Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Etabler livsstidssoning som ein mogleg strafferespons. Det er i stor grad der skoen trykkar i folk si rettskjensle no for tida. Folk vil ikkje ha utysket på gata att, rett og slett. Ellers har folk blitt meir kritiske til overvåking og innskrenking av borgarane sine rettar med tida, etter kva mediene fortel oss.
  2. Frå tidlegare: Frå tidlegare: Det har jo vært slik at det generelt er forbud mot halvautomatiske rifler, med mindre de spesifikt har stått på godkjenningslistene. Halvauto i .22lr har faktisk ikke stått på disse listene og spørsmålet har da vært om de i det hele tatt er lov og selge. Nå har da dette blitt tatt med i forskriften. Og det som står der er at det er lov å eie, kjøpe og ha, og dermed også selge, halvauto i .22lr så sant den oppfyller krav til lengde osv. Den siste delen må forstås slik at dette gjelder så lenge våpenet er av en type som har vært lovelig i salg før forskriften trår i kraft. Og så henviser den til våpenforskriften paragraf 7. andre ledd, og noe som er litt forvirrende, men dette må være gjeldende våpenforskrift, siden det kun er den som har et ”annet ledd”. Og der står det følgende ” Politidirektoratet kan i forskrift godkjenne halvautomatiske skytevåpen dersom skytevåpenet ikke enkelt kan omgjøres til å avgi helautomatisk ild. Private personer kan anmode om endring av forskriften. Halvautomatiske skytevåpen godkjent etter tilsvarende regler i annet EØS-land, skal som hovedregel godkjennes av Politidirektoratet. ” Mao. Salg, kjøp og eie av halvautomatisk salongrifler av den typen som før har vært lov, vil fortsatt være lov, samt nye modeller vil også kunne være lov. Og med det er vel salongriflespørsmålet avklart, eller...? Og med det er vel salongriflespørsmålet avklart, eller...?
  3. Stoeger (Benelli-eigd) har ein 16-kaliber modell. http://www.stoegerindustries.com/firear ... condor.php Og tyrkiske Huğlu (utt. /hooloo/, forresten) har ein modell: http://www.hugluarms.com/new_page_8.htm
  4. Høgdepunkt, absolutt. Her om dagen såg eg ein som hadde oppheta nabokrangel med to taretorsk under ei metallplate. Rart at eit dyr som virkar så "primitivt" allikevel har så mykje personlegdom. Om du dykkar i Oslofjorden, kan eg gje eit lite tips om ein plass nedover på austsida i nærleiken av der ein viss styrtrik skipsreiar har "basen" sin der du - kanskje - kan finna den største hummeren eg har sett. Den var svær som ei bikkje! Normalt brukar hummeren trekka seg inn under steinen sin. Denne kom berre mot meg med ondt i sinne... Fyrste gongen eg har blitt litt nervøs! Eg kjenner òg til dette, men vil ikkje seia meir om det enn så lenge tanken bak det altså er å fremma bestanden. Ymse etatar som vil bruse med fjøra kunne få Idear....
  5. Velkomne skal dei vera, om så er. Berre pass på å koma før eg har fått byssa jentungen i søvn (dei kan gjerne ta med kamera, ho er kjempesøt). Berre som eit sideblikk midt oppi det heile: la oss håpa at denne veldig kloke unge jenta får ei lys framtid høgt oppe og langt framme i Arbeiderpartiet: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks ... 233999.ece
  6. Veit det er lenge sidan dette blei posta, men fy f...
  7. Kontrollera kva då? Oppbevaringa? At eg er edrueleg? I alle fall (*blunke til POD*) bakar eg _jævlig_ gode kanelsnurrar
  8. Denne posten skal eg skåla for når eg drikk gravøl over bestemor på fredag.
  9. Jeg ventet litt på denne koblingen, når jeg først så det nye emnet i tråden. I mine øyne blir den så banal, at det grenser mot det ignorante. Jeg forstår ikke det at man fra politisk hold ønsker å se nøye på den lovige tilgangen på våpen, som verken mer lukket eller udemokratisk. Strengt tatt er jeg vel glad for at det ikke har blitt en folkeavstemmning om hvorvidt halvautomatiske rifler skal være tilatt eller ikke i Norge. For jeg tviler på at den lille delen av oss som faktisk eier og skyter med slike har stor tyngde i folkeflertallet. Jeg tror ikke et foto av min jaktgarderobe ville gjort den gjengse velger beroliget. Folkeavstemning blir det ikkje uansett med mindre det gjeld medlemskap i EU - den tør dei ikkje ta på kammerset. Men eg vel å sjå det som å handle i kontra til slagordet frå dei fyrste dagane etter tragedien når responsen til Storberget, ikkje overraskande, er meir overvåking av oss, og fleire forbod og suspensjon av det etablerte regelverket for sakshandsaming i det offentlege. Sistnemnde er kanskje det mest alvorlege: "me ser at lov og forskrift ikkje er slik me likar dei lenger, så medan me ventar på at me skal få laga oss nye, legg me berre heile lova og forskriften på hylla og latar som dei ikkje eksisterar og sluttar å handsama sakar." Kva om dei gjorde dette på andre område? Kva om dei fann ut at dei brått ville endra forskriften for fortollling av bilar, og difor la alle nyregistreringar på hylla nokre månader medan dei venta på ny forskrift? Det er på jordet, og POD må sjå til å bli litt meir profesjonelle snart. Skytesporten blir ikkje den einaste som får svi. Bøndene vil opplagt få eit helsike med å få kjøpt kunstgjødsel, millom anna. Skruene blir stramma enno nokre hakk. Fyrst halvauto-jaktrifler, så praktiske rifler. Pistolregelverk etter svensk modell, med mikrokontroll av skyttarane, og sneversynte, elitistiske aktivitets- og prestasjonskrav. Eit par år til, så vil det nok koma forslag om å lagre ikkje berre trafikk, men innhaldsdata over nettet for å støtta "kampen mot terrorisme". Storberget meinar godt og vel, men han har ein kanskje litt naiv tru på overvåking og autoritære virkemiddel for å gjera samfunnet trygt. Eg vil faktisk kalla det eit problem ved gjerninga hans som statsråd, som nokon burde gje han meir sakleg kritikk på - det er ikkje det einaste saksområdet det har gjeve utslag i, heller. Me har vel eigentleg lista dette opp fleire gonger? - Redusert rekyl. Raskare på plass i siktebiletet. Til jakt på stort og/eller farleg vilt. - Ergonomiske omsyn - Auka utval til dei som skyt links. - Kjappare omlading. Raskare oppfølgingsskot. Til jakt på stort og/eller farleg vilt. Ellers vil eg tilrå det beste argumentet av alle: ein tur på skytebanen...
  10. Reservejaktdress til å ha i sekken når den andre er dyvåt Får sjå koss den funkar. Bror min tinga ein òg..
  11. Aktverdig? Kven då? Kong Harald V på elgjakt med sin Sauer 90? Den arbeidslause einslige som finn livsglede i pistolskytinga si? "Eg sympatistemte Ap, og alt eg fekk var dette tomme våpenskapet."
  12. Mer åpenhet. Mer demokrati => Mer overvåking. Mer forbud. Never change, Storberget, never change.
  13. Å hekkan. Dei er enno meir uinformerte enn eg fyrst hadde trudd. Eg ventar i spenning på kryssordet i neste nummer av "Suppe i sentrum".
  14. Andre ting pregar rekyl enn "rekylimpulsen" (som du ganske korrekt har reikna ut her). Skjeftegeometri er særskild eit emne her: Kor stort er arealet på kolbekappa, til dømes - t il mindre det er, til meir energi per kvadratcentimeter, på same viset som at eit 6,5-prosjektil vil trenga djupare inn enn eit 7,62-prosjektil av same vekt. Kolbekappa si høgde i forhold til kjernelinja likeså. Ein annan ting, er at høgt smell ofte gjer ein slags rekyloppleving i seg sjølv ved at hjernen sidestiller høgt smell med kraftig rekyl. Rifla lagar eit mykje kraftigare drønn enn hagla, og då kan hjernen lett la seg lura til å tru at det gyv på meir i skuldra, sjølv om den reint objektive målinga kanskje ville ha vist om lag same impulskraft og -kurve.
  15. Neida, neida. Hugs, me vil ha eit enno meir tolerant og ope samfunn, ellers har terroristen vunne *notere* Takk for innspel, pusen Eller Louis Vuitton-mønster? Ha ha ha, han ser litt usikker ut, litt som ein reiknskapsførar som sjeldan er ute på byen og som brått blir omringa av ein gjeng med champagneskrullete dragqueens som skal ha han med ut på dansegolvet God idé! Arbeidsmusikk: " target="_blank
  16. Donerer gjerne penger til slik en god sak! Nei nei, eg skal ikkje gå fantegang på Internet-fora for å bera ved til eige ego Skal teikne og tenkje litt... rosa Duracoat - check. Kva med andre pastellfargar, og gull og glitter? Tankeskisse: Eh? Eh?
  17. Om tjuvfisket tok så stor del, koss hadde det seg då at bestanden skaut i vêret med ein gong den legale fangsten i Indre Oslofjord blei stansa av fredinga?
  18. Eg har litt lyst til å Hello Kitty-lakkera M24-kloninga mi (vel, i alle fall HS Precision-stokk og tjukt løp, om ikkje det andre er på plass heilt). Berre for å pissa litt i tekoppen til DN. Om eg får stor nok respons, gjer eg det. Heilt seriøst. Banna bein. Type at eg startar ein tråd og ber om hundre positive svar før eg gjer det. Nokon som veit om det er rosa DuraCoat å få? PS. Hello Kitty er kanskje litt oppbrukt. Regnbogelakkering med My Little Pony-motiv i staden hadde vore mykje meir innovativt. Vad tycks? DS.
  19. Eg tykte det beste var når dei ikkje ville selga HV-Mauserne til Landrø fordi dei hadde "Nazimerking" stempla inn (denne er frest vekk på F1-varianten til Forsvaret, der det er stempla HÆR, LUFT og SJØ i staden no, så den var der ikkje ein gong.) Og Eirik Solheim som stod på Dagsnytt og sa "det er nok våpen i Norge!" Oppgangen i talet på skyttarar og jegarar har nok motsagt han litt her i ettertid...
  20. Eg dykkar ein god del i Oslofjorden, og hummeren er no så tallrik at den har mista litt av attraksjonsverdien. Før var ein hummer på eit dykk ein stor hending, no er det somme stader så mykje hummer at eg har mista teljinga på eit 45-minutters dykk. Hummerhotell, kallar eg det, der dei ligg den eine etter den andre under steinen sin oppover i skråninga Freding, VEAS og nedgang i forureining ellers er mi forklaring, for det er meir liv ellers òg. Fisk, skalldyr, tang og tare, og vatnet er mykje klårare. Her om dagen såg eg til og med ein taskekrabbe. Utruleg kjekt og positivt at det er så mykje liv og sjå etter kvart, og særskild hummaren, som eg vel eigentleg alltid har tenkt på som "sjelden art". I fjor åt eg hummar for fyrste gong som sashimi på Alex Sushi, og det var slett ikkje ille, og særskild når ein ikkje treng å ha dårleg samvit fordi arten er blitt så talrik uti fjorden. Skitt fiske! (Men ikkje spør meg om kvar hummeren står! Det er nok somme der ute som kunne tenkje seg å ta slik kunnskap i bruk til lyssky aktivitetar, så dei fleste dykkarane eg kjenner held litt tett om kvar det er mykje hummer.)
  21. Når du blir med i HV Innsats fordi du skal få tak i .223 boxerhylser i staden for 7.62 berdan
  22. Det er ei boltrifle. Ingen boltrifler er forbodne unnanteke dei som er kamra for .50BMG.
×
×
  • Create New...