Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Burde eigentleg få tak i nokon nærbilete av låskassa. Snellertavtrekket luktar Europa lang veg, men eg har ikkje så mykje peil at eg kan garantera at det ikkje skulle vera mogleg å få til på ein Stevens som du nemner.
  2. Slik eg har blitt fortalt, har dei demontert heile børsa utan å finna nokon stempel eller merking av noko slag. Det einaste å gjera er nok å ta ein kikk sjølv. Ho har uansett òg ein Mauser av noko odde modell som eg skal sjekke nummerlikheita på i same slengen...
  3. Fun Fact: journalisten hadde eigentleg tenkt overskrifta som "Vil allikevel ikke forby det automatiske massemordervåpenet som Anders Behring Breivik kaldblodig henrettet 69 uskyldige barn og lemlestet titalls flere med i ro og mak", men diverre passa det ikkje med fontstørrelsen, så han måtte korta det ned litt.
  4. Hekkan, Pekkan (sorry, eg måtte berre), dumt at det er så generelt namn. Har du tilfeldigvis eit bilete eller to av din så me kan samanlikna litt? Veit du noko meir om børsa? Er ei venninne som har eit større dødsbo å ta seg av eg spør på vegne av, så eg har ikkje tilgang til børsa her og no.
  5. Tja, eg vil vel tru politiet held fram med å gjera slik dei sjølv vil, utan respekt for korkje lov eller forskrift - det har jo funka så fint desse månadene, så kvifor stansa? Dei har alle dei treng alt. Det blir som å fortelja folk at dei ikkje skal terge ei bikkje med rabies.
  6. Tek det ei side om gongen sidan eg blir aggressiv av det jævla drittspråket. Vel ikkje eigentleg, men somme franskspråklege skribentar berre _elskar_ å skriva snirklete. Vår mann her er eit døme på det. Eg oversett til engelsk i same slengen, så kan ein bruka det på den nettsida òg (eg er på same forum som han som driv det og hjelp han gjerne ut litt.) Huff, det var alt eg orka i dag. Teknisk fransk er eit mareritt, men eg lærar noko av det i det minste Eg må ta høgde for at eg ikkje er oversettar til yrke. Så ikkje legg pengar i det eg oversett.
  7. Nokon som ved eit kjapt overblikk kjenner att denne modellen? Har ikkje så mykje meir informasjon sjølv, men om det ser kjent ut så tek eg gjerne i mot hint!
  8. Deilig. Kor mykje kosta montasjen og stokkemnet deg? Flott børse. Farleg, farleg havesjuke..
  9. Om me får mest mogleg ut av forskrift og inn i lovtekst, kan i det minste ikkje POD stikka så mange kjepper i hjula. Sånn sett er utvalet sin intensjon om å flytta fleire av reglane i dagens regime ut frå forskrift og inn i lovtekst ein bra ting.
  10. Det som eg meiner er problematisk med årsavgift, er at det vil støtta opp om den aukande stykkprisfinansieringa av offentlege tenester. Me har faktisk eit skattesystem her i landet, og det offentlege bør kunne finansiera sin drift over denne seddelen heller enn å i tillegg setta inn ekstra avgiftar, særskild for tenester dei reiknar som "mindre essensielle". Det luktar New Public Management av heile greia, og eg likar det lite. Når kritikarar støtt får svar attende at "det er jo du som brukar tenesten, då må du betala for den òg", så er ikkje vegen lang til ein brått òg må ut med årsavgift for skolebøker i grunnskulen, eller auka eigenandel på sjukehusbehandling. Det er rett og slett ein uting, og eg tykkjer POD snart må sjå til å skjerpa den traurige pengejakta si. Har etaten din problem med å utføra oppdraga sine fordi du ikkje får nok grunker over statsbudsjettet, ja så er det din pokkers plikt å seie frå om det. Mykje betre enn å tuske og lure til seg eitt gebyr her og ei avgift der.
  11. Det norskaste biletet eg har sett. Meir om børsa?
  12. Tja, du får drille magasinbytter før du drar på reinsjakt då...er det bly i lufta er det håp, veit du
  13. Eg trur ganske mange av dei vegrar seg i dag òg. Våpenkortet er ikkje den einaste fuglen som flyr når du får stempelet "gal" i panna.
  14. Hø? Å, du meiner Bootsy? Phunk ain't reggae. " target="_blank Støypejern er ikkje til å koma utanom. Eg klarar ikkje skjøna kvifor nokon skulle ha noko i mot det, til bruning er det rett og slett ikkje mogleg å erstatta. Litt triks å halda ved like, men litt olje i ny og ne hjelp mykje - og då kan ein godt gje det ein skikkeleg skrubbing med såpe, sjølv om eg ikkje tykkjer det er naudsynt. Støypejern held ikkje på smak slik somme skal ha det til, for då hadde det lukta steikt sild av alt eg eig...unntaket er brunstkjøt frå rein!
  15. Eg får sportsutstyret mitt, politiet får meir papir å flytta, staten får inn meir i inntekt, ALLE FÅR ALT
  16. www.culina.no Sel kvalitetsverktøy til fagfolk. Ikkje forkast rustfritt heilt før du har prøvd kara deira. Nonstick kan gå og fokka seg. Aluminium lagar grå mat. Emaljert funkar fint til gryterettar, men kostar ein del, og det kan lett svi seg. Kobberpanner er hekkan så deilig, men du må kle dei på nytt med tinn i ny og ne. Eg brukar sjølv støypejernspanner, og gryter i rustfritt stål. Må innrømma at eg har lite problem med at dei ikkje gjer jamn varme. At ting kan svi seg, brukar eg koma rundt ved å bruka støypejern der eg kan, og ved å bruka høg varme.
  17. Jøss. Fjas, ein halvautorifle kan ha like god presisjon og like godt avtrekk som kva boltrifle som helst. I alle fall ikkje så lenge det ikkje er i regi av Forsvaret, for då skal dei ut og drepe brune folk som bankar konene og døtrene sine. Generelt forbod mot våpendeler? Jøje meg. Og mot alt som gjer våpen meir presise? Så no blir det søknadsplikt for å kjøpa skyttarreim og knepøll frå Landrø? Eller kva med ergonomisk Nill-grep til GSP'en min? Hohoho. Registreringsplikt på magasin? Høyrast ut som den fjompenisseordninga med kjøp av lyddempar frå siste store runden. Eg har faktisk søkt på lyddempar! Men eg har ikkje kort på den. Magasinregistreringa vil i beste fall stå ved lag eitt eller to år, før Politiet seier at det heile berre blir for dumt. Koss veit du at eg ikkje alt har gjort det?
  18. Så, alle rifler ein kan drilla eit hòl i og gjenge opp slik at ein kan skru på ei 1913-skinne er no haraam? Flott tenkt, folkens. Men greit nok, det er eit stort dokument og nokon brølarar må ein kunne unna dei.
  19. Dei ville vel ha litt pomp og prakt, må vite. Og ikkje minst, ville dei sikkert ikkje ha den svenske arméen over grensa. Trikset blir å legga inn sterke føringar i ein oppdatert grunnlov om kva ein kan stemma over eller ikkje. For all del, eg er så langt opp til ein anarkist som du kan koma utan busteskjegg og bohemlivsstil, men eit samfunn er faktisk definert av at det eksisterar ein kollektiv vilje. Men, nok om dét, la oss sjå på kva Våpenlovutvalget har å fortelja oss: http://www.regjeringen.no/pages/3647097 ... DDPDFS.pdf Stikkord: blablabla, samfunntryggleik, mogleg registreringsplikt av boksmagasin, halvauto hagler og pistolar som før, maksgrense på magasin til boltrifle...
  20. Nei. Jo. Det blir kalla høyring. Og ikkje minst offentleg debatt. Tja og nei. Alternativet på denne tida var at regjeringa var Kongen sitt personlege maktutøvingsorgan. Sei kva du vil om politikarstanden, men i det minste kan me stemma dei bort, og eg er sterkt i tvil til at Sverdrup var ute etter å kuppe makta for seg sjølv - snarare vel eg å tru at han ynskte å gje folket mogleiken til å stemma bort ein statsråd dei ikkje hadde tillit til. Ein konge sitt livet ut (eller til bøndene kjem med høygafler). Men når Stortinget er satt, så ja, då styrar dei skuta. Og med det har folket sagt sitt for dei neste fire år, eller i alle fall bruka det vera sånn. I våre dagar har mediene skjerpa tonen overfor politikarane i mykje større grad, og den politiske dagsorden blir meir styrt av "folkets røst". Det er slett ikkje umogleg at kombinasjonen av ein meir "folkeleg" politisk diskusjon i det offentlege saman med dei teknologiske mogleikene som digital autentisering byr på, gjer det mogleg for oss å koma enno fleire hakk nærare eit reelt demokrati. Me får sjå. Slik det er i dag, har du uansett ein mogleik til å ytra deg. Det går alltid eit fakkeltog...
  21. Men koss vil dette skilja seg frå om eg til dømes skyt ei massiv stålpipe varm? Stål vil jo òg utvida seg når det blir varma opp..?
  22. Er me no snart på veg til Singapore-tilstandar, der kamuflasjeklede og ekstra lang lue med hòl i er forbode? Der kvar minste trugande kant og fasett blir vinkelslipt og polert vekk? (Eller, som sci-fi-forfattaren William Gibson i ein artikkel for ein del år sidan sa det, "Disneyland with the death penalty" - verdt å lesa om ein vil koma litt på innsida av den "regulerande tankegangen", sjølv om artikkelen er 18 år gamal!) Denne setninga er det mest skremmande PST-sjefen kan tenkje seg. Synd den er så korrekt.
  23. Tja, kvifor ikkje snu på flisa? Om me som våpeneigarar ynskjer ikkje å bli halde kollektivt til ansvar for handlingane til eit lite (å joda) mindretal, kvifor ikkje yte det same til folk som har høgt melatonininnhald i huden sin? Eg berre spør. Precisamente, mi carissimo amico.
×
×
  • Create New...