Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Det er to punkt i våpenloven som verkeleg har betydning for voldskriminaliteten: 1. Ingen får ha skytevåpen utan å på førehand bli vurdert som skikka av politiet. 2. Myndigheitene veit (i allefall i teorien!) kven som eig kvart enkelt våpen. Dette motverker "lekkasje" frå lovleg innehav til kriminelle miljø. Det aller meste utover dette er dill og har vesentleg meir innverknad på sysselsettinga i byråkratiet enn på voldskriminalitet.
  2. For å ikkje snakke om tommel- og peikefinger når utstyrt med gummistrikk.
  3. Det var då veldig vagt. Meiner du at vold og truslar med skytevåpen utført av dei lovlege eigarane av desse skytevåpna er eit problem i dag?
  4. No er det på tide at Hassel kjem på bana her og forklarer oss kvifor vi krisemaksimerer. Dette lovforslaget var som forventa. Skruen er skrudd til endå eit hakk. For ein middelaldrande fis som meg har det ikkje allverdens konsekvensar, men det er lite truleg at arvestykka etter min far overlever pressa i løpet av neste generasjon.
  5. Det kan ein lett få inntrykk av når eit utal nyheitsredaksjonar skal fylle døgnet med sensasjonar og clickbaits, men realitetane er det motsette. Også her i kongeriket. At det skal bli behov for alminnelege folk å bevæpne seg er veldig lite sannsynleg i overskueleg framtid.
  6. Denne bana har benk og skilleveggar ja. Det hjelper mot naboens tomhylser, men ikkje mot dine eigne som spretter tilbake frå veggen... Så ja, skilleveggar reduserer problemet men løyser det på langt nær.
  7. Er faktisk ikkje så lenge eg las den artikkelen då eg bladde gjennom eit par gamle årgangar av Våpen, og så vidt eg huskar var konklusjonen at løpslengda hadde lite effekt på spredninga etter at choken var kappa av.
  8. Er ikkje så mykje middelalderaktig over dagens armbrøst-skyting http://www.iau-crossbow.org/en/
  9. Zeiss deler neppe denne meininga. Dei er opprekne av merkevaren sin. At det finns masse folk som kjøper Zeiss pga merket og ikkje kvalitetane er det ingen tvil om, på samme måte som at enkelte kjøper vesker med tilsvarende funksjonalitet som ein REMA-pose til Zeiss-pris. Og dette er også viktige kundar for Zeiss. At dei som kjøper kopi-Zeiss neppe ville kjøpt originalvare uansett spelar i denne samanheng liten rolle. Eksistensen av desse kopiane på skytebanene rundt om er nok til å redusere verdien av merkevaren.
  10. Det er nok ikkje kopiprodusentane åleine om. Det er mange eksempel på at velrenommerte produsentar (m.a. ein kjent amerikansk produsent av mobiltelefonar og datamaskiner) får varene sine produsert under tvilsomme tilhøve i Asia. Dette kan du nok seie om solbriller og vesker også. Skadeeffekten er først og fremst at store mengder med billige jalla-kopiar øydelegg eksklusiviteten til merket, slik at snobbar sluttar å velge Zeiss fordi dei er redde for at andre på skytebana skal tru det er kopiar.
  11. Kven trur du forsyner media med denne informasjonen? "Truet med våpenlignende gjenstand" er politiets stammespråk. Og då snakkar dei nok sjeldan om paraplyar og kamerastativ. Sjølvsagt har media null interesse for å følge opp slike artiklar med informasjon om at det var brukt softguns eller andre våpenkopiar. Og det er på sikt vårt problem. Edit: Berre for å presisere - eg meiner ikkje at ein skal innføre eit forbod mot softguns. Men eg ser heilt klart at softguns også kan vere eit problem.
  12. For vår del er problemet at våpenkopiar ligg under våpenloven, og episodar med desse havnar i samme statistikk som lovbrot med skytevåpen. Og så har du klassikeren "truet med våpenlignende gjenstand" i media, kva gjer den med menigmanns oppfatting av trusselbildet?
  13. Heilt rett, men det er ikkje alltid det er så kurant å bolte fast eit skap viss det ikkje skulle vere spikerslag der skapet nødvendigvis må stå... Kjøp eit skap på 150kg+, det er ikkje så stort. Mitt langvåpenskap er eit Duun SGS-17 (https://www.raufoss.no/no/vapenskap/item/4-duun-sgs17), det skal romme inntil 17 våpen men i praksis går det seks-sju. Det har ei grunnflate på 54x40 cm, og det er ikkje allverden sjølv i ei lita leilegheit... Høgda er ikkje meir enn den må vere for å få inn ei pumpehagle og ein Krag.
  14. Viss du trur at "stilltiande aksept" gjer ho mindre nervøs/engsteleg for skytevåpen har du ikkje mykje greie på damer... Gitt at ho faktisk har ein genuin redsel for skytevåpen så vil ein eller begge av desse tinga skje: 1. Ho vil snakke med venninnene sine om dette. Det er vel ikkje så veeeeldig stor sjanse for at herren i huset får noko meir aksept for hobbyen sin frå desse. 2. Frustrasjonen/irritasjonen/redselen vil bygge seg opp over tid, og på eit tidspunkt kjem ho til å snakke om det - høgt og lenge. Og då er hobbyen blitt eit problem i forholdet. Det er ikkje snakk om å "vinne" noko her, men respekt for kvarandre. Dersom kona har ein verkeleg redsel for skytevåpen nytter det verken å feie problemet under teppet eller "grow a pair". Når dette er ein hobby som betyr mykje for mannen, meiner eg det er sjølvsagt at begge gjer sitt for at dette skal vere bra for begge - kona skal ikkje gå rundt og engste seg og husbonden skal kunne utøve sin hobby (inklusive å pusse pistolen!) utan å kjenne på ubehaget ved å gjere noko som kona er direkte redd for. Forøvrig meiner eg ikkje at kona skal vervast som skytter, men at det kan vere fornuftig å invitere ho med ein gong slik at ho får sjå kva husbonden faktisk driv på med. Ofte skal det ikkje meir til for å fjerne både frykt og fordommar. Og som psykologen allereie har nevnt kan det vere vel anvendt tid og pengar å snakke med ein tredjeperson om dette. Merk at dette forutset at kona faktisk er redd - om det berre er snakk om smålegheit og moralisme vert saken noko anna.
  15. Dette høyrest ut som eit stussleg ekteskap.
  16. Gratulerer Neste steg blir å ta ho med på eit stevne så ho får sjå deg i aksjon. Før du veit ordet av det kan du pusse heime også. Eg forstår no kor heldig eg er som har ei kone som likar både motorsyklar og pistolskyting At det tok litt tid å få aksept for at det var nødvendig med sofa og TV i man-caven skal eg klare å leve med.
  17. Ser det er mange som antyder mangelfullt utviklar testiklar her, men eg vil heller seie at desse personane har mangefullt utvikla antenner. Slik du beskriver det virkar det som om kona di har bortimot ein fobi mot skytevåpen, og då hjelper verken argumentasjon eller press. Eg vil heller tru at dette virker mot si hensikt. Viss det er ei akseptabel løysing for deg å oppbevare skyteren utanfor heimen så snakk med politiet om det. Dersom klubben har våpenskap på bana vil eg tru at du får dispensasjon til å oppbevare der. Men for å vere ærleg vil eg tru at ei slik løysing vil vere noko som ligg og "gnager" på forholdet mellom deg og kona. Denne irrasjonelle frykta legg jo heilt unødvendige begrensingar på din livsutfoldelse og -kvalitet. Eg kan til dels forstå koner (evt. menn) som set foten ned for partnerens MC-comeback. Rustne herrar på 300+kg Harley viser att i ulykkesstatistikken. Det samme kan ein ikkje seie om skytehobbyen, som antageleg er ein av dei minst skadeutsette idrettane ein middelaldrande fyr kan bedrive. Ta fruen med til legen og forklar situasjonen. Eg vil i utgangspunktet tru at kona di vil deg alt vel, og viss det viser seg at ho faktisk har ein fobi går det an å gjere noko med denne. Evt er ho berre herskesjuk og trangsynt, i så fall vil eg på det varmaste anbefale ungkarslivet.
  18. Det er vel tvert om. Ei CCD-brikke er mykje meir følsom enn auget, og ein kan difor klare seg med eit mindre (og dermed lettare) objektiv. Okularet blir erstatta av ein skjerm som er mykje lettare enn optisk og mekanisk leamikk. Justering av sikte skjer digitalt - ingen meir tung og følsom mekanikk. Det er rom for nyttig tilleggsfunksjonalitet, t.d. avstandsmåling med tilhøyrande automatisk justering av siktepunkt. Automatisk opptak av alle skuddsituasjonar vil gi muligheit for seinare analyse, og ikkje minst vere til hjelp når ein har vore uheldig og skadeskutt. For å ikkje snakke om at prisen vil vere mykje lavare enn for eit tradisjonelt, optisk sikte. Edit: Ein annan STOR fordel med eit elektronisk sikte er at "objektiv" og "okular" ikkje lenger treng vere samme enhet. Dette kan vere to enheter, gjerne trådlaust kobla. Dette åpnar for heilt andre muligheiter når det gjeld ergonomi enn i dag. Ein kan til og med tenke seg at "okularet" sit i ei brille. Sjølve våpenet kan då utformast heilt annaleis enn i dag om ein ønskar det.
  19. Det var sikkert ein gretten gubbe som sa noko tilsvarande då buen overtok for spydet sånn ca rundt slutten av siste istid.
  20. Om du hadde lest statistikken du argumenterer mot så hadde du sett at tjuveri er ein av dei tinga som det har vore mest nedgang i. Dette er vel så langt det tynnaste argumentet i denne tråden. Det du seier er at SSB publiserer "fake" statistikk og gir den "ekte" til "politikere og politifolk". Då må eg spørre tilbake - kvifor i huleste skulle dei gjere dette? Forøvrig driter eg syltynt i anekdoter og teoretiske problemstillingar. Faktiske undersøkingar støttar ikkje under påstanden om eit meir voldeleg samfunn.
  21. At det i enkelte geografiske område kan vere behov for bevæpning skal eg ikkje sjå bort frå. Men som du seier - då må politiet vere i den umiddelbare nærleik. For den store majoriteten av befolkninga vil ikkje våpen på hofta vs våpen i bilen spele nokon som helst rolle, då politiet til einkvar tid befinner seg i bilen sin eit godt stykke unna. I tillegg er Norge eit svært fredeleg samfunn, meir fredeleg enn på mange tiår. Å sjå "taktiske" politifolk i 20-åra sprade rundt med ladd våpen på låret er rett og slett latterleg i det meste av landet vårt. Dvs eg syns eigentleg ikkje det er latterleg - ubehageleg er meir dekkande. Det er eit paradoks at det i eit fredeleg samfunn som Norge skal vere politiet som sprer utryggheit og uhygge med si bevæpning og framtoning.
  22. Levekårsundersøkinga baserer seg ikkje på anmeldelsar, men på intervju av eit representativt utval av befolkninga. Og det er ingenting der som tyder på nokon "voldsspiral". Edit: Statistikken over *anmeldelsar* viser heller ingen "voldsspiral". Kurva over anmeldte voldssaker sidan 2003 er temmeleg flat, medan anmeldte grove voldssaker går ned. https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/lovbrudda
×
×
  • Create New...