trekk kula, så ser du. Ho skal sitja som limt fast. Er det svart lim berre i halsen og berre nokre restar på kula så kan det vera snakk om ei sivilt modifisert NM60.
  22. Er ikkje dette den moderne varianten av blåfisen, då? Den som me skaut i tolvsjuen, på finerplater hengande i wiretrekk? Kortholdspatroner skyt ut ei plastkula, ja. Eska er merka med åtvaring.
×
×
  • Create New...