Traff ein kjent på skytebana hin dagen. Han hadde fått bygd ei rifle i 6,5 der det kun var rekruttammo som gjekk brukbart i børsa. All annan (kjøpe- og heimeladd) ammo gav flate hetter, for høg fart med om lag 100 m/sekund målt i kronograf. Og dårleg presisjon. Samt teikn til hylsespreng. Eg rådde han til å kontakte børsemaker snarast. Nokon som har ide om kva som kan årsake slikt? Eg meiner våpenet må ha ein fysisk feil ein stad. Kanskje i kammeret (?). Viss nokon har vore borti liknande så send gjerne pm/svare her, så skal eg formidle til våpeneigaren.