Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. joska

    Cz-Klubben

    Burde vel ha meldt meg inn litt før, då eg har hatt diverse CZ/Brno-produkt i fleire år. Det mest relevante til denne tråden er ein CZ 452 Varmint med Boyds-stokk og rimeleg BSA-kikkert. Med denne skyter eg bokstaveleg talt hol-i-hol på 50m, den beste samlinga eg har klart er ca 1mm senter-til-senter. Skaut ein del med originalstokken også, denne funka i grunnen heilt fint men då eg fekk prøve ein 455 med Boyds-stokk var valget enkelt. Elles har eg ein Brno ZKK 601 med fabrikkmontert Zeiss-kikkert. Den har mishandla stokk så Boyds-stokk er bestilt til den også. Har også ein Nikon Monarch E 2.5-10x50 på veg til den, Zeiss-kikkerten er sjarmerande (og forbausande klar og fin til å vere snart 40 år gammal) men noko dritt å skyte inn. Har også ein gammal sliter, ein CZ75 som min far kjøpte på midten av 80-talet. Den fekk påmontert justerbare sikter, og avtrekket tuna av børsemaker. Den har eg gått mange feltløyper med "i gamle dagar", men har dessverre ikkje hatt så mykje tid til å bruke den i det siste. Sist, men ikkje minst, så har eg ein CZ motorsykkel frå 1953. Ein CZ 150 med ca 5hk og ein mildt sagt patinert finish. At sykkelen i det heile tatt har overlevd fire ti-år i eit naust seier litt om kvaliteten Sykkelen er eit langtidsprosjekt og skal renoverast mekanisk. Patinaen skal derimot få vere i fred.
  2. Eg har ein 601 frå 1977 med fabrikkmontert Zeiss-kikkert. Kikkerten er klar og fin i dagslys, men ikkje spesielt eigna til mitt formål (hjortejakt). Har denne kikkerten nokon verdi? Muligens for nokon som vil komplettere ei original og fin rifle?
  3. Skulle akkurat til å seie det. På midten av 80-talet var eg på ein del MS stemner på Vestlandet, og eg huskar ein kar som skaut med Radom - og traff. Gjentatte gongar.
  4. Stållinjalen bekrefter at det er Boydsstokken og ikkje løpet som er skeivt. Ikkje allverden, men nok til at den såvidt ligg an på eine sida heilt fremst. Formen passar meg heldigvis fint, har ingenting å utsette på den. Kva behandlar du stokken din med? Min ser ut til å ha ein slags lakkfinish.
  5. Har akkurat kjøpt meg ein Boyds-stokk til salongen min (CZ 452). God å skyte med, men eg var litt småskuffa over kvaliteten. T.d. måtte det litt mindre tilpasningar til for å få underbeslaget til å passe, og løpskanalen er ikkje rett. Ein får vel det ein betaler for, $99 er tross alt ikkje mykje. Har vurdert å kjøpe ein Boyds-stokk til ein ZKK 601 også, er det nokon som har erfaring med ein slik stokk til jaktbruk? Tåler den litt vestlandsvær utan å slå krøll på seg? Og må det beddast?
  6. Då har du ei stund. Min CZ 75 er drøye 30 år gammal, og har blitt fora med ganske mange tusen Nato-skot. Bytta sleidestopp for første gong for eit par år sidan.
  7. "Quiet" er ikkje tull, eg prøvde ein pakke for eit par veker sidan og det var betydeleg mindre bråk enn med normal 22 ammo. Hadde ei og anna forkiling i min Ruger, men det må ein nesten rekne med med så svak ammo. Så får ein trent på Pardini-helsinga også
  8. Kun problem med store hetter her også. Men det kan vere tilfeldig. Eg trur Erlend har rett og at isetteren din er aldri så lite bøyd.
  9. Min isetter var ferdig bøyd då eg kjøpte den Men problemet med snudde hetter kan lett framprovoserast sjølv når isetteren ikkje hektar i noko. Det er nok å føre den litt bestemt fram slik at den får ein litt hard stopp i fremre stilling. Då hoppar hetta rundt nesten kvar gong.
  10. Er det ein slik hetteisetter du har? Eg har ei gammal Turret-presse med ein slik isetter, og har opplevd det samme som deg. I mitt tilfelle var koppen for store hetter litt rom, slik at hetta kunne snu seg viss eg var litt for "brå" i bevegelsane.
  11. Viss du har kjøpt stokken hos Landrø er det etter mi meining slett kundebehandling å berre henvise deg til GRS. Det er mogleg at dei ikkje er fornøgd med GRS som leverandør, men dei kan ikkje late dette gå utover kundane sine. Som selger er det dei som sit med reklamasjonsansvaret.
  12. Eg kjøpte denne frå Elkjøp då den kosta 199. Termostaten gjorde den i utgangspunktet ubrukeleg til blysmelting, men det var enkelt å kile fast bimetallfjøra med ei lita treflis.
  13. Viss det er meg du siktar til så har du heilt rett i at eg ikkje kan skyte Men det forandrar ikkje det faktum at X-Esse ligg omtrent like godt i mi hand som eit stykke 2x4. For mi hand er skjeftevinkelen feil, avtrekkeren er altfor nærme og pistolen er for lett foran. Så eg er ikkje einig i at X-Esse er eit universelt bra valg. Trådstarter må prøve eit godt utval av kurante pistolar - helst under kyndig veiledning - før ho kjøper. Eg er forøvrig heilt einig med dei som seier at det luraste er å starte med ein brukt matchpistol.
  14. Tillet meg å vere ueinig i dette. Mi erfaring med X-Esse er at dette er ein pistol med feil skjefte og feil balanse.
  15. Bruk ein app som kan eksportere dataene, helst i form av kommaseparert tekst. Då er du sikra for all framtid - så lenge du huskar å ta vare på dataene.
  16. Det er samme stokk som på den på Intersport sitt bilde ja. Det er også felt inn ei skinne i fortreet, her festar ein ei kule i kork (ca 10cm i diameter) som då kan justerast fram og tilbake.
  17. Interessant Då vart det straks enklare å finne litt meir informasjon. Eg hadde trudd at S&L la ned meir flid i tilpasningane, men det skal seiast at løpet er strøkent og presisjonen svært bra. Avtrekket er litt lett men elles veldig bra. Artig rifle å skyte med. Edit: Intersport i Bogstadveien har ei for salg for 500. Så verdien er ikkje mykje å snakke om. Forøvrig eit mykje betre bilde enn eg klarte å ta, denne er kliss lik med unntak av eit anna diopter.
  18. Lurer på om nokon kjenner til denne typen salongrifle? Beklager dårleg bilde, men telefonen min klarer ikkje stort betre enn dette... Dette er ei rifle som min grandonkel brukte til miniatyrskyting etter krigen. Våpenkortet seier kun "Dansk miniatyrrifle", og med unntak av talet "33" som er stempla på leddet på ladebøylen er det ingen merker på den. Som bildet viser har rifla fallblokkmekanisme og snellertavtrekk. Presisjonen er upåklageleg. Finishen er dårleg og både låskasse og treverk bærer preg av at dette ikkje er ekslusive greier. Eg reknar ikkje med at verdien er noko å snakke om men det hadde vore interessant å vite kven som har produsert den.
  19. Då har eg lest til auget vart stort og vått, og konklusjonen - sett gjennom rosa "vil ha!"-briller - er at bøylerifler er anvendelige til mitt bruk så sant han som held i skjeftet duger. Det siste veit eg lite om enno. Eg kan legge til at eg ikkje er ukjent verken med rekyl eller heimelading (har fleire handvåpen og skyt m.a. med revolver i .44 Magnum) så eg er ikkje så uroleg for akkurat det. Det er heller ikkje nødvendig med eit "sært" kaliber, eg ser det er fleire typar bøylerifler i .308 å få tak i. Vi får sjå om suget etter ei bøylerifle framleis er der litt seinare ut på vinteren Kjøper eg noko slikt og ikkje får til å skyte med den er det ikkje verre enn å finne seg noko anna.
  20. Her var det mange tips til lesestoff ja Får satse på ein rolig dag på kontoret - heime er det ikkje fred å få. Eg er klar over at ei bøylerifle ikkje er det beste valget som allround-våpen, men det er jo berre eit påskudd til å skaffe seg ei rifle til. Problem solved.
  21. Skal etterkvart kjøpe meg mi første storviltrifle, den skal nesten utelukkande brukast på hjortejakt i ulendt vestlandsterreng og på moderate hold. Har i grunnen lite peiling på rifler, men har tidlegare skutt nokre tusen skot med ei Winchester 9422 og kunne godt tenke meg ei bøylerifle til jakt også. Er det nokon som har praktisk erfaring med storviltjakt med slike rifler? Duger det eller burde eg slå frå meg slike romantiske idear?
  22. Det mest irriterande med jakt er at eg ikkje har tid til å drive med det.
  23. joska

    Tungtvannstabbe..

    Så snille var dei ikkje i Telavåg, der heile den mannlege befolkning vart sendt til konsentrasjonsleirar før bygda vart brent ned. Litt over halvparten av dei kom tilbake.
  24. Til mitt bruk er turret-pressa til Lee fantastisk mykje for pengane. Men når eg lader for fullt trykker eg ut ca 200 patroner i timen. Med ei progressiv presse som Pro 1000 eller Dillon SD klarer ein nok betydeleg meir. Så viss ein veit at ein vil lade store mengder er det ingen grunn til å ikkje kjøpe seg ei progressiv presse med ein gong.
  25. Kunne ikkje vore meir einig. Altfor mange repeterer dette 30 år gamle rådet frå Ladeboken tilsynelatande utan å ha reflektert noko særleg over det. Eg starta sjølv direkte med ei Lee Turret, og det tek ikkje lang tid å sette seg inn i korleis den fungerer. Dei viktige, grunnleggande kunnskapane som du treng for å lade utan å vere ein risiko for deg sjølv og dine medskyttarar er dei samme uansett presse. Viss du ikkje gidd/kan/klarer å lære deg den pressa du uansett har tenkt å bruke trur eg ikkje det hjelper å gå omveien om ei enstasjonspresse heller.
×
×
  • Create New...