Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Løvsag er fint til dette. Eg har saga ein del aluminium og messing (opptil 3mm) med godt resultat.
  2. Ok, då legg eg sluttstykket i pistolskapet Pipa får eg dessverre ikkje plass til.
  3. Grunna oppussing må eg bevare langvåpna i eit klesskap med vital del i pistolskapet i ein periode. Dette er jo greitt på boltrifler, men kva er "offisielt godkjent" vital del på ei pumpehagle? Fann ikkje noko konkret på dette i rundskriva, så kva vil onkel seie om det skulle verte heimebesøk og eg har pumpehagla i klesskapet og bolten i pistolskapet?
  4. joska

    Ny stokk til CZ 452

    Jepp, det var det. Og når eg stakk stjernejarnet inn fekk eg ikkje anna enn rust ut
  5. joska

    Ny stokk til CZ 452

    Den er fin, men dessverre altfor dyr.
  6. joska

    Ny stokk til CZ 452

    Det er kanskje det enklaste, då står eg friare når det gjeld lengda også. Nokon som veit korleis eg får av den originale kolbekappa?
  7. Eg brukar Alox til alt frå slapp .38 Special til småfrisk .44 magnum. Veldig kjapt og lettvint. Men det ser jo ut til å vere mindre kliss med Hi-Tek då. Kjem nok til å prøve det når eg får tid til å skyte igjen.
  8. joska

    Ny stokk til CZ 452

    Tommestokken min seier då at Boydsstokken er 1cm lenger enn den originale. Ikkje allverden altså Kanskje like greitt å berre bytte kolbekappe på originalstokken.
  9. Eg har nyleg overtatt ein CZ 452 Varmint, fin rifle med noko som for meg framstår som glimrande presisjon. Problemet er at den er litt liten for min lange kropp. Kolben er både for kort og for lav. Kan ein Boyds-stokk vere ei løysing? På bilde ser den ut til å ha høgre kolbekam, men lengda er litt vanskelegare å bedømme.
  10. Kjøp turret. Den kan brukast som einstasjonspresse når du ønsker det, og kan lett trykke ut 200 pistolpatroner i timen når du har bruk for det.
  11. Har ein litt grov tuja (ca 20cm stamme) som skal ned i løpet av hausten. Er dette noko som er egna til knivskaft? Lagar ikkje knivar sjølv men viss det er dugandes greier kan eg jo gi den bort i staden for å hive den i peisen.
  12. Det har aldri vore tuberkulosepasientar på Skåla. At Skålatårnet skulle vere bygd til dette formålet er mest truleg ei moderne myte. Dei eldste skriftlege kjeldene som knytter Skålatårnet til turberkulose er ca 25 år gamle... Skålatårnet og stien opp vart finansiert av Kloumann (som altså var lege men også ein ivrig friluftsmann) og Bergen Turlag. Det var eit tur/turistanlegg frå dag 1.
  13. Skålatårnet og stien opp er ca 120 år gammalt og er eit reint turistanlegg. Eit betre eksempel i dette området er "fjellovergangen" mellom Oldedalen i Stryn og Stardalen i Jølster. Denne stien har vore i bruk i hundrevis av år og vert no utbetra av sherpaer.
  14. Dette er skjeftet eg kjøpte: http://www.midway.no/epages/MidwayNorge ... cts/805249" target="_blank" target="_blank Det passa fint på både min gamle Mk 1 og ein klubbkamerat sin Mk 3. No er det ei stund sidan eg monterte dette, men meiner å huske at skjeftet er laga for Mk 3 og at det fulgte med ein plastbit som ein skulle montere i tillegg på tidlegare modellar. Edit: Slik ser skjeftet ut på ein Mk 3. Som du ser kjem det ikkje i vegen for magasinutløyseren. Den plastbiten eg nevnte over var for å fylle ut tomrommet ved (den manglande) sleideutløyseren på Mk 1.
  15. Eg kjøpte frå Midway. Dette skjeftet passa til Mk 3.
  16. 100-150 liter? Viss trådstarter vil kjøpe eit skap med egenvekt på 90-100kg treng han eit lodd på 50-60kg. Det blir ca 25 liter betong. Eit skap i den størrelsen som trådstarter snakkar om er ca 40x30cm i "grunnflate", støyper du ein betongklosse med samme mål vert den drøye 20cm høg. Ikkje så voldsomt altså. Om det vert penare enn eit større skap skal eg ikkje seie så mykje om... Sjølv hadde eg nok gått for den enkle løysinga og kjøpt eit tungt nok skap i utgangspunktet. Skulle det ha stått på hybelen hadde eg så kjøpt nokre mdf-plater og bygd eit skap rundt det. Bygger ein dette skapet heilt i taket får ein mykje god lagringsplass.
  17. Ut frå det eg les i denne tråden kan eg berre ta turen til onkel og levere frå meg jerna allereie på mandag. For eg er heilt klart uskikka til å eige slikt. I fjor klarte eg nemleg kunststykket å gløyme sekken med to handvåpen og ammo på leikerommet mitt. Kom litt seint heim frå bana og middagen berre *måtte* ut. Så eg slengte frå meg sekken og heiv meg inn på dassen. Det var meir alvorleg enn eg trudde og der vart eg sittande meir eller mindre samanhengande til leggetid. Og sekken var gløymt. Så der låg den, slengt i ein stol, heilt til eg kom heim att frå jobb neste dag. Hadde onkel raida leigebueren min (ho køyrer Citroën og er åpenbart truande til alt) og teke feil dør hadde eg då vore i deep shit. Høgst fortent også, ut frå det eg les her. Skyttarar og jegarar er feilfrie folk som aldri gløymer noko som helst, eg høyrer klart ikkje til her. Ein enkelt forgløymelse = uskikka til å eige skytevåpen. Eg klarer ikkje leve opp til dette. Og det blir verre. Hadde eg blitt tatt kvar gong speedometernåla beveger seg nord for 80-streken hadde eg vore rekna som vanekriminell og vore utan både bil og skytevåpen. Eg er ikkje som andre skyttarar og jegarar som kun har passert 80 ein gong ved eit uhell i 1983 då motsol gjorde instrumentbordet litt vanskeleg å sjå nokre sekund. Reknar med dei på eige initiativ då tok kontakt med onkel slik at forelegget kunne betalast. Eller kanskje det ikkje er så farleg så lenge ein ikkje blir tatt? Saken er absurd. Dersom regelverket er meint å tolkast slik politiet gjer i dette tilfellet er det umogleg å etterleve det. Alle gjer feil. Alle. Og alle feil skal tydelegvis slåast ned på med hardast mogleg verkemiddel, sjølv om ingen skade er skjedd.
  18. Det er ikkje ein dårleg pistol. Den er vellaga og funksjonssikker, og det finns ein haug med tilbehør til den. Men du får meir egna konkurransevåpen for samme pris viss du handlar på bruktmarkedet. Eller viss du har lyst på ein Ruger - kjøp ein fin Mark I eller II på bruktmarkedet for eit par lappar. Dette er våpen som varer lenge. Elles er HW40 eit godt val, eg har ein slik sjølv og er veldig godt fornøgd med den. Eit tips: Det er ikkje mogleg å skifte skjefte på HW40, då skjeftet er ein del av ramma. Med litt Sugru kan du lage deg eit "semi-anatomisk" skjefte og pistolen vert straks mykje enklare å skyte med.
  19. Det kan og vere at "nokon" har manglande forståelse for at enkelte har meir begrensa budsjett enn ein sjølv. Eg kunne aldri ha brukt eit femsifra beløp på ein enkelt pistol, langt mindre kjøpt ein luftpistol viss den billegaste som duger kostar 8000... Eg er einig i at å kjøpe ein ny Mark III neppe er det smartaste valget. Ein kan få mykje fint brukt for samme pris. Eg såg t.d. ein fin SP20 på finn.no nettopp for 6000, og det er vel omtrent det Søilen tek for ein ny Mark III. Ser delvis poenget ditt med å slå saman pistol- og luftpistolbudsjetta og kjøpe ein dyrare pistol. Men det betinger at ein har anledning til å komme seg på bana ofte nok til å få utbytte av treninga. Det er det på langt nær alle som har. Mesteparten av skytinga mi foregår med luftpistol i stova etter at ungane har lagt seg. Ikkje mykje poeng i å ha ein fin Pardini når ein ikkje rekk meir enn to øvingar i månaden. Då er det betre å dele summen på to og kjøpe seg ein brukt matchpistol og ein dugande luftpistol og faktisk få skutt litt. Når det gjeld det opprinnelege spørsmålet: Det ligg ein Røhm Twinmaster på finn.no til under 5000 no. Men då må ein i tillegg ha flaske og fylleutstyr. Ein ny Baikal 46M kostar omtrent det samme og då slepp du tenke på tilleggsutstyr. Weihrauch HW40 er allereie nemnt og kostar berre rundt 1500. Ein glimrande luftpistol til prisen, med knallpresisjon og svært godt avtrekk. Men har du råd og lyst til å bruke inntil 5000 går du heller for ein av dei to eg nevnte over.
  20. XXL annonserer framleis Topshot til 39 øre på nettsidene sine.
  21. Fordommane rår, også på Kammeret.
  22. Eg var på XXL i helga og såg m.a. på 1990,- hagla dei selger. Eg ville ikkje kjøpt noko slikt. Treverket var overraskande bra, men resten... Loddetinnsøl på løpet, total mangel på finish og delar som rett og slett ikkje passar saman. Begge haglene eg såg på lot seg knapt lukke, og hadde 1-2mm glipe mellom baskyle og løp. Den andre utstilte billig-billig-hagla var ei Weatherby pumpehagle til 2300,-. Den framstod som eit high-end-våpen samanlikna med Baikalen.
  23. Kvar skal dei flytte? Eg bruker alltid å stikke innom når eg er i Bergen.
  24. No har eg aldri påstått at dette er tjenesteforsømmelse. Men feil, det er det. Verken lov eller forskrift nevner våpenskap som eit vilkår for å erverve eit våpen.
  25. Joda, forskrifta seier heilt klart at registreringspliktige våpen (evt. vital del) skal oppbevarast i FG-godkjent skap. Den seier ikkje at søker må eige eit slikt skap for å få lov til å spørre om lov til å kjøpe eit våpen. Ein skal vere ganske vrang for å tolke det slik. For å få tillatelse til å kjøpe eit våpen må du vere innført i jegerregister eller medlem i skytterlag etc. Dette er vilkår som må vere oppfylt *før* du kan få tillatelse til erverv, og naturleg nok må den som skal vurdere søknaden din ha den nødvendige dokumentasjon for å sjå at vilkåra er oppfylt. Det er ikkje tilfelle med våpenskap. Lykke til med å finne belegg for noko slikt i lov eller forskrift.
×
×
  • Create New...