Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. joska

    Skytevest

    Som ein kommande hagleskytter med absolutt null peiling må eg berre spørre - kva er formålet med ein slik vest? Er dette noko ein må ha, eller noko ein "må" ha?
  2. Det er dette som er problemet med Blackhawk (med originalgrep vel å merke) i felt. Det let seg løyse med eit stygt Hogue/Pachmayr-grep, men då vert rekylen for hard for mine pusete hender. Det er også erfaringa mi med ein 629, rekylen blir mykje skarpare enn med Blackhawk med klassisk SA-grep, og ein heil feltrunde med dette er ikkje noko for mine betente kontor-handledd. Blir berre skotredd av heile greia Har ingen erfaring med Super Redhawk, men det er jo eit stort og tungt (rundt 1,5kg) beist av ein revolver så det er mulig at rekylen ikkje er så ille.
  3. OK, så akkurat i det eg hadde bestemt meg for at O/U er det opplagte valget, kjem du med gode argument for halvauto og kompliserer heile greia Får ta meg ein tur i butikken og kikke litt.
  4. Eg tenker som så at det antageleg er ein grunn til at det nesten ikkje finns sidehagler i butikken. Er enig i at estetikken er på sidehagla si... øhh... side. Men eg vil berre ha ei tenleg og velfungerande hagle
  5. Eg er i ferd med å ta jegerprøva, og vil etterkvart kjøpe meg ei hagle til leirdueskyting og litt gåsejakt. Eg har NULL peiling på hagler, har vel skote fem skot eller noko slikt med ei enkeltløpa Baikal på 80-talet eingong. Kva er tingen å gå for - O/U eller pumpe/halvautomat? Med tanke på magasinbegrensingane her til lands skulle ein tru at O/U er det naturlege valget, men det må vel vere ein grunn til at det finns ein del pumpe/halvauto i butikkane og. Er nærmare to meter lang med tilhøyrande lange armar viss det skulle spele nokon rolle.
  6. Har aldri opplevd å få vondt av å skyte med originalgrepet. Skremt - ja. Men ikkje fått vondt Eg har eit Houge-grep til Blackhawken min, men tok det av etter ei stund. Ein ting er at det ser kriminelt stygt ut. Det kan eg leve med. Skaut raskare gjorde eg også, ettersom eg slapp å ta nytt grep etter kvart skot. Men pga den auka friksjonen mellom handa og grepet syns eg det var direkte vondt å skyte med det.
  7. Dette har eg høyrt mange gongar, no måtte eg faktisk finne fram min eigen Blackhawk og sjekke kor lang tid det tek å tømme den for fem tomhylser. Det tok 11 sekund, inkludert åpning av ladeporten og litt fomling. Er det noko å bli stressa av? Vi er nok minst to. Å lade ein SA-revolver er rein meditasjon. Det er lett å drøyme seg vekk.
  8. Dette handler ikkje om å ikkje betale kontingenten sin. Sjølvsagt skal ein gjere opp for seg. "Riktige" måtar å krevje inn uteståande gjeld på er allereie omtalt fleire gongar i denne tråden. Det dette handler om er roller - kva er klubben/forbundet sitt ansvar, kva er medlemmet sitt ansvar og kva er politiet sitt ansvar. Ein klubb eller forbund som brukar rapportering til onkel til å "true" inn ubetalt kontingent hadde fått langfingeren av meg. Det finns andre klubbar. Klubben/forbundet har null og niks med kva våpen det enkelte medlem eig eller ikkje eig! Dei har heller ingen oversikt eller moglegheit til å få ei slik oversikt. For alt dei veit kan våpenet vere solgt. Dette er ein sak mellom politiet og våpeneigaren, ingen andre. Våpenkontoret eg soknar til har følgande spørsmål på attesten som klubben skal fylle ut ved søknad: "Har skytteren allereie eit våpen som er egna til omsøkt formål?" (sånn ca ordlyd). Min klubb er heldigvis seriøs nok til å konsekvent skrive her at "dette har klubben ingen oversikt over". Leikepolitiet her bør forøvrig tenke godt gjennom kva konsekvensane av å påta seg eit rapporteringsansvar kan vere. Gjer ein ein tabbe her kan ein fort måtte stå til ansvar for evt. følger dette får. (Edit: Retta kjelda til sitatet: Det stammar frå Bromark, ikkje razumny)
  9. Trur ikkje det er kaliberet som er det største problemet her. Det er mulig at ein erfaren pistol/revolverskytter ville klart å treffe ein angripande isbjørn med eit handvåpen, men folk som har "fra minimalt til mindre våpenerfaring, ihvertfall de siste 10 årene" levnar eg liten sjanse.
  10. Ok... Det er første gongen eg har høyrt dette bli tolka slik, men ingenting ville vere betre enn om eg tok feil.
  11. Trådstartar skriv at han allereie har fire handvåpen. Frå POD sitt rundskriv om "rekreasjonsskytteren": Steget opp til "mosjonsskytter" er ikkje langt. 2-3 oppmøter på bana i månaden i sesongen samt 4-5 stemnestartar (klubbstemne held) så er du der.
  12. For all del, ikkje slip eller mekk på avtrekksmekanismen viss du ikkje veit nøyaktig kva du driv på med. Gå til ein børsemaker, evt kjøp eit oppgradert avtrekk (t.d. dette) til den. Har sjølv ein Mark 1 med fint avtrekk, dette var tuna av ein børsemaker ein gong på 80-talet. Aner ikkje kva han gjorde, men resultatet vart bra.
  13. Gamle jernbanesviller er gjerne impregnert med kreosot, og det ville eg *ikkje* hatt i innandørsbana. Eg trur faktisk det er forbode å bruke kreosotimpregnert materiale innandørs.
  14. Det har skjedd mange episodar med "uladde" våpen. Sjølv har eg opplevd to. Første gongen i baksetet på ein Opel tidleg på 70-talet. Denne episoden huskar eg ikkje sjølv ettersom eg berre var to år, men eg har blitt fortalt av min far at vi var passasjerar i bilen til ein sambygding, og eg sat åleine i baksetet og leika med hagla hans som låg der "i tilfelle fugl" (jadda, men dette var altså på bøgda tidleg på 70-talet. Ikkje hadde eg barnesete eller sele heller). Den var uladd forsikra eigaren, men etterkvart tok paranoiaen faderen og han knekte hagla for å sjekke. Det var bra han gjorde det før eg kom til avtrekkeren i rekka av spennande ting å utforske. Andre gongen var på skytebana for eit par år sidan. Ein kar skulle spenne ned ein uladd X-Esse. "Pang!" sa det, og det vart hol i golvet på standplass. Det er menneskeleg å gløyme, alle gjer det. Difor veivar ein ikkje rundt med munningen på eit våpen. Men som eg sa tidlegare, dette var vel det einaste eg reagerte på i dette programmet. Det gjekk ikkje mange minutta før eg igjen tenkte at "pokker heller, må få ut fingeren og ta jegerprøva snart"
  15. Enig, dette var bra. Veldig forfriskande å sjå unge folk som drit i konvensjonar og gjer det dei likar. Er nok av unge jenter som brukar tida på å ta bilete av sitt eige spraytanna duckface. Men eg skal vere einig i kritikken som går på våpenhandtering, eg trur eg hadde blitt skvetten om eg skulle gått tur med desse.
  16. joska

    Rensing av pistol

    Eg har ein Mark 1, og det er riktig at den tåler mykje men litt puss treng den innimellom. Etter 10-12 pakkar med CCI Standard eller Top Shot fjernar eg fett frå materampa og området rundt (gløym ikkje utsparinga til ekstraktoren) med ein tannpirkar. Av og til kostar eg meg på ein dråpe olje eller to på sleiden, og eg har gjort rein magasina for kulefett to gongar. Løpet har eg pussa ein gong, merka ingen forskjell. Sjølv etter tusenvis av skot ser eg ingen teikn til avleiringar i løpet. For å halde pistolen rein og fin å sjå på tørkar eg berre over den med ei olja fille før eg legg den tilbake i skapet.
  17. Det var då eit usedvanleg tåkete svar. Eg prøver igjen - er problemstillinga du beskriver reell eller tankespinn? Dersom den er reell vil eg tru du har nokre fakta å vise til. Utfordringane til skytesporten er nok ikkje knytta til at kriminelle element misbruker den til skyteopplæring, men gjennom manglande rekruttering og at den blir farliggjort m.a. ved slike tiltak som enkelte her har foreslått. De som foreslår at nye skyttarar må ha med lapp frå onkel før dei i det heile tatt får prøvd nokre skot med ein Buckmark - kva trur de dette vil gjere med rekrutteringa til sporten?
  18. Er dette ei faktisk problemstilling, eller berre noko du har kokt saman? Har dette nokon gong skjedd? Slik eg kjenner skyttermiljøet så beskriver du her eit høgst teoretisk problem. Det er vel heilt opp til dei kva dei vil bruke fritida si på? Dette er det tydelegvis mange i min klubb som ikkje anar noko om. Her er det fleire som skyter (periodevis) aktivt utan å eige skytevåpen sjølv. Nokre av dei konkurrerer til og med. Eg ser ikkje noko problem i dette. Har nokre pokalar og noko plastjuggel liggande frå gammalt av, nesten alt av dette har eg vunne med klubbvåpen.
  19. Heilt korrekt. "Psykiatri" er ingen stor fellesnevner ved vold og drap. Rus derimot... Litt tørre og kjedelege fakta: http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/nouer/2010/NOU-2010-3/7/2.html?id=602311 http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/nouer/2010/NOU-2010-3/7/2/4.html?id=602315 Amen!
  20. Eg har ikkje prøvd akkurat dei kulene du nevner, men med heimestøypte 158grs SWC Lee brukar eg 3.6grs N320 og Winchester hylser med ørliten krymp. Dette er ikkje "friske" ladningar på noko som helst måte. Noko under 3.5grs N320 resulterer i dårleg forbrenning og ujamne hastigheiter i min S&W 586.
  21. Trur "trenbare" er eit nøkkelord her. Av dei jegarane eg kjenner er det nokre eg vil kategorisere som nerdar, og som brukar masse tid året gjennom på å forbetre ferdigheitene, inkludert skyteferdigheitene. Dei fleste har børsa ståande i skapet frå november til august og skyt ikkje meir enn akkurat det dei må. Når adrenalinet pumpar er det ikkje lett å halde fokus på noko du aldri har trent på.
  22. At det kan vere greitt å forstå seg på hundar er det vel ingen som er ueinig i. Men hundeeigarar kan ikkje forvente at folk kan dette. Hundeeigarar skal ha kontroll på hunden til einkvar tid. Punktum.
  23. Å forvente at folk flest - og barn! - skal forstå og tolke framande hundars oppførsel er meiningslaust. Det ein kan forvente er at folk flest vil verte skremt av ein eller fleire hundar som står oppetter deg og gøyr. Eine jenta mi vart "overfalt" av ein leiken dachs då ho var to og er framleis hysterisk redd for hundar. Det er all grunn til å vere redd for lause hundar. Eg har sjølv vore vitne til at ein "leiken" hund på tur med eigaren eit par hundre meter bak hoppa opp i og velta ei barnevogn med eit spebarn. Mannen som leidde vogna dreit nok syltynt i om bikkja var aggressiv eller berre nysgjerrig då han tok ho i nakkeskinnet og kasta bikkja resolutt i nærmaste furulegg. Det er godt mogleg at bikkja faktisk berre ville leike, og at ein betre dyrepsykolog enn trillepappaen ville ha unngått situasjonen, men spelar det nokon rolle? Folk flest er ikkje dyrepsykologar.
  24. Enkelte har forlest seg på Ladeboka og meiner at alt anna enn ei enkelstasjonspresse er for komplisert for nybegynneren. Eg har meir tru på folk enn som så. Det er berre å ta det med ro i starten, så held du oversikta. Og som andre seier treng du ikkje lade meir enn ei patron om gongen med andre presser heller. Ein ting er tida det tek, ein annan ting er at ein fort blir lei av dillete ting. Skulle eg ha lada 200 skot i veka med ei enkeltstasjonspresse hadde eg nok fort gitt meg. Turret-pressa er mykje raskare og enklare i bruk sånn sett. Har sett eit par filmar om Square Deal-pressa på Youtube, den virkar også veldig rett fram å bruke. Men som sagt, eg har null førstehandskjennskap til den pressa.
×
×
  • Create New...