Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Kjøper du nytt kjøper du Classic. Ikkje nødvendigvis fordi den er meir solid, men fordi hettematinga er betre og fordi dei brukte hettene ikkje spretter overalt slik dei har tendens til å gjere med den gamle Turret-pressa. Men finn du ei billig, brukt Turret er det berre å kjøpe, ingen grunn til å vere redd for å knekke noko til vanleg pistollading. Ja, plastbiten til indekseringa blir utslitt før eller seinare. Den er billig og enkel å bytte som andre har påpeikt. Utover den ser eg ingenting som det er råd å øydelegge eller slite ut på mi presse. Ja, dei kan søle litt krutt viss pressa ikkje er solidt montert til ein solid benk. Dette merka eg godt i starten då eg ikkje hadde nokon plass å montere pressa og den var skrudd fast i ei trekasse som eg drog fram ved anledning. No som den står på ein solid benk er sølinga minimal. Ser rett bort på den no, og kan sjå 10-15 kruttkorn på benken etter gårsdagens produksjon av 200stk 38 Special. Det tåler eg godt då kruttmålet elles er skitbillig og rett og slett genialt Forøvrig er den einaste Petter Smart-fiksinga på mi presse ein liten pappbit som eg har teipa på sokkelen for å fange brukte hetter på ville vegar. Akkurat dette er mitt største ankepunkt med den gamle Turret-pressa. På Classic-versjonen forsvinn den brukte hetta gjennom eit hol i stempelet og kan samlast opp i ein egna beholder.
  2. Eg har ingen erfaring med Squaredeal-pressa, men den ser veldig interessant ut. Den vil nok vere betydeleg raskare i bruk enn Turret-pressa ettersom du jobbar med inntil fire patroner samtidig. Med Turret-pressa ferdigstiller du ei patron før du tek til på den neste.
  3. Har kun erfaring med Lee Turret, den gamle typen i alu. Den var godt brukt då eg kjøpte den, og etter å ha lada ein del tusen skot sjølv (mest 38 Special, men også ein del 44 Magnum) kan eg ikkje sjå kvifor alu skulle vere problematisk. Ser ikkje heilt kva eg skulle klare å knekke eller slite ut. Eg ladar ca 200 skot i timen utan å stresse, då brukar eg Lee sitt autodisk kruttmål som står på expanderdia. Har to turrets ferdig satt opp til hhv 38 Special og 44 Magnum, med eit kruttmål til kvar. Eg trykker berre ut standardladningane mine (og brukar samme kula heile vegen) så eg treng aldri justere noko, berre å sette i riktig turret og lade i veg. Kontrollmåler vekt og patronlengde likevel, men har til dags dato ikkje hatt behov for å etterjustere. Du bruker forøvrig samme diesett til 357 og 38, men vil måtte justere diene når du veksler mellom desse kalibra pga forskjellen i hylselengde. Viss du ladar mykje i kvart kaliber er det lurt å ha dobbelt sett med dier og to turrets for å slippe justeringa. Når det gjeld pris så er eg ein gnier og kjøper brukt der eg kan. Kom litt under 2000 for presse, to turrets, tre diesett, to autodisk kruttmål og to kuletenger. Noko er brukt og noko er kjøpt nytt på eBay eller direkte frå Lee. Eg ladar for å spare pengar, ikkje for å ha det finaste leiketøyet
  4. Du misforstår poenget. Det er forskjell på påbod som bevisleg har ein positiv effekt og påbod som er tufta på synsing.
  5. Denne vil jeg på det sterkeste angripe! Det 'ER sant, og mye rart har man ønsket og trodd til forskjellige dyr, de beveger seg tilogmed, med bare øyne, og med kikkert, men man SKYTER ikke på det? Det er jo ein del av problemet. Vi ser jo at det skjer jaktulykker der folk vert skotne på fordi jegeren er overbevist om at det er snakk om eit dyr. Mulig at hjelm med gul rotell på ville funke, men ein fargeklatt? Njaaa, skeptisk... I andre tilfelle vert folk trufne fordi jegeren er så fiksert på dyret i siktet at han totalt overser kompisen eller forhausteren i bakgrunnen. Slikt kan skje når adrenalinet pumpar. Som du seier kan ein berre redusere risikoen (som allereie er forsvinnande liten, lat oss ikkje gløyme det), ikkje eliminere den. Eg er av den meining at det er lite å hente på å kle opp 140000 jegarar i refleksvest eller oransje caps. Eg vil tru at meir tolmodige jegarar ville gi større gevinst. Kanskje ikkje så enkelt når eg høyrer kva enkelte betaler for ei vekes hjortejakt...
  6. Dei færraste er vel innbitte motstandarar av for/påbod som bevisleg har noko for seg, t.d. bruk av bilbelte. Påbod med bakgrunn i synsing (også kjent som "sunt bondevett") er noko anna. Du kan godt tru at andre jegarar ser deg betre når du har på deg raud lue eller vest. Om dette er tilfelle har eg tilgode å sjå belegg for. Syn er merkelege greier. Hjernen filtrerer effektivt bort det den meiner den ikkje har bruk for, rett og slett for å kunne kunne behandle dei store mengdene informasjon det er snakk om på ein effektiv måte. Korleis informasjonen vert filtrert og tolka er påverka m.a. av dine forventningar og ønsker, slik som ein ser døme på i trafikken (jfr den usynleg motorsyklisten) eller i fenomenet vardøger. Lat oss tenke oss at det vert påbod om raud lue for alle som deltek i eit jaktlag. Dette vil muligens gjere det enklare å sjå dine jaktkameratar, fordi hjernen din er innstilt på at kompisane dine har raud lue på seg. Men kva skjer når ein ser "noko" som beveger seg utan raud lue? Er det hjort eller sauesanker? Her er det fort gjort å gå i ei felle - dersom det beveger seg og ikkje har raud lue så er det eit dyr.
  7. Det er vel ikkje fargeklatten i seg sjølv, men påbodet dei fleste har vanskar med. Ein liten skrivefeil her ser eg. Det skal vel stå "...derfor drar jeg på meg den orange lua og tror at jeg dermed har bedret muligheten for at andre jegere ser meg." Når ein sit og ser etter hjorten er det utruleg kva som blir til hjort. Berre sjå kva som skjer i trafikken kvar vår. Ein bilist skal ut på riksvegen, ser til venstre etter bilar men ser ingen. Køyrer ut i vegen og får motorsyklisten rett i venstre forskjerm. Dette fenomenet opptrer såpass hyppig at MC-organisasjonane verda rundt har kampanjer retta spesifikt mot dette problemet. Når ein normal, relativt oppegåande (nåja, kva som er "oppegåande" med to hjul for mykje kan diskuterast) bilist klarer å forveksle ein motorsykkel i rørsle med tomme lufta kan ein lure på effekt ei raud lue vil ha.
  8. Dette vart vel diskutert i fjor på denne tida og. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=8&t=79718 Muligens ikkje direkte overførbart, men det kan nemnast at Vegdirektoratet velger å ikkje foreslå bruk av signalfargar ved køyring av motorsyklar då effekten av dette er mildt sagt usikker.
  9. Du kan prøve å kontakte Herdla Museum. Herdla var tysk flybase under krigen, mulig at museet har peiling på verdi på eit slikt våpen.
  10. På den andre sida så blir det ikkje så mykje ommøblering når sofaen bokstaveleg talt veg eit halvt tonn.
  11. Det har gjentatte gongar vore hevda - m.a. av deg Hassel - at det er aktivitet og behov som er gjeldande, ikkje rekkefølge på ervervet. Eg vil advare nye skyttarar mot å høyre på dette. For ein rekreasjonsskytter er rekkefølga alfa og omega. Ja, det er riktig at rekkefølga ikkje spelar nokon rolle for ein som vil ha 44 mag og 357 mag, men for ein som vil ha ein pistol i 45ACP og ein i 9mm er det viktig. Samme med ein som vil ha ein revolver til magnum 2 og ein til revolverfelt. I mitt tilfelle ønska eg ein revolver i 38 special til revolverfelt, men fekk avslag på dette fordi eg allereie hadde ein Blackhawk i 44 magnum. No er det vel ikkje mange som klarer å trykke ut seks skot på 8 sekund med ein Blackhawk og samtidig treffe noko, men det var ingen nåde hos dama på våpenkontoret. Ho sa rett ut at eg burde ha kjøpt 38-en først. Når ein har kome seg opp på Hassel sitt aktivitetsnivå kan ein fleske til med fleire titals forskjellige våpen om ein så vil, men for oss som knapt har tid til å drite i fred og iallfall ikkje har anledning til å reise land og strand rundt på stemner er ikkje dette eit alternativ. Til trådstarter vil eg råde til å først finne ut *kva* du vil skyte, og så finne ut kva du vil skyte med. Så får du legge opp søknadstaktikken deretter.
  12. Enig. Dette er eit genialt kruttmål som er både nøyaktig og raskt i bruk. Billeg er det også, eg har eitt til kvar av kalibra eg ladar, ferdig oppsatt med riktig disk. Ein fin ting med dette kruttmålet er at når du først har satt i riktig disk/hol er det null behov for kontrollveging undervegs. Kan trykke ut 200 patroner i timen med den billege turret-pressa mi delvis takka vere dette kruttmålet.
  13. Hylsevasking på budsjett har hittil vore varmt vatn med Zalo i oppvaskkummen, men eg syns ikkje eg fekk hylsene reine på denne måten. Spesielt 38 special-hylsene som er brukt til slappe felt-ladningar sotar ein del og er framleis seige å ta på sjølv etter ein runde i Zalovatn. Som eit eksperiment kjøpte eg så den billegaste ultralydrenseren eg kunne finne på DealExtreme. Den er så nærme skrot som det går an å komme og likevel fungere. Den er liten og har lav effekt, og kan ikkje rense meir enn drøye 50 hylser om gongen, men med litt effektiv logistikk (skylle og legge til tørk forrige batch medan renseren jobbar på neste) vaska eg ca 300 hylser på 20 minutt. Før-bildet: Her er hylsene lagt i badet. "Rensevæska" er rett og slett varmt vatn med litt eddik og nokre dråpar Zalo. No har vaskeren stått på i ca eit minutt. Som de kan sjå av fargen på vatnet har det skjedd noko her. Etter ca fire minutt med rensing vert hylsene skylt i kaldt vatn og lagt til tørk. Framleis ikkje blanke, men no blir eg ikkje skitten på fingrane av å handtere dei. Dette er altså ikkje noko løysing for dei som vil ha blanke hylser, eller som likar kvalitetsverktøy. Derimot blir hylsene reine i løpet av få minutt, og det til ein latterleg lav pris. Så får tida vise kor lenge ultralydvaskeren varer.
  14. Såpass ja... Eg har tilgang til hardheitsmåler så dette skal eg teste Har god tilgang på praktisk talt gratis reint bly, så til lenger eg kan drøye hjulvektene (som forøvrig kun er av klips-typen) til betre.
  15. Takker, då prøver eg 1:1 og litt tinn så får vi sjå. Skulle halde til nokre tusen kuler
  16. Javel? Dette er første gongen eg høyrer om noko slikt.
  17. Har fått tak i nokre kg med hjulvekter, dette er dessverre ikkje noko daglegdags hendelse så eg vil gjerne drøye dette blyet så langt det let seg gjere. Skal i hovudsak støype kuler til halvslappe 38 Special-ladningar, så eg ser for meg at eg kan blande i ein del reint bly (og litt tinn kanskje?) i hjulvektblyet. Men kva vil ei fornuftig blanding vere?
  18. Dette veit eg fordi eg på det tidsrommet var involvert i varebilombygging av Touran. Om det er mogleg å bøye veggen eller festa med elektriske sete (eller rein muskelkraft) på andre bilmodellar skal eg ikkje uttale meg om då eg ikkje har praktisk erfaring med desse. Men i alle dei tilfella eg har sett flytta varebilvegg i Touran har dette vore gjort av eigaren. Då får dei ingen sympati hos meg, dei kjenner til både reglane og konsekvensane av å (bli tatt for å) bryte dei.
  19. Merkeleg dette, men eg som er 195cm hadde aldri problem med å køyre ein garantert lovleg Touran varebil. Men skulle eg ha køyrt bikkjer ville eg heller valgt ein varebil med tett skillevegg for å slippe unna den verste bikkjelukta.
  20. Konsensus er vel at rett dimensjon er alfa og omega for presisjon og blying. Sjølv støyper eg kuler til .44 magnum og .38/.357 og brukar dei rett frå tanga. Det er mulig eg har hatt griseflaks med dimensjonane, men presisjonen er fin og blying er eit ikkje-problem. Kulene det er snakk om er semiwadcutters på hhv 158 og 240 grains støypt i tenger frå Lee. Kulene er berekna for Lee sitt Liquid Alox kulefett, ein treng ikkje anna spesialverktøy enn ein tom isboks for å påføre dette.
  21. http://www.regjeringen.no/mobil/nb/dep/jd/dok/regpubl/otprp/20032004/otprp-nr-90-2003-2004-/12/2/2.html?id=179540
  22. joska

    Colt eller S&W

    Eg kjøpte meg ein strøken 586 til 3000 og angrar forsåvidt ikkje på det. Som andre seier, det blir ikkje feil med ein slik. Men så her ein dag var det ein i klubben som hadde med seg ein blånert Ruger GP100 med 6" løp, og eg må seie at eg likte den vel så godt. Eg vil anbefale deg å ta ein kikk på denne også viss du får anledning.
  23. Gammal post, men vil gjerne supplere med mi erfaring med denne. Eg har også vore borti at sleiden ikkje returnerer skikkeleg, noko eg fiksa (dvs. har berre ladda 50 skot etter fiksen så kor permanent den er vil vise seg) ved å fase av kantane på enden av den justerbare delen av sleiden. Og tok også ut tommelskruen, satte den i chucken på boremaskina og pussa ned serrateringa med sandpapir då det viste seg at denne haka såvidt i hopperen.
  24. No har eg den nevnte Baikalen, samt eldre og nyare Gamo og luftvåpen frå Weihrauch. Byggekvaliteten på Gamo-våpna mine er skyhøgt over Baikalen, som mest av alt minner om Kina-ræl. Men presis, det er den. Og sjølv om den ser ut som søppel har eg ingen grunn til å tru at den ikkje vil vare i mange år. At Weihrauch lagar luftvåpen av betre konstruksjon og kvalitet enn Gamo er det ingen tvil om. Men å kalle Gamo søppel... ...blir som å eige ein Porche og seie at alt anna er skrot.
×
×
  • Create New...