Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Det er mogleg den ikkje vil veksla skikkeleg med leirdueammo, ja. Velkommen til gassdriftens verden. Rekyldrive er mykje, mykje vanskelegare å justera enn gassdrift...
  2. Men han har vel ikkje sjølv innrømma kor mykje regi og bullshitting han driv med for å få vinklinga han vil ha? Eg tenkte meir på ein som var heilt open om det. Type "Hihi, det var visst berre dikting, takk for spenna forresten OK THX BYE :mrgreen:"
  3. Japp. Og ganske relevant problemstilling etter kvart...kva om Knausgård etter kvart går ut og seier at alt eigentleg berre er bullshit og dikt? Eller enno verre, ein dokumentarfilmskapar?
  4. Søk på "Baby Eagle" eller "Jericho pistol", så tenkjer eg du treff blink.
  5. Ikkje heilt. Ordlyden er "under sådanne omstendigheter at trusselen er egnet til å fremkalle alvorlig frykt". Trusselen skal ha noko bak seg - den skal vera fremma på ein slik måte at den virkar å vera sann, og skal vera fremma av ein person som kan tenkjast å ha evnene som er naudsynte til å gjennomføra trusselen. Når eg jobbar som dørvakt, og ein fyr eg har nekta å koma inn att fordi han er drita peikar på meg og seier "JÆSKADREPERRÆ!" laga eg "runkebevegelse" med handa og seier "jada, jada, siste banen går om femten minutt. Husj, husj." Kva om eg var fersk i døra og blei redd? Hadde det då vore ein straffbar trussel? Truleg ikkje, sjølv om ein i utgangspunktet ikkje går klar av straff om ein er rusa.
  6. På eit anna forum eg heng på, har dei ein tråd om "teite ting du har høyrd på våpensjappa". Det er ikkje så reint lite gull å hente ut der.
  7. Ellers takk, men katta mi hadde blitt fornærma på meg Livet til ei bikkje er ein einaste lang fest. (Nokon grunn til at dei gjer dette, forresten? Brunst er det vel neppe relatert til...nokon som veit?)
  8. Får eg lov til å le av dette, om eg spør veeeldig pent?
  9. Utviding er fint som nysteikte vafler så lenge stålstykket som skal utvida seg er lagra og ikkje halde fast så du får spenningar. Ellers er ikkje rustfritt, eh, rustfritt. Vil du ha ei John Deere-børse som ikkje rustar i stykker, må du til med DuraCoat eller anna lurium.
  10. Får meg til å tenkje på denne greia: http://www.imdb.com/title/tt0110932/" target="_blank Kva rett har me eigentleg til å kreva at det som blir vist på skjermen er ekte? Ingen hadde jo tenkt over dette om ikkje det kom fram at han juksa bak kamera. Sagt på ein annan måte, utan at dette kom ut, hadde ikkje då filmane hans framleis gjeve folk den same gleden? Av og til undrar eg om ikkje me skulle hatt ein medievitar eller to her inne...
  11. Frå tidlegare: Det har jo vært slik at det generelt er forbud mot halvautomatiske rifler, med mindre de spesifikt har stått på godkjenningslistene. Halvauto i .22lr har faktisk ikke stått på disse listene og spørsmålet har da vært om de i det hele tatt er lov og selge. Nå har da dette blitt tatt med i forskriften. Og det som står der er at det er lov å eie, kjøpe og ha, og dermed også selge, halvauto i .22lr så sant den oppfyller krav til lengde osv. Den siste delen må forstås slik at dette gjelder så lenge våpenet er av en type som har vært lovelig i salg før forskriften trår i kraft. Og så henviser den til våpenforskriften paragraf 7. andre ledd, og noe som er litt forvirrende, men dette må være gjeldende våpenforskrift, siden det kun er den som har et ”annet ledd”. Og der står det følgende ” Politidirektoratet kan i forskrift godkjenne halvautomatiske skytevåpen dersom skytevåpenet ikke enkelt kan omgjøres til å avgi helautomatisk ild. Private personer kan anmode om endring av forskriften. Halvautomatiske skytevåpen godkjent etter tilsvarende regler i annet EØS-land, skal som hovedregel godkjennes av Politidirektoratet. ” Mao. Salg, kjøp og eie av halvautomatisk salongrifler av den typen som før har vært lov, vil fortsatt være lov, samt nye modeller vil også kunne være lov. Og med det er vel salongriflespørsmålet avklart, eller...?
  12. Du kan redusera slitasjen på lyddemparen ved å endra type eller lading av ammunisjonen, og du kan handla ein lyddempar som betre taklar masse slitasje ved å vera laga av stål - til prisen av auka vekt framme. Ingenting kjem gratis, diverre. Kva gjeld ammunisjon, vil ein ladning som produserar lite brennvarm kruttgass under trykk, slita mindre på særskild aluminium enn ein skikkeleg flammekastarladning. Subsonisk ammunisjon er knotete å få til skikkeleg i store, ordinære riflehylser. Har du lada ein del før? Kjenner du til trykkteikn og har du ein del kunnskap om lading ellers? I så fall kan du hiva deg ut i det, eg garanterar morro. Høyrast ut som noko ein kunne ha funne i ein av kjellarbutikkane langsmed Istedgade i København
  13. I Sverige må dei søka om løyve på lyddempar. Eg berre nemner det. Hassel nemner K-Pist, men eg trur dei løyvene sitt ganske langt inne hjå Auktoriteterna no dei seinare åra.
  14. Eg slår deg med dette til ridder av Den Raude Halvmånes Orden.
  15. Aktivt viltstell er ein livsstil. Sjekk kva skottene gjer med sine moors. Me nemner reverøkt og nedbrenning av lyng. Det er neppe lange tida til nokon finn på noko liknande her oppe, så mykje pengar det etter kvart ligg i jakt her...
  16. Dette er tull. Det var den "gjengen" der som skaffet oss reg.plikt på magasinhagler. Etter ein - 1 - artikkel i Klassekampen, som handla om jakt og passande våpen ein kunne bruka til matauken. Høire dreit i buksa av tanken på ein diger femtekolonne av pumpehaglevæpna raddissar og fekk pressa gjennom registrering på magasinhagler i rekordfart. Sann historie. Eigentleg kan ein ikkje lasta dei, som dei små lettskremte borgarkaninane dei er må dei ha hatt dårlege dagar midt oppi all den psyke argumentasjonen på syttitalet. Som ein klargjering om han Glock-lause næbå, tenk på desse to utsagna: "Jens Stoltenberg er ein dårleg statsminister" "Jens Stoltenberg er ein landssvikar" Det er ikkje gradsskilnad på desse to utsagna. Det er ein vesensskilnad. Og det er ikkje tvil om at ein, anten ein vil det eller ikkje eller noko midt i mellom, impliserar at ein person som får ein slik merkelapp hekta på seg forten det verste av det verste. Opp til muren på Akershus med trommevirvel og heile sirkuset. Og då har ein strengt tatt ikkje noko i våpeneigaranes noble rekker å gjera. Eg seier ikkje at du ikkje skal seie kva du vil, berre at du bør bli smartare og betre informert.
  17. Om du har så lite kontakt med Verda Slik Me Stort Sett Ser Den at du fyrst får deg sjølv til å skriva noko så tåpeleg, barnsleg, respektlaus og uinformert, og så etterpå grin fordi det fekk til konsekvens at folk ikkje lenger stolar på deg, har du uansett så lite gangsyn at du knapt kan tenkjast å sjå korkje blink eller sikter. Eg har like lite lyst til å stå attmed denne lauken på standplass som ein forlest pappagut som meiner at Stalin berre gjorde det som var naudsynt og at revolusjonen skal vera væpna. Eller ein tøffeltøffing med skjegg som vil ha lønna permisjon frå jobben for å dra til Mekka og sjå på halshoggingane fredags ettermiddag. Same jævla ulla alle saman. Eg har sendt ein del pepper til POD dei siste vekene, men om dei no endeleg har byrja å sende svovelregnet ned over dei høgreekstreme miljøa så skal dei ha skryt for det.
  18. Ellers er svaret eigentleg i boks frå byrjinga av: "Denne børsa funkar ikkje. Eg trur ikkje eg er den beste til å finna ut av kvifor. Gje meg ein ny som funkar, heller, så kan de sjå om de finn ut kva som feiler denne eller eventuelt ta det vidare med importør og fabrikant. Kjøpslova, veit du *blunk blunk*"
  19. Kva slags modell er rifla?
  20. Kva meiner du med "est ut"? Om det er plastikkhylser, er svaret at du truleg kan spara dei for ein del jobb med å ordna opp i det sjølv.
  21. Eg kunne fortelja om eit anna lett åtgjengeleg medikament som blir solgt over disk og som òg står på dopinglista for skyttarar, men då trur eg at det hadde blitt Reaksjonar...
  22. Skippertak? Eg ser meir at det blir fossrodd så handflatene blir rå og blodige. Og når POD leverar noko så innhekkansk symbolsk som dette, utan forteneste for nokon som helst andre enn papirflyttarar og møtegeriljaen, må det vera lov til å seie frå om det.
  23. Om ein skulle rulla med augene kvar gong POD sin Spesialstyrke for Pistolgrep- og Revolvervektskontroll fann på noko skamteit, hadde me sjangla alle som ein. POD slit no. Dei veit at dei dreit på draget i forkant og under hendingane den 22/7. Dei har i fleire tiår no gjeve blankt faen i dei høgreekstreme miljøa i landet. Seint på syttitalet var det ein stygg drapssak som involverte eit nynazistisk miljø som hadde infiltrert Heimevernets Ungdom, dei såkalla Hadelandsdrapa. Overvåkingspolitiet trakk på skuldra, sa "pytt pytt, isolert miljø" og fortsatte å ta skjulte bilete av tedrikkarar i fredstog og å la Arne Treholt forsyna seg tre gonger frå dokumentbuffeten på Forsvarets Høyskole. Nokre år seinare kasta eit anna "isolert miljø" bomber mot det same 1. mai-toget som dei frakkledde overvåkarane stod og tok bilete av. Pytt, pytt. Seint på nittitalet samla skakkøyrd ungdom frå sør-aust i Oslo seg kveld etter kveld og snakka om kor mykje dei hadde lyst til å ta livet av svarte folk, jøder og alt kva dei enn fekk for seg dei ville ta. Dei gjekk med synlege kjennemerke, dei vekka oppstyr og oppsikt, og PST, som overvåkarane med frakk no heitte, gjorde ikkje stort. Dei gjorde heller ikkje noko når to av desse forvilla unggutane ein kveld på pur forbanning og jævelskap gjekk ut på Nordstrand og tok livet av den fyrste personen med mørk hud dei kunne finna. Åra går, norske nettsider flommar over av konspirasjonsvrøvl, aggresjon, hat og rasisme. Nokon frakkledde stikk innom dei mest rabiate dei finn. Dei prøvar å få ein terrorsak på ein norsk-pakistansk dandy, men klarar knapt nok å få han varetektsfengsla. Den unge mannen som handlar litt rare ting, kunstgjødsel og kjemikaliar, med nyanskaffa våpenkort, som har ytra seg sterkt fiendtleg mot regjering og muslimar, trakk dei på skuldrane av han òg? Eller la dei ikkje merke til han ein gong? Det er ikkje godt å seia. Overvåkingssjefen sjølv seier ho har "kontroll", og då må me vel tru ho "hadde kontroll" den 21/7 òg. Det me òg veit, er at det ordinære politiet ikkje hadde særskild kontroll dagen etter, når dei trass i væpning trakk seg unna ein pågåande skytesituasjon. Når dei lot sitt eige helikopter stå på bakken, eit helikopter som med eit par trente skarpskyttarar inni godt kunne ha laga nok problem for ein feig svekling til at han gjekk og la seg i dekning heller enn å fortsetta slaktet sitt. Og når dei så til slutt fekk politifolk som turde stilla seg millom uskuldege sivile og ein mordar på staden, hadde dei pokker ikkje gummibåt som holdt vatn. Det er ikkje rart POD desperat leiter etter halmstrå no for å visa at dei tross alt kan utføra sine tilmålte oppdrag. For det kan dei ikkje. Då får dei i det minste satsa på å halda illusjonen ved like etter beste evne. Politiarbeid har blitt som politikken - det mogleges kunst.
  24. Blir ofte ein sjølvforsterkande spiral dette. "Eg skjelv på standplass" -> blir skjelven -> etc. Kva kan ein gjera? Tja, sei det. Kvar og ein må liksom finna ut av slikt. Eg var enormt skjelven på storviltprøva i mange år. For meg hjalp mengdetrening, banna bein.
  25. Gratulerar, sjølvladehagla di er ikkje forbode. Enno.
×
×
  • Create New...