Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Sjølv ullsokkar blir kalde før eller sidan. Eg har brukt Forsvaret sin doble patent i forskjellige permutasjonar opp gjennom åra og i mange kalde og våte og jævlege dagar. Dei funkar som regel, men ein må tenkje litt. Sokkane må helst vera reine. Om så er, kan ein skylle dei i rennande vatn og skrubbe dei litt og henge til tørk. Då isolerar dei betre. Blir dei for våte, blir dei gjerne etter kvart komprimert og då forsvinn heile effekten. Då er det fotposer neste. Dei nyaste gråsokkane (dei med blå striper kring ankelen) er av kjempekvalitet. Eg brukte sånne syntetsokkar med litt ull i (Chevalier), dei kosta fire hundre spenn og var knallgode så lenge dei varte. Men stor og breiføtt som eg er, varte dei ikkje særskild lenge, sjølv om eg tok godt vare på dei med handvask og Milo og gode greier. Ellers gratulerar til trådstartaren som faktisk klarte det kunstykket å få meg til å tørrbrekka meg littegrann.
  2. "...joda, du har 160 grains Mega, eg såg du fekk inn fleire førre veka når eg var innom og handla meir MRP." Skummelt. Skummelt. "Fra bagatell til Helvete", som haldningskampanja åtvara oss den gongen me gjekk i åttende klasse.
  3. Vel, det er jo eit poeng, eller kva? Ein heilt annan ting er at ein gjerne kan tenkje litt over kor mykje dingsar ein eigentleg treng, sånn heilt generelt. Litt som buddhistane seier, at ting av og til kan ende opp med å eige deg, heller enn andre vegen. Av og til, i mørke augeblikk når eg har grubla meg lei over børser og børseplaner og børsebekymringar, tenkjer eg at eg eigentleg ynskjer meg ei einaste rifle som kan gjera absolutt alt. Den finst ikkje. Heldigvis?
  4. Har du tenkt å bli han fyren som går i grava og tenkjer "faen, eg sparte ikke nok penger!", eller?
  5. Og ikkje gløym at desse 84 må ha resepsjonist (2 stykk sidan den fyrste er sjukemeldt), personalsjef, kontorsjef og to-tre kontorfolk til å ta det administrative, adminstrasjonssjef, innkjøpssjef, par-tre stykk til IT-støtte...ahh, kan du ikkje berre høyra Navarsete & co gni seg i fingrane over mogleiken til å legge ein slik indrefilet til ein høveleg stor vippekommune oppover i dalom?
  6. I gamle dagar på Eidskogen gjekk dei ut og blinka sju gonger med utelyset på gardstunet og fyra av to skot med hagla på nyttår. Då vart det fest! Eit heilt anna spørsmål som melder seg er heller kor mange styrepils vedkommande hagleførar hadde innabords før han avretta kalkunen...
  7. 300g flesk i 5mm terningar 4 vårlauk, hakka 2-3 ss finhakka friske urter, gjerne salvie og rosmarin 500g dagsgamalt kvitt brød i terningstore bitar 100g grovhakka valnøtt 1 ts svart peppar 1 ts salt 1 dl kremfløyte 3 store egg Steik flesk til gjennomsteikt og lett bruna. Tilsett vårlauk og urter, steik eitt minutt til. Bland brød med fleskeblandinga og dei andre ingrediensane. Fyll i kalkun. Krev ikkje så mykje ekstra steiketid som farsebasert stuffing.
  8. Skulle ha plukka reven. Statuert eit eksempel for katta...
  9. Om retikkelet er etsa inn i glasslinsa i staden for å vera samanlodda trådar, varar det hekkan så mykje lenger. Og eg skal love deg at det ristar godt når ein fyrar av ein 84mm RFK òg, utan at kikkertsiktet ser ut til å ta skade av det. På den andre sida er ikkje ildfrekvensen heilt den same heller...
  10. Før eller sidan blir isolasjonen for mykje for dei siste få hjernecellene hans, og så får han spiralmønster i augene og finn ut at han skal ut på gata og ta "venstresosialistene" (dvs. alle han ser) der i staden...
  11. Du veit du er ladenerd når du les denne setninga og straks byrjar å tenkje over høvelege troll-ladningar. 12,7x99, Hornady A-Max...? Eller gå konservativt for 4-lødig sylvkule i dobbeltrifle?
  12. Kan berre stemme i her. Kjenner at eg brått gler meg til å gje ungen sin fyrste kniv i presang... (Men neppe noko så fint som denne, om ho er halvparten så svimete som eg var når eg var unge, forsvinn den nok i ei myr.)
  13. Siterar berre dette som tommelfingerregel for meg sjølv før nokon andre ser sitt snitt
  14. Kanskje burde eg ha halde kjeft, for det er no uansett slik at ein kan sjå ein klar tendens i dei landa der ein hadde aktivt valdelege venstreekstreme organisasjonar: dei har alle til felles at dei har ein fascistisk fortid, som det hadde blitt gjort lite og avgrensa oppgjer med, slik at ein i Tyskland som ung og radikal på sekstitalet til dømes kunne bli banka opp av ein politimann som hadde gjort teneste i Waffen-SS på austfronten. Eller at ein i Italia kunne sjå at ein eks-minister til Mussolini bli valt til høgesterettsdommar. Same i Japan. Ikkje i Skandinavia. Hadde ting vore annleis om Norge hadde hatt ein fascistisk regjering i fredstid? (Bonusspørsmål: omfattar dette òg ETA sine aksjonar i Spania, eller er desse heilt og haldent motivert ut frå etniske omstender?) Men, på slutten av dagen kjem alle desse banale diskusjonane om kven som har drepe flest av kommunistar og fascistar aldri nokon veg, av naturlege grunnar: til sjuande og sist er faenskapen den same uansett kva slags takt dei marsjerar i. Nokon som trur me får høyra noko meir i denne saka, forresten?
  15. Eg tek gladeleg vegetarkafé og punkkonsertar framfor dei folka som faktisk driv med terror mot folk her i Skandinavia, dvs. dei nynazistiske/rasistiske miljøa: Hadelandsdrapa, 1. mai-togbomba, Jernbanetorgbomba, Lasermannen, Benjamin-saka, Lasermannen 2, skota mot asylmottaket i fjor ... finst nok av aggressive idiotar som heng på Blitz som likar å slåss, men tross alt: dei drep ikkje uskuldege.
  16. Å starta eit oppmjukingsarbeids mot konfidensialitetsprinsippet millom pasient og lækjar vil vera den mest dramatiske tingen som har hendt i medisinarbransjen sidan Ignaz Semmelweiss byrja å vaske hendene sine. Det irriterar meg så grenselaust kvar gong eit politikarnek skal laga ei fiks løysing på eit vanskeleg problem ved å oppheva tausheitsplikta. Kvifor er det så forbanna vanskeleg å skjøna at konfidensialiteten, tross alt, er ein overveiande god ting, og at me mistar noko utruleg bra om den blir uthula og meiningslaus? Moving on...
  17. er du avhengig? jeg tviler sterkt på det, finnes mye verktøy som gjør jobben likt og er bedre hms. Ikkje i baklomma mi, og ikkje som kan opnast med ei hand. Og den politimann som måtte vera dum nok til å starta å læra meg opp i kva verktyg som er best til å gjera jobben min, må ringa barnehagen og fortelja at han blir sein. HMS er å ha ein forutsigbar personalpolitikk og fornuftige tidsfristar på arbeid. HMS handlar like mykje om mekanikk som matlaging handlar om metallurgi.
  18. Bare kniver som regnes som "voldsprodukter" - uten aktverdig formål - kan generelt klassifiseres som våpen. Vanlige brukskniver regnes som redskap og er ikke omfattet av hverken dagens forskrift eller forslaget, i alle fall slik jeg leser det. Menmen. Jeg skal gi meg med OT-preiket mitt Fritt fram for å fortelja det til konstabel Biff og venene hans på Sentralbanestasjonen når du er på veg attende frå skautur med ungene med knelang samekniv dinglande frå sekken som du har brukt til å hogga opptenningsved med. Eg er avhengig av å ha kniv tilgjengeleg i jobben - opna pakker og avisolera ledningar er typiske gjeremål, saman med om lag fire tusen og trettiseks andre. Men eg har heller ikkje lyst til å få tyn fordi eg har det i veska mi. Løysinga mi har vore å rett og slett knekke tuppen av kniven. Om det er ei bra løysing, veit eg ikkje, men tanken er at eg då kan argumentera i retten (å jada, eg tek det heile vegen) for at eg sjølv har modifisert det påståtte våpenet slik at det heller har preg av å vera redskap. Dessutan er spissen berre i vegen for min del, for andre er det gjerne annleis. Kva dei skal gjera, har eg ikkje svar på.
  19. Vel, Jagland fekk jobb som sjef for Nobelkomitéen etter å ha snakka om Bongo frå Kongo og Det Norske Hus og det eine og det andre, og det gjekk jo...eh, strålande..? Hm. Må tenkje litt over den metaforen der. Men eg innrømmar glatt at dette satt inne litt å skriva dels av det at eg tykkjer eg har stukke nakken for langt ut og slengt med leppa før. Men, for Fanden, nokon måtte seia det til slutt før det var for seint Tja. No kjem det vel ei høyringsrunde? Om nokon skulle treffa på ho Grete, så foreslå for ho at ho sett sjef for HV-02 på høyringslista. GIHV er sikkert oppteken nok som det er, vil eg tru... Hups, no er ungen grinete, laters everybody.
  20. (The above post is in no way, imaginable or non-imaginable, related to Bo Diddley).
  21. Dette sitt litt langt inne, men eg tykkjer dette perspektivet eg no vil setta lys på treng å koma fram, og så langt eg kan sjå har det vore lite snakk om det frå andre. Som ein av mange, blei eg mobilisert på ettermiddagen den 22. av Heimevernet i Oslo. Ut over kvelden tok me kontakt med våre respektive mannskap og fekk gjeve desse varslingsordre, og seinare mobiliseringsordre. Folk møtte opp manns- og kvinnesterke, midt i ferien for mange, utan at eg kan hugsa eit einaste sukk eller klagemål. Ein strålande vilje til å stilla opp som ein gong for alle har avvikla myten om den manglande forsvarsvilja. Ein annan myte som òg fekk nådeskotet, bokstaveleg tala, var myten om dei manglande skytedugleikane. Folk som måtte få utlevert nye våpen på staden, like som dei som tok med seg sine eigne, klarte utan vidare instruksjon enn "fyll opp - magasin i - lad våpen - mot skivene ild" å treffa korrekt og raskt under kontrollskyting. Eg veit sikkert at desse dugleikane, dette faste grunnfjellet som me skal falla attende på når me må sleppa det me har i hendene og kle oss opp og knapt nok ha tid til å kyssa kjerring eller gubbe eller ungar adjøss, i stor grad er noko me kan takka den sivile skyteaktiviteten i landet for. For det fyrste DFS og NJFF sine skytebaneanlegg, som gjer så mange av folka våre jamnt og godt "periodisk vedlikehald" av dei grunnleggjande presisjonsteknikkane, som så lett rustar til når dei ikkje blir teke i bruk. For det andre, og kanskje enno meir prekært med våre moderne doktriner, NFPS. Det er ikkje mange av soldatane som deltek i NFPS sine program. Allikevel er effekten av NFPS sin aktivitet sterkt merkbar. Praktisk skyting har blitt omtala som "skytingas Formel 1", med eit nådelaust fokus på effektivitet på stoppeklokke, rekylhandsaming og presisjon. I strid med (no pun intended) kva somme måtte tru, er ikkje den praktiske skytinga sin form særskild stridsmessig. På same vis som at ein Formel 1-bil knapt nok kan kallast bil i kraft av anna enn å ha fire hjul, eit (slags) ratt, og ein bremse- og ein gasspedal, er ikkje ein konkurranseutrusta praktiskskyttar på noko som helst vis klar for striden. Allikevel vil våre soldatar, via instruktørar og nøkkelsoldatar med høg skytekunnskap, dra nytte av det han og tusenvis av andre praktiskskyttarar sidan syttitalet har lært om skytestilling for å ta i mot rekyl, avtrekksteknikk under tidspress, verifisering av treff i mål, oversiktsbilete over skytebanen, og ikkje minst eit ekstremt tryggleiksfokus basert på konkret våpenhandsaming heller enn stivbeint formalisme - "taelleroveraldrietvåpendittegetellerandresutenstraksåforvissedegomdeterladdellerikke" har no i Forsvaret blitt erstatta med det mykje meir gripbare "alle våpen er alltid ladd[, handsama dei som om dei er det]". Norge treng DFS (og NJFF) til å styrka Forsvarets mannskap sine grunnleggjande skytedugleikar. Dette blir reflektert i at Stortinget yt middel til DFS over statsbudsjettet. Heller enn å søka å problematisera NFPS sin aktivitet, burde me gjera det same for desse: NFPS sine skyttarar er djupt dedikerte og tryggleiksorienterte samfunnsborgarar og entusiastar med ein enorm kunnskapsbase å ausa frå. For at NFPS skal kunne driva sin aktivitet med pistol og rifle, må dei ha våpen som kan nyttast til dette formålet. Dette inkluderar sjølvlading og lause høgkapasitetsmagasin. Det inkluderar våpentilbehør som framgrep og siktemiddel som Våpenlovutvalet funderar på å forby utan nokon særskild gripbar grunn ut frå eit jordnært, konkret orientert tryggleiksperspektiv. Frå Våpenlovutvalet sin tekst, les eg at det er ei motvilje mot omgrepet "stridsskyting". Grunntanken er kanskje at folket er tryggast når det ikkje sjølv kan slike teknikkar. Eg vel å vera såpass lite konstruktiv og politisk korrekt at eg vil hevde det omvendte. Folket vergar seg sjølv, i kraft av at Forsvaret si territorialforsvarsoppgåve, gjennom Heimevernet, går ut frå folket sjølv. Det var me som er sjukepleiarar, konsulentar, ingeniørar og til og med ein og annan arbeidslaus slask som verga gatene i Oslo dei kritiske timane når Politiet hadde vatn over hovudet. Hadde eg vore embetsmann i Politiet, hadde eg ikkje følt dette som ein trussel mot meg sjølv og det folket som eg, i den daglige fredstid, skal forvalta samfunnstryggleiken til. Eg hadde følt det som ein ekstra sikring, særskild no som eg veit at min etat kan få bruk for den frå tid til annan. Difor treng me DFS/NJFF. Og difor treng me NFPS. Og difor treng DFS sine folk baner, og brukbare våpen til si skyteform, likeeins som NFPS sine folk gjer det. Eg vil påpeika at eg ikkje skriv under på dette innlegget med noko anna namn enn det som står som forumbrukarnamnet mitt, og at eg heller ikkje ynskjer å gå i detaljar kring eining eller grad. Dels av di at eg ikkje vil at ekstremistiske brøleapar, med og utan skjegg, skal vita kven dei skal knakke på døra til. Og dels av di at eg no snakkar som borgar av landet, med alt det inneber, utan tittel eller grad anna enn namnet mitt. Ugh. Eg har tala.
×
×
  • Create New...