Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Skal du ha eit billig men bra luftgevær for store og små kjøper du eit slikt. Uendeleg mykje betre enn billig-alternativa til Jula og marginalt dyrare. I tillegg har det justerbar kolbe og er mykje sikrare å spenne for små hender. Presisjonen er upåklageleg.
  2. Kvifor det? Viss du ikkje har våpen, må du då kjøpe eit våpenskap før du spør pent om å få kjøpe våpen?
  3. joska

    Ny dagstursekk

    Takk for tips. Skal innom Moa om ikkje så lenge, får prøve litt sekkar då.
  4. Nei, det er det ikkje. Ordlyden er formulert omtrent slik (men på dansk sjølvsagt): "Eg oppbevarer mine våpen i godkjent våpenskap. [Ja|Nei]". Då eg søkte på mine første våpen kryssa eg sjølvsagt "Ja" på dette, sjølv om eg ikkje hadde kjøpt skap enno. Dama i skranken ville ha kvittering på kjøpt skap då eg leverte søknadane, dette hadde eg naturleg nok ikkje. Dette var ikkje noko problem, verken hos Politiet eller hos våpenkontoret. Dei kan ikkje kreve at du kjøper skap når du ikkje har noko å putte i dei. (For ordens skuld: Skapet vart innhandla og montert i god tid før våpna kom i hus.)
  5. joska

    Ny dagstursekk

    Eg har planlagt nokre dagsturar i fjellet til sommaren og treng ein ny sekk. Det er snakk om godværsturar i overkommeleg avstand til sivilisasjonen, så eg skal ikkje ha med meg så mykje utover mat, drikke og litt ekstra klede. Kan nokon anbefale ein sekk som passar ein kar på 195cm? Er plaga med senebetennelse i skuldrane så det må vere ein sekk med god vektoverføring til hoftene.
  6. Hassel, du må slutte å poste når du køyrer bil...
  7. Eg har også fått anbefalt Sordin av fleire. Ser at XXL har Sordin Supreme Pro til 1379 kroner no.
  8. Kvar i Bergen er dette? Er i Bergen med tom bil no så tips vert tatt i mot med takk
  9. Det er ikkje heilt riktig. Dette kan vere regulert av lokale vedtekter. Her eg bur har eg ikkje lov å skyte med luftpistol i hagen eingong, uansett bakgrunn og støynivå.
  10. Beleilig at du utelot dette frå brevet til Datatilsynet Kva i all verden skal det vere godt for å lagre slikt? Kva nytte har de av dette? Dersom de har ein slik nazi-ordning på dugnad at de må registrere kven som ikkje skal påtvingast dette er det nok med eit enkelt "x" i feltet "Fritatt fra dugnad". That's it. Informasjon utover dette har ingen behov for.
  11. joska

    S & W vs Ruger

    Eg har ein 6" 586 sjølv, men syns faktisk at den svarte 4" GP100-en til ein i klubben er penare. Har såvidt prøvd den også og syns den var kjempefin å skyte med. Det er slett ikkje sikkert eg ville kjøpt ein 586 i dag. Eg trur uansett ikkje du gjer noko feil samme kva du velger av desse to.
  12. Eg har forresten støypt ein del kuler av kulefangerbly frå skytterlagets miniatyrbane. Dette har fungert veldig bra til .38 special og .44 special. Har også brukt desse kulene i .44 magnum. Lite blying, men presisjonen har vore sånn passe.
  13. Apropos dette - eg kjøpte diverse tinnskrot på loppis ein gong, og valgte nøye ut dei tyngste gjenstandane. Ikkje gjer det Pokalar og slikt er som oftast fylt med gips i foten. Det er betre å kjøpe mugger/skåler/fat.
  14. Platene i bly/antimon-batteri inneheld 6-7% antimon, men det kan vere ein grisete jobb å smelte om desse. Eg har berre gjort det ein gong, då tømte eg batteriet og lot det tørke godt ut før eg splitta boksen med ei gammal øks. Har ikkje prøvd å støype kuler av dette blyet enno, men barrane vart iallfall fine.
  15. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Jeg-er-livredd-for-at-vi-skal-skyte-noen-ved-en-feil-3088457.html#.UzVd9fl5O-U
  16. Det spørs kva du meiner her. Viss du meiner at ein må kontrollvege ladningane og ikkje stole blindt på Lee sine tabellar kan eg vere einig. Tabellane er kun veiledande, noko Lee sjølv oppgir med utheva skrift. Mi erfaring er at eg ofte må opp ein holstørrelse i forhold til tabellen for å oppnå ønska vekt med enkelte kruttypar. Om dette gjeld N110 kan eg ikkje huske, har ikkje notatane mine her. Men viss du meiner at hullmålet i seg sjølv er unøyaktig og farlig må eg driste meg til å bruke ordet "tøv". Når eg kontrollveg ladningane frå autodisk-målet mitt viser det seg å vere svært jevnt.
  17. Antal drap pr år er halvert dei siste 30 åra, dersom ein ser bort frå terroraksjonen på Utøya. Det er difor ikkje unaturleg at det har gått samme veg med skytevåpen-drap i samme periode, uavhengig av lovgivning. Dei tala som er att er så små at det er vanskeleg å seie noko fornuftig om dei. Eller meiner du at doblinga av drapsraten frå ca 1965 til ca 1985 (her tek eg tala frå hukommelsen så eg er ikkje 100% sikker på årstala her) er relatert til ei liberalisering av våpenlovene i samme tidsrom?
  18. Dette har blitt eit mantra. Det er mogleg at eg er ein farleg rebell, men eg tillet meg å vere ueinig i noko Erik Braathen skreiv tidleg på 80-talet og vil heller anbefale å kjøpe den pressa ein faktisk treng med ein gong. Er ingen grunn til å kjede seg med enstasjonspresse viss ein lader masse.
  19. Ja. Etter å ha sett min far lade tusenvis av 9mm på enstasjonspresse hadde eg liten lyst til skaffe meg ei slik. Men skal du berre lade nokre titals patroner til innskyting og jakt blir det jo ikkje mange minutta å spare. Ser at enkelte anbefaler enstasjonspresse fordi det er enklare, og dermed implisitt tryggare i bruk. Ikkje høyr på dei. T.d. Lee sin Turret-modell er akkurat like enkel i bruk, og du kan bruke den som ei enstasjonspresse om du vil det. Lader du lite er det lite å hente på ei turret-presse, ladar du mykje - spesielt viss du lader større mengder identisk ammo - er det ingen grunn til å kaste bort tid på ei enstasjonspresse.
  20. Dette fungerer heilt fint, eg har sjølv gjort dette i ein periode eg var utan hobbyrom. Festa pressa i eit stykke 18mm kryssfiner, som eg igjen festa i kjøkkenbenken med to tvinger. Det var stødig og fint det. Viss du kombinerer dette med ei litt stor kasse med innredning til komponentane er det kjapt og enkelt å sette fram/rydde vekk. Det går også an å lage noko litt meir fancy med plass til kruttmålet også:
  21. Eg skyter fleire tusen skot mellom kvar gong eg plukkar min MK 1 frå kvarandre. Ingen problem med det. Kvifor ikkje 1? Eg ville sagt 1 eller 2, men ikkje 3. Mi erfaring med MK 3 er at den har eit ubeskriveleg ræva avtrekk, min MK 1 er suverent betre på dette området. Første gong eg prøvde ein MK 3 trudde eg sikringen var på når eg skulle fyre av, avtrekket var knallhardt. Forøvrig fyller ikkje sikta på MK x krava til trådstarter. Eg reknar med vedkommande ser omtrent like godt som meg, eg har iallfall problem med sikta på dei fleste pistolar når lysforholda ikkje er optimale.
  22. Den bekreftelsen gir klubben til medlemmet som etterspør det, ikkje til politiet. Det er ein viss forskjell på det. Sent from my GT-I9506 using Tapatalk
  23. Eg brukar Tapatalk på eit titals forum, og det er kun på kammeret eg opplever dette problemet så heilt vanleg kan ein vel ikkje seie at dette er Det er ein gammal bug i Tapatalk. Dei har lovd å fikse den i minst to år no.
  24. joska

    Stockholm

    Viss du er interessert i gammal dr... unnskyld, antikke våpen, så finns det sorten i dei mange antikvitetsbutikkane i Gamla Stan. Den einaste jakt/våpenbutikken eg såvidt har stukke nasa innom er Walter Borg som låg mellom Drottninggatan og sentralbanestasjonen i Norrmalm. Vil tippe ca 15 minutt å spasere nordover frå Gamla Stan.
×
×
  • Create New...