Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Eg huskar godt desse artiklane, og EB spådde skytesportens snarlege undergang ved fleire anledningar på 70- og 80-talet. No vart det ikkje slik, og det vart etterkvart lett å avfeie skriveria til EB som "ulv, ulv!". Før eller seinare slår nok spådommane til og alt vi sit att med er boltrifler med treskjefte, fast magasin og estetisk korrekt kikkert. Leasa og oppbevart hos onkel sjølvsagt. Byråkratiet har god tid.
  2. Teknisk sett er ikkje dette noko problem. Spørsmålet er kva slags problem ein ser for seg å løyse med dette. Har politiet for lite å gjere? Er det for attraktivt å påta seg verv i pistolklubben?
  3. I fritt salg i butikkar i dei fleste byar. Trur du ekspeditøren på 7/11 syns det er greitt å bli peika på med ein slik av ein rusa person?
  4. Få? Folk eg har snakka med i politiet seier dette er mykje meir vanleg enn ekte våpen. No var det rett nok ei personleg oppfatning og ikkje nokon offisiell statistikk, men det gir ein viss indikasjon. Det er ikkje første gongen eg har lest eller høyrt dette heller. http://www.nrk.no/troms/vil-forby-softguns-1.6981599 Ein annan sak er at airsoft er omfatta av våpenloven (på linje med våpenkopiar og plomberte våpen), og kva statistikk trur du desse lovbrota havnar i?
  5. Sorter på merke (Zeiss), så ser du kikkerten. Ingen søk er nødvendig.
  6. https://www.xxl.no/zeiss-classic-diavari-kikkertsikte-2-5-10x50-retikkel-4/p/1043637_1_style Her står det at XXL på Lade har denne på lager.
  7. Dette har allereie skjedd fleire gongar i USA.
  8. Dette er ikkje noko ubetydeleg problem. Når du les i avisa om at 7/11 på Torgalmenningen er rana av ein mann med "våpenlignende gjenstand" er det softguns eller co2-våpen det er snakk om. Eg har sjølv ein airsoft-Glock liggande og den er så naturtro at eg hadde stussa sjølv om nokon hadde vifta ein slik mot meg. Det kan hende at ein har meir igjen for å gjere noko med dette enn med lovlydige våpeneigarar... I mange land (som USA, Sveits, UK...) er airsoft-"våpen" underlagt strengare restriksjonar enn her nettopp fordi dei har sett at dei vert brukt til kriminelle handlingar.
  9. Sjølvsagt er dette satt på spissen, men ta gjerne ein kikk på hvilken som helst tråd av typen "skal kjøpe ny kikkert" så ser du tendensen.
  10. Vil tru at veldig mange her kjøper rimelige kikkertar, men det er ikkje så mange som skryter av det her. Er jo totalt uforsvarleg å løyse skot med noko anna enn Zeiss og Swarovski på rifla i følge enkelte høge røster her inne. Sjølv har eg ein Nikon Monarch som eg kjøpte på tilbod. Den er bra nok for meg, men dersom pengar ikkje hadde vore eit tema hadde eg heller valgt den spinndyre Swarovskien som står på hjorterifla til far min. Men eg har ein familie å fø på og eit ønske om å fortsette å vere gift, så det vert nok Nikon på den gamle Brnoen min i mange år framover. Og for å vere ærleg - om eg hadde hatt pengar til overs til ein flott Zeiss eller Swarovski så hadde det nok framleis stått Nikon på børsa, og endå eit motorsykkelprosjekt i garasjen...
  11. Eg tolkar dette som at våpenkontoret ber deg om å gjere jobben med å sjekke om det aktuelle våpenet tilfredstiller dei tekniske krava til det skyteprogrammet som er oppgitt som bruksområde.
  12. Kva er din definisjon av "å bidra med"? HenrikMagnum har komt med mange påstandar, der han eigentleg har ekstrapolert si personlege erfaring til å gjelde alle skyttarar. I tillegg påberoper han seg kompetanse innan medisin, og då er det lov å forvente seriøse svar på kritiske spørsmål. Furting og idiotforklaring hjelper ikkje på truverdigheita. Tenk etter - HenrikMagnum har fastslått at 38 oppmøter på ei ikkje navngitt innandørsbane i løpet av 4-5 månader har forårsaka høge blyverdiar i blodet. Det er altså snakk om innandørs skyting 1-2 gongar i veka. Andre kjelder er utelukka, utan at han seier noko om korleis han har utelukka det. Altså seier han at relativt beskjeden skyteaktivitet har ført til dramatisk auke av blyverdiane i løpet av kort tid. porkpicker sitt spørsmål er i høgste grad relevant, og ikkje noko "domskap".
  13. No er det vel ikkje så vanskeleg å sjå kven som har "ropt høyest" i denne tråden Og når ein i tillegg besvarer eit høgst betimelig spørsmål med "Mot dumhet kjemper selv gudene forgjeves" vert det ikkje lettare å ta dei serverte påstandane for god fisk. Ikkje misforstå, eg er fullstendig klar over farene ved blyforgifting. Men det er ganske tunge påstander HenrikMagnum kjem med, så vil han bli tatt seriøst så svarer han også seriøst på kritiske spørsmål. Men det er jo klart, ein kan jo lett avfeie alle spørsmål og kritikk på denne måten:
  14. Med Hogue-grepet er Blackhawken heilt grusom. Kjernelinja blir endå høgre og grepet er direkte vondt. Med originalgrepet er den ein fornøyelse å skyte med, men du vil tape mykje tid på å ta nytt grep for kvart skot. Blackhawken er fin, men den er ikkje noko ideelt felt-våpen.
  15. Den beddejobben kjem aldri til å bli vist fram Det er første gongen eg har bedda ei rifle sjølv, og resultatet vart deretter. Det fungerer bra, men ser ganske amatørmessig ut. Du har forøvrig rett i at det er plass til mykje beddemasse i denne stokken. Det var m.a. *veldig* romsleg rundt rekylklakken. Til gjengjeld var det altfor trangt rundt magasinåpninga og kassa gjekk ikkje ned i stokken utan ein god runde med Dremel m. fresebit. I originalstokken er det søyler/mellomstykker i stål mellom kasse og underbeslag. Den fremre - mellom rekylklakk og underbeslag - er laus og skal flyttast over til Boyds-stokken. Den bakre søyla var derimot limt i originalstokken, så eg bora ut og dreia til ei ny søyle av ein rustfri bolt. Så bora eg ut holet i Boyds-stokken og bedda inn denne søyla. Ein annan ting var at utfresinga til underbeslaget var "feil", det var eit par mm lenger avstand mellom underbeslag og kasse ved tangen enn på originalstokken. Foran ved rekylklakken var det derimot likt, noko som førte til at underbeslag og magasin stod i ein svak vinkel i forhold til kassa. Dette var nok til å skape mateproblem. Retta opp dette med Dremelen, rifla har fungert veldig bra etter det.
  16. Er det lov å spørre kva ein slik blåneringsjobb kostar? Har sjølv ein 601 i Boyds-stokk (og ja - du må rekne med å bedde for å få ting til å passe) og kassa er mildt sagt grov i finishen.
  17. Håndkletrikset skal eg ta med meg, høyrest ut som ein lur måte å hindre skader på kulene. Eg vannherder også kulene, men har støypegryta på ein benk og vannbøtta på golvet bak meg. I tillegg står gryta i ein kasse med ein gammal kjøkkenventilator øverst. Ventilatoren har ein skjerm i herda glas, så om det utenkelege skulle skje er hovudet skjerma mot evt. blysprut. Hanskar og tjukk jakke er obligatorisk - ikkje minst fordi det er dritkaldt å sitte i garasjen med åpen port om vinteren
  18. Nei. Men skapet må vere i hus seinast samtidig med våpenet. Då må du lese det du sjølv posta
  19. Absolutt. Mi erfaring med Ladebokens ladedata for 44 magnum er at det er knallharde greier, antageleg utarbeidd med metallsilhuett i tankane. I min Super Blackhawk klarer eg faktor med god margin med 240grs swc og 19grs N110. Kan dessverre ikkje gå lavare enn dette utan at det blir masse griseri med sot og uforbrent krutt.
  20. Dette er vel kanskje ein av dei tinga som faktisk nytter... Toys R Us skal ikkje slutte å selge alle leikevåpen, men leikevåpen som kan forvekslast med ekte våpen. Saman med airsoft-pistolar er det slike "våpen" det er referert til når VG skriv at 7/11 vart rana med ein "våpenlignende gjenstand".
  21. Kiwi skokrem inneheld silikon ja. Eg brukte også Kiwi som slippmiddel ved bedding og brukte ein sitrusrens frå 3M til å gjere reint.
  22. På min 601 er ikkje avtrekkeren slitt, men det er likevel akkurat såpass med slakk at det er irriterande. Eg satte på ein liten bit krympeslange for å ta inn slakken.
  23. Nei. Pressa vil aktivere kruttmålet automatisk og deretter indeksere til neste stasjon. Viss du skal aktivere kruttmålet to gongar kan du ikkje bruke autoindeksering og då er litt av poenget med pressa borte. Ja, men dobbeltsjekk med Brownells at det passar på Pro-målet også.
×
×
  • Create New...