Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Dette var nyttig lesing! Eg ladde litt plinkepatroner med revolvarkuler i 356 med 308-hylser som eg drog ein 8mm ekspander over før 356 ekspanderen. Dei funka overraskande godt i 94en min, og godt nok til moroskyting, men utdragaren må av og til ha to forsøk for å få tak når tomhylsa skal ut. Til jaktbruk er det neppe godt nok, og blir sikkert verre når ein køyrer trykket opp i det jaktpatroner må ha. Headspace på skuldra, er det eigentleg ubrukeleg i dette kaliberet? Slik eg ser det er ekstraksjon den gode grunnen til å passa godt på 356-hylsene mine. Men uansett, dette var kjekt å lesa!
  2. Det kjem vel an på kammeret ditt. Eg har ikkje ladd desse kulene i 308, men dei er stive og kan nok gi noko meir trykk enn tynnmantla billegkuler. Mitt råd er å fyra moderat og ha kontroll på friflukta.
  3. Ein av dei vanlege mistenkte har førtidspensjonert Lee Loadmasteren og snopa seg ei Hornady AP til pistolpatroner. Og så får han ikkje nok gjenger ut med Lee-dier til at låsemutteren får skikkeleg tak. Så ringjer han ein mørk og stormfull aften til meg og lurer på kor langt gjengepartiet er på kalibreringsdier av andre fabrikat. Er Hornady sine kalibreringsdier med lengre gjengeparti? Nokon som har Hornadydier som orkar å ta eit mål frå botnen av dia og til øverst på gjengepartiet?
  4. Viss det er så viktig at magasinet ikkje må kunna takast ut, så er det vel råd å sveisa det fast, når me først er inne på dette med å ta gassporten? Eg likar ikkje tanken, men betre enn på sikt å måtta plombera? Dei fleste av oss har vel sett femskots magasin som vil kunna gjera USen endå meir politisk korrekt.
  5. Eg sto med same problemet for ein del år sidan. Så kom eg over ei lite brukt rustfri 6,5-pipa kamra for halvlang Weatherby. Med ein smule erfaring frå 300 Dakota med tilhøyrande hylsetilgang og prisar og forming og styr, bestemte eg at eg ikkje ville ha wby-kammeret. For å berga mest mogeleg av pipelengda vart det 264 WM. Her var hylsetilgangen noko betre, og fleire alternativ viss tilgangen tørkar opp. Men patrona er og blir temperamentsfull og eg gikk lei for fleire år sidan. Aparte patroner er moro ei stund, og for all del må du kosa deg med noko som ikkje alle andre har. Viss eg skulle gjort det om igjen no så hadde det blitt 6,5x55. Eller kanskje eg hadde strekt meg til Ackley Improved eller noko i den duren...
  6. Bl.a. Winchester sine 45ar hadde slik ei rilla, i alle fall før i tida. Men botnstempel og eventuelt dimensjonar må til for å vita kva det er.
  7. Det har nok noko å sei kor trangt hettene sit frå fabrikken. Godt hald, hardare medfart ut og meir klikk. Skaut eit titals patroner med hetter som hadde fått køyrt seg to turar i hettelomma. Alle gikk av, men lommene var halvslakke etter mange smell, og eg tok ikkje farten på skota. Eg ville ikkje teke med slike patroner på jakt. Sjå forøvrig denne tråden viewtopic.php?f=17&t=76182&hilit=Hettene#p810528 Og viss du heller vil ha nye hetter likevel, og skal avliva dei gamle: viewtopic.php?f=17&t=59220&hilit=Hettene#p645531
  8. Du MAS, eg får ikkje desse elektriske pm-greiene til å virka, får du sendt ei mailaddressa til meg? Nyknipsa bilete på gang.
  9. Det krev litt erfaring og samanlikningsgrunnlag. Ta ut hetta og sjå i hettelomma. Tre definerte segment med sot betyr som regel eingangsskotne. Viss lommene har vore rensa må du sjå etter andre merke, td. spor etter kalibrering på halsen og nederst mot basen, sot inni osv. Er du i tvil, så er det ingen tvil. La dei liggja. Hylser i kurante kaliber er ikkje så vanskelege å få tak i at du treng å ta sjansar. Snakk gjerne med erfarne hylsesnyltarar.
  10. Ikkje sjå deg tilbake, det har ingen hensikt. Folk har slakta finare ting før, det er ein vesentleg årsaksfaktor til at slike originalrifler er sjeldne. Det same gjeld klassiske bilar, motorsyklar, traktorar og motorsager. Ser ut som du har ein bra plan for å berga stumpane når skaden først er gjort. Kven brukar du til å lodda og fresa?
  11. Prøv med noko som er laga for Kenwood. Den pluggen passar dei fleste billege Kinaradioar.
  12. Som alternativ til kjemiske stridsmidlar kan du prøva å leggja ho luftig. Kjøtet turkar fort inn og dett av nesten utan motstand. Gjenstridige restar tek du for hand.
  13. Tillet meg å spora litt sidelengs, kva antenner brukar du til all round? Ein- og tobands? Skifter du mellom amatør og jaktantenner?
  14. Eg og hadde to stykker, tenkt som reserveradioar på jakt og til å ha slengande i bilen og boksen bak på knallerten til amatørbruk. Dei funkar heilt greitt og rekkevidda er omtrent den samme som dyre radioar viss antenna er den samme. Eg kjøpte ikkje kabel, for eg pleier å klara å leggja inn frekvensar via tastaturet. Det gikk fint med Baofengane og. Litt knotete med to-frekvens repeaterkanalar, men ikkje verre enn ein ganske dyr Icom som eg og har. Sidan eg stort sett enda med å bruka dei to gamle Yaesuane mine uansett, så enda eg med å gi vekk begge Baofengane, noko eg tidvis angrar på. UV5R i sine mange versjonar har svært følsomme mottakarkretsar, noko som kan vera ein fordel, men også ein ulempe. Dei spreier ein del drit på lufta (spuriøse), men sidan sendeeffekten er låg så har det sjeldan noko å sei. Eg ville vore forsiktig med å bruka dei i bystrøk, for ein veit ikkje kven ein forstyrrar. Det beste er å læra seg å bruka minst mogeleg sendeeffekt, då forstyrrar ein minst og batteriet varer lengst. Å senda med full effekt i alle samtalar er litt som å ropa alt ein klarar, nødvendig ein sjeldan gong, men støyande for mange, og ein slit seg sjølv ut. På bygda og på fjellet kunne eg klart meg fint med ein slik radio. Viss du har litt meir interesse for desse radioane enn dei fleste så les gjerne kva denne hollendaren skriv (slapp av, det er på engelsk): https://hamgear.wordpress.com/2012/04/0 ... r-part-ii/" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank
  15. Dette er sikte med høg kvalitet som toler mykje. Billegsikte toler mindre.
  16. rp15oryx

    Hesteslakt

    Det er vel ingen som tykkjer det er tiltalande å avliva noko som helst tamdyr, men synd å berre hiva så mykje kjøt. Har sjølv typeutsjekk på hest med både tre og femtrinns girkasse og rir av og til. Ingen som vil frampå med nokre praktiske råd og tips?
  17. rp15oryx

    Hesteslakt

    No var vel dette helst ein mattråd, og ikkje ein avlivings- og nedgravingstråd. Unge dyr gir som regel best kjøt, men eldre dyr er ofte etande dei og. Viss biffar og steiker viser seg å vera seige, er det erfaringar med spekekjøt, biltong eller noko i den genren?
  18. rp15oryx

    Hesteslakt

    Store dyr, og ein god del som du ikkje vil eta. Kanskje begynna med ein plan for kva du vil gjera med det som ikkje skal i salt og frys. Resten bør vel henga litt og. Hundadagane er tradisjonelt rekna som dårlege til å henga opp kjøt og flesk. Eg kan godt bidra med knivar og talje. Du må ha høgt under bjelkane for å henga skrotten hel, kanskje like greitt å grovstykka først.
  19. Du kan shimsa mellom gjengepartiet og fulldiameterpartiet som styringen brystar mot skjerehovudet på viss du vil ha lengre hylser, eller slipa litt av stiften i enden viss du vil ha kortare hylser (dei pleier å bli rikeleg korte nok med Lee sitt utstyr).
  20. Rør inn litt frå botnen av den andre hobbyen din. Då blir det mjukare støyp og meir ekspansjon. Teoretisk blir det då mindre gjennomskyting. Obs. kammertrykket kan bli større, litt avhengig bla. av overflata i kammerhalsen, så lad forsiktig og jobb oppover som med andre ladningar. Ladningane kan sota og gassa litt. Bruk helst avtrekksvifta ved innandørsskyting.
  21. http://www.yaesu.co.uk/files/FT-60R_Ope ... Manual.pdf
  22. Eg kan godt stemma i når det gjeld Lee sitt trimmeutstyr. Hadde Forster ei stund, fekk ikkje tak i Lee i eitt kaliber. Men Lee sitt er greiare å bruka etter mitt syn. Eit par praktiske tips: Kjøp ein gradfjernar frå ein av dei andre produsentane. Lee sin er så liten og fiklete å ha i nevane. Kjøp den minste batteridrillen du får tak i. Du kjem til å ha han i eine neven ei god stund og då vil du ikkje ha ei blytung monstermaskin. Pass på når du tek gradene på innsida. Det er lett å ta for hardt i, og då blir hylsemunningen tynn og sprikk lett. Sellier og Bellot er ofte i lengste laget allereie frå begynnelsen. Trim dei alltid før du ladar, så har du alle like lange. Bonusen er at du får kikka litt ekstra på kvar hylsa og kan sortera ut viss det skulle vera noko ekstra. Det førekjem på alle fabrikat eg har vore borti, tom. Lapua og Norma. Medan hylsa likevel står i drillen kan du og bruka høvet til å dra over med ein oppvasksvamp og ta litt sot og flekker viss du tykkjer det betyr noko.
  23. Ja, det finst overgangar. Billeg: snakk med ein radioamatør du kjenner og smør med grønt under midten. Fort og greitt: Permo i Fredrikstad. Dei kan dette ut og inn. Litt meir krevande, men sannsynlegvis billegast: finn ut kva du må ha og bestill frå Austen. Best: set deg inn i greiene og finn fram komponentar og loddebolt sjølv. Overgangen heiter forøvrig BNC til SMA og finst i handelen. Hugs på at viss det er brudd i kabelen eller antennefoten, eller dårleg nok kontakt, så kan du enda med å steika effekttransistorane på radioen din. Sjekk at du har kontakt før du bålar på med fem watt i alle fall. Det går sikkert bra.
  24. Eg er einig med dei som anbefaler ei brukt ei i kurant kaliber som første rifla. Tenk litt på den første sykkelen du hadde som du hadde mykje glede av. Var det ein flettny, hardcore racingsak til førti tusen eller kva no slikt kostar? Ein rimeleg rigg til ein par tre fire tusen vil gi deg erfaring nok til å ta eit mykje meir kvalifisert valg viss du bestemmer deg for noko nytt og flott (og dyrt).
  25. Nosler, Sierra, Speer og Hornady er dei eg har brukt mest i tillegg til Ladeboken. Lee si bok har ein fin humoristisk tone, og eg likar ho veldig godt. Mange gode artiklar. Men datadelen reknar eg for den dårlegaste av alle.
×
×
  • Create New...