Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Og der vakna eg. Din heldiggris! Fortel meir! Temaet fortener vel eigentleg ein eigen tråd?
  2. rp15oryx

    Jaktradio

    Post- og Teletilsynet er Staten sitt kontrollorgan for slikt. Dei har testa nettopp ein KG-699 (atterhald om at det er den samme radioversjonen me snakkar om). Radioen får regelrett slakt i omtalen. Sjå sjølv: http://www.npt.no/teknisk/ekomutstyr/ma ... kg-699e-5w" target="_blank Synd eigentleg, for han har stort sett samme kretsane som KG-669, og den har eg brukt med velbehag som amatørradio. Eg veit og at han er godt omtykt som jaktradio, utan at eg vil ta stilling til om det er rett å bruka han til det. Men altså, slakt frå PTT.
  3. Har du hatt begge deler?
  4. Ja. Sjå nettsidene deira. Det gikk overraskande greitt.
  5. Eg fekk levert to like colletsett for tre veker sidan, eit anna kaliber rettnok, men likevel. Tok ca. seks veker frå eg bestilte. Så det går an å bestilla frå dei.
  6. Hetta kan ikkje komma for djupt. Eg var ung og nyssgjerrig ein gong og sette hetter så hardt at godset taut ut rundt hettestempelet. Dei small når dei skulle, dei og. Den erfaringen fekk eg bruk for seinare når eh skulle setja hetter i nokre 7,92 med grunne hettelommer. Vanleg vippearm i pressa hadde ikkje sjans på å få hetta djupt nok. Lee Autoprime 2, pressemontert med hettestempel på pressestempelet (ute av produksjon) gjorde susen. Hettene såg ut som dei var smurde utover, men dei virka. Ver forsiktig med hetter, men ta i det du må. Poenget er at ikkje alle hetter og hettelommer er like. Hetta må uansett flukta eller gå under kanten, elles får du problem.
  7. Dette får meir preg av langtur (ørkenvandring) enn trening. Legg ikkje ut på langtur utan trening. Les bok, så blir du klok. Ladeboken seier noko om temaet, og den boka bør du ha uansett.
  8. TS: Mykje i denne tråden er i ironi og mimremodus. Kom deg på ei sivil skytebane og spør forsiktig om det går an å rota og forsyna seg litt i hylsetønna. Då sparer du deg mykje arbeid og ein del ekstra kostnad med å få tak i berdanhetter, som er sjeldne som hønsatenner i vanlege butikkar no til dags. De andre: Når og kvar kjøpte de sist berdanhetter? Er det realistisk for vanlege folk å få ta i slikt no når alle skal ha desse nymotens boxerhettene?
  9. rp15oryx

    hydrodip

    Såg bilete i det svenske bladet. Blir det blankt uansett, eller kan ein velja matt?
  10. Tusen takk! Såg dette litt for seint, men skal lagra infoen til neste tur.
  11. Sit med ein Flensburger i kveldssola og lurer på om det finst ein våpenbutikk med krutt her? Treng N-530 eller noko slikt for full gass i 30 BR. Nokon som har noko tips?
  12. Den på Stord er ein sentralstøvsugar av industritypen.
  13. Støvsugar? Funkar bra på pistolbanen på Stord i alle fall.
  14. Såpass? Då gjorde eg nok eit røvarkjøp den gongen. Skal få stokkolje asap. Finst det lister som ein ser på nummeret kva årsmodell ein slik Beretta kan vera?
  15. rp15oryx

    .45 ACP

    Dette er etter mitt syn eit undervurdert poeng. Eg og har det slik.
  16. Det fauk opp eit lite rypekull under meg og ein kompis her om dagen då me passerte innerst i Skibotndalen her om dagen, tre-fire nautiske søraust for der vegen endar, litt innpå fjellet på nordsida.
  17. Tilstår at eg måtte klø meg litt i håve, men patrona er nevnt i ein bisetning i Ladeboken, så dei fleste bør jo då kjenna til na...
  18. Veit ikkje når det gjeld 6,5x55. Har ladd 308 og 3006 utan problem. Varer lenger enn nokre lottar med Federal og Remington eg har hatt. i 8x57IS har eg vore ute for grunne hettelommer, hettene blir veldig flate før dei fluktar med basen. I 3006 har eg vore ute for trange riller, og då går hylsene trangt inn og ut av hylseholdaren. Nokre hylser kan ha trange hettelommer, men det går heilt greitt så lenge dei er djupe nok, og ein brukar eit fornuftig hetteverktøy (Lee Autoprime ll, ute av produksjon). På banene eg har skote mest på har det vore ein god del S&B, som blir skotne av folk som ikkje ladar. Normahylser er ettertrakta, og blir tekne vare på som gull, eller snappa opp umiddelbart av ladenerdar med pukkelrygg og flakkande blikk. S&B blir forbigått med skuldertrekk, frysningar på ryggjen eller eit ansiktsuttrykk som om dei hadde trakka i hundamøk. Viss eg først skal ha meg ein pose med plukkhylser så tek eg gjerne S&B. Nokre av dei krev litt meir arbeid, men det sparer du inn på at det går fort å plukka dei. Det mest irriterande er at dei er noko mjuke, så dei kan godt ha strekt seg til overmål allereie etter fabrikksmellen. Ein annan faktor er at det er forholdsvis billege patroner det er snakk om, mykje billegare enn td. Norma og Lapua. Dette gjer S&B til eit vanleg val blant dei som skyt sine tredve motvillige pliktskot med mauseren sin. Mauserar kan godt ha romslege kammer. Ikkje alle er like ille, men kombinasjonen av romsleg kammer og trang die gir hylsestrekk. Trykkringen gir ofte ein god indikasjon på dette. Viss han er som ein tydeleg bulk, og det er han ofte, då kan du rekna med at hylsa er lang. Ladeboken seier at det pleier å gå bra å lada hylser ein gong utan å tenkja på lengda. Dei om det, og det stemmer sikkert som oftast. Eg trimmar alltid S&B hylser før eg ladar dei. La gå at Lapua og Norma er betre hylser, men S&B er brukande dei og.
  19. Ei rifla med dempar blir aldri noka skjønnheitsdronning uansett, så då blir det nok ADL-pipa som får dempar i første omgang.
  20. Det er ein Jaktfalldempar som var på tilbod. Eg hellar mest mot å få tilpassa den svarte ekstrapipa, for eg er så fornøgd med rifla slik ho er no. Men så var det det med svart i lag med rustfritt. Går det stort sett greitt? Viss det betyr noko så er begge pipene Remington originalpiper, men den svarte er ei hastig produsert ADL-pipa. Akkurat denne er nokonlunde bein i heile lengda, det er det ikkje alle som er. Eg er ikkje bekymra for kvaliteten. Det er det med svart mot rustfritt eg er usikker på.
  21. Eg bevilga meg nett ein dempar som er på veg i posten. Han skal brukast på primærrifla mi, ei rustfri model seven. Ho har litt lengre og tjukkare pipa enn originalt, og er montert i ein hurtigpipeskiftforing a la Rafdal. Problemet er at eg likar veldig godt balansen i rifla slik ho er no, og demparen vil nokså sikkert endra dette. Så har eg ei tiloverspipa som eg kan få tilpassa, men den er i svart stål. Kva meiner de? Kor lurt er det med svart pipa i eit rustfritt pipeskiftsystem?
  22. Dei riflene eg jaktar mest med ligg godt under kiloen. Det er vanskeleg nok å skyta godt ståande med lang arm og tidspress, slik dei fleste av mine skotsituasjonar er. Ingen grunn til å gjera det vanskelegare med eit unødig tungt avtrekk. Sikkert mange som er ueinige her, men mitt syn er at ein ikkje bør sjå på eit tungt avtrekk som ein ekstra sikring.
  23. Det er ein interessant erfaring du deler her. Kveiteølgjær skal jo helst ikkje flokkulera noko særleg. Sjølv har eg brukt gelatintrikset med hell når ikkje ølet vil klårna.
×
×
  • Create New...