Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Er vel ikkje så mykje å vere usikker på der... Lisens må du ha om du skal bruke jaktradio. Har du ikkje lisens kan det vanke bot frå Post- og Teletilsynet.
  2. No er du vel strengt tatt litt ute og ror? Kven seier "shit happens!" til *vådeskudd* som vert avfyrt i usikker retning? Greitt nok at du føler du må vinne denne diskusjonen, men ingen utover dine meiningsfeller tek deg seriøst når du tyr til stråmenn.
  3. Søk på .38 spec til revolverfelt og sjå kva svaret blir. Får du avslag kostar det deg ingenting. Eg kjenner ikkje ditt våpenkontor, men eg søkte på .38 spec til revolverfelt og fekk avslag fordi eg allereie hadde ein SA i .44 magnum til Magnum 2. Og den *er* strengt tatt godkjent i revolverfelt også. Eg kunne sikkert ha krangla men kjøpte heller ein .357 magnum. For *det* var jo heilt OK...
  4. Fantastisk! Ein annan fordel med denne er at den kan brukast til å berge i land skutte ender med. Løp og kjøp!
  5. Det er dei samme krava som våpenskap generelt. FG-godkjent eller tilsvarande, minimum 150kg eller fastbolta.
  6. Kva slags material er denne sekken laga av?
  7. Har framleis Amiga på skrivebordet eg. Seier du at den ikkje er hot lenger?? Vindusviskermotoren går jo på 12V. Så du forar hastigheitsregulatoren med 12V. Arduinoen har innebygd spenningsregulator og kan også køyrast på 12V. Noko meir treng du ikkje. Kva treng du rele til? Motoren er styrt direkte frå hastigheitskontrolleren, som igjen er styrt direkte frå Arduinoen. Så har du to endestoppbrytarar kobla direkte til Arduinoen. Kan ikkje sjå at du har behov for rele? Viss du tenker på vending så passar du på å kjøpe ein hastigheitskontroller med revers. Du kan også kjøpe relekort til Arduino viss du foretrekker det. Kostar ikkje mange kronene det heller. Ja, du må putte det i ein vanntett boks. Det kjem an på kven som feilsøker Det er nesten ingen elektronikk i ein Arduino. Det er berre snakk om ein mikrokontroller og ein spenningsregulator. Funkar den ikkje så erstatter du den med ein ny til 30 kroner. Det er snakk om debugging av software, noko som er sånn ca uendeleg mykje meir morsomt enn å debugge ein relekrets. Men så er eg også ein slik type nerd som kan finne på å kjøpe ein ekstra Fox når eg står i kassa på REMA for å få totalsummen opp i 256 kroner... Det er lite forskjell på ein Arduino-klone til 30 kroner og det kretskortet som styrer vaskemaskina di. Arduinoen fungerer stort sett. Det er klart, det er ikkje vanskeleg å svi av ein Arduino i bygge/teste-fasen, eg har gjort det sjølv.
  8. Tja, kva kostar den fartsregulatoren? Du kan kjøpe ein Arduino-klone frå rundt 30 kroner og oppover (frakt inkludert) på eBay, og elektronisk fartsregulator til RC for rundt hundrelappen. Arduino. Her har du full fleksibilitet, og ein kontroll som ingen PLS kan matche - viss du kan (eller vil lære deg) programmere. Men det enklaste er naturlegvis å benytte seg av den kunnskapen ein allereie har. Fartsregulator, ikkje den billegaste men denne taklar vindusviskermotoren og meir til. Og den har revers, så du treng ingen rele. Du kan nok finne tilsvarande til lavare pris om du leitar litt. I tillegg til desse to treng du to endestoppbrytarar, og ein eller annan måte å betjene herligheita på.
  9. Elektronikken din ser unødvendig komplisert ut. Eg ville gjort det enklare - ein mikrokontroller til styring (timer, vending, hastigheit etc), ein fartsregulator til radiostyrt bil og to endebrytarar. Betjeninga av dette kan gjerast så enkel eller avansert ein vil, alt frå å sette opp ein eigen webserver på mikrokontrolleren til nokre vippebrytarar. Med litt nøye shopping på eBay kan du sikkert komme under hundrelappen i kostnad på elektronikken. Minuset med ei slik løysing er at du må ha litt programmeringskunnskap. Har du ikkje det blir det straks meir komplisert.
  10. Eg brukar rett og slett ei pappeske med nokre gamle T-skjorter i som kulefanger. Det er stille og ein unngår støv og drit frå kulefangeren.
  11. På feltskyting ja. Eg er enig i at dette er ein uting, sjølv om det nok er mest ubehageleg og ikkje farleg. I dei andre øvingane gjeld regelen om at våpenet kun skal vere utpakka på standplass.
  12. Dagens regelverk seier at alle våpen skal vere nedpakka så lenge dei ikkje er på standplass.
  13. Ein GSP av den gamle typen er framleis eit svært mykje betre konkurransevåpen enn sjølv ein tungt modifisert Ruger mk 1/2/3, og kan plukkast opp for småpengar viss ein har litt tålmodigheit.
  14. Eg vil heller anbefale å bruke noko meir pengar. Ja, egenpresisjonen på mk II og III (og mk I for den del) er det ingenting å seie på. Dei er også pålitelege og uslitelege. Men dei har råtne avtrekk, til nyare dei er til verre er det. Dette gjeld spesielt mk III. Min mk I har OK avtrekk men så har den også vore massert av børsemaker i si tid. Eg har og skifta skjefte til eit som passar mi hand betre. Likevel kan eg plukke opp ein av klubbens GSP-ar og skyte betre enn med Rugeren som eg har skutt med sidan eg var 12...
  15. Når kammerflagg er satt i og våpenet visitert, så ligg det urørt på benken til standplassleder gir ordre om lading. Når skytinga er over vert våpenet pakka ned. Det er ingen fikling eller peiking - vel å merke når reglementet vert fulgt. Om ikkje reglementet vert fulgt så kan eg love deg at det ikkje hjelper med fleire reglar - NSF-reglementet er allereie på eit par hundre sider Bruk av hylster eller bag/veske på felt syns eg forøvrig er ein god ide. Å bevege seg rundt med våpen i hand får dei som meiner seg kompetente til det ta seg av.
  16. Så du kan jakte rådyr med hagle utan skyteprøve, men du må uansett ha tilgang til ettersøkshund.
  17. Hvor i NSF-regelverket er sitatet hentet fra? Dette står i dei generelle tekniske reglane, som er dei som gjeld dersom ikkje anna er spesifisert. I dette tilfellet ville det vore i Pistolreglane.
  18. Der skytteren står under sjølve skytinga. At reglane ikkje vert fulgt er din påstand.
  19. Reglementet seier vel også at våpen som ikkje er på standplass skal vere nedpakka. Så dersom reglementet vert fulgt opp er det lite rom for farleg fikling.
  20. Når det gjeld ISSF-program så er dette spesifisert i dei generelle tekniske reglane: http://www.skyting.no/loverogregler/Documents/06%20ISSF%20Tekniske%20Regler.pdf
  21. Då er det nok snakk om gamle synder ja. Er det nokon som sit med ein offisiell skadestatistikk frå NSF? I denne tråden vert jo NSF-skyting framstilt som ekstremsport, det hadde vore interessant å sjå kor "farleg" det faktisk er... Eg kjenner iallfall overhodet ikkje igjen denne beskrivelsen av NSF-skyttarar som veivete sosekoppar. Men når det er sagt så er eg einig i at det er ein uting å bære våpenet i handa mellom standplassane i felt, sjølv om det er tillatt iht reglementet. Tilbake til det tråden starta med, kammerflagg. Dette vert brukt hos oss, også på treningane. Vi har ikkje opplevd at dette har blitt noko sovepute. Kan ikkje seie at det har noko avgjerande betydning for tryggleiken heller, men det er utvilsomt eit godt hjelpemiddel ved visitering av våpen.
  22. Igjen - kvar *er* dette? På vår gamle, falleferdige bane frå 70-talet er det nøyaktig tre - 3 - hol tilsaman i golv og bord. Når du snakkar om tusenvis så tenkjer eg at her er det ikkje regelverket det er noko gale med, men standplassleiinga.
  23. Oppførselen som vert beskrive i anekdotane her hadde vore fullstendig uakseptabel i vår klubb, og eg har aldri sett liknande haldningar/oppførsel hos besøkande skyttarar frå andre klubbar eller på besøk hos andre her i distriktet. Som fersk jeger såg eg litt av kvart hos "gamlekara" på jegertreningane i år, men også der var standplassleiar på hugget og sa frå.
×
×
  • Create New...