Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Eg har mang ein gong som dørvakt lagt ein litt for tørst svirebror eller -syster i sideleie med bøtte, vatnglas og kompis til å halda selskap på ein mjuk bakromsbenk så stakkaren får kome seg litt til hektene att. Trur ikkje eg på noko vis har brote lovgivaren sin underliggande intensjon. Eg har stor tru på intensjonsbasert lovtolking som smøremiddel for samfunnet.
  2. Var du nokon gong i tvil om at det finst slike, då..? Er berre å argumentere attende. Som ein perspektivkorreksjon, hugs at det er mykje kjensler som pumpar rundt no etter den siste skoleskytinga i USA. Verdt å ha i mente.
  3. Forbyr dei fritt sal av plomberte våpen og våpenimitasjonar/replika òg? For om dei ikkje gjer det er det rimelig skamteit å forby softguns. Eg foretrekk ekte børser eg kan skyte blink med, og nylon får eg gått nok i på Kongens penning, men folk skal gjerne få leike i skauen for min del.
  4. Dette er den beste sjokoladeoppskrifta eg har funne. Den er rik og kraftig på smaken, men er ikkje så feit i munnen sidan den er basert på vatn - den er nesten forfriskande å drikke! Du treng ikkje den sjokoladeskummegreia, det helt lenge å berre vispe godt med ein ballongvisp. Den blir forresten enormt god av å bli rista i ein termos frå Stryken ned til Ullevålseter. Rein livseliksir. Ikkje noko krydder eller fjas, berre rein god sjokolade. http://fxcuisine.com/Default.asp?langua ... ution=high
  5. Silikonforma vil bule ut. Den tålar nok sukkertemperaturen (?) men den vil definitivt bule ut. Det enklaste er nok å bruke metallform om ein har...manglar ein og skal lage mange får ein heller skaffe seg folieformar på Sparkjøp eller liknande.
  6. Den der berre skrik etter å bli flammeherda...pent.
  7. Prøvde nokre av dei på fisketur for tre år sidan. Hugsar spaghetti bolognesen smakte veldig godt til frysetørra å vera. Rispudding med jordbær var litt snål. Alt i alt fekk eg eit positivt inntrykk, eg satte særskild pris på at dei store bitene med frysetørra kjøtfarse som dei norske feltrasjonane gjerne er fulle av var borte.
  8. Ikkje stol blindt på Google Translate på finsk, den kan gjera ganske rare krumspring av og til, er røynsla mi...
  9. Har merka meg dette eg òg at tynne fabrikkpiper gjerne ikkje er dei som er mest glade i å gå varme. Kva skuldast eigentleg dette? Eg undrar om det kan vera ujamnheiter i dreiinga som så skapar ulikheiter i måten stålet strekk seg på ved oppvarming, men dette er berre ein privat hypotese. Så klart under føresetnad av at pipa ligg fritt!
  10. Hugs bolting om vekta er under 150 (!) kg. e: takk for retting.
  11. Å Google på finsk... nei, eg ser brått problemet der. Og ta gjerne ein "puhutko Englantia?" når du kjem innom ("POO-hoot-kå ENG-lant-ia?") når du kjem innom, røynsla mi er at etniske finner gjerne tykkjer lite om å bli spurde om dei pratar svensk. Engelsk funkar mykje betre.
  12. (Merk: "katu" = "gate", og "ase" = "våpen", så er det litt lettare å hugsa namna til butikkane!) http://www.suomiase.com/en/ Mannerheim 75 http://www.asenurkka.fi/ Abrahaminkatu 13 http://www.teraasekeskus.com/ Keskuskatu 9-11 (visstnok ræva service, men kanskje du har meir flaks?) Her er nokre fleire: http://www.urheiluase.fi/ http://www.asetekno.fi/ http://www.aseistamo.fi/ Hugs å gå på Fazerkonditoriet og ete masse masse kake! Og så handle Mummi-porselen frå Arabia
  13. 50mm@100m blir: 100mm@200m 200mm@300m ...og sånn går det no. 50mm på 100m er ikkje så altfor gale for ei fabrikkbørse. Pipa varar nok i alle fall 6-7000 skot, truleg enno meir. Om OP vil jage klistrelappar på 100m er det nok retting og lapping av låskasse pluss ny pipe som er naudsynt. Men om ein er ute etter slik presisjon, så blir fort prislappen såpass høg, at ein kanskje berre kan vurdere å skaffe seg ein dedikert presisjonsrigg frå botnen opp og så ha jaktbørsa attåt som "skrutreskar"? Eg hadde ikkje kvia meg for å gå på jakt med ei børse som ellers fungerte greit (mating, ingen endring i treffpunkt og slikt) og samla 50mm@100m. Eg hadde heller ikkje blitt sur om den samla 20mm, men nok ein gong, dei millimetrane har ofte ein ganske høg prislapp!
  14. Når du har så dårleg kjeldekontroll og presseetikk at du ikkje får jobbe for TV2 ein gong, då er det på tide å tenkje litt over kva du driv med. http://www.vepsen.no/2012/11/stemplet-s ... st-av-hrs/
  15. Å vera uttalt motstandar av demokratisk styresett er rimeleg kontroversielt frå mitt perspektiv, i alle fall. Heile uttrykket "politisk korrekt" har nok blitt vatna ut ganske mykje, i den grad at eg vil seie det har liten meining no i dag.
  16. "Eg lånar den av ein kompis ein stund som har slutta med jakt og skyting. Nei, det er ein eg jobbar med, trur ikkje du har truffe han, han heiter [random namn på perifer Facebook-kontakt]." Eg har faktisk gjort det ein gong, kjende meg skitten og slem etterpå.
  17. Mange, som meg, har nok fått eit inntrykk frå einskilde sakar på at forvaltninga gjer som den vil når den vil, og er av den grunn smått resignerte.
  18. Ser den for meg og flirar. Gjennom natten og regnet, vaggande jamnt og trutt. Full av hat og otte og med rosa spraymaling på ryggen.
  19. No lette eg frenetisk etter "Lik dette"-knappen nokre sekund. Har det ikkje vore historiar om grevlingar som folk har køyrd til helsiken vekk men som framleis har funne vegen attende..? (Kanskje ein kunne prøva ut budgrevling som eit meir hardført alternativ til brevdue..)
  20. Opp til ei viss grense, la meg forsikra deg. Explosiv akutt diaré etter tredje skotet med RFK gjer kanskje noko som liknar eit glis på trynet, men ikkje av den gode sorten.
  21. Heller lange, tunge nypoteter skote gjennom ein heildempa kort Remington-kasse Trur ikkje eg hadde klart å nå faktoren på rådyr, diverre. Må reikne litt.
  22. http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artik ... d=10050078 "Men"? Det treng vel ikkje vera nokon motsetnad millom å vera våpeneigar og å meine at folk gjerne må få gifte seg med kvarandre om dei vil det? "Live and let live", slikt kan eg lika
  23. Restart modemet, så har du ny ip, hvis du ikke har fast ip, da Dei fleste DHCP-klienter vil be om den same adressa den fekk sist gong. I tillegg vil DHCP-tenarprosessen logge kvar transaksjon (dette for feilsøkingsformål - både passivt ved at me ser at loggane auker slik at me veit at ting faktisk funkar, og aktivt i form av å slå opp ein MAC-adresse for å sjå om me kan finna ut om ein maskin har fått adresse i det heile. Hjå oss roterar me ut desse loggane i løpet av ein dag eller to). Det du heller kan gjera, er å oppgje manuelt ein annan MAC-adresse ("MAC spoofing") til nettverkskortet ditt enn den som er hardkoda inn frå fabrikken, men det er Slemt og Ufint.
  24. Eg foreslår at me startar med å laga ein god e-teneste. Kanskje visar det seg då at det ikkje var naudsynt å logge kvar einaste datapakke i landet allikevel.
  25. "What a great idea; what could possibly go wrong?!" Den norske overvåkingstenesta er Skandinavias lengstlevande komiserie, og den minst morosame.
×
×
  • Create New...