Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Korleis då? Dersom du har rifla/hagla/pistolen i ein sekk på ryggen er den endå mindre tilgjengeleg enn om du køyrer bil med hagla i bagasjerommet.
  2. No trur eg at skyttarane har mobilisert litt når det gjeld denne avstemminga. Artikkelen er mykje delt på Facebook med oppfordring om å stemme. Når det gjeld dei "importerte" så treng ikkje amerikanarane utanbygds hjelp for å drepe kvarandre. Men media går i vante spor, her var drapsmannen muslim så då fokuserer dei på det. Når drapsmannen er ein ung, kvit protestantisk skuleelev så fokuserer media på våpenet. Eg har ingen håp om at "folk ser keiseren som det han er-naken" i dette tilfellet heller. Dei er berre opptekne av eit anna skremmebilde.
  3. Så det finns altså folk der ute som syns lading er morosamt? Som finn glede i denne senebetennelseframkallande, møkk kjedelege aktiviteten? Viss eg var nødt til å lade 9mm av økonomiske hensyn hadde eg sterkt vurdert å selge pistolen. Men (for å komme litt tilbake til emnet) dersom ein likevel må gjere dette bør ein nok kjøpe den pressa som gjer dette raskast og minst kjedeleg. Eg er veldig godt fornøgd med Turret-pressa mi men til å trykke ut mengder med 9mm hadde eg nok kjøpt ein Square Deal. Hadde vel gått i null etter rundt 20.000 skot.
  4. Ja, det var mi oppfatning også. Det er kun rundskrivet som er konkret på dette. Det ser for meg ut som om nokon har dratt "ubebodd hus, hytte og lignende" (forskriften) litt vel langt.
  5. Er det noko i lov eller forskrift som er til hinder for å ha våpenrom i di eiga bod/garasje som kun du disponerer og som står på di bustadsadresse?
  6. Veldig kort: Turret = 1 ny patron for kvart fjerde trekk i spaken. Loadmaster = 1 ny patron for kvart trekk i spaken. Søk litt på youtube på desse to pressene så vil du fort sjå forskjellen. Eg har ingen erfaring med Loadmaster, men har brukt Turret i nokre år og er veldig fornøgd. Rimeleg, solid og enkel å bruke. Med Autodisk kruttmål er den rask også.
  7. Vekt. Men eg trur ikkje det spelar så veldig stor rolle.
  8. Eg har brukt tinnskåler/fat frå loppis og bruktsjapper. Gjenbruksbutikkane til Normisjon har alltid masse tinn til ein billeg penge. Eit lite tips - ligg unna tinnpokalar. Dei er bedragersk tunge, men i staden for tinn vil du finne gips i sokkelen...
  9. Eg har skutt kuler støypt av kulefangerbly frå miniatyrbana i 44 magnum. Har blanda i litt tinn (ca 2%) for å få blyet til å "flyte" betre i forma. Kulene vert droppa i ei bøtte med vatn rett frå tanga. Brukar Alox kulefett og har ikkje hatt problem med blying. Samme legering fungerer fint i 38 Special også, men i 357 Magnum blir det blying.
  10. Eg tenkte det samme. Kjøpte min strøkne, uskrudde og originale 586-3 for 3000 for snart fire år sidan.
  11. No har eg ikkje fulgt så godt med. Kven andre frå Frp enn Leirstein har uttalt seg om denne saken?
  12. T.o.m. Cato Zahl Pedersen kan telle på fingrane dei gongane medlemskap i eit skytterlag har hatt betydning for adopsjon/omsorg. Her i fylket arrangerer Fosterheimstenesta pistolskyting for fosterbarn ein gong i året... Dette luktar meir av amerikansk company policy.
  13. Saken her er vel at kunden har fått tilsendt ein slik koffert m. rekning utan å ha blitt spurt, fordi de meiner dette er nødvendig innpakning. Då er det vel betre at slikt vert opplyst om i nettbutikken? Eg prøvde akkurat å "kjøpe" ei rifle i nettbutikken og der kom det opp ein klokkeklar totalpris med frakt spesifisert. Ingen forbehold om ekstra kostnader for koffert. Nei, 200 kroner er nesten ingenting når ein kjøper utstyr for mange tusen. Difor virkar det nesten litt småleg å få ei lita ekstrarekning på dette. Kvifor ikkje snu på flisa? Gjer kofferten til ein nyttig bonus. Bak kostprisen på kofferten inn i prisen på riflepakker/rifler utan originaleske, klistre på ein "Jaktdepotet"-logo og sjå fornøgde kundar møte opp på den lokale bana med reklame for butikken din.
  14. Mulig eg misforstår her, men kostnadane for forsvarleg innpakking inngår vel i fraktkostnadane ein får oppgitt når ein bestiller varen?
  15. joska

    Ny finpistol?

    No er det lett å gå litt i surr i modellnr, men eg meiner at klubben sine to Benelliar er hhv MP95 og MP90. Gode pistolar begge to. Det einaste negative eg kan seie om dei er at tennstiftene har litt lett for å knekke, og då helst på stevne. Elles fungerer dei godt, og eg likar både grepsvinkel og balanse. Vi har også X-Esse i klubben. Vi har hatt ein del problem med magasina, med tilhøyrande matefeil. Utover det har eg ikkje registrert nokre direkte feil med dei. Personleg likar eg ikkje grepet, og eg syns også at pistolen vert for lett. Men dette er jo smak og behag.
  16. Mulig at prisnivået har gått opp sidan eg kjøpte min 586 for fire år sidan. Strøken, original og uskrudd 586-3 frå slutten av 80-talet, betalte 3000 hos ein lokal forhandler.
  17. joska

    Ny finpistol?

    Standardsvaret er å leite på bruktmarkedet. Det dukkar stadig opp eldre GSP-ar til rundt 5k, eg hadde heller kjøpt det enn ein ny X-Esse.
  18. For at FG-godkjenninga skal gjelde skal skapet vere montert iht den medfølgande monteringsanvisninga.
  19. Du må nesten kontakte politiet og høyre. Men eg vil tippe at dei ikkje godkjenner det - skapet skal enten vere bolta fast i huset eller vege meir enn 150kg. Du kan bolte fast vekter til skapet for å få vekta over 150kg, men då skal vektene vere inne i skapet.
  20. Det er min ZKK601 også, og den er som trådstarter sitt arvestykke også frå 70-talet.
  21. Sjekk alle finish-valga. Med "Nutmeg"-finishen kostar den $99. Passformen kan eg dessverre ikkje seie noko om.
  22. Mk III har ein del "dill" som tidlegare versjonar ikkje hadde, m.a. magasinsikring. Alle Mk III eg har prøvd har hatt eit ræva avtrekk samanlikna med Mk I og Mk II, i følge Google skuldast dette delvis magasinsikringen. Har du sjekka at denne fungerer? At magasinet er satt skikkelig i?
  23. Eg fann eit par i den prisklassen. Etter det eg har sett av nye Baikal-hagler vil eg tru at desse er betre valg enn det som står i hylla til XXL no. http://m.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=73440969 http://m.finn.no/bap/webstore/ad.html?finnkode=56810563
  24. Eg ville ikkje ha kjøpt ny Baikal på nett. Då eg kjøpte meg hagle i fjor på denne tida klådde eg på nokre Baikal O/U på XXL. Kvaliteten var mildt sagt varierande. Alle var tunge å knekke, den eine hagla lot seg rett og slett ikkje åpne, ekspeditøren fekk det heller ikkje til. Finishen var generelt ekstremt dårleg, med loddesøl, overflaterust, skeive skinner, dårleg tilpassing mellom stål og treverk... Det vart ikkje kjøpt Baikal, for å seie det slik. Skulle eg likevel ha gjort det ville eg definitivt ha gått i butikken og plukka eit eksemplar sjølv. Mulig at dei som lovpriser Baikal sit med gamle hagler? Basert på dei Baikal-haglene eg har sett har eg inntrykk av at kvaliteten var betre før. Evt. er det berre dei gode eksemplara som har overlevd. For samme pris som ei ny Baikal-hagle finn du masse på finn. Suhl, Aya, Lanber, Remington, Miroku, Sauer, Husqvarna...
  25. Det stemmer vel ikkje heilt? Han skreiv m.a. ein heil artikkelserie som i praksis var eit forslag til ny våpenlov på 70-talet, og om eg ikkje huskar feil hadde han klare meiningar om korleis skytterorganisasjonane burde gå fram. Om det var dei riktige løysingane er ein annan sak.
×
×
  • Create New...