Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Hælv...dette kolliderer med Ironman i Haugesund
  2. Tenk brekkpunkt, m.a.o. Eit brekkpunkt nærare det som skal løftast opp gjer at røyrsla blir kortare. Men kor mykje skilnad gjer ei skilnad i sidevgs røyrsle på 0,1‰ på 100m..? Urk. Eg er altfor trøytt til å reikne no.
  3. Eg har tenkt litt meir og er enno meir overtygd om at ein 6x55 ville bli ein eksepsjonelt elegant og deilig patron i ein Krag. Lang og slank, som nakken til ein austerriksk hertuginne. Lågt trykk kombinert med god fart. Kjente det stakk litt i havelysten no.
  4. Til tjukke og litt "vanskelege" steikar, særskild av vilt som lett kan gå frå rå og dvask til gummi på eit augeblikk, foretrekk eg å berre syde på langsom, langsom varme (rundt 70) gradar, etter ei god bruning. S-V er ein enklare måte å få det til på, men då må eg ha enno ein kjøkkendimp. Trinnlaus justering på komfyrtoppen hjelp masse. Periodesteiking virkar veldig omstendelig for meg.
  5. 6x55. Hald på magasinet, skyt kjappe små seksmilimetarar etter rådyra og fuglen.
  6. Eg dreiv og laga ein masse skotsk fruktkake no før jula. I oppskrifta eg fann stod det at forfattaren hadde latt ein av kakene sine stå i atten månader før han åt den (utruleg kva masse sukker, lang steiketid og pensling med whisky kan gjera). Kanskje eg skulle ha bakt ein og skaffa meg ein vakuumpakkemaskin. Ei tjukk skive med Dundee cake inneheld sikkert seks hundre kaloriar, og det er jo faktisk ei forbanna god kake attåt.
  7. Ja, det var sant, det gløymde eg: få attende lapskausen! Og gjerne som middagspakke i staden for lunsjpakke som sist. Potetmosbasert mat med røykt tørka kjøt funka knallbra, kjøtet blir mykje betre enn dei svampaktige greiene (grøss) som ein brukar ellers.
  8. Skore opp grovt med bajonett, steikt lett og vendt inn i luftig potetmos. Utanfor sjudukaren hylar snøfokken. Mmm. Ein kan knapt ha det betre når ein fyrst har det jævlig.
  9. Feltforpleiningskonseptet me har no er tilpassa ein moderne manøverarmé. Det er difor kvar mann pakkar sin eigen mat som til dels kan etast på kort varsel. Ludviksekk og leggings-æraen baserte seg på vaskekte feltkjøkken langt pokker i vold ute i skauen, komplett med kokk og kokeplater. Utruleg lite mobilt.
  10. Blabla' mottek heller ikkje pressestøtte av di at dei ikkje er ein abonnementsavis. Var noko spetakkel om det i radioen i går trur eg.
  11. Droppe det frysetørka kjøtet. Grøss. Svampaktig og ekkelt. Ellers byrjar det å sjå ganske så bra ut. Vatn kan vera eit problem, mykje kan løysast om ein kokar vatn når ein kan og får på termos. Ligg unna solbærtoddyen min. Ikkje noko får meg opp som det.
  12. Kanskje han berre vil "sjå deg an" om du er såkalla "edruelig og pålitelig"..?
  13. Baikal IZH-35 .22 er kanskje den pistolen som gjer deg mest for pengane på planeten. Grattis.
  14. Begge deler. Du startar med ein marinade av ein flaske (å jadda) raud vin, litt grovhakka lauk, gulrot og selleristang, pepperkorn og laurbærblad. Om du vil vera avansert kan du ha oppi ein slump med konjakk òg. Legg bitene av hane oppi marinaden over natta. Ta opp og tørk godt av stykkene med hane. Dryss dei lett med mjøl og brun dei godt i olje. Slå over den silte marinaden. Surr i minimum to timar på langsom varme under lokk - ikkje koke! Berre syde forsiktig. Det kan godt ta lenger tid, så ta høgde for dette om du skal ha middag fem presis! Maten kan godt halde seg varm etter at hanen er ferdig surra. Til væska kan du tilsetja litt timian og laubærblada frå marinaden. Garnityret er greit å gjera klart i forkant. Salt flesk skåre i store terningar og steikt gjennom, smålauk og små sopp surra mørt i smør. Når hanen er mør (sjekk på låra med ein gaffel), ta ut bitane og legg i form. Sett inn i omn på sterk varme så det "sprør" seg opp litt og held seg varmt medan du gjer det andre ferdig: lag ein melbolle av ein spiseskjei eller to med mjøl knadd inn i mjukt smør med ein teskjei. Visp denne inn i sausen, smøret gjer at mjølet ikkje klumpar seg. Vend inn garnityret og la det surra vidare på svak varme, smak til med sausen. Legg hanestykkene på serveringsfat, plasser garnityret rundt om og hell over sausen. Friskklippa persille er fint oppå. Klapp deg sjølv på ryggen, no er du ekte fransk husmor. Eg tykkjer det beste til slikt berre er ekstra gode kokte poteter med persilledryss! Men god, luftig heimelaga potetmos er fint det òg.
  15. Mesteparten av børsten vil syde ut i løpet av den lange koketida som skal til...truleg vil det berre vera spor att.
  16. I http://www.motherjones.com/print/186991" target="_blank som Hassel har referert til tidligere går det fram at i 62 "mass shootings" i USA siste 30 år var det illegale våpen som ble brukt i 25% av tilfellene. Sett den lette adgangen det generelt er til å anskaffe lovlige våpen i USA synes jeg dette er et forbløffende høyt tall. Kva er eigentleg "illegale våpen" i denne samanhengen...er det snakk om våpen som er ulovleg modda, eller eigd av personar som ikkje hadde gått gjennom bakgrunnssjekken dei har?
  17. Eg veit kva for nokre du meiner, dei er ganske fine og eg kunne eigentleg godt ha tenkt meg ein slik sjølv. Du kan til dømes steike ein kylling i dei - fyrst brune den rundt om i olje på plata, lempe oppi nokre rotgrønnsakar og kvitlauksbåtar, dryppe over litt væske og sette på lokket, og så rett inn i omnen under lokk på 180-200. Saftigare kylling får du ikkje utan å bruke leirgryte, og det blir jo eigentleg same prinsippet.
  18. Eg har sett slikt i støypejern før, men eg tykkjer det er best med rustfritt stål til denslags bruk. Eg trur eg har sett det på kjøkenutstyrsbutikken i Torggata - neste gong eg er i nærleiken skal eg ta ein kikk. Eller du kan gjera som i gamle dagar, og ringa dei på 22 20 45 10
  19. Du tenkjer på langpanner? culina.no har mykje solid utstyr, men ein kan finne ein del brukandes ting på Ikea òg. Ikea har ein rektangulær ubehandla djup langpanne i rustfritt stål. Den er ikkje så allverdens tjukk, men kva du reikner som solid gods her veit eg ikkje...kva skal du bruke det til? Okke som er det sikkert greit å unngå nonstick her.
  20. Eg trur ein slik legeerklæring vil vera umogleg å sette retningslinjer for, og umogeg å gjennomføra fordi talet på psykiatriske spesialistar i Norge som kan gjennomføra ein nokon lunde pålitelig vurdering av ein person er svært lite. Og sjølv om ein hadde hatt psykiatrisk mannskap nok, vil eg gjerne minne om ein viss rettssak av nasjonal interesse i fjor der problema knytta til vurdering av personligheit og psykotiske trekk blei stadfesta til fulle. Det ein kan gjera, er å opne pasientregister over psykiatriske diagnoser for politiet, anten direkte eller via ein lege. Det vil seia, om ein berre får lagt ned Datatilsynet først og får ein samla legestand med seg på å legge alle prinsipp om pasientkonfidensialitet i skuffen. Tanken er god - "ingen våpen i hendene til mentalt sjuke" - men det er ikkje mogleg å gjennomføra av praktiske, faglege og etiske grunnar. Ein gong i tida var det nok å vera homse for å få psykiatrisk diagnose...
  21. Sjølv med dei store utslaga berre eitt eller to drap frå eller til frå år til år gjer, meiner eg å tydeleg sjå ein tendens til færre drap med skytevåpen og fleire med kniv. Er det statistiske grunnlaget godt nok til å dra ein slik konklusjon, eller er utvalsperioden rett og slett for kort, og utvala for små, til å kunne konkludere med stor nok grad av konfidens? e: har du forresten totalt pr. år?
  22. Og kanskje òg difor var det at debatten om regulering av skytevåpen, ikkje berre halvautomatiske, ikkje kom skikkeleg i gang her i landet før 22/7/11. Sjølv då har den vore sporadisk og prega av få harde frontlinjer. Det siste overraskar meg eigentleg ikkje, all den tid det, som trådstartaren er inne på, vil vera tvilsomt om eit forbod mot halvautovåpen vil forhindra nye massemord og terroraksjonar. Eg er fullstendig overtygd om at massemordaren ville ha fått seg høveleg verktyg til aksjonen sin okke som, sjølv om han feila i det fyrste forsøket sitt. Me er neppe ferdige med terror og massemord i korkje Norge eller Skandinavia, uansett om me forbyr alt opptil enkeltskotshagler. Diverre. e: fiksa sitering. :crazy:
  23. Litt på sida, eg har fått ein del signalar om at den nyaste Marlin-produksjonen har gått i bøtta kvalitetsmessig etter Remington-oppkjøpet. Har sett stygge bilete av stokker som er tilpassa i fylla og skeive fresespor i låsekasser... .45-70 er ein heilt grei patron å skyte med og mykje meir allsidig enn ein .30-30, i alle fall etter norsk lov og norske forhold.
  24. Som leiar for eit parti hvis noverande strategi for å koma til makta er å få KrF til å tåle trynet på FrP, er det berre naturleg at ho må vera ein ninjamester på tvetale og tåkelegging. At det i tillegg er eit parti som vender seg til den øvre urbane middelklassen - dei som posta på Facebook at dei blei rørt når Obama fekk fredsprisen og som er fryktelig kunnskapsrike om indonesisk landbrukspolitikk på fest, for det las dei om i A-magasinet tidlegare på dagen - seier eigentleg alt ein treng å vite om haldningane deira i denne saka. Lest we forget - Odd Einar Dørum var Venstre-statsråd...
  25. Knivane forsvann aldri. Kniv er det store skumle spøkelset på jobb for alle frå dørvaktar til PST-eskortemenn. Det er ikkje noko våpen som skadar og drep så mange i vårt vide land, og det er berre ved fortenestefull innsats frå vårt ganske så kløktige akutthelsevesen at det ikkje er mange gonger fleire drepne i året... eg hatar kniv-vifting på byen ekte og inderleg.
×
×
  • Create New...