Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. oysteinlarsen

    bacon

    Dette overraskar mange, men særskild det romerske og latinske kjøkkenet (frå Lazio-området rundt Roma, i oldtida kjent som Latium..) brukar veldig mykje svinefett til matlaging i staden for olivenolje som i sør og smør som lenger nord. Ta gjerne vare på baconfett - det er knallgodt til å tilbereda allslags mat med (vel, ikkje kvit saus då) og gjer ein heilt annan "munnkjensle" enn mat laga med smør og olje. Og det er slettes ikkje så usunt som mange skal ha det til om ein et normalt, variert og det ein treng. Stress og kjapt sukker kverkar mange, mange fleire, trur eg.
  2. Fordelen med ei slik presse av Arbor-typen over Lee Loader er vel at ein slipp all den jæskla hamringa ein får med ein Loader ("Pappa, slutt å hamre, vi spiller Nintendoooo!") ...men Lee Loader funkar som juling, ja. Gjer særs presis ammunisjon. Både for denne og for andre "lettvektsverktøy" kan ein med litt rutine lett lada seg ei pakke patronar før middag.
  3. oysteinlarsen

    bacon

    Eg veit ikkje heilt, eg tykkjer baconmugga fylt med smelta ost var litt over toppen. Idsøe i Stavanger lagar Norges beste tørrsalta bacon. Handlar alltid ein kilo når eg er på heimtraktene. Prøvde sjølv å laga italiensk pancetta for eit par år sidan, og salta det litt for mykje, men det blei allikevel knallgodt. Nytt eksperiment i år!
  4. Kan ikkje neste skyttar som tek turen til den evige standplass, donera ein kjerneprøve av ein passande knokkel så me faktisk kan få litt klarheit i kva som ligg der inne? I testamentet, altså.
  5. Funkar til jakt, men til jaktfelt og denslags blir det jo verre...
  6. Til meir eg tenkjer på dette med lause magasin til Mauser, til meir driv tankane mine mot å laga noko til å bruka heilt ordinære tolv-på-dusinet Sauer 200-magasin.
  7. Adams & Bennett-pipene på Midway kan du godt få prima presisjon av, men gjer du som Mr. RWA og får det gjort hjå ein børsemakar fyrst som sist, sparar du deg sjølv for enormt med potensielle problem til ikkje så altfor høg prisdifferanse.
  8. Savage 99 er langt oppe på "draumelista" mi. Tenk ein i .358 Winchester...eller kanskje ein original .300 Savage berre for morro skuld? Den som går i grava med flest diesett, vinn leiken!
  9. Dette har vore spurt før, men: er det nok løp foran framsiktet til å støtta opp ein lyddempar skikkeleg? Eller må framsiktet av?
  10. Klistrar dei alltid? Eller klarar du som regel å dra sluttstykket attende med ladearmen?
  11. Neste gong du er søvnlaus: chrome skull shift knob. Ferdig gjenga inni og greier. Tru kva Dir-ek-tor-at-et for Natürforvaltning hadde tenkt om denne? Bonuspoeng om du får augene til å blinka når du tek ladegrep.
  12. Du kan godt koke biff! Eller, koke og koke - det er same prinsippet som med fisk. Ein skjærar ut fine biffar av indrefilet, og samlar dei litt med å binda eit lite stykke hyssing rundt dei så dei held seg fine og runde. Så let ein dei trekka langsomt til dei er fine og rosa inni, eller koss ein vil ha den, i god, sterk kjøtkraft som ligg godt under kokepunktet. Definitivt annleis enn steikt biff, og absolutt noko for den som er glad i den gode, reine kjøtsmaken framfor noko. "Boeuf á la ficelle" kallar ein det, (biff)kjøt i snøre! I tillegg er uttrykket i trynet til folk som får vita at det blir "kokt biff tell mæddas" verdt ganske mykje i seg sjølv.
  13. Rosmarintips: funkar knallgodt med kyllinglever og, av ein eller annan grunn, blomkål. Prøv å riste blomkålbukettar i litt olje, salt, pepper og rosmarin i omnen.
  14. Køyr på. Hakk den veldig fint. Ikkje bruk så mykje som av timian. Tørka timian er stort sett til ertesuppa.
  15. Fett som juling. Den der vil eg ha! Bra jobba!
  16. Eg nektar å tru det kan vera jævligare enn når min ungarske gangnabo på Sogn studentby, som var ein jækel på å frityrsteike, prøvde seg på å frityrsteike lutefisk. Eg gjentar: frityrsteike lutefisk. Alle hugsar frå kjemitimene på ungdomsskulen kva som skjer når du kokar saman lut og fett? Alt du treng, er ein emulgator, og det ser ut som fiskeslim gjer jobben, så har du vaskekte såpe. Stakkars mannen, eg fekk så vondt av han at eg labba heile vegen ned til Ica og handla salttorsk til han og kokte i staden, og alt blei ordna opp i. Dagen etterpå laga han verdshistorias beste gulasj som takk. Men den lukta...og det synet av kokeplata dekka av skjelvande, fiskete såpeskum
  17. Finst jo alternativ der òg. Men det kostar gjerne, unnskuld uttrykket, skjorta. Hundrekronars ullmakko frå Nille pluss ei god runde med Milo for å bløyta opp stive ullfibre er mykje god isolasjon for pengane. Og det kjem ikkje dritlukt...med ein gong. Du veit alltid du har hatt ei bra øving når du til og med får ullskjortene til å lukta drit.
  18. Whohoo, nytt medlem i Vektorklubben! Kem on ova, we'll hev a wickid braai, mun!
  19. Ellers kan eg nemne ein historie frå femtitalet om ein direktør som var feinschmecker på rakefisk og hadde fått tak i to fine butter med prima vare frå ein venn, som han tok med heim og lot husholderska ta seg av. Stor og høg var stemninga i stua når ho bar inn eit digert fat med rykande varm, nykokt rakeaure.
  20. Det er lov å flire, så lenge ein gjer det med kjærleik. Og det går begge vegar, eg har klart å fokka opp i kjøkkenet eit par gonger til min kinesiske svigerfamilies store og høglytte forlystelse. Som sagt, dei gode historiane har høg kilopris
  21. Oppstykking av kjøt er ikkje ein stor greie i mange delar av verda. I Asia, til dømes, er det ofte alt for varmt til å henga kjøt, så der et dei alt så kjapt dei kan før det råtnar i stykker. I tillegg blir kjøtet som regel laga til stort sett på to vis: anten ved lang koking, som i til dømes ein indisk curry eller ein filipinsk adobo, eller så blir det skåre fint og tynt og tilberedt kjapt, som kinesisk sháo (hurtigsteiking) eller indonesisk satayspyd. Då har det ofte ikkje så mykje å seia om ein et lårtunge eller filet. På den andre sida har me jo ikkje så reint få norske ungar som aldri lærar seg meir om matlaging enn at dei må ta plastikken av grandiosaen før dei legg den inn i omnen
  22. Vel, det blir ei bra historie av det, og ei god historie har kilopris minst på nivå med indrefilet av elg.
  23. Joa, har tenkt litt på dei. Men funkar dei etter same prinsippet som SealSkinz-hanskane? Dei er litt i klammaste laget, tykkjar eg, men med innleggshanskar er det ikkje så mykje anna som funkar i slapsevær. Dei nye skinnhanskane til Forsvaret er i alle fall sjanselause når det kjem væte i lufta...eg trur aldri eg har sett noko tørka så treigt nokon gong.
  24. I kveld skal eg be takkebøn for denne tråden før eg legg meg til å sova.
  25. "Masse." Ull under og bomull eller membran oppå. Aldri t-skjorte i bomull, må ha ull mot skinnet. Når det røynar på, stilongs, men då skal det vera blåkulde. Feltskjorta i bomull av gamal modell er eg sterkt kritisk til, den nye i ull er gullegod. Plar bruka eigen ullmakko vinterstid. Til ytterlag er Forsvaret sine gamle bomullsuniformar knallgode vinterstid når det er tørt. Skikkeleg vindtette og gjer god isolasjon, særskild om ein brukar dei rett, altså utan altfor mykje snøring og stramming. I blautare snø blir det meir vatn, men du kan tørka dei med sterk varme. Feltbuksa er god og varm, og tørkar raskt på kroppen om du held deg i litt aktivitet. Dei nye membranuniformane er ikkje så gode vinterstid når det er kaldt, tykkjer eg, men dei er framifrå i dei kjipe vår- og haustmånadene når du ikkje heilt veit om det snør eller regner. Resten av utstyret er heilt OK. Vindvottene som komplett sett er veldig fine, og for meg som har "fiskarnever" som alltid held seg varme, er fingervantene alltid med. Det nye tungvektarutstyret - boblejakka - er vinterkledas taktiske atomvåpen. Satan den varmar. Den skal med på isfiske for hardtesting i januar. M77-støvlane i seg sjølv er heilt utan ekstrautstyr, men med gode innleggssålar, nokre par tynne og nokre par tjukke ullsokkar, og Forsvaret sine fotposer, har du faktisk ein kombinasjon som funkar året rundt. Eg likar ganske godt å gå med M77, fordi eg likar å få god kontakt med underlaget , altfor tjukk såle gjer at eg ikkje er så trygg i steget. Smak og behag. NATO-genser er til garnisonsbruk, om ein brukar den i det heile sidan den er ganske ukomfortabel, og gjer deg akkurat den isolasjonen du treng for ikkje å frysa i hel når du snublar i grøfta på veg heim frå befalsmessa og sovnar i grøfta.
×
×
  • Create New...