Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Gamo er ikkje søppel, langt i frå. Men avtrekket er ikkje så bra på dei eg har erfaring med.
  2. +1 på Baikalen. Har eit slikt sjølv, og kan bekrefte at dette er presist. Takka vere den justerbare stokken kan både eg og seksåringen leike med det. Det er heller ikkje tyngre å spenne enn at seksåringen greier det sjølv. Billeg er det også.
  3. Såg litt av gårsdagens program, og som ikkje-jeger men med gryande jakt-interesse syns eg programmet var både interessant og underhaldande. Kjem nok til å sjå fleire episodar. Med tre-skudds-diskusjonen i friskt minne syns eg forøvrig det er rart at ingen har kommentert det grove brotet på våpenlova som vart kringkasta i går
  4. Kjenner ikkje til Crosman. Men eit problem med rimelege luftpistolar (inkludert min eigen HW40) er at dei er såpass tunge å spenne/komprimere at ein seksåring ikkje har nubbesjans til å gjere det sjølv. Både du og ungen blir fort lei av at det alltid er pappa som må lade pistolen. Kanskje noko CO2-greier er tingen? PCP blir vel både for stort og for dyrt.
  5. Og kan du spesifisere nøyaktig kva ein oppnår med dette? Mindre våpenrelatert vold? Eller ein meir høgverdig skytterstand? Kva med å kanalisere dei pengane ein ikkje treng bruke på å følge opp krava om medlemsskap og aktivitet direkte til klubbane? Vil tru at det er rimelegare for alle partar. At strengare oppfølging av aktivitetskrav vil komme er nok sannsynleg. At det er samfunnsnyttig er det vel større tvil om.
  6. Har sjølv små ungar i alderen 4-6 år, og mi erfaring er at det er vanskeleg å begynne med pistol for så små. Å ikkje få det til er ikkje bra for den vidare skyteinteressa, kva med å heller kjøpe eit lite luftgevær dei kan starte med?
  7. Ja, det er dette som er kjernen her. Viss vi seier at lovlege våpen ikkje er eit problem, kvifor er då ein del "skinnhellige" skyttarar så villige til å inndra dei lovlege våpna til lovlydige folk som enten midlertidig eller permanent har lagt dei bakerst i skapet? Enten seier dei at dei lovlege våpna likevel er eit problem og at det å inndra dei vil løyse dette problemet, eller så driv dei med symbolpolitikk. Eg har til gode å sjå nokre av dei som ivrar for inndraging her forklare *kvifor* dette er god ressursbruk. Å flytte arbeidet over på ubetalte personar med tillitsverv i pistolklubbane er også ressursbruk. I tillegg må vel alle innrapporterte avvik følgast opp av politi/våpenkontor. Er dette verkeleg fornuftig og tenleg bruk av ressursar?
  8. Kvifor? Er det snakk om tusenvis av potensielle terroristar her, eller er det berre litt moralisme ute og går? Eg er redd at det å bruke store ressursar på å følge opp aktiviteten til alle som har sportsvåpen her i landet er fullstendig vekkasta. Det er ikkje dei med ein nedstøva GSP eller feltrevolver innerst i skapet som utgjer noko trussel. Ja, det *er* eit aktivitetskrav og politiet har anledning til å inndra våpenkortet til dei som ikkje oppfyller dette. Men det må vere lov å vere litt pragmatiske også. Det er nok også grunnen til at politiet ikkje har prioritert dette.
  9. Eg brukar sjølv ein HW40 til å halde dette fenomenet i sjakk HW40 lagar lite lyd, har fint avtrekk og ein størrelse/balanse som minner om "ekte" våpen. Dessutan er det temmeleg lite futt i den, så du kan trygt skyte inne utan å vere redd for glaset i verandadøra. Eg skyt med min i stova, som kulefanger brukar eg ein isboks som eg har stappa ei gammal T-skjorte i. Moro og trening til ein billeg penge.
  10. Det er det sjølvsagt lov å meine, men det har lite med realitetar å gjere. Det kan like gjerne vere "den bekymra" som er dårleg sosialt utrusta. Eit slikt angiverregime vil vere svært uheldig for skyttermiljøet.
  11. Det er heilt rett. Mi meining er at personar som har rus- eller voldsrelaterte dommar kun burde få ervervstillatelse etter særskilt vurdering. I dag opererer ein vel med faste sperrefrister. Då viser du lite innsikt i kva "psykiatri" er for noko. Dei aller fleste som får ein psykiatrisk diagnose er heilt ufarlege for både seg sjølv og andre og er fullt skikka til å ha skytevåpen. Nulltoleranse her ville vere ei katastrofe på fleire måtar - først og fremst fordi folk som i dag søker hjelp med stor sannsynlegheit vil avstå frå dette dersom konsekvensen er at dei blir fratatt jakt- og sportsvåpen. Du kan jo sjølv tenke deg kva resultatet av dette blir - det blir *fleire* uheldige episodar og ikkje færre. Ein heilt annan ting er at fleirtalet av befolkninga vil få ein psykiatrisk lidelse av varierande grad i løpet av livet, og ein slik nulltoleranse-politikk du skisserer dermed vil få dramatiske følger for store delar av jakt- og skytterNorge.
  12. Javel? Så du forventar at klubbane skal ha tilgang til psykiater/psykolog til vurdering av alle medlemmer? Eller skal det gå på trynefaktor og magefølelse? Då må det i så fall vere med utgangspunkt i ei liste over diskvalifiserande diagnoser og ikkje opp til den enkelte legen å vurdere. Elles vil vil få legar som melder om "alt" for å ha ryggen fri. Ikkje at dette vil ha noko for seg. Då let ein berre la vere å gå til legen viss ein veit at ein misser våpna sine.
  13. Heilt einig. Å bruke ressursar på å luke ut desse våpna vil antagelegvis ha liten eller ingen effekt på kriminalitetsstatistikkane.
  14. Viss det er tilfelle er det vel framleis ikkje ressursane det står på, men bruken av dei.
  15. Eg kjenner ikkje til kva politiet brukar pengar på, eg berre konstaterer at dei får stadig meir av dei. Går vi 20 år til tilbake i tid til 1985 så er trenden den samme. Frå 3 milliardar i 1985 til ca 13 milliardar no.
  16. Etter det jeg har fått med meg opp igjennom årene, så er det et stadig krympende budsjett, som skaper bildet av manglende evne til omstilling og ledelse utad. Politiets budsjett har vel auka med nesten 50% sidan 2005, så slik sett har dei lite å klage på. Men kva skal Arne Johannessen då finne på?
  17. Eg har også ei Turret-presse, og ladar kun revolverammo på denne. Ein del av laderutina mi er å alltid kikke ned i hylsa når eg set i kula, då fangar ein lett opp evt avvik i kruttmengda. Eg brukar Lee sitt Auto-Disk kruttmål og har til dags dato ikkje opplevd noko krøll med dette, men tør likevel ikkje droppe den ekstra kontrollen. Ser forøvrig at enkelte meiner at Lee er halvfabrikata som ein må ha doktorgrad i fikling for å kunne operere. Det stemmer dårleg med mine erfaringar. Den einaste modifiseringa eg har gjort er å teipe på ein liten pappbit for å guide dei brukte tennhettene ned i søppelbøtta.
  18. Både VG og Dagbladet får store summar i indirekte pressestøtte via momsfritaket. For VG sin del meiner eg å huske at det er snakk om eit par hundre millionar - årleg.
  19. Merkeleg kor ivrige mange er på å inndra våpna frå lite/ikkje aktive skyttarar. Kva vil ein oppnå med dette? Joda, eg veit *at* det er råd å gjere noko slikt, men kan ressursbruken forsvarast?
  20. Enig i første punkt, men uenig i andre. "Kjedebrev" blir lite vektlagt.
  21. Berre så lenge det er satt nokre ufråvikelege, objektive kriterie for kva "psykisk skikka" betyr. Noko anna vil føre til at ingen legar tør gi noko godkjent-stempel i frykt for evt. konsekvensar. Ein heilt annan sak er at den vanlege almennlege har svært begrensa kunnskap om psykologi, og kan neppe ventast å utføre noko meiningsfull test/kontroll i denne samanheng. Istmus har eit godt poeng i at ein slik legeattest antageleg vil føre til at færre søker hjelp for psykiske plager. Kven kjenner vel ikkje ein eller fleire svimle gamlingar som nektar å oppsøke lege fordi dei er redde for førerkortet?
  22. Og kva snakkar dei resterande 20%?
  23. Då føreslær eg at alje her på forumet skrive et innlegg på si eiga dialekt, åg so ser vi om villreinjegeren klara å følje tråden. De trur eg kan bli øje løje! Dialekt er per definisjon eit talemål, ikkje eit skriftspråk. Punktum. Kjem eg over innlegg skrive på "dialekt" skal det vere eit særs interessant emne før eg gidd stave meg gjennom det. Som oftast blir det ignorert. Fann forøvrig eit godt innlegg i debatten her.
  24. Det er forskjell på BSA også... Eg har ein 4x32 utan parallaxejustering eller anna fiksfakseriet som eg fekk med på kjøpet då eg kjøpte eit luftgevær for nokre år sidan. Det er "greitt" så lenge det er bra lys. Prøvde ei salongrifle med eit Sweet 22 og det er eit heilt anna sikte. Til det bruket trådstarter skisserer vil eg tru dette er eit godt valg.
  25. Spelar dette nokon rolle? Kva om skrotingen hadde benytta ein Mauser eller Sauer, og kanskje "berre" drept 50 personar? Hadde det blitt noko mindre tragedie av den grunn? Det aller meste av skytevåpen er svært farlege i hendene på den rette galningen. Og får ikkje galningen tak i skytevåpen er det eit uendeleg antal andre måtar å massakrere mengder med folk på. Heldigvis er det så langt mellom desse galningane at dei utgjer ein ytterst minimal fare for samfunnet. Det er heilt andre ting ein må ha i tankane når våpenlovgivinga skal utformast.
×
×
  • Create New...