Jump to content

rp15oryx

Members
  • Posts

    412
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by rp15oryx

  1. Eg kan godt ha med eit par-tre kilo i byte mot nokre timars parkeringsplass for soveposen...
  2. HP-hylser vil eg tru er Hirtenberger. Hornadyboka mi er på utlån, men Sierra-boka mi oppgir 1,275" som maks patronlengde, det blir 32,4 mm, noko som samsvarar med andre ladebøker eg har (ein god meter). Desse patronene virkar trygge på meg, medan heimeladningane dine...
  3. Eg hiv meg ikkje på sterk kritikk utan vidare. Men viss du har ladd denne kombinasjonen i desse hylsene så vil eg ikkje stå ved sidan av deg når du skyt. DESSE HYLSENE GIR EIN GOD DEL HØGARE TRYKK ENN ANDRE, og du veit ikkje kor høgt trykket ditt er i dei andre patronene heller. Har du tankar om andre forhold som bidreg til kammertrykket? Veit du kor splintane går viss du bles ut hylsa? Mitt råd er å demontera desse patronene. Begynn heller på nytt med ein prøvelott med ein startladning og jobb deg oppover. Bullseye er eitt av dei raskaste krutta ein brukar i 45. Viss du må ha høg fart er det betre med 340 eller Unique, men du må begynna med startladningar med desse krutta og. Men viss du er typen som må gjera alle erfaringar sjølv, så gjer det i det minste åleine med briller og hanskar. Skyt utan magasin så trykket har ein sjanse til å blåsa ut i brønnen.
  4. Stevens hadde i si tid eit mangfoldig utval våpen, mest hagler og salongrifler, men og rifler kamra for patroner av typen 25-35 og 30-30. Dei hadde og har mykje meir utbreiing enn at det går an å kalla dei raritetar. Billege, ja, men populære. Wikipedia har ein kort artikkel om firmaet fram til andre verdskrigen, og det er sikkert mykje meir å finna. Numrich har eit par eksploderte teikningar (heiter det eigentleg det). Er det ein Model 58 du har? Denne vart laga 12, 16 og 20 i fleire variantar. Og ja, ho skal ha magasin, ser ut som det kan vera plass til tre patroner.
  5. Meir av både ørn og ravn i terrenget vårt enn før. Før bruka eit par ravnar å sveiva over oss nokre gonger dei første jakthelgane, korp korp, før dei vart mismodige og gav opp og forsvann med nokre tynne klynk. Dei kom tilbake med ein gong det small, men to helgar på rad utan smell, så vart dei mismodige og forsvann. No er dei over oss omtrent kvar einaste helg, smell eller ikkje. Hare og orre er det vesentleg mindre av enn før.
  6. Velkommen på forumet, forresten! No er det fleire ting enn akkurat om det er ein "lett" eller "hardare" ladning som avgjer kva samlingar du får. Viss du skal lada rått og rote av hylser så vil eg no rå deg til å sortera så du har til ein prøvelott med nokonlunde like hylser. Gecohylser er noko tyngre enn amerikanske hylser, i alle fall mine, og gir litt meir trykk. Pass deg for Fiocchi-hylser. Willy Røgeberg selde slike for mange år sidan. Patronene gikk greitt nok, men hylsene (stempla GFL) er med god margin dei tyngste eg har sett, og tjukke i veggene. Eg hadde nokre .452-kuler, og med GFL-hylser kamra dei ikkje sjølv i romslege krigskammer. Speer-bøkene pleier å ha med eit velskrive kapittel om vurdering av trykk. Har du lese det? Har du kronograf? Viss du trur at pistolen din går best med full gass ladningar så vil eg no rå deg til å bruka anna krutt enn Bullseye. Sidan du har gammalt krutt og gamle bøker er det nærliggjande å tru at du har arva eller overteke noko etter vaksne folk? Kanskje det var med noko anna krutt og?
  7. Ladningen din er maks i følgje ei bok frå slutten av åttitalet. Sjølv om Hornady, merkeleg nok, oppgir hardare ladningar, er ladningen din likevel angitt som maks av Speer. Begge er rekna for å vera konservative på dei fleste ladningar, men likevel: Er du sikker på at du vil gå så hardt til verks med dei aller første patronene dine? Og er kruttet ditt nøyaktig det same som Speer og Hornady brukte den gongen (kruttet heitte Hercules den gongen)? Er hylsene dine dei same? Tyngre hylser gir høgare trykk. Patronene dine kjem sikkert ikkje til å sprenga pistolen din, men eg vil no rå deg til å vera litt meir forsiktig til du får noko erfaring, så kjem vurderingsevnen etterkvart. Edit: Eg ser Bukken har vore frampå. Du kan trygt høyra på han, det er stort sett eg som ladar 45-patroner til han!
  8. Har ladd ein del slike eg og, og er einig med Høggern. Kula har kort bereflate og kunne i mitt 3006-kammer ladast eit grain eller to hardare enn td. Sierra GK. Presisjonen var ikkje noko å skryta av i mitt løp, medan LockBase gikk som ein stråle. Har du kjøpt nye kuler? Det hender folk får kuler til overs etter å lada Natospareblyspissar. Kuler som er trekte med tang er vanskelege å treffa noko med. Dei som er trekte med trekkedie kan gå brukbart.
  9. Til høgre i Skriv nytt innlegg-ruta står det at meldingen ikkje må innehalda meir enn 60 000 teikn. Taletrengt? Ser fram til innlegget ditt...
  10. Hjortefot; Tre veker i turrsalt? Gamlefolka hadde blitt bekymra for mygl då, på eit brukbart vakse lår. Tre veker i lake, kanskje, med nokre snitt inn til beinet på det tjukkaste?
  11. Hjortelår, ca. 15 kg, kor lenge bør det liggja i saltlake? Eg fekk anbefalt fem veker, men tykte høyrdest vela lenge ut...
  12. Jmonsen; er det best å ta med gryteklart, opptina til å hiva i gryta, eller vil du koka på ditt eige og heller få noko bergfrose?
  13. Eg har "litt" optikk. Den kikkerten eg har skote suverent mest dyr med er ein 12-15 år gammal Leupold Vari-X lll 2,5-8x36. Det er vel ingen som merkar om eg endrar litt i teksten her? Tråden blir nok ikkje øydelagt for det. På den heimlege hjortejakta har ein som regel berre nokre få sekundar på seg før det anten må smella eller ein må konkludera med at her vart det for knapt. Viktigare enn optiske finurlegheiter er evnen til å finna fram i siktet. Somme sikte er sære på plassering av auga bakom okularet. Mykje av forklaringen ligg sikkert i det andre her i tråden har skrive om, men det må vera meir i det enn som så. Sikte med tilsynelatande like data på linsestorleik og forstørring kan opplevast nokså forskjellige på kor nøye ein må treffa med auga bakom. Eitt botemiddel for dette er ein stokk som hjelper til å få kjaken passeleg høgt og på same plass kvar gong. Svært få kjøperifler har ein slik stokk, dei pleier å vera altfor låge. Eit anna botemiddel er å få montert kikkerten så lågt nedpå som det går. Sjølv har eg juksa med å eta opp noko av ryggjen på hevarmen på favorittrifla mi, slik at den vesle Leupolden går i Super Low ringar. Forskjellen på vanlege Low og Super Low ringar er ikkje all verda, men eg tykkjer eg treffer merkbart betre (mindre dårleg) no. Europeisk optikk held høgare kvalitet reint optisk, men er merkbart tjukkare rundt okulara. For å få på den vesle Swarovskien, som eg eigentleg likar aller best av dei "betre" sikta mine, så må eg til med eitt hakk høgare ringar. Då tek det lengre tid å finna fram i siktet. Kanskje ein pålimt kolbekam vil kompensera, men likevel.
  14. Når ein klikkar på bilete i annonsen ser ein at det står 180 grs. på posen. Etter det er det noko som begynnar på "P" - Powerpoint? Eg ser somme har gode erfaringar med desse i forskjellige vekter, men eg trur dei kan variera ein del frå lot til lot. Dei 180 grs. Powerpointane eg har skote i papir, vått og turt annakvar, tyda på at det er snakk om splintgranatar som lagar skikkeleg kaos viss ein treffer bein. Splintane kan like godt gå bak og riva opp vomma som dei kan gå opp i ryggjen og gi knall og fall. Men det er rimelege treningskuler og drep kva som helst i eit knipetak. Sjølv har eg brukt 180 Oryx i forskjellige 30-kaliber i ein del år. Slaktet blir ikkje så pent som med td. Trophy Bonded, men dyra dett merkbart raskare ved liknande treff. Kula held saman så ein slepp splintar i tennene og opprivne vember. Årets styggaste slakt vart skote av ein jaktkamerat med Norma Elite. Ofte gjer denne kula ein glimrande jobb, mykje betre og oftare enn Dei Lærde skal ha det til. Men det blir litt splint av og til, og somme tider er det mest som ein granat som har eksplodert i sida på dyret. Slik var det denne gongen. Eg måtte nesten skrella ei halv sida. Bonda kuler av typen Oryx, CoreLokt Ultra og Interbond er ikkje så mykje dyrare. Du kan jo hjelpa kompisen din med å spleisa på ein pakke kuler, eller å selja ein halv boks til han. Femti kuler burde halda eit par sesongar.
  15. Eg trur nok dei fleste vil ha avtrekk og gjerne maska og, uansett kor ufarleg somme får det til å høyrast ut. Farleg eller ikkje, den karakteristiske, metalliske søtsmaken i halsen er ikkje til å ta feil av og kan aldri bli like helsebringande som tran. Men skulle ikkje denne tråden eigentleg handla om kaldpressing?
  16. Gjenforening i 1990, rimeleg å tru at dei skifte til berre Germany nokså kort tid etter...
  17. Eg visste ikkje om dette kruttet før nett no. Er det nokon som har prøvd det, eller som kan tenkja seg å lesa av data på flaska? Eg kjem nok til å kjøpa litt uansett, men det kan vera greitt å få i gang tankeprosessen ved hjelp av andre sine erfaringar.
  18. Det kjem an på mange faktorar, og det finst ikkje abolutte svar. Kan du tenkja deg grunnen til at ingen vil seie noko konkret om slikt? Men kjøp eller lån boka til Lee, ho vil gi deg ein del gode svar, også på ting du ikkje hadde tenkt å spørja om (slik alle gode bøker gjer).
  19. Richard Lee (han med raude, billege presser) skriv om reduserte ladningar over sju sider i boka si, Modern Reloading. Som innbarka Cheap Charlie har han lang erfaring i reduserte ladningar, særleg i 3006. Sjølv har eg berre testa ein ladning etter formelen i denne boka, men den stemte til gjengjeld over all forventning. Som ladebok i betydningen oppskriftsbok er Modern Reloading komplett ubrukeleg etter mitt syn. Men ho har så mange gode poeng og tips, blanda med gode eksempel og historiar at eg tykte ho var verd dei småpengane ho kosta likevel. Eitt av dei viktigaste poenga til Lee: Krutt som brenn så seint som N-150 og saktare egnar seg ikkje til særleg reduserte ladningar, og di saktare kruttet brenn, di meir kritisk er dette. Nettet er fullt av åtvaringar mot Secondary Explosion Effect. Mitt syn er at du bør ha ladd ein del og lese meir enn eit par ladebøker før du begynnar å lada utanom gjennomprøvde oppskrifter. Du er på ein kvit flekk på kartet, og du veit ikkje kva slags ballistiske kannibalar som lurer der. Desse råda kjem du kanskje til å sjå glatt bort frå, ung og entusiastisk som du er. I så fall får du ha lykke til!
  20. Slikt likar me! Har du tenkt på optikk og montasje? Er det noko særleg ferdigsnikra å velja mellom? Har tenkt nokre gonger på ein slik hane-Tikka sjølv.
  21. Det høyrest mindre oppsiktsvekkande ut, ja.
  22. Lærerik tråd! Eg hadde nok brukt lang tid på å komma nærare enn ei eller anna 8mm større enn 7,92. Eg visste ikkje at tyskarane ladde denne norske varianten. Veit du kva fabrikk, og omfanget av produksjonen?
  23. Viss det ikkje er 7,92, kan det vera 8x59 for Breda MG?
  24. Hm. Kort hals. Kva med 7,65x53 Mauser (belgisk/argentinsk)?
×
×
  • Create New...