Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Brukte Frontier 158 grs JHP av den svært lettmantla typen til å fireforma nokre 338 til 358 NM for nokre år sidan. N-140 var det raskaste kruttet eg hadde for handa, så slik blei det, i overraskande store dosar for å få forma hylsene fullstendig. Presisjonen var laber til elendig, men farten var ikkje noko å seie på. Viss eg hugsar rett så var farten langt over 3000 fps då ei kula splintra seg i lufta og kverka eine kronografskjermen. Prøvde desse kulene i 356 Win med N-110, laber presisjon. Har og prøvd Remington sine 158 SJHP, like dårleg. Men eg veit at andre har fått pistolkuler til å gå, så kjem nok til å prøva meir med merkevarekuler. Sidan desse kulene har BC som ein morellestein, så kan ein vel rekna med at kulebana er deretter. Men ut til 150 meter burde det det ikkje vera umogeleg å treffa brukande. Fortel gjerne kva kuler du får til å gå!
  2. http://www.vhfgroup.com/ VHF Communication har Icom jaktradio. Elles får du nok tak i viss du ringjer til Permo, www.permo.no.
  3. Er det berre eg som reagerer litt på det med 17 knepp og 18 centimeter? Har aldri høyrt om kikkertar med så grove knepp. Men så har eg ikkje drive med slikt i meir enn 25 år heller...
  4. Ikkje salta og røykte? Dei såg no gode ut, men ferske?
  5. Forskjellen mellom 6,5x55 og 308W er som regel mindre enn den forskjellen som betre treff utgjer. Når det gjeld den brå og kraftige rekylen til 3006 så er den grovt oppskrytt. Viss riflene hadde vore identiske, så hadde 3006 hatt ein kraftigare opplevd rekyl. Men 308W og 3006-rifler er ikkje identiske. 308ane er som regel lettare og har ofte kortare piper. Då vert det meir rekyl og styggare smell (sidan det kjem nærare øyra). Vidare vil ein optimalt ladd 308W frå ei lang og god pipa lett ta igjen mange fabrikkladde 3006-patroner. Etter mange år med mange patroner er eg kommen til at det er andre ting enn kaliber som avgjer kor "god" ei rifla er. Ein vakker dag kjem du nok til å velja rifla først, med alle dei eigenskapene ho skal ha, fokusera på andre ting som passform, montasjar, avtrekk, bedding etc. og så velja ei patron som passar både i rifla og til bruksområdet ditt. Av det eg har hatt som eg saknar mest, ligg 8x57IS på toppen.
  6. Det har vore sagt mykje om stål og aluminium. Det beste eg har høyrt kom frå ein modellflygar i Øystese: Aluminium er eit fan te stoff. Di laga da tao bakepolver å salt! No er det ikkje mange som giddar å bruka stålrøyr i kikkertar lenger, det er vel helst for spesielt interesserte. Td. Carl Zeiss trur eg slutta med slikt for over 15 år sidan. Eg har ein slik stål-Zeiss, men den er fråkøyrd av nyare modellar på alle område. Då har eg ikkje brukt kikkertane mine som hammar, vel å merka. Det er forresten ein praktisk forskjell: Stålkikkertar er tyngre.
  7. For mange år sidan, før eg hadde hagla sjølv, så lånte eg ein Brno sideliggjar. Denne fekk køyrt seg med all slags kreativ bruk, mest på sjødn. Eg olja grundig og ofte, og ho tok det ho fekk. Dette var i dei dagar det var lov å bruka det unevnelege metallet, kor mykje jarnhagl dess toler veit eg ikkje. Brnoar pleier å vera klumpete og uformelege, men denne hadde slank, engelsk stokk og slank og fin kasse, retteleg fin var ho. Slike Brnoar kan du komma over billeg.
  8. Mauserar har forskjellige hevarmar, alt etter kva som er gjort med dei. Sjølv med 50mm objektiv kan det henda at hevarmen begrensar kor låge ringar du kan ha. Nokre kikkertar har skikkeleg klumpete okular og, og då blir klaringen enda mindre. Når det gjeld tabellane til Leupold så ville eg ha henta ein second opinion av ein erfaren børsemakar.
  9. Tjukke regelpermar betre enn sunt bondevet? Neppe. Reglane er meir enn omfattande nok, etter mitt syn, og gode nok viss ein berre følgjer dei. Ein påminning med praktiske forslag frå forbundet er ein god ide. Alle medlemmer får jo skyttarsnytt uansett.
  10. Amerikanske patroner pleier å ha kulene lengre ut enn europeiske, velkjent problem i pistolkretsar blant dei med røyrtenger i olympisk ånd. Mange av dei som ikkje taklar td. CCI Standard særleg godt. Får du det same med Lapua/RWS/Schönebeck/Fiocchi etc?
  11. Ei slik Brnohagla hadde eg på lån ein del år for lenge sidan. Ho var med på sjødn i oktober og november, huset vart fyllt med godlukta av steikte storskarvbryst og ender. Etter at eg ramla skikkeleg utpå hjortajakta så har eg ikkje rukke noko anna. Dei få gongene eg luftar ei hagla blir det helst ei klassisk enkelløpa Beretta. Men den vakraste er nok sideliggaren av det berømte merket "Elg". Ein velbrukt, estetisk sak med engelsk skjefte, fin balanse og tynn bakelitt bak, slik at eg aldri kan lena ho opp til ein vegg.
  12. AVMELDING! Har fått eit møte flytta som eg ikkje kjem i frå. Sørgelege greier. Beklagar.
  13. Eg reknar med du har pussa løpet med sterke saker, sjekka kroninga og at det ikkje er rustgroper her og der. Min går brukbart både varm og kald, og mindre enn tre cm. på 100 meter med 168 grs Partizan holspissar framom nokre klyper med N-140. Snart skal kronografen min gjenoppstå som ein Lasarus, og då blir det eksperiment mtp. storviltkravet. Med 24" pipa bør eg ha ein sjanse. Går det ikkje, så blir det AI. Edit @Amatør: Det er ein 30-30, ja. Tykte du eg var vela offtopic no?
  14. Det trur eg ikkje. Eg har timer på trommelen min. Ofte set eg han til å gå ein time i slengen frå huset er tomt om morgonen, kjølepause eit kvarter, så ein time til osv. til eg kjem heim frå arbeid. Med gammalt mjøl oppi kan det gå nokre dagar før hylsene er reine, men i mellomtida passar dei seg sjølve. Ein sommar for nokre år sidan gløymde eg heile greia og tromla 308-hylser eit par veker på denne måten. Dei vart ikkje blanke, heller noko matte, men veldig reine på utsida og betre enn vanleg på innsida. Vekta på hylsene avslørte heller ikkje noko målbart materialtap, så du kan nok tromla i veg med freidig mot. Ps. Eg har gløymt pipa di, men skal pakka henne i morgon.
  15. Tråden der dette kom fram (nederst på side tre) held på å bli ute av syne, ute av sinn. No er det på tide å sei frå! Eg vil gjerne ha eit par kilo i N-150 og MRP-området.
  16. @Lappen og MortenGB: Butler Creek kombinerte linsedeksel og holkuttarar hjelper godt. For det første byggjer dei bakover på okularet, slik auga kjem litt nærare. For det andre er BCane skarpe og fine i kanten, slik at ein ligg betre an til eit reint, fint kutt. Godt med fall på stokken og kort augeavstand på kikkerten hjelper og. Winchester M94 med tidleg 80-talls Busenell og Butler Creek virkar heilt ypparleg. Det vart ikkje noko blodbad, men ein interessant lillafarge som eg aldri før eller sidan har sett i spegelen...
  17. Sidan Been i si tid vart utvikla for ei bøylerifla er det nok lettast å finna data for den opphavelege 46-grainaren. Speer nr. 13, td, ladar for ein Browning M92 med 24" pipa, WW hylser, CCI 400 SR, patronlengde 42 mm, med si eiga 46 grs flatnasekula. Dei fyrer med 8,3 til 9,2 grs Vihtavuori N-110. Har du mange slike bøker? Eg ville bladd litt i nokre bøker før lading viss eg var deg. Lykke til.
  18. Lopez; Utvida litt oppover mot kanten? Kan vel gå noko glattare både ut og inn då. Kva med litt tøffare fjør under under utkastaren? Æsj, no fekk eg lyst på og.
  19. Det finst kontaktinformasjon til Molde Pistolklubb på portalen (framsida). I tillegg finst Fannefjord Pistolklubb, http://www.fpk.no/. Begge skyt i same hall om vinteren, medan dei har utebane på kvar sin kant av byen i den lysare årstida. Sjølv skaut eg i Fannefjord Pistolklubb for så lenge sidan at eg fekk innvilga løyve på åtte våpen samstundes.
  20. Det er ikkje vanleg å lada så gamle hylser. Sure hetter kan ha ete opp gods frå innsida. Tida jobbar med alle materialar, og du veit ikkje kor sprø desse hylsene er vortne. Viss du i det heile teke får tak i hetter som passar, då. Kva slags våpen skal du ha patronene i?
  21. Det er berre nokre få gonger eg har prøvd både magnum og standard hetter i same ladning. Viss trykket er forholdsvis høgt i utgangspunktet, så har eg sett noko høgare trykk med magnumhetter. Det er lenge sidan eg heldt på med slikt, så eg hugsar ikkje detaljane. Norma si ladebok har ein interessant artikkel om dette. Konklusjonen er den same som i den norske Ladeboken og mange andre: Viss det er kaldt og du fyrer med saktebrennande krutt så er det best med Federal 215. Like interessant er det at Federal 210 held koken betre i kuldegrader enn CCI 250.
  22. Eg har ein monokulær 3x12 som eg kjøpte i lag med eit adapter for å kunna bruka han som booster på ein binokulær 8x42 håndkikkert. Då fekk eg 24x i det eine løpet. Tanken var å kunna telja taggar på bukkane og kjenna igjen øyremerke på skyre sauer på litt hald. I praksis blir 24x for mykje til å halda i mine skjelvande hender, det var ikkje så lenge i slengen eg orka å sjå gjennom desse greiene. Det var ikkje så mange bukkar som viste seg fram lenge nok heller, så det blei med den eine sesongen. Etter det har eg hatt den vesle kikkerten liggjande i flyet. Tre ganger forstørring er såpass at ein ser detaljar mykje betre enn berre med augene. Samtidig er det så lite at eg klarar å studera ei lita stund utan å bli svimmel. Eg brukar venstre auga, sidan eg har sterk høgredominans. Då overtek høgre auga umiddelbart viss det skulle vera operativt nødvendig. Dei få gongene eg har vore på tur utan denne vesle kikkerten har eg sakna han sterkt. Og så har eg ein Bushnell avstandsmålar. Det var ikkje mange gongene denne var med på jakt heller. Han måler avstandar greitt nok, men er ikkje noko å studera detaljar i. Dessutan mista eg interessa for å måla avstandar i det heimlege hjorteterrenget nokså fort. Linsene grensar mot optisk kriminalitet, samanlikna med det andre eg har. Andre avstandsmålarar skal visst ha rett så gode linser, så dei kan vera noko å prøva. Kanskje du får både i pose og sekk? Viss eg skulle hatt ein monokulær kikkert til jaktbruk så ville eg sett på ein kompakt riflekikkert. Dei blir produserte i mykje større seriar enn monokulære håndkikkertar, så ein kan rekna med å få ein del meir for pengane. I vurderinga høyrer det vel og med at riflekikkertar blir ein god del lengre. Kanskje du allereie har ein kompakt riflekikkert du kan ha med deg på tur og prøva?
  23. På eit anna hobbyområde som eg brukar mykje ressursar på har me eit munnhell: Er du i tvil, så er det ingen tvil. Brenn kruttet i små haugar på ein stad der ikkje noko kan ta fyr. Pass på at du får tent på i trygg avstand, det blir overraskande høg og varm flamme av ein liten krutthaug. Personleg så hadde eg ladd med kruttet på vanleg måte VISS eg var sikker på at det berre var ei hylsa med Natokrutt oppi resten, OG at alt det andre var N-150 av same lotten. Det er etter mitt syn ikkje nok forskjell på Natokrutt og N-150 til å gi skadar verken på våpen eller kroppsdeler når innblandinga er så marginal, og ladninga elles er forsvarleg. Viss du fortsatt er i tvil, så vil eg rå deg til å lesa første setningen min ein gong til.
×
×
  • Create New...