Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Her har du nesten alt du treng, men du treng tilleggsutstyr for å kunne bruke kruttmålet med N110 til 44 magnum. Du får ikkje meir enn ca 18grs N-110 med dei medfølgande diskane. Du treng eit såkalt "double disk kit", dette let deg kombinere to diskar og såleis dosere større mengder krutt.
  2. Funkar nok heilt fint denne, men... Du skal lade til pistol og kjem nok til å bruke meir ammo enn du trur. Er redd du kjem til å gå lei av å fikle med enstasjon etter ei stund. Det er ikkje så stort prishopp opp til ei turret-presse (http://www.brownells.no/epages/Norge.sf/no_NO/?ObjectPath=/Shops/Norge/Products/56283100053416/SubProducts/100053416) med eit Autodisk kruttmål. Då kan du trykke ut 50 skot på 15-20 minutt. Eit godt kompromiss dersom ein ikkje vil bruke for mykje pengar.
  3. Muligens ikkje, men du har definitivt andre utfordringar ettersom du bevisst bryter loven. Som vi alle veit seier §7 at "Tillatelse kan bare gis edruelige og pålitelige personer". Her er det samtidig snakk om ulovleg oppbevaring av skytevåpen, det ville forbause meg om denne salongrifla vart levert tilbake til eiger. Den vert nok mest truleg inndratt, ref. saken om han som hadde våpna i skap men hadde gløymt å ta ut nøkkelen...
  4. Ja, ingen problem. Den einaste forskjellen på .44 Special og .44 Magnum - bortsett frå mengda krutt vel å merke - er lengda på hylsa.
  5. Brukar blykuler i .38, .357 og .44 Magnum. Det er mulig eg har hatt flaks med toleransar, men dette har fungert fint med minimalt med blying. Støyper 158grs (.38) og 240grs (.44) kuler i Lee "Tumble Lube" støypetenger, droppar sizing og påfører flytande Alox kulefett i ein isbox. Alt tilseier at dette berre er sorgen, men det har fungert heilt fin-fint her. Støyper med ei legering av 80% reint bly, 20% hjulvekter (enn så lenge) og littegrann tinn, og bråkjøler kulene i vatn. Det er nok mindre arbeid med mantla kuler, men då er det plutseleg ikkje så mykje å spare lenger.
  6. No er dei ei stund sidan eg kjøpte krutt, men eg reknar ca 1.50 per smell i krutt (N-110) og tennhette. Kva kuler kostar veit eg ikkje, enn så lenge har eg tilgang til bly og støyper sjølv.
  7. GRS årets gründer. http://www.nrk.no/sognogfjordane/grs-riflestocks-blei-arets-grunder-1.12640947
  8. Takk for tipsa, då skal eg ringe litt rundt.
  9. For å fjerne bøylen må ein skru ut ein skrue, det er nok til å leve med viss ein absolutt vil ha ei slik rifle. Med ein slik bolt treng ein ikkje verktøy heller.
  10. Kva er eigentleg årsaken til at du ikkje kan lade no? Plassmangel? Det finns det i så fall mange enkle løysingar for http://s48.photobucket.com/user/dk17hmr/media/box4-1.jpg.html
  11. Nokon som har eit tips til ein børsemaker som er flink med revolver? Skulle hatt eit nytt løp i Blackhawken min, då eg skulle skifte forskifte på den i går kveld oppdaga eg at sleggemekanikeren som kappa løpet på den i hine hårde dagar har klart å bore skrueholet til forsiktet tvers gjennom løpet... Så då var mysteriet med flekken som ikkje gjekk an å pusse bort løyst.
  12. Som Jimm114 sa - mykje betre å smelte ned blyet i barrer først. Eg ville *ikkje* ha etterfylt med potensielt fuktig bly. Ein annan fordel med å smelte i barrer først er at du slepp å fluxe ut så mykje drit under kulestøypinga. Er det ein slik du har? http://www.elkjop.no/product/hvitevarer/platetopp/WCP1/wilfa-kokeplate-wcp1 Eg har ein slik og den tåler utan problem ei lita gryte med rundt 15kg bly i. Men som Jim144 sa, termostaten kan skape problem. Eg gjorde det enkelt og kilte den fast med ei treflis, men om du tek deg tid til å koble den ut så er det sikkert det beste.
  13. Eg meiner at ein skal vere pragmatiske når ein utarbeider regelverket, ikkje at det er opp til den enkelte skytter å tolke reglane etter eige hovud...
  14. Som totalt uerfaren jeger vil eg likevel driste meg til å uttale meg her... Kor mange har eigentleg anledning til å trene på oppfølgingsskudd? Vi snakkar då om eit dyr i bevegelse, gjerne i god fart også. Inntil nyleg var det dryge to timar i bil pluss ei ferje til nærmaste "løpande elg" i mitt distrikt. Har inntrykk av at dei aller fleste unngår å skyte på dyr i bevegelse, og mi ukvalifiserte gjetting vil vere at eit oppfølgingsskot på eit dyr som tek laust stort sett vil vere rein bingo. I verste fall ein tryggleiksrisiko.
  15. Meiner eg såg verktøyskap merka "Ironside" på Europris forholdsvis nylig.
  16. Har ikkje sett på det frå Jula. Biltema sitt er heilt ok, og eg veit at det står mange av desse på bilverksted rundt om.
  17. Eg velger å tolke dette som at du ikkje veit kva pragmatisme er, og ikkje som oppsetting av ein stråmann. Kva er eigentleg problemet med veske? Våpenet er tømt og sjekka av skytter. Deretter visitert av standplassleder, *før* det vert pakka ned. Reknar med du sit på ein skremmande statistikk på ulykker som er skjedd med tømte, visiterte og nedpakka skytevåpen i feltløypa sidan du vil forby alt anna enn hylstring?
  18. Browning BLR har boksmagasin og bortsett frå det estetiske burde det ikkje vere noko problem å montere demper på den. Men om presisjonen er god nok til lange hald på fjellet er ein annan sak.
  19. Men "skaden" har jo allereie skjedd, til tross for hylster... Ja, tryggleik er viktigast. Men eg saknar litt pragmatisme. Syns mykje av denne tråden bærer preg av "dynamiske" skylappar.
  20. Har hylster sjølv men syns det er vel så praktisk med ei enkel veske. Har uansett denne med til ammo, reservemagasin, pusseklut til briller... "Surrehode"-argumentet syns eg er tynt. Er du så surrete at du rotar med jernet etter at skyteleder har gitt beskjed om hylstring/nedpakking så er det vel endå enklare å surre med jernet lett tilgjengeleg i hylster? Er enig i at det kan vere ubehageleg å gå saman med folk som bærer pistolen i handa mellom standplassane. Det er ikkje alle som tenker over kvar dei peikar, spesielt ikkje når dei balanserer på ein 2x4 mellom to tuer i myra...
  21. Du snur det på hovudet. Du må heller spørre kva som er argumentet mot bag.
  22. Brukar sjølv ein brukt kjøkkenventilator, null problem med varme. Det blir ikkje spesielt varmt, som Erlend seier er det mest kaldluft som blir flytta på uansett.
×
×
  • Create New...