Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Må seie eg kjenner meg lite igjen i vill-vest-beskrivelsen av NSF-miljøet. Mulig det er snakk om geografiske forskjellar, men eg er vant til nulltoleranse for både fikling og veiving.
  2. Viss du skal kjøpe nytt sikte til under 5000 bør du også ta ein kikk på Nikon. Eg hadde samme budsjett som deg og endte opp med ein Nikon framfor Zeiss Terra. Zeissen er sikkert fin, men den fungerte overhodet ikkje med mitt syn.
  3. Nettopp, det er forskjell på Kina-produsert og "kinaskrot". Ein treng ikkje kjøpe stjernekikkert med LED i allverdens fargar til 300 kroner frå DX. Har ingen erfaring med MacKenzie kikkertsikte, men har brukt ein 8x42 handkikkert av samme merke. Ingen Zeiss, men etter mi meining ein godt brukbar kikkert også når lyset ikkje er på topp. Eg ville ikkje avfeid MacKenzie som "kinaskrot" utan å ha prøvd først, sjølv om eg skal vere einig i at 3-12x56 og opplyst retikkel til 1500 kroner høyrest tvilsomt ut...
  4. Har prøvd, svaret er nei Den totale mangelen på presisjon gjer airsoft ueigna til trening.
  5. Eg kjøpte noko slikt på Våpenloftet i Førde for tre-fire år sidan. Rett nok i stål og ikkje plast.
  6. ZKK og 550 har veldig forskjellige avtrekkarar. Ein våpensmed kan sikkert få det til å passe, men "bolt on" er det definitivt ikkje.
  7. Det er mi erfaring også. Eg har ei kranglete skulder og liggande er rett og slett smertefullt. Samme med ståande - utan støtte under albuen klarer eg ikkje halde stillinga meir enn nokre sekund. Men når det er lov med eigen krakk på storviltprøva er det ikkje noko problem
  8. Ok, då rullar eg rett og slett saman eit liggeunderlag og puttar i sekken når eg skal på bana Ståande skyting er nok ikkje aktuelt. Då hadde det ikkje blitt jakt på meg i år...
  9. Har ei kranglete skulder og klarer ikkje skyte liggande. Sittande funkar best, men kan nokon nekte meg å sitte på sekken for å få hekken litt over bakken?
  10. Det er bygd mange fine rifler på Brno ZKK-kasser, men den avviker kanskje litt for mykje frå ein ekte M98?
  11. Ja, denne er rimeleg, men kan kun brukast med kuler som er smurt på forhånd. Det er ikkje så moro viss ein skal lade i litt større mengder, noko eg ser for meg er aktuelt til dynamisk.
  12. Dette har eg gjort med litt slappe feltladningar. Funkar heilt fint.
  13. Det største problemet er altså ikkje at det var litt trangt her og der. Det er lett å fikse. Problemet var at det var for romt ved rekylklakken, så den hadde ikkje anlegg mot noko anna enn skjefteskruen. Så i mitt tilfelle må det beddast.
  14. Du har nok rett i det. Mulig eg berre vart litt bortskjemt med Boydsstokken eg kjøpte til salongen (CZ 452). Der passa alt tilnærma perfekt utan den minste tilpasning.
  15. Oppdatering - eg kjøpte ein Boyds-stokk til ZKK-en. Stokken er forsåvidt fin å sjå til med ein silkematt lakkfinish, og formen passar meg veldig bra. Sånn sett har eg ingenting å klage på. Det som er mindre bra er passformen og ikkje minst innvendig finish. Til min ZKK 601 må den seiast å vere halvfabrikata. Med litt forsiktig massering med ein Dremel med fresebit fekk eg kassa ned i stokken, og det ser tilsynelatande bra ut. Prøveskytinga gir lovande presisjon, men uansett kor eg drar dei til løsnar skjefteskruane etter 8-10 skot. Litt forsking og prøving med merkefarge (dvs. ein av ungane sine tusjar) avslører at rekylklakken har null anlegg. Finns ikkje. Det er heller ingen foringar i hola for skjefteskruane slik det er på originalstokken. Utsparinga for magasinbrønnen er for sparsom slik at låskassa ligg an på to stader - enten fremre skjefteskrue og høgre hjørne foran på magasinåpninga, eller tangen og bakre venstre hjørne av magasinåpninga. Som sagt, halvfabrikat Etter fleire veker med stress og dårleg tid (sommarferie veit du) fekk eg endeleg somla meg til å gjere noko med dette i går kveld. Fram med Dremelen igjen og ta ut nok gods til at låskassa kunne leggast i. Denne gongen også i vater og med pipa i senter i løpskanalen. Holet til fremre skjefteskrue vart bora opp til 12mm og stålforinga frå originalskjeftet pressa inn. Må i rotekassane i garasjen og sjå om eg finn passande emne til foring til bakre skjefteskrue - foringa i originalstokken er limt inn. Så til bedding - eg har tenkt å bedde rekylklakken og ca tre cm framover på løpet. Har det noko for seg å bedde tangen? Det er ikkje allverden med gods der, vil det ikkje vere nok med anlegg mot foringa mot underbeslaget? Tenkte å lime inn denne som på originalstokken.
  16. Har kjøpt to stokkar frå Boyds. Leveringstid ca to veker.
  17. Eg har tilnærma samme stokk på både salongen og jaktrifla (.308 her og). Det var eit bevisst val, men om det har noko å seie for treningsutbyttet aner eg ikkje. Eg likar å innbille meg det iallfall... Men det er klart, det må trenast med jaktrifla og. Der ligg eg dårleg an no, både treningsskot og oppskyting står for døra og rifla ligg på benken i delar.
  18. Eg skyt sikkert 20 gongar meir med salongen enn jaktrifla. Minst. Utan salongen hadde eg ikkje hatt verken råd eller tid til noko særleg mengdetrening.
  19. Litt nysgjerrig - kva utfordringar tenker du på? Reingjorde nyleg min Sonic-demper og la merke til at den har stålforingar i "løpet".
  20. Max løpsdiameter er 22,5mm. http://sonicsilencers.com/technical-specifications/
  21. "Greit" er ordet ein brukar om gamla råtabiler når ein skal selge dei på finn Vil påstå at Nikon Monarch er bra greier til god pris, eg endte opp med ein 2.5-10x50 Monarch (denne har 30mm rør viss det er viktig) etter å ha prøvd diverse optikk i denne prisklassen. Denne fungerer godt for meg som brukar briller, det var det på langt nær alt som gjorde. T.d. Zeiss Terra, som vart varmt anbefalt i ein lokal butikk men som viste seg å vere heilt "umulig" med mitt syn. Både XXL og Jaktdepotet har forøvrig hatt jamnlege tilbod på desse Nikon-kikkertane. Eg trur eg gav 3500 for min.
  22. Eg kjenner til ein av desse fedrene, han er ein habil og kunnskapsrik skytter innan fleire greiner og har gjennom tidlegare verv gjort mykje bra for skytesporten. Det er nok dessverre sorgen som snakkar her. At denne artikkelen kom på trykk er rett og slett tragisk.
  23. Kvifor dreg du hærverk inn i dette? Eg har skutt kontorets forhatte HP-skriver i filler med 44 magnum. På trygg avstand, med trygg bakgrunn og med opprydding etterpå. Verken farleg eller ulovleg, kanskje litt harry og uendeleg moro.
  24. joska

    357 og 44 mag

    I følge mine notatar har eg brukt 14,8 grains N110 til 158grs SWC i .357. COL 41,5mm. Denne ladninga fann eg i ei gammal utgåve av Ladeboken. Dette er med heimestøypte kuler, H&N-kulene er vel kobberbelagte blykuler?
×
×
  • Create New...