Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Visar til http://www.aftenposten.no/nyheter/oslo/ ... 01715.html Vil ein slik omregulering kunne by på problem for Løvenskioldbanen i det lange løp, slik det blei det når boligstrøka pressa seg inn på Prinsdalbanen? Ein slik skandale om att ville ha vore tragisk, men sidan eg ikkje veit kva ein slik omregulering av Markagrensa vil kunne by på, spør eg heller her om det er nokon her som har kommentarar eller meir kunnskap. Uansett meiner eg at det er verdt å ta seg fem minutt til å konkludera med at det ikkje er noko aktuelt problem, om så er.
  2. Hekkan, Ruger kjem til å selge denne i kilometervis. Inkludert ein til meg.
  3. Magasinregistrering ryk når politiet finn ut kor mykje arbeid det blir. Går same vegen som lyddemparregistreringa (eg fekk faktisk aldri våpenkort på lyddemparen, er nesten litt skuffa...). Loven i seg sjølv er ganske udramatisk. Årsgebyret er det som er skikkeleg ille (og det kjem, tru du meg.) Heldigvis blir dette ein enkel sak å få mobilisert dei store organisasjonane til.
  4. Nei, då er det høgsesong for dykking, då Kan eg ikkje jakte over vatnet, så får eg heller ta med meg harpun og jakte under vatnet i staden.
  5. Okei, det var den enkle delen av jobben, no ventar det verkelege slitet. Banna bein.
  6. Vær så god, min venn, denne er til deg: http://www.ep.tc/problems/25/index.html" target="_blank Ein teikneseriemanual for M16, utstedt til amerikanske soldatar i Vietnam, teikna av Will Eisner sjølv!
  7. Ja!! Eg er sikker på at all boknafisken eg fôra i bestefar den sommarmånaden då bestemor var på kurbad gav han eit ekstra leveår. Brått var det slutt på manglande matlyst! Eg trur aldri eg har gått frå eit boknafiskbord utan å vera så mett at det nesten er vondt. Ein vri som er god å prøve, er å lage stappe med halvparten potet og halvparten sellerirot og ha til, saman med fett. Blande inn hakka persille i mosen. Dette når ein ikkje har skikkelege poteter for handa.
  8. Denne er ein personleg vinnar som eg lagar titt og ofte. Femkrydderlaks -------------- 4 gode skivar lakseside med skinn, skrapa for skjell og med eit par små snitt i skinnet Mariner i ein time i: 1 ss kinesisk femkrydder 1 ss riven frisk ingefær 1 lime, saft og rive skal 1 ss sukker 1 ss matolje Skinnsteik - varm panne, nøytral olje, tørk av skinnet, legg i panna med skinnsida ned og steik heilt til skinnet er sprøtt. Legg lokk over i mellomtida for å dampa fisken gjennom eller snu den litt om du tykkjer det er meir praktisk. Tips: Femkrydder, "five spice", er kinesisk piffikrydder. Det inneheld like delar sichuanpepparkorn, stjerneanis, fenikkelfrø, nellikspiker og kanelstang. Ein kan finna det ferdig i butikk. Smakar godt med tomatsalat attåt. Nypotet i sesongen eller dampa ris. Om du er eksperimentlysten, bland salatdressinga av fiskesaus, limejuice, sukker, sesamolje og chilipeppar!
  9. Noko så godt som det ville eg ikkje ha gjort så mykje med. Skjære opp i grove bitar på størrelse med egg, og stue langsomt i olivenolje, peppar, salt, kvitlauk og frisk hakka rosmarin, og kanskje eit glass kvitvin oppi? Italienarane sleng gjerne oppi eit par-tre sardellfileter òg, det er sikkert ein god idé. Brune kjøtet fyrst med krydder, så slenge på litt vin og litt vatn og la det stue langsomt ein time eller to. Berre nokre omnsbakte poteter til, og litt grønn salat med frisk sennepsbasert eddik-oljedressing. Enkelt og knallgodt. Kraftig, god vin å drikke til.
  10. Applaus for at nokon faktisk tek ansvar. Dæven, eg blir nesten euforisk når folk er så forbanna konstruktive.
  11. Eg seier nei. Om du er pokka nøydd til å ha eit snøfteskaft på den, sjå om du kan få tilvirka eit adapter av noko slag. Litt som SAK-adapterane til Ruger MkII/III og Browning Buckmaster.
  12. Nesten så ein byrjar å tenkje på han morderiske aust-tyske skiskyttaren frå James Bond-filmen... (Var vel han som endte opp i snøfresen, var det ikkje..? Eller blandar eg no?)
  13. Nei, du kan ikkje tenna i senter utan ein ambolt å slå mot. Anten det er berdan eller boxer. Ei randtent patron sin rand er sin eigen ambolt.
  14. Det språket der er umiskjenneleg koreansk... Passar med bogeskyting òg, koreanarane er i verdstoppen på bogeskyting. Her kan du sjå koss dei laga bogene sine i gamle dagar, med fiskelim og sener http://www.youtube.com/watch?v=E3cjk3-AHcI" target="_blank" target="_blank E: Nei, fanken heller, det er laurdag. Her er enno litt meir koreansk bogeporno. Dei to kinesiske teikna (koreanarane brukar kinesiske teikn av og til) på 1:17 som dei dvelar litt på tyder "aust" og "stor boge".
  15. Dei heller litt av den same gugga som ligg i tennhetter, som kaliumperklorat eller tilsvarande jævelskap, oppi hylsa som er strukke slik at det er eit lite rom i sjølve randen. Litt på same måten som ein pizza med ostefyll i skorpa, berre med sprengstoff i staden for ost. Øh. Vel, uansett, randtenningspatrona er eigentleg berre ein stor tennhette. Du kunne sikkert ha tent den i senter, men den er enklare å laga med ein hul rand, då slepp du å styre med ein ambolt inni som for ein sentertent patron.
  16. Amen. Norsk mat blir solgt til altfor låg pris - justert for snitt- og medianinntekt har me ein av dei billegaste handlekorgane i Europa. Prisen tek bøndene, og til slutt oss alle, sidan den sentralstyrte subsidie- og tilsynsmodellen gjer oss nedlagte gardsbruk og eit einsarta, preglaust utval i hyllene. Og kven vinn? Det gjer Rema-Reitan & co. og populistar på høgre- og venstresida som vil score kjappe politiske poeng på å "ta subsidiene" frå bøndene...
  17. ..er det lov å modde våpenet på det viset, då?
  18. Eg kan ellers, nok ein gong, tilrå steikepanna. Sjølv den argaste urbangorilla blir som ei forskremt kattunge når han ser deg med bestemors støypejern i handa, for då veit han at det er gravas mørkaste, kaldaste alvor, og at du er komen for å "take names and fuck bitches".
  19. Øøøøø eg veit ikkje heilt om eg hadde brukt just den formuleringa til ein vilt framand person, men skitt la gå
  20. Eg kan oppsummera dette kjapt som "du skal ikkje ha Blaser fordi det er noko drit/du skal ha Blaser fordi det er knallbra". Der, då var det helga.
  21. Eg likar å seie det som "You get much farther with a kind word and a gun than with a gun alone." (Eg er glad i å vri på ting, ref. signaturen min).
  22. Tjuvpakket jobbar på den måten at dei identifiserar aktuelle mål, spanar dei opp, slår til profesjonelt og får vekk varane før du er heime frå sydenferien din. Dei jobbar på nett same måten mot folk som til dømes har mykje gull eller smykker i heimen, eller andre dyre ting som er enkle å få skyfla. Lås skapet ditt og bolt det fast, kjenn naboen din, splitt gjerne våpna slik at ein vital del ligg ein annnan plass. Å ikkje flagge kva slags våpen du eig saman med informasjon som kan identifisera deg er sikkert kjempesmart, og er den einskilde sitt ansvar. Eg let ikkje våpenkorta mine liggja i lommeboka mi fast (noko som òg hindrar meg i å impulshandle ammunisjon, men skitt la gå), og eg fortel ikkje framandfolk at eg eig våpen ukritisk. Ein ven av meg fekk seg ein skikkeleg støkk når det kom ut i eit dårleg miljø at han var eigar av handvåpen. Bur du på Grønland, ville eg vore meir forsiktig av meg enn om du bur langt oppi Gnøkkfjord. Bruke skallen, her som ellers.
  23. Tippar det ikkje er ein sjel i blokka mi som ikkje veit at eg har stor styggemannsbørse i heimen etter ymse HV-øvingar med foregåande og påfølgande inn- og utlossing av utstyr frå kjerra framføre blokka (ja, eg brukar så klart futteral). Ungane berre tykkjer det er spanande, som unger gjerne gjer - "Fåssebøssja'ri! Fåssebøssja'ri'a!", til ingen nytte. Nokon grunnleksjonar i handsaming av AG-3 og HK-416 framføre postkassane blir det neppe med det fyrste. (Om nokon skulle få lyst på dei, har eg 1. Kraftig fastbolta våpenskap 2. Stor, tung dør 3. Naboar som held auge med kva som skjer 4. Arg hustru som kan svinge på ei støypejernspanne. Dette er å reikne som fråsegn av ansvar for personskade etter Avtalelova.)
×
×
  • Create New...