Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. På jakt for Norge: Vinteren 1893 sendes student Knut Dahl og hans barndomsvenn Ingel Olsen Holm, begge to frå Hakadal, til Afrika og Australia for å skaffa eksotiske dyr til Norges første zoologiske museum: http://universitas.no/magasin/56814/pa-jakt-for-norge" target="_blank Stort betre enn det kan vel ikkje eit liv levast, seier no eg.
  2. Lauk?! Nei, fy! Da smaker det kun lauk. Hallinger har uansett ikke greie på rakafisk. Det hører Valdres til. Fisken i fokus, tilbehøret må få lov å være nettop det; tilbehør. Mitt stalltips til rakafisk er Noraker gård. http://www.noraker.no/" target="_blank Det er ikke mange steder den selges, men den er verdt bryet. Noraker gård er notert. Og eg vil framleis insistera på at nokre ringar med søt lauk er det som skal til for å laga eit perfekt kontrapunkt til den smøraktige fisken! Og litt nykverna svart peppar. Er kaffe gjæra? Er ikke det bare bær som er plukket, skrelt, tørket og brent? *tusle bort i hylla og sjekke Wendelboes bok om kaffe* Jo, du har visst rett. Mange kaffetyper er fermentert. Har forresten et tips om kaffe også. Kjøp grønn (ubrent) kaffe og brenn selv i steikeovnen. Det gir en himmelsk smak og aroma. 225 grader, 12-15 minutter. Og kast kaffetrakteren så langt du klarer... Du har nok rett på kaffien...eg har alltid tenkt på den som gjæra, men den er jo faktisk stort sett berre brent. Og eg skal til å brenne til helga no. Ferdigbrent og vakuumpakka som ein malar sjølv er i seg sjølv ei anna verd enn Coop-posen. Og til forbausande lite innsats. Det er snålt å tenkje på at det å male kaffi var like normalt for femti år sidan som å vaske golv og tørke støv. Ein annan ting som overraskar meg, er at det faktisk er meir smak i kaffi som er lite brent enn den som er hardt brent. Pose med "Löfbergs Colombia Mellanrost" på Eda Supermarknad: 59SEK Billig kaffikvern: 100,- Presskanne: 200,- Truleg den beste kaffien du nokon gong har smakt: Priceless. På jobben har dei starta med sånt kapselsystem. Eg prøvar å boikotta så godt det let seg gjera.
  3. I wish, han var aktiv anti-militaristisk og anti-religiøs anarkist. Er det noko somme av departementa og direktorata kunne trenga, så er det ein skikkeleg injeksjon med anarkisme i den opphavlege tydinga av ordet
  4. Berre ikkje drukne den i sprit og rømme, slik somme gjer som kanskje ikkje eigentleg likar dette. Lauk og lefser, slik Hellbillies syng, er alt som skal til. Her er noko eg kom til å tenkje ein gong: nesten alt det beste som er, går vegen om fermentering (altså det me ofte berre kallar gjæring, sjølv om bakteriar kan vera involvert i staden for gjærsopp): kaffi vin, sprit, øl kjøt (gjennom modning) yoghurt og surmjølk, modna ost, smør og rømme tobakk (vel, det er ikkje mat, men ein god pris med grov, fersk snus kan dekka for litt sein formiddagsmat) kakao og sjokolade gjæra brød og surdeigsbrød soyasaus og ymse gjæra soyabønneprodukt ...og altså rakfisk. Meir er det sikkert òg.
  5. Kult å ha det lange handtaket til grove ompressingsjobbar. Du får ein satans utveksling dei siste få centimetra med ein slik pressekonstruksjon, og då er det greit å ha eit like godt moment når hylsa skal ut att...
  6. Åh, kongetips! Skal sjekka ut dette - takk & bukk. Har irritert meg over det der enormt lange skaftet lenge no På ein standard einstasjonspresse med O-ramme er dia skrudd ned i toppen av ramma. Patrona kjem opp i dia frå undersida, og har ikkje meir spill i horisontalplanet enn det hylseholdaren gjer - i praksis ikkje så altfor mykje ofte. På ein Co-Ax er det eit spor som dia sklir inn i og som gjer at die og hylse blir styrt mot kvarandre. Hylsehaldaren på ein Co-Ax er tre plater som er fjørbelasta i horisontalplanet. Dette gjer hylsa horisontalt spill samstundes som hylsehaldaren framleis har solid grep. Hylsehaldaren er kjapp og enkel å stilla inn. Kombinerar du det horisontale spillet til dia og hylsehaldaren med ei match-kuleisettardie med lagra isetting får du raskt fine, konsentriske patronar. Tennhettepressa på toppen er faktisk heilt brukbar, men det tok meg ikkje mange åra før eg fekk meg ein Lee tennhetteisettar med magasin. Skuldrane mine takka meg. Mine røynsler: For min del var faktisk Co-Ax-pressa den fyrste ladepressa eg fekk meg - kjøpte den når VJ-eigarane solgte ut materiellet i samband med at bladet gjekk inn (25-10 nevar 4get). Eg har framleis ikkje nokon annan einstasjonspresse. Saman med denne, Ladeboken, eit sett med Lyman fullpressingsdier, eit lett trimma Lee krutmål og ein Lyman manuell vekt lada eg ammunisjon til .260-en min som gav hjerteskjærande god presisjon med gode, billige matchkuler i 6,5 og MRP eller skyttarlagskrut. Eg tenkte fyrst at Lyman-settet skulle bli erstatta med eit halspressingssett når eg fekk tak på det, men presisjonen eg fekk ut av utstyret gjorde det unaudsamt. No tenkjer eg å få ein fres til .260 Ackley Improved frå PT&G, og berre få Lyman-diesettet frest ut samstundes til same dimensjon. Ville eg ha klart å lade like god ammo med ein Lee einstasjonspresse? Eg anar faktisk ikkje. Eg hadde nok truffe skiva og vel så det. Det kunne ha vore eit morosamt forsøk, sant å seia. Hypotesen blir at Co-Ax pressa gjer betre presisjon, fordi ein konsentrisk patron vil ha kula meir på linje med riflinga og gje mindre varians i samlingane.
  7. Tja, om matauk var dagens orden så kanskje... eg har høyrd om folk som har fiska laks ut av Akerselva frå guteromsvindauget.
  8. Litt uten for tema kanskje.. Men tror det er i ferd med å bli mer og mer vanlig med en egen "nettpris". Jeg kjøpte nylig ett Canon 60D og Samsung Galaxy, hos expert denne uka. Telefonen var 1000kr dyrere i butikk enn i deres nettbutikk, kameraet var 1600kr. Så til sammen sparte jeg 2600kr(!) på å bestille på nett med levering i butikk. Begrunnelsen fra butikk personalet var logisk nok, "det koster å leie lokale". Det beste var når kjerringa skulle ha seg ny støvsugar. Nettprisen hjå var over 500 under butikkprisen. Så, ho vippa ut smarttelefonen sin _i butikken_, tinga støvsugaren til leveranse frå varehuset, labba bort til vareutleveringa og henta den.
  9. Bruk ein mjuk blyant og teikne litt på det. Grafitt er grafitt.
  10. Hva er motormica? Er det i selve mekanismen du fjerner grader? Pulversmøremiddel. Du kan òg bruka fint grafittpulver. Eg reiknar med det ikkje er naudsynt for meg å påpeika at alt som er i kontakt med krut må vera heilt, heilt fritt for fett. Eg demonterte heile greia i mekanismen og gjekk over alle stadene eg kunne finna teikn til grader og pussa/filte forsiktig vekk. Trur eg tok eit par lette drag med ein deburring tool i opninga til sylinderen òg. Easy does it. Nett no ligg heile kassa med ladeutstyr nederst, innerst og borterst ein stad fordi dei skal bygga om alt av røyr i blokka mi og eg måtte pakka ut av boden (som eg i etterkant forøvrig skal bygga om til ein kongeleg ladebu, he he he), ellers skulle eg gjerne ha teke bilete. Det er vel ein sju-åtte år sidan eg byrja å lade no når eg handla det så detaljane er uklare...
  11. Korrelasjon != kausalitet. Men, ja, det er påfallande nok til at ein kvar statistikar verdt sitt salt ville blitt interessert.
  12. Kvifor? Fordi dei likar å vera sure og kjipe, av ymse psykiatri-relaterte årsakar. Det beste ein kan gjera for slike, og seg sjølv, er å ignorera dei glatt.
  13. Eg foretrekk å fokusera på å få ein miljøforvaltning som er basert på vitskap og rasjonalitet. DET er eit vinn-vinn-scenario, det.
  14. Sagt det før òg; Lee-kruttmålet blir ganske najs om du tek ein runde med fin smergel og mjuk mikrofiber etterpå for å få dekk grader og støv. Sett inn alt med motormica. Ja, det er plastikk, men det luggar pokker meg aldri og gjer fine, jamne ladningar.
  15. Det fete med å lade 6,5x55 er at ein kan handla skyttarlagskrutt med ladedata på flaska, og at ein òg kan få tak i dei andre komponentane til sterkt konkurransedyktig pris. I tillegg er det godt utval av billege og særs gode treningskular. Nesten. Heldigvis.
  16. Eg kan ikkje med mi beste vilje skjøna kvifor nokon skulle ynskja å setta ut vaskebjørn i landet. Ulv - ja, der kan eg i det minste sjå logikken. Men sjølv ikkje folk som visstnok i fylgje somme sett ut ulv ville ha gjort det same med ein framand art. For meg høyrast det ut som forsøk på pelsdyroppdrett. Vaskebjørnar er søte, men dei er ville dyr og er ikkje bra å ha i huset (vel, ungane går visstnok bra - ei venninne budde som utvekslingsstudent i USA hjå ein familie der far i huset i vanvare skaut mora frå eit kull med vaskebjørnungar, og dei fekk vekse opp i hjemme hjå dei til dei stakk av. Veldig søte, visstnok )
  17. Normalt i heile den "latinske" delen av verda, både i Sør- og Latin-Amerika og Europa. Kvifor? Fordi allmuen ikkje skal kunne bruka militære ammunisjonslagre til å gjera opprør...
  18. Heilt samd. La den stå open, som ein virtuell nidstang (med reinsdyrhovud tredd nedpå) over denne forvorpne, nyrike døgenikten.
  19. S&W heile vegen, tilrår å styra unna dei aller lettaste sidan dei kan gje ein ellers sedat .38Spl eit nesten magnumiansk spark. Og så kan ein faktisk trimma avtrekket litt òg.
  20. Same gjeld salting av biffen. Den blir korkje seig eller tørr av å få salt på seg i god tid før steiking. Tvert i mot, seier somme. Rødvin og blekksopp, derimot.
  21. Sterkare smak på brødet, meir syrlig. Eg likar det veldig godt. Ikkje bruk så mykje mjøl til å byrja med, ha heller litt ekstra til overs til bakstinga og la deigen vera litt blaut. Då hevar den betre, og mjølet sug til seg vatn.
  22. Berre som eit generelt sausetips: ein liten skvett eddik (og då meiner eg liten, ikkje eit mjølkeglass) og eit lite dryss sukker gjer ofte den lille ekstra "noko" som av og til manglar.
  23. Lever skal vera frå unge dyr, ja. Okselever er eg ikkje tøff nok til, og heller ikkje nyrer. Skal ein ete nyrer er visstnok lammenyrer dei beste, og då skal ein rosasteike dei. Kan visstnok renska dei for pisselukt ved å splitta dei og ha i eddikvatn, men...tja, kva skal ein seia? Me har fargefjernsyn og sko på beina, og mat er det nok av... Tunga er noko av det beste på heile dyret, tykkjer eg, og hjartet er jo faktisk berre kjøt som er veldig magert. Må skjæra det fint og laga det til anten raskt eller lenge. Aller best er hjarte som er røykt. Kalun (rensa magesekk) er vel stort sett i bruk som bikkjefôr her heime, men har vore ete ein del før i gamle dagar, og er meir i bruk nedover på kontinentet og i Asia. Smakar stort sett ikkje noko, tykkjer eg, når den er laga til rett, men nokon snakkar om pisselukt av det. Eg har aldri merka noko til dét, snarare vil eg seia at kalun ikkje smakar stort. Kanskje ein må ha flaks med kven som har preparert det, det er faktisk eit handtverk i Frankrike og Italia ("tripier"). Det tek til seg smaken til det som det kokar i, stort sett. Verdt å merka seg for den som er glad i det sterke, er at suppe med kalun, eventuelt chili og masse kvitlauk oppi er eit anerkjent middel mot tømmermenn i Mexico, Filipinane, Tyrka, Bulgaria, Korea og Georgia. Kan ikkje vera tilfeldig med ein slik geografisk spredning. Åt friterte, sprø grisetarmar snitta opp i små "blekksprutringar" her om dagen på ein dim sum-restaurant. Smakte godt, men det var ein ettersmak langt der bak ein plass som ikkje gav nokon tvil om kva som hadde gått gjennom dei... Men litt chili og soya kan gjera underverker. Eg trur eg held meg til rissuppe med svinelever og -hjarte og friterte kyllingføter i svartbønnesaus.
×
×
  • Create New...