Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Skal ikke skryte på meg noe slikt, men: det finnes noen ladninger i den mest interessante ladeboken jeg har lest hittil. Det er Ladeboken utgave 2, den med rød rygg. Men den har du sikkert sett?
  2. Ja, men det er ikkje tilt trådstartar er ute etter. Han vil berre ha kikkerten nokonlunde i senter. No er det ikkje berre utsida av låskassen som har noko å seie. Veit du kven som har bytt pipa og retta kassen? Kunne du snakka med han? Eitt MOA er forresten eit bogeminutt, ein vinkel som opnar seg til omtrent ein tomme på hundre yards. 20 MOA er 80 klikk på ein vanleg, amerikansk kikkert. Det finst gode trådar her inne som forklarar om unnabakkeskinner og MOA og vela lange hold.
  3. Slike finst i alle fall ikkje i listene. Men ikkje alle 700ar er rett maskinerte frå fabrikken. Du kan godt ha ein låskassehals eller bru med mot-eller unnabakke. Viss ikkje kikkerten peikar i nærleiken når klikka er omtrent i senter, så står han sikkert i spenn og. Dette er slikt som drep sikte, til og med dyre sikte kan daua av slikt. Er det vanleg QR med to basar du har? Ta av kikkerten med ringane. Legg ein stållinjar eller noko du kan bruka som rettholdt oppå basane. Då ser du om det er nokonlunde i lodd og vater. Bruk gjerne skaftet på eit skyvelær. Viss det er vinkel eller høgdeforskjell på basane så vil ein god børsemakar setja fila i låskassen. Nokre vil foreslå å shimsa opp under basane, og det vil vera billegare. Men eg likar ikkje heilt tanken på shims her. Viss rifla er kjøpt ny, så er det eigentleg reklamasjonsgrunnlag.
  4. Denne gangen var det i alle fall ikkje berre meg!
  5. Det beste er å bruka truverdige ladedata utvikla for akkurat den kula du har. Det nest beste er å starta lågt og følgja med på hastigheiter og trykkringane. Det er ikkje berre lengda på kula som har betydning. Kuler med lang bereflate, td. Naturalis, gir som regel meir trykk enn dei med kortare bereflate, td. LockBase. Kuler med delevegg (Partition) kan gi høgare trykk, og dei med ekstra solid delevegg (A-Frame) kan gi endå høgare trykk, men ikkje alltid. Forskjellane er ikkje alltid så store eller merkbare. Homogene kuler er vel dei som pleier å gi høgast trykk for vekta, men ikkje alltid. Viss kulene er så lange at dei stikk godt nedi hylsa, samtidig som du har bruk for plassen til krutt, så kan det bli høgare trykk, men ikkje alltid. Alt dette står veldig godt forklart i Ladeboken. Har du kontroll på trykkringane dine?
  6. Det er min erfaring og. Det vesle eg har ladd og skote 7mm-08 har eg pressa ned Norma og Sellier og Bellot, men eg har no ladd nokre andre kaliber og. Normahylser sprikk i halsen dei og. Litt oppskrytte, kanskje? Eg hadde aldri funne på å betala for slike hylser så lenge eg kan pressa ned gratis 308-hylser. Viss den tynne og korte Sevenpipa mi hadde gått ekstremt godt så hadde eg kanskje kjøpt hylser for å begynna på scratch. Då hadde det vorte Lapua, men ikkje for einkvar pris.
  7. Kjøpte stokken av Jaktdepotet, fekk ein børsemakar til å leggja mauseren min oppi i lag med eit Timney med skyvesikring. . Han var veldig optimist på jobben først, men så høyrde eg ikkje noko på ei stund. Til slutt kom det fram at det var litt større forskjell på Zastava og M98 enn han hadde rekna med. Det tok tid, men jobben blei bra nok. Eg trur ikkje Zastavastokk er den beste måten å gjera det på viss du skal ha ein Kimber eller noko anna oppi. Då har eg meir tru på å få børsemakaren til å høvla og saga ned den stokken som følgjer med. Elles er det fleire her på forumet som har handla med Richards Microfit Riflestocks. Sjå http://www.rifle-stocks.com/" target="_blank
  8. Diesett bestilt? Kan du ikke bare lade med 356-settet og en standard hylseholder som du sikkert har fra før? De utvendige dimensjoner er så like som de kan bli. Har pipe i 300 Dakota. Ypperlig patron, lett å utvikle gode ladninger. Mater ikke i Rem 700 ADL. Burde hatt 300 WinMag i stedet, eller 300 HH. Ytelsen er den samme, og de mater i denne kassen. Det er dyrt å være moderne, og ikke alltid særlig praktisk.
  9. Eg fekk i alle fall kjøpt ein laus Zastavastokk for nokre år sidan, ein børsemakar meinte det skulle gå greitt å få ein mauser oppi ein slik. Etterpå angra han, for det var visst ein del arbeid. Sjekk med fagfolk om det er plass til den låsen du vil ha før du kjøper. Dei småkassane der er små.
  10. Når bileta kjem så vil du sjå at det er stor forskjell på dei eldre og dei nyare M24ane. Dei nyare er tyngre og meir klumpete, og ikkje langt på nær så fint laga. Men likevel fascinerande og ein rimeleg inngangsbillett til kombiverden. Dei finst på bruktmarknaden i Europa for ein rimeleg penge, dei var relativt rimeleg ein gong i tida. Den siste nyprisen eg såg på desse var over 800 amerikanske pesetas. Det er dei neppe verd.
  11. Skytterlagskrutt: Bambi sin tråd, svarar på dei fleste grunnleggjande spørsmål om kva krutt ein skal bruka. viewtopic.php?f=17&t=3234&hilit=skytterlagskrutt
  12. Det er ingen grunn til å høyra på ubegrunna dommedagsprofeti. Ingen krutt, om dei er aldri så gamle, har slike magisk destruktive eigenskaper at dei sprengjer ein mauser viss du ladar patroner sjølv, medan fabrikkladde patroner med same kruttet går heilt fint. Det får vera måte på paranoia. Du må no ha skote ein god del viss du har to kilo krutt berre utav dei patronene som har klikka? Du må ha hatt ein heil del patroner av same lotten. Er det meir igjen av mauserløpet ditt? Dette kruttet skal visst vera nokså friskt med tanke på utbrenning i presskonen. Kunne eg spurt deg så pent eg kan om å testa kor mykje friflukt du har med vanlege spisskuler? Viss alt kruttet kjem frå same patronlotten, og kruttet luktar godt, og det ikkje er teikn til nedbryting eller gassing, så ser eg ikkje nokon store problem med å lada det i patroner som det er laga for. Mitt råd er likevel å brenna kruttet på ein kreativt kontrollert utagerande måte, og heller lada patroner med skyttarlagskrutt. Eg brukte mest N-140, men og litt NC-96M, då eg hadde 7,92. Søk opp ein av dei gode trådane om skyttarlagskrutt her: viewtopic.php?f=17&t=3234 Legg og merke til Per-S sitt innlegg litt nede på side ein i tråden. Der er han inne litt på bladkrutt sine eigenskaper.
  13. Denne er historisk. Har aldri sett en pistol som har fått så stygg medfart i Våpenjournalen noen sinne. Braathen var nådeløs mot denne.
  14. H&R Reising hadde vel også fast løp, og et etter mitt syn genialt enkelt låsesystem basert på et sluttstykke som vippet aldri så lite ned i bakkant før det ble skjøvet bakover?
  15. Dei er vortne dyre no, tykkjer eg. Tynne i tuten er dei og, reknar med at lottane mine kjem til å sprikka i tur og orden snart. Eg fyrer forsiktig når eg kan, og krympar minst mogeleg. Moropatroner ladar eg med revolvarkuler og N-110 i ekspanderte 308-hylser (ja, eg veit det ikkje er anbefalt). Funksjonering er ikkje perfekt, men god nok til billeg trening. Uansett vil eg få bruk for nye hylser i løpet av vinteren. Forslag til sourcing av hylser?
  16. rp15oryx

    Ølbrygging

    Er det oppgitt nokon AA% eller type på apotekhumlene?
  17. rp15oryx

    Ølbrygging

    Der var det godt utvalg. Prisene pr lbs helt ned på 8 dollar er fristende. Har du forsøkt å handle fra denne produsenten? Vet du hva tollsatsen er på slikt? Freshops seier på mail at eg kan få eitt pund kvar av Cascade, Amarillo og Zeus/Columbus for $56,80. Så kjem flyfrakt på $31,80 på toppen. På totalsummen kjem sannsynlegvis moms i tillegg. Då er me komne oppunder femtilappen for 100 g. Det er det same som Maltbua tek for Challenger og Centennial. Skal ein ha store mengder Amarillo eller Cascade så kan det vel vera noko å spara. Førebels vil eg heller betala litt meir i Haugsvik enn å spara nokre tiarar på eigenimport. Edit: Tollsatsen er 0,08% på heile humler, 4,5% viss dei er pressa i pellets, sjå http://www.toll.no/templates_TAD/Tolltariffen/Chapter.aspx?id=183932&epslanguage=no&bk=12.10#12.10 Trur neppe dette blir inndrive for små kvanta. Momsen er 25% uansett.
  18. Den klassiske remingtonringen. Så lenge den bare er blank, og ikke forhøyet, kan den like gjerne komme av fett og dritt i kammeret som noe annet. Da får hylsa litt rennafart mot støtbunnen. Jeg pleier ikke å bry meg om slike. Forresten så bør vel nå myten om at normahylser har så mye mer volum og mye lavere vekt enn andre, være grundig Busted.
  19. I år mista eg ei hylsa, ei eingongsskoten S&B i 308, langt betre enn ryktet vil ha det til. Nett passeleg pressa, trimma, avgrada og stelt. Rett i snøen gjekk ho, når bukken ikkje datt i smellen. Då hjelper det ikkje at eg har tromla ho i timasvis, og gått med ho i bukselommen på den nyaste dongeribuksa for å få den siste finglansen. Men eg veit akkurat korhen ho ligg. Berre snøen blir vekke. Det er seks timar å køyra, men prinsipp er prinsipp. Eg kan ikkje berre forlata henne etter alt me har hatt saman. Ein har tross alt eit ansvar. Kanskje stålhylser og plukkmagnet er noko å tenkja på?
  20. rp15oryx

    Leupold STD ringer

    Leupold hadde før ein slags Java-app som dei kalla Mount Selector. Den har eg ikkje funne i det siste. Det er uansett eit faktum at Leupold tek seg gode marginar så du ikkje slepp opp for klaring. Mitt tips er at du ikkje høyrer berre på dei når du kjøper ringar. Til ein Winchester M/70 med Vari-X lll 2,5-8x36 rår dei til å bruka Low ringar, til tross for at du har rikeleg klaring med Super Low ringar. Det same gjeld viss du monterer den minste Swarovskien. Snakk helst med nokon som har same kombinasjon av rifla og kikkert som du ser for deg. Det nest beste er å snakka med ein erfarne børsemakar. Med kikkertobjektiv under 40mm er det ikkje sikkert at det er objektivet som begrensar ringhøgda, men heller klaringen mellom okularet og hevarmen. Viss det berre er noko lite som skiljer, så går det fint å fila litt på ryggjen på hevarmen og blånera opp igjen. Eg har opplevd at eg skyt betre (litt mindre dårleg) på raske, ståande skot viss kikkerten kjem litt nedpå. Kva rifla og kikkert er det du tenkjer på?
  21. Er det rett å mistenka at desse mauserane ikkje har vore skotne med på ein del år? I så fall ville eg sett grundig etter at jarnet ligg godt i stokken, særleg bak med tangen. Der sprikk dei lett når treverket krympar og rekylen gir jarnet rennafart mot treverket. Når det gjeld krymp ville eg ikkje satsa mykje på at RCBS sine settedier gjer nokon god jobb. Det har dei ikkje gjort for meg verken i S-kaliberet eller andre kaliber. Eg ville kosta på meg ei Lee Factory Crimp i alle fall. Men fortel i alle fall om opplevingane dine her i tråden!
  22. rp15oryx

    Ølbrygging

    Har ikkje handla slikt anna enn frå Maltbua. Det kjem moms i tillegg på både frakt og varer viss deklarasjonen fortel om ein verdi på over 200 kroner. Ein mail gir sikkert svar på kva frakt dei foreslår. På den andre sida kan det vera verd nokre kroner å få prøvd nokre av monsterhumlene deira, med 17,9% AA Columbus så kan ein kanskje ha litt mindre i enn med tafatte EKG. Spreke saker.
  23. rp15oryx

    Ølbrygging

    Hopsdirect.com http://www.hopsdirect.com/hops/leafhops.html
  24. Har ikkje ladd med akkurat denne kula, men ho har no fasong og eigenskaper som mange andre 180-grainarar. Eg har ladd 3006 med N-160 i nokså mange andre variantar, og aldri vorte overraska. 81mm er forholdsvis kort til heimeladd 3006 å vera. Viss du veit at du har nok friflukt kan du setja kula eit par millimeter lengre ut. Då blir det betre plass til kruttet. Men så lite kompresjon som det her er snakk om er ikkje noko problem. Veit forresten Quickloaden din kor stort volum du har i hylsene dine, eller gjetter du? Ikkje at det spelar så heise stor rolle, dei RP-hylsene eg har vore borti i vanlege kaliber har hatt volum omtrent som Norma, nokre har hatt litt meir.
  25. Er det ein sivil M98 det er snakk om? Hylsene kan sikkert brukast, men eg trur du vil få dårleg hold på kulene viss du ikkje trimmar ned diameteren på ekspanderen. Lee dier pleier å vera trange i halsen, eg ville kjøpt det. N-140 toler bra at du reduserer ladningane ein del. Mine erfaringar er frå S-patrona, men eg vil tru det går fint å redusera S-ladningar for rifla di med 10%. Eg ville ha testa, td. med ein kulehammar, at kulene får nokonlunde skikkeleg hold i hylsehalsen. Er det noko som gjer at du må ha maksimalt med hastigheit i desse patronene? Viss det er den vanlege S&B-blyspissen med Scharfrand og ein heil kladd med bly som stikk ut, slik som for S-kula, så ville eg ikkje ladd så heise hardt. Først fordi denne konstruksjonen ekspanderer friskt nok og vel så det i moderate hastigheiter, og dessutan fordi blykjernen har lett for å sleppa. Kløyv ei kula så ser du kva eg meiner. S&B hylser er mjuke og strekkjer seg lett, eg har sett dei krabba over to tideler på ein smell i eit romsleg kammer. Viss du berre skal skyta på skiver så er min erfaring at pappen dauar av svært så moderate ladningar. Men dette er no berre mine nattlege tankar om gamle våpen og obskure patroner. Du kan og velja å gå ut hardt, og så auka på. Uansett hadde det vore greitt å høyra om du får ladd gode patroner med IS-dier. I-dier kostar, og kan vera tricky å få tak i.
×
×
  • Create New...