Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Eg har høyrt at det er eit dårleg teikn når linsene dett ut av kikkertsiktet. I følgje webben er det Kai ætt Norma.As som er bushnell sin representant her. Eg vil gjerne ønskja deg lykke til og at du fortel om framdrifta i prosjektet!
  2. Ekspanderen går neppe så trått at det blir problem, men du rister litt mindre i benken din viss du smører litt. Skavar mindre messing og. Flatbasekuler kan bulka hylsehalsen viss du ikkje er forsiktig. Då blir det trangt. Sjå rundt kanten på hylsehalsane dine. Krympar du? Det blir lett problem av det og. Subbemerke på kula kan komma av mange ting, td. materampa. Lettare å sjå viss du legg ut bilete. Dei fleste Lee dier er rikeleg trange nok, så kamring burde ikkje vera noko problem viss du skrur dia langt nok ned. Kamra hylsene dine før du ladde dei?
  3. Eg kan lett hjelpa deg med 375-patronene. Jobbar på holmen. Send PM.
  4. Bra kviss og flott initiativ. Sjølv om eg er einig med siste talar så synes eg initiativet fortener ein viss fagnad (bm anerkjennelse).
  5. Hm, interessant. Har samme gjæren liggjande med tanke på Hefeweizen. Det blir sagt at kveiteølgjær bidreg med mesteparten av smakane i Weissbier, delvis fordi han ikkje søkk ned, men blir hengande i brygget. Eit spennande valg, særleg til sider!
  6. Med kveiteølgjær? WB-06 eller fersk? Har han klårna av seg sjølv, eller har du brukt noko triks? Kva temperatur har du hatt han på?
  7. No er det vel og ofte slik at reglar blir laga i ein kontekst der rådande forhold blir regulerte etter det ein meiner er rimeleg rettferdig utfrå dei føresetnadene ein har i øyeblikket. Problemet ligg vel ikkje først og fremst i at omgrepet magnumpatronikkje er definert, men heller i kva slags ting det er nødvendig og hensiktsmessig å definera i eit stadig tjukkare regelverk. Dei som laga feltreglementet hadde neppe DEen i tankane. Eg kjem ikkje på nokon gode eksempel frå felt, men i bane finst det mange. På eit dommarkurs midt på nittitalet vart eg klar over at det fanst noko som heitte release trigger, og som var forbode. Samstundes vart det fortalt om ein herre som kom på den glimrande ideen å ha eit langt, smalt fjørblad stappa ned i buksa, opp langs innsida av skjorta, og ut gjennom jakkeermet. Meininga var at dette skulle hjelpa han å halda pistolen. Det vart sjølvsagt regelendring som sa noko om dette og. Sjølv om dette ikkje gjaldt feltskyting, så tykkjer eg det er det verd litt ettertanke. Eit anna eksempel på tvilsom praksis som ikkje har ført til nokon regelendring: ein ganske god skyttar på Vestlandet lappa konsekvent på streken når han fekk det til. Hensikten var å gjera det umogeleg å tolka med pluggtolk, slik at han kunne komma med platetolken sin, som veldig mange meiner gir meir. Fenomenet var så kjent at det fekk navn etter han. På stevne med mange deltakarar er det mykje å gjera for både skyteleiar og andre som har stevnet, og ikkje så lett å hugsa på alle tenkjelege forhold. Dei meir rutinerte stevneleiarane passa på at denne skyttaren fekk nytt innstikk for kvar serie. Det løyste problemet. Mitt inntrykk er at dei fleste idrettar begynnar med eit kort og ukomplisert regelverk. Utvidingar, presiseringar og stadig nye punkt kjem i mange tilfeller av at deltakarar pushar grensene for kva som blir akseptert. Eg er motstandar av alle reglar som ikkje er absolutt nødvendige. Mange vestlandsdialekter opererer med omgrepet skammavet. I Indre Sogn heiter det gjerne å hå seg. Viss eg hadde vore stevneleiar så hadde eg instruert standplassleiarane om å la ørkenpipippen skyta alt han vil viss skyttaren sa at patronene ikkje er særleg hardt ladde og ikkje nokon kan visa til andre ting som gjer det eksplisitt forbode. At hylsene er stempla magnum gjer ikkje patronene til magnumpatroner etter mitt syn. Så hadde eg satsa på at skyttarane oppdaga at det ikkje var nokon konkurransefordel med denne pistol- og patronkombinasjonen, og difor berre let det passera med litt skråblikk og skuldertrekk. Både Desert Eagle og feltskyting har eksistert ganske lenge. Når det då ikkje finst nøyaktige presiseringar på alle tenkjelege område bør me ikkje sjå på det som ein ulempe, slik eg ser det. Tvertimot, det tener alle feltskyttarar til æra at det ikkje har vore nødvendig å skjæra rettferdskaka med så skarp kniv at ein har fått endå tjukkare regelverk.
  8. Uklårt tenkt blir ofte uklårt sagt, heitte det i gamle dagar. Slik er det med lover og reglar og.
  9. Her er ein tråd om messing og temperaturar, og det er kunnskapsrike folk som skriv. Eg ser berre nokre ganske få hylser i krystallkula mi. Og 308-hylser har ikkje så enorm økonomisk verdi. Om ovnen sto på 170 så kan det vera hotspots med høgare temperatur. Eg ville høyrt på Per-S. Han kan litt om slikt han og. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=17&t=3729&start=0
  10. Ser ut som ein type blåfis, som det heitte då eg var i hærverket. RG pleier å bety Radway Green, så ho er vel engelsk, tenkjer eg.
  11. Uncle Mike's Sidekick størrelse 6. Då kan du og ha montert høgresida av eit anatomisk grep, dvs. det du har mest bruk for.
  12. Eg såg gjennom nokre Nickelsikte på slutten av nittitalet og først på nullnulltalet. Dei eg såg gjennom var god, europeisk optikk, men ikkje heilt i klasse med Zeiss. Eg jar akkurat den Zeissen du nevner. Den er god.
  13. Ta han av og rist han på langs, og høyr om det er ei linsa som har losna. Det har eg opplevd, om enn ikkje med Leupold.
  14. rp15oryx

    356 Win

    Petter: du har pm.
  15. Då blei det lettare å forstå, ja!
  16. Det kan nok henda, ja. Men i ei boltrifla?
  17. @ riflejakt; det var den nye vidunderkronografen til Kenrin eg tenkte på denne gongen.
  18. Ehem. Me har vel strengt tatt skote sund kvar vår kronograf. Korleis funka det nye vidunderet ditt, forresten?
  19. M1-karabinkassen treng vel eigentleg berre eit pipeskift for å bli fiks ferdig rettrekkar i 30US, og med sivile femskotsmagasin ser han jo riktig sivil og snill ut og. Men det var vel ikkje heilt det dei underdekka og ignorerte herrane hadde tenkt seg. Italienarane laga små karabinar med klappbajonett, reine miniatyr-carcanoar, for å læra opp smågutar til å bli rettruande fascistar. Eg er ikkje særleg god i Italianesisk, men sjåhttp://www.il91.it/il91.html Klikk på Fucile Moschetto Balilla. Nokre av desse var kamra i 25 Auto, men det var mange variantar, dei fleste for ei eller anna lauspatron. Ein slik karabin fanst i Stavanger på 90-talet, sikkert samlarregistrert forlengst. Passeleg liten boltmekanisme er det eg mest kunne tenkt meg sjølv. Gjerne i 32 Acp, men gjerne og med nok gods og låsing til å takla litt meir...
  20. Men 30 US er mykje smell og stor patron. Hadde det gått an å kamra td. ein Suhl Modell 626 for 32 ACP?
  21. rp15oryx

    356 Win

    Har ikkje prøvd jaktladningar, berre tilstrekkeleg med N-110 til at det brann godt og sotfritt bak 158 grs belagde revolvarkuler. Men det burde vel vera mogeleg å lada jaktpatroner utan at trykket blir for høgt for utvida 308-hylser? Trykkstandarden er jo lågare for 356W enn 308W, og ein klarar energikravet sjølv om ein reduserer ein del på ladningen. Eg trur det største problemet ligg i utdragaren, som ein ikkje vil kunna stola på. Best å sjå på andreskotet som ein bonus viss hylsa kjem greitt ut, snarare enn noko sjølvsagt. Kanskje eg lagar meg eit plastikkverkøy til å benda ut hylser som utdragaren glipp over...
  22. rp15oryx

    356 Win

    Ta vare på dei hylsene du har som gull. Treningspatroner ladar du med utvida 308-hylser og fyrer moderat bak revolvarkuler. Utdragaren min får overraskande godt tak på dei kragelause hylsene.
  23. Ingen grunn til å lura på vekta når testlodd gir rimeleg sikkerheit.
×
×
  • Create New...